Bakhaldet i Rineen, 22. september 1920

0
Rineen-monumentet. Foto: Eddylandzaat - Own work, CC BY-SA 3.0 nl, https://commons.wikimedia.org

100 årsminne: Irland riv seg laus

Av Hans Olav Brendberg.

For hundre år sidan gjekk den irske frigjeringskrigen inn i den avgjerande fasen. Krigen hadde byrja med åtaket ved Soloheadbeg i januar 1919. Men åtaka frå IRA var kontroversielle, og mange republikanarar freista i staden å finne andre måtar å sikra irsk sjølvstende på. Den nyvalde presidenten i den irske republikken, Eamonn de Valera, reiste til USA for å samla støtte.

Den verkelege motparten til den republikanske rørsla var ikkje den britiske hæren, men det irske politiet. Royal Irish Constabulary, RIC, var ein stor, veldisiplinert og i hovusak irsk og katolsk politistyrke som kjende landet ned i detaljar. Som IRA-veteranen Daniel Breen uttrykte det: Dei visste alt, til og med kva du hadde ete til frukost – og om du hadde fått frukost.

Det var denne politistyrken som stod i vegen for IRA-sjefen Michael Collins og den irske republikken. Langsomt, men sikkert greidde Collins og IRA å demoralisera og oppløysa RIC. Det skjedde på mange måtar, og dei væpna åtaka på RIC var berre ein av dei. Den irske sjølvstendekrigen var ein informasjonskrig, og Collins greidde å infiltrera RIC, slik at IRA hadde god oversikt over kva RIC heldt på med, utan at tenesten vart gjengjeldt. Når kjeldene til informasjonslekkasjane ikkje vart avslørt, bidro dette til mistillit og mistanke.

Eitt av dei mange husa som vart ødelagt i hemnaksjonane etterpå.


Åtaka frå IRA gjorde at RIC måtte gje opp dei mindre stasjonane, og samla seg i større forlegningar. Det finmaska nettet, som tidlegare hadde gjort at RIC kunne følgja med på kvar minste rørsle, vart meir grovmaska. Det vart lettare og lettare for IRA å operera i store delar av Irland.

Dei britiske styresmaktene møtte den sakte oppløysinga av RIC med stadig meir drastiske fullmakter. Politiet skulle skyta folk utan varsel, avretta fangar utan lov og dom og liknande. Dette gjekk hardt ut over æreskodeksen som hadde gjort RIC til ein effektiv og velfungerande styrke. Mange røynde RIC-konstablar meinte dei vart redusert frå å vera politi til å bli simple drapsmenn. Dette, like mykje som det vage trugsmålet frå IRA, gjorde at mange etter kvart sa opp jobben i politiet.

Etter kvart som politiet vart svekka, sette britane inn reservestyrkar, mellom anna dei som etter kvart vart kjent som «Black and  Tans». Dimmiterte britiske soldatar, traumatiserte i skyttargravene i Frankrike, vart rekruttert for å «gjenoppretta lov og orden» i Irland. Det fungerte dårleg – desse nye styrkane var ei svært dårleg erstatning for RIC.

I august 1920 vart ferske styrkar med «Black and Tans» sett inn i County Clare, vest i Irland. Velkomstkomiteen var alleride klar. Folk i leiinga i IRA i midtre Clare hadde i tillegg lagt merke til at ein lastebil med RIC-konstablar brukte å køyra langs vegen frå Ennistymon ein gong i veka. Ein offiser i IRA-brigaden, Ignatius O’Neill, planla og gjennomførte eit bakhald. Som elles under denne krigen hadde IRA knapt med våpen og ammunisjon. Dei som ikkje fekk utdelt rifler, måtte klara seg med hagler meir eigna til fuglejakt. Men ni menn i partiet som la seg i bakhald hadde rifler, og det fanst også eit par handgranatar. Dei planla å innleida åtaket frå ei jernbanebru der dei kunne sjå ned på vegen.

 Medan O’Neill og dei andre låg og venta på den britiske lastebilen, køyrde domar Alan Lendrum heilt tilfeldig inn i ei vegsperring ei anna IRA-avdeling hadde sett opp lenger vest i fylket. Då IRA kravde at han skulle gje frå seg bilen trekte han ein automatpistol, og vart treft av fleire skot frå IRA-folka som vakta vegsperringa.

Denne hendinga vart registrert av den militære kommandoen i Ennistymon, som sende ut ti lastebilar med soldatar for å finna ut av det som hadde skjedd.

Medan dette utvikla seg, passerte lastebilen med RIC-konstablar staden der IRA låg i bakhald utan at noko skjedde – IRA-soldatane var usikre på om bilen var del av ein større styrke og heldt igjen. Men då det ikkje kom fleire bilar etter passeringa, visste dei at det handla om den eine bilen. Då denne kom i retur frå Milltown Malbay var han pepra med rifleskot, handgranatar og hagleskot. Fem av konstablane døydde der og då, den sjette rakk å springa eit par hundre meter før han vart skoten og drept.

IRA sette fyr på lastebilen, men kort tid etter kom ti lastebilar med troppar frå den britiske hæren. Fire av IRA sine folk vart sett igjen for å halda den britiske styrken tilbake, medan resten spreidde seg og gøymde seg rundt i området. To IRA-folk og fleire britiske soldatar vart såra medan dette pågjekk.

Britane var rasande avdi IRA hadde kome seg unna etter åtaket. Fleire lokale folk vart skoten, mellom anna ein 15 år gamal gut.  Mange hus og gardar vart brent ned i området.

Hemnaksjonane vart fordømt, og Labour kravde ei gransking i det britiske parlamentet. Kravet vart røysta ned – men etter åtaket i Rineen auka talet på valdshendingar i Irland monaleg. Færre og færre trudde på regjeringas forsikringar om at det berre dreidde seg om å få tak i nokre få ekstremistar, og etterpå gjenoppretta lov og orden. Det som hadde byrja som ein konflkt mellom den republikanske rørsla og RIC, var meir og meir ein krig mellom den vanlege ire, og ein britisk okkupasjonsstyrke.

Forrige artikkelDin mann på galleriet – dag 13
Neste artikkelMed et snev av indignasjon