Din mann på galleriet – dag 13

0
Demonstrasjon utenfor retten i London. Foto: https://assangecourt.report/september-9-afternoon

Av Craig Murray. 20. september 2020, London. Omsett av Hans Olav Brendberg. Langlesing.

Fredag gav oss dei mest kjenslelada augneblenkane så langt i Assangehøyringa, og synte at merkelege og skarpe svingar i historia framleis kan dukka opp i Old Bailey. Og dagen synte korleis kor avgjerande nokre av spørsmåla kring handsaming og vurdering av prov er i denne saka, noko eg kjem tilbake til i sluttkommentaren.

Nicky Hager

Det første vitnet denne dagen var Nicky Hager, ein veteran i undersøkjande journalistikk på New Zealand. Hager er medforfattar av boka «Hit and Rund», som fortel om eit katastrofalt raid gjennomført av New Zealands SAS i Afghanistan. «Operasjon Burnham» førte ikkje til noko anna enn drepne sivile, inkjludert eit barn. Hager vart utsett for sverting og bakvasking, og til og med politiundersøkjingar av heimen. Men i juli hadde ein offisiell rapport i regi av regjeringa på New Zealand kome til at alle dei viktigaste faktaene i boka hans var korrekte, og at militæret på New Zealand hadde vore farleg langt utanfor kontroll:

«Ministrar var ikkje i stand til å utøva demokratisk kontroll med dei militære. Militæret eksisterer ikkje for si eiga skuld, meininga er at dei skal bli kontrollert av ein minister som står til ansvar i parlamentet.»

Edward Fitzgerald leidde Hager gjennom vitnemålet. Hager slo fast at journalistar har ei plikt til å tena innbyggjarane, og at dei ikkje kunne gjera dette utan tilgang til hemmelege kjelder med klassifisert informasjon. I krigstider var dette til og med meir naudsynt for alminneleg opplysning. Regjeringar vil alltid hevda at slike lekkasjar inneber skade. Det blir alltid hevda, og han hadde sjølv møtt slike skuldingar gjennom karrieren. Det hadde aldri vorte lagt fram prov på desse påstandane om skade som følgje av journalistikk.

Då Wikileaks hadde offentleggjort loggane frå Afghanistankrigen hadde dei vorte ei uvurderleg kjelde for journalistar. Dei synte detaljar frå regulær patruljeverksemd, CIA-finansierte lokale styrkar, hjelpe- og gjenoppbyggjingsoperasjonar, tekniske etteretningsoperasjonar, spesialoperasjonar og psykologiske operasjonar og ein god del anna. Desse dokumenta hadde gjeve mykje materiale til bøkene hans om Afghanistan. Informasjon stempla «konsfidensiell» er svært viktig for å bidra til opplysing om og forståing av krigen. Han brukte ofte lekka materiale – det var journalisten som måtte vurdera om det var i offentleg interesse at informasjonen kom ut. Spørsmål som handla om krig og fred var i høgste grad av offentleg interesse. Om borgarane vart villeidd om gjennomføringa og utviklinga av ein krig, korleis skulle ein i tilfelle kunne gjennomføra demokratiske avgjerder?

Edward Fitzgerald spurde deretter om videoen «collateral murder», og kva den fortalde om reglane for strid. Hager svara at denne videoen hadde hatt omfattande verknad rundt omkring i verda. Publiseringa av denne videoen, og orda «sjå på dei daude bastardane» hadde endra verdsopinionen når det galdt sivile tap. Også reglane for strid hadde vorte endra for å leggja meir vekt på å unngå tap, som direkte resultat av publiseringa.

YouTube player

I november 2010 hadde Hager reist til Storbritannia for å bli ein del av WIkileaks team, og hadde vorte involvert i redigering og offentleggjering av historier frå dokumenta knytt til Australasia. Han var ein av dei lokale partnarane som Wikileaks hadde henta inn for å ta seg av desse dokumenta, for å samla breidare enn det opprinnelege mediakonsortiumet som tok seg av loggane frå Afghanistan- og Irakkrigen.

Wikileaks hovudidé var ein grundig prosess med redigering før publisering. Dei gjekk systematisk gjennom dokumenta, eitt land om gongen. Det var ein grundig og systematisk prosess. Wikileaks var veldig seriøse, og ansvarlege når det galdt kva dei heldt på med. Det han hugsa frå denne tida var å sitja i eit rom med staben til Wikileaks og andre journalistar, der alle arbeidde time etter time medan det var heilt stille i rommet. Alle konsentrerte seg om å gå nøye gjennom kvart einaste dokument. Hager hadde vore veldig glad for å sjå det omfanget av kvalitetssikring som fanst.

Edward Fitzgerald spurde han om Julian Assange. Hager sa at han hadde sett ein person som var svært ulik det biletet som vart skapt av media. Han var tankefull, vittig og energisk. Han var svært oppteken  av å gjera verda til ein betre stad, særleg i klimaet etter 11.09 der borgarrettar var i tilbakegang over heile verda. Assange trudde den digitale epoken kunne gjera det mogleg med ein ny type varslar som kunne korrigera informasjonsubalansen mellom regjering og borgar. Og dette trudde han medan tortur og krigsbrotsverk vart utført i stort omfang av vestlege regjeringar.

James Lewis reiste seg for å krysseksaminera på vegne av regjeringa.

Lewis:  Har du lese tiltalen og utleveringskravet?
Hager: Ja.
Lewis:  Kva skuldingar såg du i desse?
Hager: Eg såg ein lapskaus. Ein del handla om publisering, noko om å disponera og så er litt anna lagt til.
Lewis:  Assange er ikkje tiltalt for å publisera videoen «collatearal murder», som vitneerklæringa di seier så mykje om.
Hager: Du kan ikkje sjå på effektane av Wikileaks avsløringar på ein så ordna måte, med vasstette skott mellom kvart kapittel. Dokumenta, loggane og det andre materialet påverka verda under eitt.
Lewis:  Er Assange tiltalt for å publisert nokre av dokumenta du har brukt i ditt arbeid?
Hager: Det vil krevja ein gjennomgang frå mi side for å finna ut av – kva han er tiltalt for å publisera, kva han er tiltalt for å inneha.
Lewis:  Har du nokon gong betalt folk tilsett av styresmaktene for hemmeleg informasjon?
Hager: Nei.
Lewis:  Har du nokon gong vorte utsett for hacking?
Hager: Nei, truleg ikkje. Spørs litt korleis du definerer «hacking».
Lewis:  Som journalist  har du berre vore passiv mottakar av offisiell informasjon. Eg reknar med du aldri har gjort noko ulovleg for å få tilgang på informasjon frå styresmaktene?
Hager: Du sa «passiv». Men det er ikkje slik vi arbeider. Journalistar arbeider ikkje berre aktivt med kjelder – vi går ut for å finna kjelder. Informasjonen kan koma i form av dokument, eller dei kan koma på ein minnepinne. I dei fleste tilfelle bryt kjeldene våre lova. Vår plikt er å hjelpa dei, slik at dei ikkje blir tekne. Vi hjelper dei aktivt med å dekka ryggen sin.
Lewis:  I samband med rapporten din om Operasjon Burnham verna du kjeldene dine. Ville du med opne augo utsett ei kjelde for fare?
Hager: Nei, sjølvsagt ikkje. Men likevel…
Lewis:  Nei, stopp. Du gav eit svar.

Edward Fitzgerald reiste seg for å protestera, men fekk ikkje støtte frå domaren.

Lewis:  Den 2. september 2011 publiserte the Guardian ein leiarartikkel som tok avstand frå Wikileaks publisering av uredigerte dokument, og hevda at hundrevis av liv hadde vorte sett i fare. Er du samd med det denne leiarartikkelen hevda?
Hager: Min informasjon er at Wikileaks ikkje publiserte desse dokumenta før andre hadde publisert.
Lewis:  Då meiner vi at di forståing er feilaktig. Den 25. august publiserte Wikileaks 134 000 dokument, inkludert nokre som var merka «strengt fortruleg». Kva meiner du om dette?
Hager: Eg har ikkje tenkt å kommentera omdiskuterte fakta. Desse tinga har eg ikkje personleg kjennskap til.
Lewis:  I boka «Wikileaks: The Inside Story» av David Leigh og Luke Harding, begge journalistar i the Guardian hevdar dei at Assange «ønskte å offentleggjera det heile tidlegare». Dei hevdar også at Assange under eit måltid på restauranten El Moro sa at om informantar vart drepne hadde dei seg sjølve å takka. Kunne du kommentera dette?
Hager: Eg veit at det hadde utvikla seg sterk fiendskap mellom David Leigh og Julian Assange på det tidspunktet boka vart skrive. Eg ille ikkje rekna dette som ei påliteleg kjelde. Eg ønskjer ikkje å gje den boka truverde ved å kommentera dette.
Lewis:  Freistar du hjelpa rettten eller Assange? I ein tale som vart tatt opp, på Frontline Club, sa Assange at Wikileaks hadde plikt til å verna informantar frå «uretterdig» hemn, og at dei som gav informasjon til amerikanske styrkar for pengar eller var innblanda i «verkeleg svikefull» oppførsel fortente lagnaden sin. Stør du den utsegna?
Hager: Nei.
Lewis:  Du seier at det ville vore umogleg for deg å skriva boka utan det konfidensielle materialet frå Wikileaks. Trong du namnet på informantane?
Hager: Nei.
Lewis:  Rapporten etter Operasjon Burnham fann ut, i motsetnad til det du har hevda, at «styrkar frå New Zealand var ikkje involvert i å planleggja førebuing og gjennomføring.»
Hager: Det du siterer handlar ikkje om hovudoperasjonen som boka tek for seg. Det refererer til ei hending som blir dekt som ein «mindre fotnote» i boka. Det meste av det eg hevda i boka vart stadfesta.
Lewis:  Den offisielle rapporten hevdar at di bok, «Hit and run», var unøyaktig på fleire måtar.
Hager: Vi greidde ikkje få alt rett. Men hovudpunkta våre var alle sanne. Sivile drepne: Stadfesta. Eit barn drepe: Stadfesta. Fangar banka opp: Stadfesta. Forfalska rapportar: Stadfesta.»
Lewis:  Kor mange dokument gjekk du personleg gjennom?
Hager: Fleire hundre. Dei var alle dokument som hadde tilknytting til Australasia.
Lewis:  Og kva kriterie brukte du når du redigerte?
Hager: Det var ein god del namn merka «strengt fortruleg». Dettte var, ut frå samanhengen, ikkje på grunn av tryggleik i dei landa eg arbeidde med. Det var for å unngå pinleg, politisk søkelys.
Lewis:  Kor lenge arbeidde du i London med desse dokumenta?
Hager: Det var snakk om fleire dagar, for å gå gjennom fleire hundre dokument.
Lewis:  Synte du vitnemålet ditt til forsvaret som utkast=?
Hager: Ja, det har eg alltid gjort når eg har vorte beden om å laga eit skriftleg vitnemål.

(Dette er heilt normalt. Skriftlege erklæringar frå forsvarets vitne er normalt utforma og, når det trengst, tatt under eid av forsvarsadvokatane)

Lewis:  Foreslo forsvararane at du skulle plassera avsnittet om Reglar for krigføring ved sida av videoen om «Collateral Damage»?
Hager: Ja. Og det gjorde eg gjerne – det gav god meining.

Edward Fitzgerald reiste seg igjen for ny eksaminering.

Fitzgerald: Du vart spurt om du veit kva Assange er tiltalt for. Veit du at han er tiltalt for å skaffa og motta alle dei diplomatiske dokumenta, loggane frå Irak og Afghanistan, reglane for krigføring og vurderingane om fangane på Guantanamo?
Hager: Ja.
Fitzgerald: Han kunne ikkje ha publisert noko av dette utan å først ha skaffa og mottatt desse. Så spørsmålet om han er tiltalt for å publisera har lite å seia når det gjeld korleis journalistar som deg blir kriminalisert under Espionage Act for å skaffa og motta hemmelegstempla informasjon frå USA?
Hager: Det stemmer.
Fitzgerald: Du arbeider med kjelder. Det tyder personen som skaffar deg informasjon eller materiale. Har du ei plkt til å gje vern til ei slik kjelde?
Hager: Ja.
Fitzgerald: Du vart spurt om publiseringa i september 2011 av diplomatiske dokument. Kva veit du om det som skjedde?
Hager: Eg trudde på folka i Wikileaks, og såg kor utprega seriøst dei arbeidde når det galdt redigeringsprosessen som dei inviterte meg inn i. Eg trur ikkje dei plutseleg forandra meining. Denne publiseringa kom gjennom ein serie hendingar knytta til uheldige omstende, som Wikileaks ikkje var årsak til. Men den ni månader lange redigeringsprosessen var ikkje fåfengt. Wikileaks hadde på eit tidleg tidspunkt åtavara amerikanske styresmakter, og invitert dei til å delta i redigeringsprosessen. Assange hadde understreka til amerikanske styresmakter at dei som var nemnt i rapporten var i fare. Sjølv om amerikanske styresmakter ikkje hadde involvert seg i redigeringsprosessen hadde dei sett i gang eit omfattande arbeid med å åtvara dei som var nemnt i rapportane. Julian Assange gav dei folka ni ekstra månader. Eg trur også dette til sjuande og sist var ein viktig del av forklaringa på kvifor det ikkje fanst dødsfall som kunne knyttast til denne lekkasjen, og at det heller ikkje oppstod annan skade.
Fitzgerald: Kva slags uheldige omstende er det du nemner?
Hager: Eg forstår det slik at eit passord vart publisert i boka til Leigh/Harding, men dette er ting eg ikkje har direkte kjennskap til.
Fitzgerald: Når det gjeld denne boka har du sagt at det var vondt blod mellom Luke Harding, David Leigh og Julian Assange.
Hager: Ja, eg vil for min del ikkje leggja stor vekt på den boka som kjelde.

(Eg vonar de tilgjev meg for å leggja til litt her ut frå personleg kjennskap til saka. Det vonde blodet hadde ingenting med redigering å gjera, og alt med pengar å gjera. Julian Assange var ein kort periode den mest omtalte mannen i verda, og han hadde enno ikkje vorte sverta med skuldingane som vart rigga til i Sverige. Retten til ei bok om Assange-bok om Wikileaks og ein biografi var potensielt verdt millionar for forfattarane. Eit slikt samarbeid hadde vorte diskutert med Leigh, men Julian hadde funne ut at han ikkje ønskte det. Folka i «the Guardian» var rasande. Det er det som i røynda skjedde. Og det ser ut som ei rimeleg forklaring på kvifor dei i staden publiserte ei inntektsgjevande bok som gjekk til åtak på Assange. Men det forklarar ikkje kvifor dei publiserte passordet til lageret med uredigerte, diplomatiske dokument i denne boka.)

Fitzgerald: Julian Assange hevda i talen på Frontline Club at kjelder måtte vernast frå «urettferdig hemn». Er du samd i dette?
Hager: Ja.
Fitzgerald: Han freista dra eit skilje mellom dei som ikkje fortener vern – informantar som gjev falsk informasjon for pengar, provokatørar, dei som oppgjev namna til uskuldige ut frå personlege hemnmotiv. Vi har sett i pressa i Storbritannia oppgje namna til informatørar i Nord-Irland som spela denne slette rolla. Kva tenkjer du om å oppgje namn på informantar i slike saker?
Hager: Eg ønskjer ikkje kommentera når det gjeld Nord-Irland. Det er eit svært vanskeleg emne.
Fitzgerald: Kunne du kommentera litt meir videoen «Collateral Murder» og reglane for strid?
Hager: Reglane for strid styrer når soldatar kan, og ikkje kan, bruka makt. Dei reiser viktige spørsmål. Er dei korrekte? Bidreg dei til færre sivile tap? Er dei i samsvar med lovene som regulerer krigføring?
Fitzgerald: Eit av tiltalepunkta nemner det å skaffa og motta «Reglar for strid». Er det difor du nemnte dei?
Hager: Ja. Soldatar har alltid grunnleggjande rett til sjølvforsvar. Det finst ikkje noko grunnlag for å hevda at det å publisera dette utgjer nokon stor risiko for troppane. Det er snarare mogleg å argumentera for at konfliktane blir mindre når folk veit kva tid det vil bli brukt makt, og kva tid det ikkje kjem til å bli brukt makt.
Fitzgerald: Kan du stadfesta at når forsvaret bad deg om å kopla saman «collateral murder»-videoen med reglane for strid, så sa du ja til å gjera dette berre avdi ei slik kopling var riktig etter di meining?
Hager: Ja

Demonstrasjon utenfor retten. Foto: https://assangecourt.report/september-18-afternoon

Jennifer Robinson

Retten gjekk vidare til det første vitnet med «opplest vitnemål». Det hadde vorte avtalt at nokre vitne som påtalemakta ikkje ønskte å krysseksaminera vil ha sine vitneerklæringar «lest opp» for referatet, utan at dei måtte møta opp. Etter større diskusjonar, og usemjer mellom advokatane, hadde dette vorte avtalt som opplesing av eit kort referat som skulle gje «hovudpunkta» i vitnemålet. Mine rapportar når det gjeld denne gruppa vitnemål blir difor ei oppsummering av oppsummmeringa – i dette tilfellet vitnemålet til Jennifer Robinson.

Jennifer Robinson er ein advokat som har vore rådgjevar for Julian Assange sidan 2010. Ho representerte Assange i dei sakene som kom opp i Sverige. Den 15. august 2017 bad han henne bli med på eit møte i Equadors ambassade i London med kongressrepresentant Dana Rohrabacher frå USA, som møtte saman med sin rådgjevar Charles Johnson. Rohrabacher sa at han representerte president Donald Trump, og at han ville rapportera tilbake til Trump når han kom tilbake til Washington.

Rohrabacher sa at «Russiagate»-historia var politisk øydeleggjande for Trump, var skadeleg for USAs interesser og skadeleg for hopehavet mellom USA og Russland. Det ville difor vera til stor hjelp om Julian kunne avsløra den verkelege kjelda til lekkasjane frå Democratic National Council. Dette ville vera i offentleg interesse.

Julian Assange hadde argumentert for fullstendig benåding for Chelsea Manning, og for å droppa all tiltale mot seg sjølv på grunnlag av første grunnlovstillegg. Rohrabacher hadde sagt at det var ei opplagt «vinn-vinn»-løysing her, og at han ville undersøkja om det var mogleg «å få han ut». Assange kunne oppgje kjelda til lekkasjen frå DNC i bytte mot «ei benåding, ein avtale eller eit arrangement». Assange hadde ikkje oppgjeve noko kjelde til Rohrabacher.

Khaled el-Masri

Det hadde vore tre dagar med intense diskusjonar mellom advokatane og domaren, der amerikanske styresmakter protesterte intenst mot at el-Masri skulle få sleppa til som vitne. Det hadde endt opp med eit kompromiss: Han skulle få leggja fram sitt vitnemål så lenge han ikkje påstod at han hadde vorte torturert av amerikanske styresmakter. Likevel, då tida var inne til å leggja fram vitnemålet var her el-Masri merkeleg nok ikkje i stand til å få samband over videolink, sjølv om forsvararane hadde snakka med han på denne måten berre eit par timar tidlegare. Den tekniske staben ved retten hadde ikkje vore i stand til å løysa dette tekniske (hmm..) spørsmålet. I staden for å berre utsetja dette vitnemålet til videolinken var i orden – noko som allereide hadde skjedd to gongar når det oppstod tekniske problem – fann domar Baraitser plutseleg ut at ho igjen skulle reisa spørsmålet om vitnemålet til el Masri skulle leggjast fram i det heile.

James Lewis, som representerer amerikanske styresmakter, erklærte at dei ikkje berre sette seg mot å høyra vitnemål om påstått tortur. Dei sette seg også mot alle påstandar om at dokument offentleggjort av Wikileaks synte at dei hadde pressa regjeringa i Tyskland til å ikkje arrestera dei som visstnok hadde vore innblanda i den påståtte bortføringa. Den amerikanske regjeringa hadde ikkje pressa den tyske regjeringa sa Lewis. Mark Summers frå forsvaret slo fast at det øvste kammer i den Europeiske Domsstol i Strasbourg allereide hadde slege fast at påstandane var riktige. Likeeins synte dokumentet som Wikileaks hadde offentleggjort eintydig, og bortanfor all diskusjon, at den amerikanske regjeringa hadde lagt press på Tyskland.

Domar Baraitser sa at ho ikkje hadde tenkt å døma i saka om USA hadde lagt press på Tyskland eller om el-Masri hadde vorte torturert. Det var spørsmål ho ikkje hadde noko med. Mark Summers påpeikte at dette gjekk rett inn i spørsmålet om Wikileaks hadde utført ei naudsynt handling for å hindra kriminalitet i regi av USA og gjera retterd mogleg. Lewis sa at det var uakseptabelt for USA at det vart sett fram påstandar om tortur.

På dette tidspunktet hadde Julian Assange vorte svært opprørt. Han reiste seg og erklærte høgt:

«Eg vil ikkje tillata at vitnemålet til eit torturoffer blir sensurert av denne retten.»

Dette førte til stor uro i rettssalen. Baraitser truga med å få Julian fjerna frå rettslokalet, og halda fram utan at han var til stades. Det vart ein pause, og etter denne vart det annonsert at el-Masri ikkje ville bli høyrt, men at hovudpunkta i vitneerklæringa hans ville bli lest opp, men utan at detaljar som galdt tortur i regi av USA og amerikansk press mot Tyskland vart nemnt.

Khaled el-Masri, av libanesisk opphav, hadde kome til Tyskland i 1989 og var tysk borgar. 1. januar 2004, etter ein ferie i Skopje, hadde han vorte tatt av ei vogn på grensa til Makedonia. Han hadde vorte halde av makedonske tenestemenn utan å kunna kontakta famile eller andre, hadde vorte mishandla og slått. Den 23. juli hadde han vorte tatt til flyplassen i Skopje og gjeve til CIA-personell. Dei hadde slått han, lagt han i lenkjer og mishandla han seksuelt. Kleda hans hadde vorte rive av, og så hadde han vorte kledd i ein bleie og lenka til golvet i eit fly og gjort medvitslaus etter ein injeksjon.

Han vakna og fekk til slutt vita at han var i Afghanistan. Han vart halde isolert  i ei betongcelle med ei bøtte som toalett. Han vart halde her i seks månader og forhørt gjennom heile denne perioden (detaljar om tortur stroke av dommaren). Til slutt hadde han vorte floge til Albania, køyrt med bind framfor augo opp ein avsides fjellveg og dumpa der. Då han til slutt kom tilbake til Tyskland var heimen hans forlatt og kona og ungane hadde reist derifrå.

Då han gjekk offentleg ut med historia si hadde han vorte møtt med forsøk på karaktermord, truverdet hans vart trekt i tvil, og det vart påstått at han hadde dikta opp det heile. Han trur regjeringa freista få han til å halda stilt. Han hadde tatt kontakt med ein lokal advokat, og etter ein større innsats hadde dei kome i kontakt med herr Goetz som arbeidde i ein TV-kanal. Han hadde prova at historia var sann, hadde lokalisert dei innblanda CIA-agentane i Nord-Carolina og til og med intervjua nokre av dei. Som ei følgje av dette hadde statsadvokaten i München offentleggjort arrestordrar for dei CIA-agentane som kidnappa han, men dei hadde aldri vorte arrestert. Då Wikileaks offentleggjorde dei diplomatiske dokumenta hadde presset frå USA mot tyske styresmakter kome fram i dagslys (domaren freista ikkje hindra Summers i å seia dette). Vi veit difor at USA blokkerte juridisk etterforsking av eit brotsverk. Den Europeiske Menneskerettsdomsstolen hadde eksplisitt basert seg på dokumenta frå Wikileaks får denne delen av domen sin i saka. Storkammeret hadde stadfesta at han hadde vorte slått, fått bind for augo og hadde vorte analt mishandla.

Ingen hadde vorte stilt til ansvar i USA. Den ansvarlege inspektøren i CIA hadde avstått frå å gjera noko i saka. Domen frå den Europeiske Menneskerettsdomsstolen og utfyllande dokumentasjon hadde vorte sendt til den amerikanske statsadvokaten i det austlege distriktet i Virginia – den same statsadvokaten som no freistar få Assange utlevert – og statsadvokaten hadde avgjort at det ikkje skulle reisast sak mot CIA-offiserane.

Ein klage hadde vorte sendt til International Criminal Court (ICC), inkludert domen frå den Europeiske Menneskerettsdomsstolen og materiale frå Wikileaks. I mars 2020 hadde ICC annonsert at dei opna ei etterforsking i saka. Som svar på dette hadde den amerikanske utanriksministeren Mike Pompeo erklært at alle ikkje-amerikanarar som samarbeidde med domsstolen, inkludert tilsette ved ICC, ville bli møtt med finansielle og andre sanksjonar.

Til slutt vinta el-Masri om at Wikileaks offentleggjering hadde vore avgjerande når det galdt å få anerkjenning og bli trudd når det galdt brotsverket og dekkoperasjonen.

Mark Summers opplesing av el-Masris vitneerklæring til retten hadde enorm verknad. Summers har ei røynleg gåve når det gjeld å syna moralsk styrke, og syna tøyla, rettferdig harme i røysta. Eg meiner vitnemålet hadde gjort definitivt inntrykk på Baraitser. Ho synte tikn ikkje på at dette var ukomfortabelt eller pinleg, men på at ho var djupt uroa medan ho lytta konsentrert. Seinare fortalde to ulike vitne, begge sat i andre delar av rettslokalet enn det eg gjorde, at dei meinte at el-Masris vitnemål hadde gjort inntrykk på domaren. Begge fortalde dette uoppfordra. Vanessa Baraitser er til sjuande og sist berre eit menneske, og dette er første gong ho har vorte nøydd til å handtera det denne saka faktisk handlar om.

Dean Yates

Amerikanske styresmakter har protestert mot at herr Yates vitnemål skal få innehalda faktisk skildring av det som skjer i «Collateral Murder»-videoen. Eg kunne korkje høyra eller forstå kvifor Baraitser gjekk med på dette, men ho gjorde i alle fall det. Fire gongar avbraut ho Edward Fitzgerald medan han las «hovudinnhaldet» i Yates vitneerklæring, for å fortelja at han ikkje måtte seia noko om kva videoen synte.

Edward Fitzgerald sa at herr Yates var eis svært røynd journalist som hadde vore byråsjef for Reuters i Baghdad. Tidleg på dagen den 12. juli 2007 hadde ein «høglytt klagerop» nådd kontoret deira, og han hadde fått vita at Namir, fotografen, og Said, ein sjåfør, hadde vorte drepne. Namir hadde gått ut tidleg for å dekka ein konflikt mellom militante dei hadde fått meldingar om. Yates kunne ikkje finna ut kva som hadde skjedd. Ein varebil i nærleiken hadde fått fronten sin øydelagt, dei amerikanske styrkane hadde tatt Namirs to kamera og nekta å frigje desse. Dei fekk rapportar om tretten drepne og ni skadde. Det såg ikkje ut til å vera teikn på kamp mellom ulike styrkar på staden.

Yates hadde gått på ei briefing ved hovudkvarteret til dei amerikanske militære. Der hadde dei sagt at ei fiendtleg gruppe hadde plassert ei improvisert bombe i vegen. Det vart vist fram fotografi av maskingevær og granatkastarar som visstnok hadde vorte samla inn på staden. Han fekk sjå tre minutt med video. Dei synte (her stoppa Baraitser opplesinga til Fitzgerald).  Yates hadde etterpå sendt ein førespurnad til dei amerikanske militære om å få sjå heile videoen, men dette hadde vorte avslått. Det hadde også spørsmålet om å få sjå reglane for strid.

Då Wikileaks offentleggjorde «Collateral Murder»-videoen synte den at Said kraup vidare i tre minutt medan han freista koma seg opp, medan amerikanarane som såg på han frå avstand sa at «kom igjen, kamerat, alt du treng å gjera er å gripa etter eit våpen» slik at dei kunne skyta på han igjen. Så dukka den gode samaritanen opp for å hjelpa, og filmen synte korleis frontruta og bilen hans vart øydelagt. Edward Fitzgerald heldt sta fram med å lesa frå Yates vitnemål medan Baraitser heille tida bad han om å stoppa på ein måte som nesten var bønnfallande.

Yates sa at då han såg videoen, forstod han med ein gong at dei amerikanske militære hadde loge om det som hadde skjedd. Han byrja også undra seg over kor mykje av det møtet ved det amerikanske hovudkvarteret som hadde vore koreografert.

Det var også ein annan ting Yates hadde tenkt mykje på etterpå. Han hadde alltid klandra Namir for å sjå rundt hjørna med kameraet sitt, slik at dette hadde vorte feiltolka som eit våpen og slik ført til at han hadde vorte drepen. Det var Julian Assange som seinare påpeikte at ordren til å drepa Namir hadde vorte gjeve før han såg rundt hjørnet. Han hugsa svært klårt korleis Assange hadde sagt at «og om det er innanfor reglane for strid, så er reglane for strid feil». Yates var glat for at han ikkje trong klandra Namir, men kjende seg skamfull for at han hadde klandra Namir for å vera årsak til sin eigen død.

Yates konkluderte med at om det ikkje hadde vore for Chelsea Manning og Julian Assange ville sanninga om kva som hadde skjedd med Namir og Said aldri vorte kjent. Men takk vera Wikileaks hadde deira endelikt ein kraftig verknad på opinionen.

James Lewis sa at dei amerikanske styresmaktene ikkje hadde spørsmål, men at dette ikkje innebar at vitnemålet vart godtatt som prov.

Carey Shenkman

Til slutt byrja vi med den andre halvdelen av Clair Dobbins krysseksaminering av Carey Shenkman når det galdt vitnemålet hans om historia til Espionage Act. Dette kan verka som tørt stoff, men det har faktisk vore svært opplysande når det gjeld USAs krav om at dei kan nytta Espionage Act (1917) mot alle journalistar, over alt i verda, når dei får tak i hemmelegstempla informasjon frå USA.

Dobbin opna andre del av dette med å spørja Shenkman om han seriøst argumenterte for at det fanst lover som hindra straffeforfølgjing av journalistar etter Espionage Act i tilfelle der dei hadde avslørt informasjon som galdt nasjonal tryggleik. Shenkman svara at at lova har fleire komponentar: lovgjeving, alminneleg lov («common law»), grunnov – og at desse verkar saman. Det finst sterke argument for at det første grunnlovstillegget hindrar slik straffeforfølgjing.

Dobbin spurde om det finst noko sak som slær fast dette bortanfor all tvil. Shankman svara at det aldri hadde vore nokon slik straffeprosess, så Høgsterett hadde aldri tatt stilling til dette. Dobbin spurde om han godtok at i saka mot New York Times hadde Høgsterett sagt at ein slik tiltale kunne reisast på grunnlag av Espionage Act. Dobbin svara at nokre av domarane hadde nemnt dette i sine erklæringar, men at det ikkje var denne saka dei avsa dom i, og det hadde ikkje vore noko opplysing av dette temaet i sakførselen.

Dobbin sa at domaren i Rosen-saka hadde slått fast at saka mot New York Times kunne fått eit anna utfall om det hadde vorte reist sak etter Espionage Act paragraf 79/3/e, og at slik sakførsel i framtida var mogleg. Shenkman sa at domen i Rosen-saka handla om noko anna, og ikkje om publisering i media. Justisdepartementet hadde konkludert med å ikkje gå vidare i den saka. Shenkman refererte her til ein artikkel frå 2007 i Harvard Law Review. Saka hadde vorte droppa på grunn av omsynet til første grunnlovstillegg.

Dobbin freista igjen,og spurde om han godtok  at at domsslutninga i Rosen-saka ut frå ei tolking av domarerklæringane i saka mot New York Times ikkje utelukka straffeforfølgjing. Shenkmann, som såg ut til å vera på territorium han likte, sa at spørsmålet ikkje hadde vorte opplyst i handsaminga i Høgsterett. I tillegg hadde sakførselen etter Rosen-domen stoppa opp. Dobbin meinte dette kunne tyda på at det her kunne argumenterast begge vegar. Shenkman svara at Høgsteretts dom i saka mot New York Times handla om å vera tilbakehalden i forkant av rettsprosess.

Dobbin spurde så Shenkman om han godtok at innvendinga om at Espionage Act var vag hadde vorte avvist av domsstolane i saker som handal om varslarar. Shenkman svara at det fanst mange, og av og til motstridande saker i ulike jurisdiksjonar. Men alle desse sakene handla om tilsette i regjeringsapparatet, ikkje om journalistar.

Dobbin spurde så kvifor ikkje Shenkmans vitneerklæring ikkje slo fast at Espionage Acdt hadde gjennomgått ei juridisk presisering. Shenkman svara at årsaka var at han ikkje trudde dei fleste akademikarar ville vera samd i at dette hadde skjedd. Lova hadde vorte tolka, men ikkje meir presist. Dobbin sa at effekten av tolkingane hadde vore å fokusera området denne lova hadde konsekvensar for. Ho siterte frå Rosen-domen og frå Morison-domen. Desse domane innsnevra dette til å handla om å lekka informasjon som skada interessene til USA. Det var ein viktig, og ny test. Domen i Rosen-saka sa at dette var «ei klår sikring mot vilkårleg handheving».

Shenkman svara det dette berre tek tak i ei side av Espionage Act, nemleg definisjonen av nasjonal tryggleiksinformasjon. Det har vorte skrive heile bøker om dette temaet. Å sitera ei line frå ein dom var til lite hjelp. Andre aspekt av denne lova var svært vidtfemnande. Hovudproblemet med lova var at dei same juridiske standarane blir brukt på alle som er borti hemmelegstempla informasjon – varslaren, utgjevaren, journalisten, avisseljaren og avislesaren er alle potensielt like skuldige.

Dobbin meinte straffeforfølgjinga ikkje kunne vera politisk, avdi det er domsstolen som slær fast kva som definerer nasjonal tryggleiksinformasjon. Shenkman svara at det på den andre sida er regjeringa som avgjer kva som skal hemmelegstemplast, og kven som skal straffeforfølgjast. Og ikkje minst: Kva tiltale som skal tas ut. Det var heller ikkje berre snakk om kva som vart straffeforfølgt. Det var lett å visa at Espionage Act historisk hadde hatt ein sterkt hemmande verknad på viktig journalistikk.

Dobin spurde deretter Shenkman om han var samd i at dei punkta i lova som Assange var tiltalt etter aldri hadde sikta mot «klassisk» spionasje. Shenkman sa at dei fleste autoritetar ville avvisa ideen om eit klårt og eintydig siktemål. Dobbin sa at i Morison-saka hadde domen avvist argumentet om at lovavsnittet var avgrensa til klassisk spionasje. Shenkman svara – litt vondkapsfullt – at ja: Den domen hadde utvida feltet der lova kunne brukast, ikkje presisert det. Men det fanst også andre domar. Utanom dette hadde ho spurt om intensjon. Det Kongressen ønskte oppnå i 1917 og det som rettein i Morison-saka hadde dømt var to ulike ting. Det hadde vore mange vellukka rettsforfølgjingar av varslarar under Obama. Domsstolane aksepterte heilt enkelt at denne delen av lova gjeld for folk tilsett i regjeringsapparatet. Men det hadde aldri vore nokon prosess mot ein journalist eller ein utgjevar som hadde vorte ført fram til dom.

Dobbin, som ikkje er noko om ikkje uthaldande, spurde Shenkman om han var samd i at Morison-domen slo fast at berre provisjon 79/4 gjeld klassisk spionasje. Shenkman svara at Morison-domen var ei einsleg stjerne på himmelen, mellom ein myriade av navigasjonspunkt gjennom desse lovene. Dei gjekk så vidare med ein diskusjon om kva ulike professorar meinte om temaet.

Eg er nok meir interessert i detaljane i denne saka enn dei fleste, og ikkje minst ser eg svært tydeleg kva fundamentalt trugsmål som ligg i at ein insisterer på at Espionage Act heilt generelt kan bli brukt mot journalister, slik påtalemakta hevdar. Ikkje minst slik det politiske klimaet er no. Men det var no seint på fredagen, det hadde vore ei hard veke, og eg har mine grenser. Så tankane mine vandra vidare, og eg fann ut at eg skulle sjå kor mange vers av Shelleys «The Masque of Anarchy» eg kunne hugsa.

Då eg igjen greide å fokusera på rettslokalet heldt Dobbin på med å insistera på at det faktum at ei mengd potensielle saker hadde vorte lagt til side før ein gjekk til retten berre prova at lova vart brukt ansvarleg og skikkeleg. Shenkman sa at eit slikt synspunkt oversåg den avkjølande effekten – både generelt og spesifikt – som låg i trugsmål om straffeforfølgjing. Slike skremsel kosta avisene økonomisk, dei førde til forseinking og kunne til og med føra til konkurs. President Roosevelt hadde nytta trugsmålet om å reisa søksmål etter Espionage Act for å kvitta seg med uavhengige, afro-amerikanske aviser.

Dobbin hevda at i dei tilfella det hadde vorte konkludert med at ein ikkje skulle straffeforfølgja på grunn av første grunnlovstillegg, så hadde dette skjedd i saker som galdt store, seriøse mediaverksemder. Shenkman svara at dette ikkje i det heile tatt var sant. Beacon Press, til dømes, som hadde publisert heile «Pentagon Papers», var ein liten, religiøs organisasjon.

Dobbin sa at ingen av døma frå historia er parallelle med Wikileaks. Shenkman var igjen usamd. Det var mange slåande punkt som var dei same som i tidlegare saker. Dobbin svara at sjølve formålet med Wikileaks var å få tak i materiale frå dei som hadde rett til å motta det, og gje det vidare til dei som ikkje hadde rett til å sjå det. Det var ulovleg formidling i masseomfang. Shenkman sa at ho konstruerte ein distinksjon. Likskapen med td. Beacon Press og Amerasia var oppe i dagen.

Dobbin konkluderte med at Shenkmans vitnemål var «frivolt og meiningslaust».

Mark Summers byrja så den avsluttande eksamineringa av Shenkman. Han referete til Jack Anderson-saka. Anderson hadde publisert komplette «Top Secret»-dokument, uredigert, i krigstid. Han hadde ikkje vorte straffeforfølgt under Espionage Act på grunn av det første grunnlovstillegget. Shenkman stadfesta dette, og understreka at dei publiserte dokumenta var svært sensitiv etteretningsinformasjon som skreiv seg frå avlytting.

Summers refererte til setningar frå domar som Dobbin hadde bede Shenkman godta som «ukongroversielle oppsummeringa av lova», men som slett ikkje var det. I Morison-saka peikte han på at dei to andre domarane i saka eksplisitt hadde motsagt den eine setninga Dobbin hadde sitert. Domar Wilkerson hadde slege fast at «første grunnlovstillegg si tyding for informert, nasjonal debatt fordampar ikkje heilt enkelt når nokon nemner orda «nasjonal tryggleik».

Summers sa at dei amerikanske styresmaktene no framfor alt støtta seg på Rosen-domen. Han spurde kva slags domsstolsnivå den domen var henta frå. Shenkman svara at det var ein dom frå ein distriktsdomsstol, det lågaste nivået av domsstolar i USA. Og i samband med den domen hadde det amerikanske Justisdepartementet konkludert med at dei ikkje ønskte å gå vidare med saka. Til slutt peikte Summers på at Shenkmann hadde sagt at det aldri hadde vore ei straffeforfølgjing, men at det hadde vore trugsmål som hadde hatt ein hemmande effekt. Kva slags folk hadde vorte truga med straffeforfølgjing etter Espionage Act i samband med publisering? Shenkman svara et det i alle tilfella hadde handla om politikk: Politiske motstandarar av presidenten, minoritetsgrupper, pasifistar og dissidentar.

Og med det var veka slutt.

Kommentar

Det finst mange og viktige spørsmål når det gjeld handtering av prov og vitnemål i denne saka. Først vil eg slå fast at dei amerikanske styresmaktene hadde motsett seg omtrent alt av prov og vitnemål frå forsvaret. Dei ønskjer vitna for forsvaret avvist anten på grunnlag av at dei ikkje er ekspertar (difor langvarig, uhøfleg utspørjing kombinert med åtak) eller at det som blir lagt fram ikkje er relevant. Domar Baraitser har avgjort at ho vil høyra alle vitnemål, og avgjera først når ho kjem ram til domsslutning kva som er og ikkje er relevant og del av saka.

Mot dette har vi hennar avgjerd om at vitna berre kan bruka ein halv time til å gå gjennom sine vitneerklæringar før krysseksaminering. Dette opp mot eit krav frå amerikanske styresmakter om at ein ikkje skal la vitna leggja fram noko i det heile før krysseksamineringa. I teorien godtok Baraitser dette, men ho tillot ein halvtime for å «orientera vitnet», noko som gjer det mogleg å leggja fram dei grunnleggjande faktaene. Baraitser avviste forsvarets argument for at vitnemåla skulle bli lest eller forklart i full lengde av vitnet i retten slik at publikum får del i desse. Grunnen var at vitneerklæringane blir publisert. Men i røynda blir dei ikkje publisert. Retten publiserer dei ikkje. Retten gjev kopiar til journalistar som har registrert seg for å dekka saka, men desse journalistane har ingen interesse i å publisera dei. Vitnemåla fråd ei to første dagane vart publisert her (lenke), men så stoppa det opp i mange dagar. Det ser ut til at dei har byrja igjen på fredag, men dette er ikkje tilfredsstillande for publikum.

Vidare har vi dei bitane med prov som blir stengt ute frå rettssalen på grunn av innvendingar frå USA, som detaljane når det gjeld torturen av el-Masri eller innhaldet i videoen «Collateral Murder». Eg kan forstå at denne retten ikkje tek stilling til om el-Masri vart torturert – eit faktum som no er etablert av den Europeiske Menneskerettsdomsstolen. Men likevel der denne historia relevant når det gjeld Wikileaks forsvar av naudsynt publisering for å hindra brotsverk og gjera rettferdige søksmål mogleg. Fakta er at USA ønskjer å unngå ei pinleg, politisk eksponering og mediemerksemd kring torturen av el-Masri og hendingane vi ser på Collateral Murder-videoen gjennom at dette kjem fram i retten. Kvifor ein engelsk domsstol bøyger seg for den slags sensur er uforståeleg for meg.

Eg synest «samanbrotet» i videolinken som gjorde el-Masris personlege vitnemål «teknisk umogleg» er svært mistenkeleg etter at amerikanske styresmakter i dagevis har freista hindra akkurat det vitnemålet. Eg er også svært mistenksom mot det merkelege faktumet at i motsetnad til andre tilfelle der vitne fekk tekniske problem vart det her ikkje gjort noko forsøk på å setja eit nytt tidspunkt. Video- og lydkvalitet har vore elendig for fleire av vitna for forsvaret. I ei verd der vi alle har vorte vane med videosamtalar dei siste månadene, er den ekstraordinære svikten ved domsstolen når det gjeld å få kvardagsteknologi til å fungera vanskeleg å tru på.

Til slutt, og viktigast: Kva er «prov».

Lewis siterer igjen og igjen orda til Luke Harding og David Leigh til nye vitne, nesten kvar dag. Og likevel er ikkje Leigh og Harding i vitneboksen for å bli krysseksaminert om sine ord. Og som de veit, er eg rasande over at Lewis har fått lov til å repetera Hardings ord om samtalen i El Moro-restauranten til vitne etter vitne,medan John Goetz, som var del av samtalen og augevitne, ikkje fekk lov til å vitna i retten om denne hendinga. Det er totalt latterleg.

Og til slutt har vi vitneerklæringane som har vorte lagt fram av Kromberg og Dwyer på vegne av amerikanske styresmakter. Desse blir tydlegvis handsama som «prov». Lewis slo til og med fast at Dwyers profrie påstand i Dwyers erklæring om at informantar hadde lidd skade var «prov» på at dette hadde skjedd. Men korleis kan desse erklæringane vera «prov» når forfattarane ikkje kan krysseksaminerast om dei? Ein av forsvarsadvokatane fortalde meg på fredag at Kromber ikkje vil bli tilgjengeleg for krysseksaminering, som om dei nettopp har fått vita dette. Det er ikkje rett at ei erklæring full av tvilsame påstandar og forklaringar skal bli godtatt som «prov» når forfattaren ikkje kan utfordrast i ei krysseksaminering. Heile spørsmålet om «prov» i denne saka har trong for fundamental gjennomtenkjing.

På den andre sida er eg svært fornøgd med at Nicky Hager vitna under eid om at i dei diplomatiske dokumenta han redigerte vart «strengt konfidensielt» om namn brukt for å hindra pinleg, politisk eksponering. Aktoratet har fleire gongar hevda at dei 134 000 uklassifiserte og/eller redigerte dokumenta i den opphavlege offentleggjeringa frå Wikileaks inkluderte namn merka «strengt konfidensielt». Dette er ikkje ei tryggleiksklassifisering. Sidan eg har manøvrert eit nær identisk, britisk system i over tjue år og hatt dei høgaste gradene av tryggleiksklarering, og sidan eg den gongen las amerikansk materiale, kan eg forklara dette til dykk. Alt materiale som inneheldt namn på nokon som ville vera i fare for å bli drepen om namnet kom ut, eller ville skapa ein verkeleg og akutt fare for nasjonale interesser, ville på grunn av definisjonane her bli klassifisert som «hemmeleg» eller «strengt hemmeleg» – det siste vanlegvis i samband med etteretningsmateriale. Alt materiale frå Manning var på eit klassifiseringsnivå lågare enn dette.

I tillegg er det slik Daniel Ellsberg har peika på , og slik eg sjølv var van med, i tillegg til desse klassifikasjonane eit distribusjonssystem som set grenser for kven somfaktisk får tilgang til materialet. Materialet frå Manning hadde uavgrensa distribusjon, og var difor tilgjengeleg for bokstavelegt ala titusenvis av folk. Det kunne ikkje skjedd om offentleggjering var så farleg som det no blir hevda.

«Strengt konfidensielt» har ingenting med tryggleiksklassifisering å gjera. Dette er noko anna enn klassifiseringa som omgjev informasjon som handlar om nasjonal tryggleik. Som Hager sa, er dette det ein brukar når ein skal hindra politisk pinleg eksponering. Somi «Australasia»-materialet er det ein term som blir brukt for å gje vern til hemmelege, politiske kontaktar. Here reit døme frå eit Wikileaksdokument som eg trur er ein av dei spesifikke offentleggjeringane som aktoratet siktar til.


Som du kan sjå, har det ingenting i det heile å gjera med tryggleiken til informantar i Afghanistan. Det har mykje meir med andre ting å gjera.

Eg er svært glad for at Hager tok opp bruken av «strengt konfidensielt», avdi eg har venta på rette høvet til å forklara dette.

Dette er mi oppsummering av fredag, publisert måndag. Det er kanskje heldig at eg til vanleg ikkje har denne luksusen av tid tilgjengeleg for å førebu rapportane før publisering. Då slepp vi at eg held fram med å skriva i denne lengda.

Originalen til denne artikkelen ble publisert på bloggen til Craig Murray.

Bidrag til Craig Murrays blogg her.

De seks foregående referatene:

Din mann på galleriet – dag 7

Din mann på galleriet – dag 8

Din mann på galleriet – dag 9

Din mann på galleriet – dag 10

Din mann i retten under Assange-høringen – Dag 11

Din mann i retten under Assange-høringen – Dag 12


Klikk på bildet og bli en støttespiller du også



Forrige artikkelStorbanker hjelper oligarker, kriminelle og terrorister
Neste artikkelBakhaldet i Rineen, 22. september 1920
Craig Murray
Craig Murray er forfatter, kringkaster og menneskerettighetsaktivist. Han var britisk ambassadør i Usbekistan fra august 2002 til oktober 2004 og rektor ved University of Dundee fra 2007 til 2010.