Din mann på galleriet – dag 8

0
Foto: Shutterstock

Av Craig Murray. 10. september 2020, London. Omsett av Ingar Arnøy og Hans Olav Brendberg.

Det store spørsmålet etter høyringa i dag, var om aktor James Lewis ville halda fram med å gå til åtak på forsvarets vitne som om han var ein slags berserk (svar: han ville).  Og viktgare – kvifor?

Representantar frå Queen’s Counsel, Dronningas råd, plar til vanleg ustråla roleg kontroll. Og dei vurderer ikkje forsvarets argumentasjon som noko trugsmål mot den herskande orden og dei herskande tankane.  Lewis såg derimot meir ut som ei svolten terrier som vart halden unna ei fyrsteklasses pølse av stålgjerde – ei pølse som Lewis korkje skjøna utsjånaden av eller korleis ho er laga.

Kanskje han har tannverk?

Professor Paul Rogers

Det fyrste vitnet for forsvaret i dag tidleg, var Professor Paul Rogers, emeritus professor i fredsstudiar ved University of Bradford. Han har skrive ni bøker om krigen mot terror. Han har i femten år vore ansvarleg for Forsvarets (MOD) kontraktar om trening av væpna styrkar i rettslege og etniske konfliktar. Rogers var med på video frå Bradford.

Professor Rogers si fulle vitneforklaring er her.

Edward Fitzgerald frå aktoratet spurde professor Rogers korvidt Julian Assanges synsmåtar er politisk (dette viser til artikkel 4 i den britisk-amerikanske utleveringsavtala om politisk utlevering). Professor Rogers svara at «Assange er heilt klårt ein person med sterke politiske meiningar».

Fitzgerald bad deretter Professor Rogers å forklara kva avsløringane til Chelsea Manning har hatt å seia for Afghanistan. Professor Rogers svara at i 2001var det i USA eit sterkt engasjement for krig i Afghanistan og Irak. Lette innleiande militære sigrar førde til at nasjonen var «tilbake på sporet».  George W. Bush si fyrste tale til kongressen had ein atmosfære av sigersfest.  Wikileaks sine avsløringar frå krigsloggar styrkte biletet som somme analytikarar hadde av dette ikkje var sant. Snarare at krigen i Afghanistan hadde gått gale heilt frå starten.  Det sa mot den offisielle lina at Afghanistan var ein suksess.  Sameleis stadfeste prov frå Wikilieaks, publiserte i 2011, svært klårt at krigen i Irak hadde gått veldig gale, medan den offisielle forteljinga i USA var om ein suksess.

Wikileaks hadde til dømes prova frå krigsloggar at det var minst 15 000 fleire sivile døde enn det som Iraq Body Count hadde kome fram til. Wikileaks sine avsløringar av feil og mistak har hatt mykje å seia for korleis vestlege makter held att for å gå til krig på eit tidleg stadie.

Fitsgerald sa at paragraf 8 i professor Rogers rapport kan lesast som om Assange hadde politiske motiv og viste til hans tale i FN. Var føremålet hans å påverka politiske handlingar av USA?

Rogers svara: ja. Assange hadde sagt at han ikkje var mot USA og at der var mange gode folk i USA med andre synsmåtar. Han ynskte heilt enkelt å påverka USAs politikk. Roges viste og til det Mairead Maguire skreiv då han nominerte Julian som kandidat til Nobels fredspris: 

Julian Assange og kollegaene hans i Wikileaks har ved fleire høve vist at dei er mellom dei siste i striden for ekte demokrati og ytringsfridom. Deira arbeid for verkeleg fred gjennom å gjera våre regjeringars handlingar kjende, handlingar både heime og utanlands, har vist oss kva grufulle handlingar som vert gjorde i namnet til såkalla demokrati verda over.

Rogers sa at Assange hadde ein klår og gjennomtenkt politisk filosofi. Han hadde lagt det ut særleg i valkampen som Wikileaks dreiv i senatsvalet i Australia. Det var tufta på menneskerettar, trua på openheit og ansvar. Det var grunnleggjande libertaniansk. Det femnde ikkje berre om statleg openheit, men også openheit i store selskap, fagforeiningar og NGOar. Det utgjorde ein veldig klår politisk filosofi. Assange hadde ei haldning som ikkje svara til tradisjonell partipolitikk, men sydde saman tankar som hadde fått auka oppslutning siste åra.

Fitsgerald spurde korleis dette hadde noko med Trump å gjera. Rogers sa at Trump  var eit trugsmål mot Wikileaks av di Trump har ein ekstrem fiendskap mot openheit og for å stå til ansvar. Fitsgerald lurte på om Trump og regjeringa hans hadde vist denne fiendskapen mot Assange ved ynsket sitt om å ta Assange til retten. Rogers svara ja:  fiendskapen hadde vist seg i rekkje av utsegner frå sentrale medlemer i regjeringa. Det var motivert av Trumps karakteristikk av all negativ informasjon som «fake news».

Fitsgerald spurde om motivet for den pågåande rettssaka var juridisk eller politisk. Rogers svar «det siste». Dette var del av den atypiske framferda til Trump og regjeringa hans: Dei legg fram tiltale på politisk grunnlag. Dei ser på openheit som ein særleg fare for regjeringa. Dette heng også saman med at Trump så sterkt mislikar forgjengaren.  Regjeringa hans vil gå til tiltale mot Assange nett av di Obama ikkje gjekk til tiltale mot Assange. I tillegg var regjeringa ekstemt irritert over omgjeringa i Chelsea Mannings dom, ei avgjerd dei ikkje hadde makt til å endra. Difor kunne ein tiltale mot Assange verta ein sigersrik hemn.

Fleire sentrale medlemer i regjeringa hadde kravt ekstemt lang fengselsdom for Assange. Somme hadde endåtil ymta om dødsstraff, jamvel om Rogers skjøna at det var teknisk umogleg med denne prosessen.

Fitzgerald spurde om Assanges politiske meiningar var verna av flyktningekonvensjonen. Rogers svara ja. Tiltale for politiske meiningar er ein solid grunn til å søkja om status som flyktning. Assanges handlingar byggjer på hans politiske syn Til slutt spurde Fitzgerald om Rogers såg det politiske innhaldet i Assange ikkje vart tiltalt under Obama. Rogers svara at ja, det såg han. Denne saka er kort og godt bygd på politiske motiv frå Trump sjølv.

James Lewis roste kryssforhøyret.  Det fyrste spørsmålet til Lewis var “Kva er ei politisk meining?” Rogers svara at ei politisk meinng tek eit særskilt standpunkt i den politiske prosessen og gjer det ope. Det viser til styresmakt over samfunn, frå nasjonar ned til små einingar.

Lewis føreslo at Assanges syn omfatta styringa av store selskap, NGOar og fagforeiningar. Difor kunne ikkje Assanges syn verta rekna som ei «politisk meining». Rogers svara at kva som vert rekna som politikk dei siste fermti åra eller meir, rekk mykje lenger enn sjølve den politiske utøvinga frå styresmakter. Assange drøftar særleg samanhengen mellom styresmakter og korporasjonar, ikkje minst kva påverknad korporasjonane har på styresmaktene og samfunnet.

Lewis spurde så om «er det å vera journalist heilt enkelt ein person som uttrykker politiske meiningar?»  Rogers svara at det ikkje må vera slik; det er ulike typar av journalistar. Lewis spurde så:  «Så å vera journalist eller redaktør treng ikkje å bety at du har politiske meiningar, gjer det?» Lewis føreslo då at ei redaksjonell meining var det som utgjorde eit politisk syn hjå ein journalist. Rogers svara at det var ein måte å sjå det på, men at det finst andre syn. Utvalet av materiale ein vel å publisera, kan visa eit politisk syn.

Journalister for Assange

Lewis sende deretter i veg ein brote spørsmål.  Er openheit eit politisk syn? Meiner Assange at styresmaktene aldri kan halda noko hemmeleg? Skal openheit føra til at enkeltindivid kjem i fare? Og det var fleire spørsmål.
Rogers svara at desse spørsmåla ikkje opna for tvitydige svar.

Lewis tok så Rogers med til Assanges tale i Stopp Krigen. Lewis sa at Assange hevda at invasjonen av Polen i byrjinga på den andre verdskrigen var eit resultat av nøye ihopkokte lygner. Støtta professor Rogers dette synet? Kva politisk meining utrrykkjer dette? Rogers svara at det uttrykte ei sterk politisk meining og ein klårt syn på opphavet til krigen. Lewis siterte deretter ein anna påstått påstand frå Assange: «Journalistar er krigsforbrytarar». Lewis spurde så kva politisk syn det uttrykker. Roger svara at det uttrykkjer ein mistanke om visse journalistiske praksisar.

Rogers sa at han aldri har sagt at han støtta eller identifiserte seg med Assanges synsmåtar. Har var sterkt usamd i somme. Men, at dei var gjennomtenkte politiske syn, var det ingen tvil om.

Lewis las deretter eit langt sitat av Assange om at regjeringar som er mot openheit støtt vil føra til meir lekkasje, fylgt opp med endå sterkare restriksjonar og at dette vil gå i sirklar. Lewis spurde kva politisk syn dette representerer. Rogers svara at det var ein interessant analyse av djupt autokratiske system. Deira otte for hemmeleghald fører til ein auke i lekkasjar som igjen minkar tryggleiken. Han var ikkje viss på at det var eksplisitt, men han trudde Assange kan ha hevda dette som ei utvkling gjort mogleg av internett. Assanges tese er at autokratiske regime ber i seg frøet til ein eigen undergang. Det er ikkje eit tradisjonelt syn mellom politiske analytikarar, men vel verdt å vurdera.

Lewis skifta no tone. Han slo fast at professor Rogers gav inntrykk av å vera eit “såkalla ekspertvitne» med ei plit til å vera upartisk. Han hadde plikt til å vurdera alle framlagde prov. Advokatfullmektig Gordon Kromberg (USA) hadde sendt inn ei erklæring som eksplisitt nekta for politiske motiv hjå påtalemakta og at tiltalet byggjer på prov. Kvifor nemnde ikkje professor Rogers utsegna frå Kromberg i rapporten sin? Eit upartisk ekspertvitne ville vurdera Krombergs utsegn.

Rogers svara at han snakka med utgangspunkt i hans eskpertise som politisk forskar, ikkje som advokat. Han anerkjende Krombergs utsegn, men meinte at eit større og utvida syn var viktigare.

Lewis slo fast at Krombergs fyrste erklæring påviste at “bygd på tilgjengelege prov og aktuelle lovparagrafar hadde ein storjury godkjent tiltalane”. Kvifor hadde ikkje Rogers nemnt storjuryen? Rogers svara at han hadde eit vidare perspektiv om kvifor det var bestemt å tiltala no og ikkje i 2011, medan Krombergs erklæring kom etter eit gap på åtte år. Dette er eit stort avvik.

Lewis spurde så “Eg undrast kvifor du ikkje vil vurdera det motsette synet. Har du sett prova?»  På dette tidspunktet gliste han veldig rart, kika opp mot domaren, lente seg attover med ein arm over stolryggen, på eit vis ein slags sær alfahann-gest. Eg trur Rogers videolink berre gav honom eit oversyn over heile rettslokalet, så kor mykje han kunne sjå av kroppsspråket til utspørjaren sin veit eg ikkje.

Rogers sa at han hadde sett prova. Lewis reagerte med storøygd triumf. «Du kan ikkje ha sett prova. Prova har berre vorte sedd av storjuryen og er ikkje offentlege. Du kan ikkje ha sett prova.» Rogers orsaka seg og sa han trudde Lewis meiner Krombergs erklæring som provet. Rogers gjekk vidare og sa at mindre enn 24 timar sidan hadde han motteke ein bunke prov på 350 sider. Det var unfair å venta at han hadde eksakt minne om kvart dokument.

Lewis gjekk så tilbake til ei erklæring frå Gordon Kromberg som sa at påtalemakta har ein kode som hindrar dei i å ta politisk motoverte avgjerder. Rogers svara at det kan vera retti teorien, men ikkje i praksis, særleg  i USA der ein mykje større  prosentdel av høgare embetsmenn i justisdepartementet vert politisk utnemnde og utskifta ved kvar ny regjering. Lewis spurde Rogers om Rogers påstår at påtalemakta ikkje fylgjer koden som Kromberg skisserte. Rogers svara at du må rekna inn kva motiv dei over påtalemakta har og om dette påverkar avgjerdene til påtalemakta. «Det du har gjeve meg er ein grei presentasjon over korleis den fødetale påtalemakta er meint å gjera arbeidet sitt. Men dei arbeider slik dei som er over dei ynskjer.

Lewis gjentok at koden ekskluderer politiske motiv for påtale. Hevda Rogers at Gordon handla i ond tro? Rogers svara nei, men han handla under politisk styring. Tidspunktet for denne påtala etter åtte år var nykkelen. Lewis spurde om det hadde noko å seia dersom det var eit lovbrot. Han viste til historiske påtalar mot desse soldatane som gjort påståtte lovbrot i Nord-Irland for tjuge år sidan. Var det politiske motiv attom den nye påtalen no? Rogers sa at dette var meir om ond tru.

Lewis spurde om Rogers skjøna kva Assange var tiltalt for. Var han tiltalt for å publisera videoen med utilsikta mord?  Rogers svara nei. Tiltalen var mykje meir spesifikk og for det meste knytt til lova om spionasje. Lewis slo fast at det meste av tiltalen dreide seg om tjuveri og hacking. Rogers svara at det opplagt var eit vidare politisk spørsmål når det gjeld kva handlingar som var gjorde i fyrste rekkje. Lewis slo fast at på spørsmålet om publisering galdt tiltalen einast uredigerte namn på kjelder. Rogers sa at han skjøna at det var det tiltalen seier, men at forsvaret var usamd i dette. Men spørsmålet stod att, kvifor kjem dette opp no? Og du treng berre å sjå det frå utviklinga i amerikansk politikk dei siste tjuge åra.

Lewis bad Rogers stadfesta at han ikkje meinte påtalemakta i USA handla i ond tru. Rogers svara at han vona det ikkje var slik. Lewis spurde om Rogers sitt syn var at på eit høgare nivå var det politisk bestemt å reisa tiltake.  Rogers svara ja. Dette var komplekse saker. Det hadde vore styrt av den politiske utviklinga i USA sidan 1997. Han ynskte å snakka om det……. Lewis kutta han av og sa han heller ville visa til prova. Han siterte ein artikkel i Washington Post frå februar 2013 som slo fast at det ikkje hadde vore noko formelt vedtak om tiltala Assange under Obama (dette var same artikkelen Lewis hadde sitert i går til Feldstein – noko som Edward Fitzgerald anklaga Lewis for selektiv sitering). Rogers svara ja, men det må sjåast i ein vidare kontekst.

Lewis nekta igjen Rogers å utvikla provet sitt. Lewis viste til sitat frå Assanges juridiske avdeling, igjen som vist til Feldstein i går, at dei i 2016 ikkje hadde vorte informert ville tiltalen vorte farfalle. Rogers svara at dette var nett som du kune venta deg frå Wikilieaks på den tida. Dei visste ikkje og var nøydde til å vera varsame.

Lewis: Godtek du at det har vore ei kontinuerleg gransking frå Obama til Trump?

Rogers: Ja, men vi veit ikkje om på kva nivå eller kor mykje.

Lewis: Aksepterer du at det ikkje var noko vedtak om tiltale under Obama?

Rogers: Det var ikkje noko vedtak om tiltale. Det skjedde ikkje.

Lewis: Korleis kunne dei tiltala når Assange var på ambassaden?

Rogers: Det vil ikkje utelukka at tiltalen går framover og anklagar vert lagde fram. Det kan vera ein måte å leggja press på Ecuador.

Lewis: Assanges advokat seier at det ikkje var vedtak om ikkje å tiltala under Obama.

Rogers: Eg har akseptert at det ikkje var noko vedtak om ikkje å tiltala. Men det vart ikkje noko tiltale og det vart vurdert å reisa tiltale.

Lewis: Domar Mehta sa at der var pågåande granskingar av andre attar Manning. Og Wikileaks tvitra at Assange var viljug til å koma til USA for å møta anklagane dersom Manning vart benåda.

Rogers: Sjølvsagt kunne ikkje Assange og advokaten hans vera sikre i denne situasjonen. Men vi må skjøna at å bringa Julian Assange til USA for ei stor rettssak – eit USA der mange av tilhengjarane til Trump og moglege tilhengjarar av Trump reknar Assange som ein fiende av staten – kan verta ein stor politisk fordel for Mr Trump.

Lewis viste no til at Rogers ikkje var noko verkeleg ekspertvitne og «hadde gjeve eit partisk syn i favør av Julian Assange.»

Lewis now responded that Rogers was not a real expert witness and “had given a biased opinion in favour of Julian Assange”.

Edward Fitzgerald tok deretter oppatt utspørjinga av professor Rogers for forsvaret. Han sa at Mr Lewis tykkjest sjå noko skremmande i Mr Assanges påstand om at invasjon i Polen og den andre verdskrigen hadde starta på grunn av lygner. Kva lygner meiinte professor Rogers at Assange viste til? Rogers svara på grunnlag av lygnene til naziregimet. Fitzgerald spurde om at det eit greitt synspunkt? Rogers svara ja.

Fitzgerald viste til samanhengen i Assanges påstand som også refererte til lygner som starta irak-krigen. Rogers var samd i at lygner som fører til krig var eit politisk tema som gjekk att hjå Assange.  Fitzgerald bad så Rogers om å kort oppsummera konsekvensane for regjeringa i USA. Rogers slo fast at under Trump hadde synet på Wikileaks endra seg hjå sentrale politikarar.

Bush og regjeringa han hadde hevda at krigen i Irak var avgjerande, med støtte frå det amerikanske folket. Dette synet har gradvis endra seg inntil Obama vann i hovudsak med «draga seg ut or Irak». Sameleis trudde ein at krigen i Afghanistan kunne vinnast, men gradvis endra the establishment meining. Dette skiftet kom særleg på grunn av Wikileaks. Kring 2015/16 hadde amerikansk politikk gått vidare frå krigane og det var lite politisk interesse i å tiltaka Wikileaks.

Så kom Trump med komplpett ny haldning til den fjerde statsmakta og til openheit og utøvande ansvar. Det førte til denne tiltalen. Fitzgerald viste Rogers tile in artikkel i Washington Post som slo fast:

Den til no ukjende usemja i justisdepartementet understrekar til fulle den store viljen i den mangeårige forsøket på å angripa Assange frå styresmaktene. Assange, ein utgjevar i internettets tid som gjentekne gonger har erklært sin fiendskap til USAs utanrikspolitikk og militære operasjonar. Assange-saka illlustrerer også korleis Trump-administrasjonen er viljug til å gå lenger enn sine føregjengarar i jakta på varslarar – og dei som trykkjer offisielle løyndomar.

Rogers sa seg samd i dette. Fitzgerald spurde så om Lewis si samanlikning med tiltale mot britiske soldatar for brotsverk i Nord-Irland tilbake i tid. Rogers var samd i at tiltalen mot desse soldatane på ingen måte var knytt til deira politiske meiningar, og difor kunne ikkje sakene jamførast. Rogers sitt siste poeng var at fire månader etter at Barr vart riksadvokat, tiltalen vart endra frå ein til atten. Dette var ein nokså klår indikasjon på politisk press på påtalemakta.

Julian Assange, innfelt Craig Murray

Trevor Timm

Ettermiddagens vitne var Trevor Timm, medstiftar av «Freedom of the Press Association» i San Fransisco, også han over videolink. Du kan sjå heile vitneerklæringa hans her. Freedom of the Press Association formidlar og underviser undersøkjande journalistikk, og freistar dokumentera og motarbeida innskrenking av pressefridomen i USA.

Trevor Timm fortalde at det finst ei rik historie i USA om kjende reporterar som har dekt forsvars- og utanriksspørsmål gjennom å byggja på hemmelegstempla dokument. I 1971 avgjorde Høgsterett at regjeringa ikkje kunne hindra New York Times i å publisera Pentagon Papers. Det har vore fleire tilfelle i historia der regjeringa har vurdert å bruka Espionage Act for å straffeforfølgja journalistar, men inga avgjerd om tiltale har vorte tatt på grunn av grunnlovssikringa i det første grunnlovstillegget.

På vegne av forsvaret gjorde Mark Summers greie for aktoratets sak: Chelsea Manning hadde brote lova gjennom å varsla. Alle handlingar som hjalp Manning eller formidla dokument var også eit lovbrot. Timm svara at lova ikkje var slik. Det var standard praksis for journalistar å spørsja kjelder etter hemmelegstempla materiale. Konsekvensen av det aktoratet hevda var at alle som mottok hemmelegstempla materiale vart kriminalisert. Omtrent alle aviser i USA hadde kritisert avgjerda om å rettsforfølgja på dette grunnlaget, inkludert dei som på generelt grunnlag hadde vore kritisk til Wikileaks aktivitet.

Dette var det einaste tilfellet der Espionage Act hadde vorte brukt mot ein person som ikkje var tilsett i regjeringsapparatet, med unntak av AIPAC-saka, som hadde brote saman på grunn av dette. Mange kjende journalistar ville ha blitt tatt av denne typen straffeforfølgjing, inkludert Woodward og Bernstein på grunn av samarbeidet med «Deep Throat».

Summers spurde kva Timm tenkte om at aktoratet gjorde det at Wikileaks oppretta ein dropbox for ein varslar til ein kriminell konspirasjon. Timm svara at tiltalen gjer det å eiga ein sikker dropbox til eit straffbart lovbrot. Men Guardian, Washington Post, New York Times og over åtti andre medieverksemder har sikre dropboksar. Den internasjonale komiteen for undersøkjande journalistikk har ein dropboks med eiga «lekk til oss»-side der ein etterlyser hemmelegstempla dokument. Timms eiga stifting hadde i 2014 utvikla ein trygg dropbox som dei underviste og dreiv opplæring med, og som hadde vorte tatt i bruk av mange medieverksemder i USA.

Summers spurde om medieverksemder dreiv annonsering for slike dropboxar. Timm stadfesta dette. New York Times legg ut lenker til sin trygge dropbox på postane i sosiale media. Nokre plasserte til og med betalte annonsar som etterlyste varslarar. Summers bad Timms kommentera den «Mest ettersøkt»-lista som Wikileaks hadde laga, og som aktoratet karakteriserte som «kriminell trafikk i hemmelege dokument». Timms svara at ei mengd respektable medieverksemder aktivt søkte etter varslarar. Den aktuelle «Mest etterlyst»-lista var eit Wiki-dokument som hadde vorte finansiert gjennom crowdsourcing. Det var ikkje eit Wikileaksdokument. Hans eiga stifting hadde gjeve sitt bidrag, i lag med mange andre medieverksemder. Summers spurde om dette var straffbar aktivitet, noko Timm avviste.

Summers bad Timm om å setja Senatets «Intelligence Committe Report» om tortur frå 2014 inn i denne samanhengen. Timm sa at dette var ein viktig og avslørande rapport om korleis CIA hadde vore involvert i tortur. Rapporten var strengt redigert, og var bygt på tusenvis av klassifiserte dokument som ikkje var offentleg tilgjengelege. Stort sett alle medieverksemder hadde difor vore på jakt etter det klassifiserte materialet for å kasta lys over meir av denne historia. Mykje av dette materiale var klassifisert som «Top Secret» – meir hemmeleg enn det materialet Manning hadde tilgang til. Mange aviser hadde bede varslarar om å gje dei tilgang til desse dokumenta, og han hadde sjølv publisert ein slik appell i the Guardian.

Summers spurde om Timms nokon gong hadde møtt folk som meinte dette var lovbrot. Timm svara negativt på dette, det var breid semje om at dette var ytringsfridom som var verna av første grunnlovstillegg. Den noverande tiltalen er i strid med grunnlova.

James Lewis krysseksaminerte Timms for påtalemakta. Han slo fast at dette vart hevda å vera eit ekspertvitnemål, men visste Timm kva omgrepet innebar i britisk lov? Timm svara at han hadde plikt til å forklara kvalifikasjonane sine, og til å leggja fram sanninga. Lewis svara at han også skulle vera objektiv, fordomsfri og ikkje ha interessekonflikter. Men Free Press Foundation hadde bidratt til Assanges forsvarsfond. Lewis spurde kor mykje det dreide seg om, og Timm svara at bidraget var på 100 000 amerikanske dollar.

Lewis spurde om det fanst vilkår som gjorde at stiftinga kunne få pengane sine tilbake. Timm svara at så langt han visste, var ikkje dette mogleg. Lewis spurde om Timm ville kjenna seg personleg truga om denne saka vart straffeforfølgd. Timm svara at det ville representera eit trugsmål mot mange tusen journalistar. «Espionage Act» er skrive slik at lova faktisk også kan truga  dei som kjøper og les aviser som inneheld lekka informasjon.

Lewis sa at Timm hadde vitna om at han i eit tilfelle hadde gått inn for å lekka materiale frå CIA. Var han redd for at han sjølv ville bli rettsforfølgt? Timm svara negativt på dette, han hadde ikkje bede om å få lekka materiale sjølv. Men tiltalen i denne saka var eit verkeleg trugsmål mot tusenvis av journalistar som vart representert av organisasjonen hans.

Lewis slo fast at aktoratet ikkje ser på Assange som ein journalist. Timm svar at han utan tvil er det. Det er ikkje noko krav om jobb i mainstream media for å vera journalist. Her finst det ein lang tradisjon tilbake til dei som laga pamflettar under den amerikanske sjølvstendekrigen.

Krysseksamineringa gjekk ikkje særleg bra, og likevel greip Lewis igjen til erklæringa til Gordon Kromberg for å ha noko å dekka seg med. Kromberg hadde sverga at Justisdepartementet tar vernet av journalistar på alvor, men at Julian Assange ikkje er journalist. Kromberg hadde vidare sverga at Julian Assange berre vart straffeforfølgt for konspirasjon som freista få tak i materiale i strid med lova, og for å publisera uredigerte namn på informantar som risikerte å bli drepne. Styresmaktene gjorde det dei kunne for å ikkje rettsforfølgja journalistar.

Timm svara at han baserte standpunktet sitt på det tiltalen sa, ikkje på pressemeldinga frå Justisdepartementet, som Lewis las opp frå. Tre av tiltalepunkta dreidde seg om offentleggjering. Dei andre tiltalepunkta handla om å ha eller formidla materiale. Lewis sa at Timm oversåg spørsmåleg om hacking, som var det sentrale i tiltalepunkt 1, og fleire andre av tiltalepunkta. Lewis siterte frå ein artikkel i «Law Review of New York Law School», som slo fast at det var ulovleg for ein journalist å skaffa seg materiale frå eit styrta fly, frå ulovleg telefonavlytting eller frå tjuveri. Sjølv om formålet var å publisera, var dette framleis ulovleg. Ville det ikkje vera ulovleg å konspirera med ei kjelde om at hacking skulle gjennomførast?

Timm svara at i dette tilfelle såg det ut til at hackinga hadde som mål å verna identiteten til kjelda, ikkje å stela dokument. Å verna kjeldene sine var ei plikt for journalistar.

Lewis gjekk vidare til å spørja om Timm hadde sett dei faktiske prova som låg til grunn for tiltalen. Timm svara at han berre hadde sett delar av dette, særleg Javascripta i meldingane mellom Assange og Manning. Lewis sa at Timm ikkje kan ha sett alle prov, i og med at mykje av dette ikkje har vorte offentleggjort. Timm svara at han heller ikkje hadde påstått å ha sett alle prov. Men han hadde sett meldingane som vart sendt mellom Assange og Manning, som hadde vorte offentleggjort.

Lewis sa at Assange hadde publisert uredigert materiale som sette liv i fare. Det var dette han var tiltalt for. Timm svara at ein slik tiltale var i strid med grunnlova, sjølv om ein for argumentasjonen godtok at påstanden var sann. Ansvarleg og uansvarleg var eit anna spørsmål enn lovleg og ulovleg. Ein handling kunne vera uansvarleg, og til og med kritikkverdig, utan å vera ulovleg.

Lewis siterte frå ein leiarartikkel i the Guardian som fordømte publiseringa av namn, og slo fast at også Washington Post, New York Times, El Pais og der Spiegel, og mange andre, hadde fordømt dette også. Timm svara at dette framleis ikkje gjer publiseringa til eit lovbrot. Regjeringa i USA bør ikkje gjera seg sjølv til domar over om ei redaksjonell avgjerd er riktig eller ikkje. Timm meinte også det var på sin plass å minna om at alle dei mediene som Lewis her stødde seg til hadde fordømt dette forsøket på å straffeforfølgja Assange.

Lewis spurde kvifor vi skulle følgja Timms meining framfor å la domsstolane avgjera. Timm svara at meininga hans var heilt på line med domsstolane. Tallause domar opp gjennom århundra hadde forsvart det første grunnlovstillegget. Det var tiltalen som var i utakt med domsstolane. Høgsterett hadde eksplisitt slått fast at ein ikkje skulle vega skade mot nytte i saker som galdt det første grunnlovstillegget.

Lewis spurde Timm kva kvalifikasjonar han hadde når det galdt å kommentera på lovspørsmål. Timm svara at han var uteksaminert frå eit juridisk fakultet og hadde løyve til å praktisera i New York, men at han i staden for å praktisera hadde arbeidd med akademisk analyse av spørsmål som handla om pressefridom. Stiftinga hans deltok ofte i sakførsel knytt til trykkefridom, utan å ta seg betalt for dette.

Med vantru røyst sa Lewis at Timm hadde hevda at denne rettssaka var ein del av «Trumps krig mot journalistikk» Tim braut inn: «Ja, vi følgjer godt med på Trumps krig mot journalistikk. Han har sendt ut 2 200 tweets der han har gått til åtak på journalistar. Han har kalla journalistar for «folkefiendar». Det finst ein god del materiale tilgjengeleg her.

Lewis spurde kvifor Timm ikkje hadde notert seg at assisterande statsavokat Gordon Kromberg eksplisitt hadde nekta for at det fanst nokon «krig mot journalisme». Timm sa at han hadde tatt for seg argumenta her i vitnemålet, utan å nemna Krombergs spesielt. Lewis hevda at Timm heller ikkje hadde tatt for seg Krombergs klargjering av at Assanges tiltale ikkje gjeld tilfelle der det berre handlar om å ha mottatt klassifisert materiale. Timm svara at dette er avdi det Kromberg hevdar er upresist. Assange er faktisk tiltalt i tilfelle der det handlar om passivt å ta mot materiale. Om ein ser nærmare på til dømes tiltalepunkt nr. 7, og på lova dette handlar om, er det akkurat det å passivt motta og oppbevara som det handlar om.

Lewis spurde kvifor Timm ikkje hadde omtalt Krombergs tilvising til storjuryens avgjerd? Tim svara at dette hadde veldig lita tyding: I 99,9% av tilfella seier storjuryane ja til å gå vidare med etterforsking og tiltale. Ein akademisk studie av 152 000 storjuryar hadde berre funne 11 tilfelle der storjuryen hadde avvist den føderale statsadvokatens ønske om å reisa sak.

Lewis spurde Timm om kvifor han ikkje hadde nemnt at Kromberg tydeleg hadde slege fast at ein føderal statsadvokat ikkje kan gjera politiske vurderingar i samband med slike saker. Timm svara at dette ikkje er i samsvar med røyndomen. Straffeforfølgjing var ein reidskap av mange i Trumps krig mot journalistikk. Lewis spurde om det Timm sa var at Kromberg og kollegaene hans ikkje handla i god tru? Nei, svara Timm, men Washington Post hadde hatt ein artikkel om at meir rutinerte, føderale statsadvokatar hadde vore mot å reisa denne saka, avdi ho hamna i konflikt med første grunnlovstillegg, og difor var grunnlovsstridig.

Mark Summers tok opp igjen eksaminasjonen for forsvaret. Han peikte på at Kromberg brukte to argument for at Assange ikkje var journalist. For det første at han konspirerte med Manning for å få tilgang til hemmelegstempla materiale. Timm svara at det å kultivera ei kjelde var rein rutine i journalistisk arbeid. Tiltale på dette punktet står i motsetnad til første grunnlovstillegg. Høgsterett har avgjort at sjølv i tilfelle der ein journalist veit at materialet hans er stole (men ikkje av han) kan han framleis offentleggjera og vera dekt av lovvernet i det første grunnlovstillegget.

Summers følgde så opp Lewis si samanlikning av Assanges kontakt med Manning med tjuveri frå eit flyvrak eller ulovleg telefonavlytting. Timm sa at dette ikkje handla om kriminalitet på eit slikt nivå. Styresmaktene hevdar ikkje at Assange hjalp Manning med å stela materialet. Det som blir påstått er at han hjalp til med å knekka eit passord som gjorde det mogleg for Manning å løyna identiteten sin.

Lewis braut her inn med eit lengre sitat frå Krombergs erklæring, som handla om at påtalemakta no meinte at Assange hadde hjelpt Manning med å bryta eit passord for å få tak i hemmelegstempla informasjon. Timm sa igjen at Krombergs erklæring her ikkje gjekk i hop med det som faktisk stod i tiltalen. I tiltalen blir det hevda at brytinga av passordet «kan ha gjort det vanskelegare å identifisera Manning». Dette handlar om å verna kjelder, ikkje om tjuveri. Å verna kjeldene er normal, journalistisk aktivitet.

Summers gjekk vidare med Krombergs andre argument for at Assange ikkje var journalist – at han offentleggjorde namn på informantar. Timm svara at fakta om kva som hadde skjedd her var omdiskutert, men uavhengig av dette hadde høgsterett slege fast at slik publisering også vart dekt av første grunnlovstillegg. Kontroversielle, redaksjonelle val tok ikkje frå deg statusen som journalist.

Summers spurde om Timm meinte Krombergs erklæring var dekkande når ho hevda at Assange berre vart tiltalt for hacking, og for å publisera namn på informantar. Tim svara negativt. Tiltalepunkt 16, 17 og 18 handla om å offentleggjera. Alle dei andre dreidde seg også om å «inneha». Tiltalepunkt 7 handla om å «med vitande og vilje motta og inneha». Det handla såleis om passivt å motta klassifisert informasjon, og ville kriminalisera mange typar journalistisk aktivitet. Rapportering frå store område innanfor forsvar, nasjonal tryggleik og utanrikspolitikk villle bli kriminalisert om dette gjekk gjennom.

Kommentarar

Forsvaret har dei to siste dagane forsøkt å byggja opp ei sak på at dette er ei politisk motivert rettsforfølgjing, og difor ikkje dekt av utleveringstraktaten mellom USA og Storbritannia frå 2007. (Relevant avsnitt attgjeve over).

I første rettshøyring i februar hadde påtalemakta satsa på eit latterleg argument om at artikkel 4 i traktaten ikkje gjeld, avdi dette ikkje samsvarar med britisk lov. Dette vart supplert med eit argument om at Assanges aktivitet ikkje er «politisk» avdi dette ordet brukt i lovsamanheng berre tyder støtte til eit politisk parti. Dette var grunnlaget for Lewis forsøk på sparring med professor Rogers i dag, der Lewis var langt ute på tynn is.

Lewis har først og fremst satsa på å vera uhøfleg og aggresiv for å få vitna ut av balanse. Han stiller spørsmål ved om dei er ærlege, rettlina, uavhengige og kvalifiserte. I dag møtte bølleåtferda hans to personlegdomar av høgare klasse enn seg sjølv. Det er ikkje noko kritikk av professor Feldstein i går, som med sin lågmælte og verdige oppførsel var effektiv på ein annan måte for å avsløra Lewis som det han er.

Det taktiske grepet Lewis står att med er å nytta erklæringa til Gordon Kromberg, USAs assisterande statsadvokat, som redningsfartøy. Forsikringane til Kromberg om at tiltalen ikkje er politisk motivert, og karakteristikken av rekkevidda av tiltalen overtyder ingen andre enn Lewis. Krombergs erklæring går heller ikkje i hop med den overordna tiltalen.

Vitna er, forståeleg nok, forsiktige med å svara på Lewis si utfordring om å ope kalla Kromberg ein løgnar, eller til og med stilla spørsmål ved om han er i god tru. Planen til Lewis er opplagt å oppsummera til slutt at alle vitne har godtatt at Krombergs erklæring er skrive i god tru, at dette difor er ein balansert tiltale og at forvaret ikkje har noko sak.

Kanskje eg kan hjelpa? Eg godtek ikkje at Krombergs erklæring er skriven i god tru. Eg nølar ikkje med å kalla Kromberg ein løgnar.

Når det beste ein kollega som skal stø deg kan seia om det er at openlyse islamofobar blir kortvarig populære rett etter terroråtak, då har du eit verkeleg problem. Og Gordon Kromberg har eit verkeleg problem. Lewis kan koma til å angra på at han har lent truverdet til saka si så tungt mot ein bærestein som er så sprukken.

Kromberg har ei forhistorie når det gjeld islamofobe kommentarar, inkludert fråsegner om muslimske kvinner. Wall Street Journal rapporterte 15. september 2008:

«Kromberg har fått mykje kritikk i det siste for kommentarar og taktiske val frå hans side i samband med saker mot terrorisme», sa Andrew McCarthy, tidlegare statsadvokat i terrorismesaker. «Så lenge ingenting går i lufta, vil dei hevda at du er islamofob. Men i den augneblenken noko går i lufta, om det til dømes kjem eit nytt 11 september, stakkars dei som ikkje var like aggresive som Gordon.»

For britiske lesarar, er Kromberg ein slags Katie Hopkins med juristutdanning (Hege Storhaug i norsk samanheng?). Sjå for deg det, kvar gong Lewis stør seg på Gordon Kromberg.

Meir til poenget: Alle ekspertvitna så langt har sagt at Krombergs umistelege erklæring som forklarar rekkevidda av tiltalen ikkje er dekkande. Erklæringa samsvarar korkje med faktisk praksis i amerikanske domsstolar (advokat Clive Stafford Smith peikte på dette) eller dei lovene tiltalen refererer til (advokatane Trevor Timm, og sjølvsagt Mark Summer for forsvaret peikte på dette).

Og poenget er at Kromberg har ei dokumentert historie på denne typen villeiing om lovas innhald. Eg siterer frå Wall Street Journal:

«Den føderale dommaren Leonie M. Brinkema reagerte kraftig mot aktor Kromberg, og kalla kommentaren hans «fornærmande». Tidlegar hadde ho refsa  Kromberg for å endra ei standard immunitetsordre lagt ut over det kongressen hadde gjeve høve til, og stilte spørsmål ved om Arians grunnlovsfesta rettar hadde vorte brotne.

«Eg tillegg deg ikkje på nokon måte vonde motiv eller noko anna fordekt. Men eg synest det er skremmande, og ikkje klokt av ein aktor, å senda ein ordre til retten som ikkje følgjer lova ordrett, og spesielt i dette tilfellet,» sa Brinkema under høyringa i rettslokalet i Alexandria.»

Neste gong Lewis spør eit vitne om dei stiller spørsmål ved om Kromberg er ærleg, kan det henda dei får lyst til å svara «ja». Det vil ikkje vera første gongen. Som Trevor Timm vitna om i dag, hadde meir røynde statsadvokatar i Justisdepartementet vore mot denne tiltalen, avdi han var grunnlovsstridig. Dei nekta å bli blanda inn i dette. Det Trump stod att med var denne diskreditterte fysaken frå høgre fløy. Og no er vi her i Old Bailey, med ein vaklande Lewis som klyngar seg til denne Kromberg for intellektuell støtte.

Craig Murrays blogg finner du her.

Les flere artikler av Craig Murray her.


Klikk på bildet og bli en støttespiller du også.
Forrige artikkelKrever svar om FBI-ansattes sletting av telefoninnhold
Neste artikkelPantsetting og finansakrobatikk med norsk natur
Craig Murray
Craig Murray er forfatter, kringkaster og menneskerettighetsaktivist. Han var britisk ambassadør i Usbekistan fra august 2002 til oktober 2004 og rektor ved University of Dundee fra 2007 til 2010.