Din mann på galleriet – dag 7

0
Protest mot fengslinga av Julian Assange i London 22. februar 2020. Foto: Shutterstock.

Provføringa til Clive Stafford Smith

Av Craig Murray. 8. september, London. Omsett til norsk av Hans Olav Brendberg.

I dag tidleg gjekk vi rett inn i provføringa til Clive Stafford Smith, ein britisk og amerikansk borgar med advokatløyve i begge land og med praksis i Storbritannia. Han grunnla «Reprieve» i 1999, opphavleg for å motarbeida dødsstraff. Etter 2001 forgreina dette seg ut til motstand mot tortur, ulovleg fengsling og liknande irregulær praksis i kjølvatnet av «krigen mot terror».

Clive Stafford Smith fortalde at publiseringa i regi av Wickileaks hadde vore til stor hjelp i rettsprosessar i Pakistan mot ulovlege droneåtak. Som Clives vitneerklæring (lenke) slær fast (paragraf 86/7):

86. Eit av motiva mine for å arbeida med desse sakene var at USAs dronekampanje såg ut til å vera svært vanstyrt, og at dette førte til at betalte informantar gav falsk informasjon om uskuldige folk som deretter vart drepne i droneåtak. Eit døme: Då eg delte talarstol med Imran Khan i ein «jirga» med offer for droneåtak, sa eg offentleg  at det i rommet truleg var ein eller to personar som vart betalt av CIA. Det eg ikkje hadde gjetta var at dette ikkje berre var sant. I tillegg gav denne informanten seinare falsk informasjon om ein tenåring som var til stades på «jirga»-møtet. Dette førde til at han og syskenbarnet hans  vart drepne i eit droneåtak tre dagar etterpå. På grunn av den offisielle pressemeldinga i etterkant veit vi at «etteretningsopplysningane» gjeve til USA handla om fire «militante» i ein bil. Frå familien fekk vi informasjon om at han og syskenbarnet skulle henta ei tante.

Det er ein systematikk i dette som ein ikkje kan unngå å leggja merke til: Det er sjølvsagt mykje tryggare for slike informatar å koma med skuldingar mot ein eller annan som ikkje har makt eller vener, enn å koma mot skuldingar mot nokon som er verkeleg fårleg.

87. Denne typen avskyvekkjande handlingar førte til mykje sinne, og gjorde at USAs status i Pakistan sokk som ein stein. Livet vart meir utrygt for amerikanarar, ikkje mindre.»

Søksmål som baserte seg på prov om amerikanske droneåtak offentleggjort av WikiLeaks hadde ført til ein dom i høgsterett mot slike avrettingar frå Pakistans øverste domar. Det snudde ogso opinionen til sterk motstand mot slike droneåtak i Waziristan. Eit av resultata var at desse droneåtaka i Waziristan stoppa opp.

Dokument offentleggjort av Wikileaks synte også korleis amerikansk diplomati freista hindra internasjonal etterforsking av tortur og (extrordinary rendition). Dette var tvert imot den folkerettslege plikta USA har til å samarbeida med etterforskinga ved mistanke om tortur, slik dette er heimla i artikkel 9 i FN-konvensjonen mot tortur (lenke).

Stafford Smith fortalde vidare korleis eit svært undervurdert dokument offentleggjort av Wikileaks var JPEL, eller «US military Joint Priority Effects List for Afghanistan», som i stor grad er ei liste over folk blenka ut for droneavretting. Dette dokumentet synte ei arrogant likesæle når det galdt det rettslege grunnlaget for handlingar, og ei umogen haldning til å ta livet av folk. Kallenamn av tenåringstype vart gjeve til mål for slike avrettingar, og nokre av desse kallenamna tyda på at ein del av namna på lista var lagt til av britiske eller australske agentar.

Clive Adrian Stafford Smith
Wikipedia

Som døme gav Stafford Smith tilfellet Bilal Abdul Kareem, ein amerikansk borgar og journalist som hadde vorte utsett for fem ulike tilfelle av attentatforsøk der det var brukt «hellfire»-rakettar frå droner. Stafford Smith heldt på med søksmål i Washington om «Den amerikanske regjeringa har rett til å gjera eigne borgarar som er journalistar til mål for attentat».

Stafford Smith snakka vidare om Guantanamo, og om den veksande mengda prov for at mange som vart halde der ikkje var terroristar, men hadde vorte tatt i Afghanistan av eit system som var fundert på utbetaling av pengepremiar til informantar. Dei samandraga («Detainee Assessment Briefs») som Wikileaks offentleggjorde var ikkje uavhengig informasjon, men interne dokument frå den amerikanske regjeringa som inneheldt dei verste mistankane som USA hadde vore i stand til å «knytta til» fangar, også Stafford Smiths klientar. Fleire av desse hadde kome fram under tortur.

Desse dokumenta var mistankane til den amerikanske regjeringa, og då Wikileaks offentleggjorde dei hadde det vore hans første tanke at det var regjeringa som hadde lekka for å diskredittera fangane. Dokumenta kunne ikkje utgjera eit trugsmål mot nasjonal tryggleik.

Inne i Guantanamo hadde ei kjernegruppe på seks fangar vorte angivarar, og vart brukt til å skape falske anklagar mot dei andre fangane. Stafford Smith sa at ein vanskeleg kunne klandra dei – dei freista koma seg ut av dette helvetet som alle andre. Styresmaktene i USA hadde avslørt identiteten til desse seks, noko som gjev litt perspektiv kor tungt omsynet til informantar veg når det gjeld Wikileaks sine avsløringar.

Clive Stafford Smith sa at han hadde vorte «djupt sjokkert» av bortsverka som USA hadde utført mot klientane hans. Desse inkluderte tortur, kidnapping, ulovleg fengsling og mord. Drapet på ein fange på Bagram-flyplassen i Afghanistan hadde vorte forsvart som ein forhøyrsteknikk som gjorde dei andre fangane redde. I 2001 ville han aldri trudd at USA kunne gjort slike ting.

Stafford Smith snakka om bruk av dei same teknikkane som den spanske inkvisisjonen vart kjent for. Eit døme er strapado – å henga etter handledda heilt til skuldrene sakte går ut av ledd. Han fortalde om torturen av Binyamin Mohammed, ein britisk borgar som kvar dag fekk kjønnsorganet kutta opp med eit barberblad. Den britiske regjeringa hadde ikkje gjort noko for å forsvara dei juridiske rettane til Binyamin Mohammed.  I staden hadde dei leke eit erklæring til BBC som han hadde vorte tvunge til å underteikna etter tortur, for å diskredittera han.

På dette tidspunktet greip Baraitser inn for å åtvara om at det berre var fem minutt igjen av den halvtimen som var sett av til Stafford Smiths forklaring. Då Mark Summers frå forsvaret spurde korleis Wikileaks hadde vore til hjelp, sa Stafford Smith at mange av dokumenta som Wikileaks hadde offentleggjort avslørte ulovleg kidnapping, fengsling (rendition) og tortur, og at dette hadde vorte brukt i fleire rettssaker. Den Internasjonsle forbrytardomsstolen hadde byrja etterforsking av krigsbrotsverk i Afghanistan (lenke). Avgjerda om å etterforska var mellom anna bygt på materiale som Wikileaks hadde publisert.

Mark Summers spurde korleis den amerikanske regjeringa hadde reagert på at ICC hadde byrja etterforsking. Stafford Smith svara at det hadde vorte kunngjort eit administrativt pålegg som førde til sanksjonar mot alle ikkje-amerikanske borgarar som samarbeidde med eller støtta ICCs etterforsking av krigsbrotsverk i regi av USA. Det var til og med mogleg at Summers no risikerte å bli utsett for slike sanksjonar avdi han tok temaet opp i utspørjinga.

Stafford Smiths sine 30 minutt var no brukt opp. Du kan lesa heile erklæringa hans her (lenke). Du kan neppe finna eit meir tydeleg døme på kvifor det vart brukt så mykje tid i går på å hindra at vitnemåla frå forsvaret vart høyrt i retten. Stafford Smiths vitnemål var av det slaget som tek pusten frå deg, og synte kva som er formålet til den tidsgiljotinen som er sett opp for vitnemål frå forsvaret. Dette er ikkje ting regjeringa ønskjer skal koma fram offentleg.

Etter dette krysseksaminerte James Lewis Stafford Smith for aktoratet. Han merkte seg at referansane til Wikileaks i Stafford Smiths skrivne vitnemål var få, og at det var langt mellom dei. Han peikte på at Stafford Smiths vitnemål hadde argumentert med at WIkileaks sine publiseringar var i offentleg interesse, men at Storbritannias Official Secrets Act spesifikt slo fast at «offentleg interesse» ikkje skulle tilleggjast vekt der lova galdt.

Gordon Kromberg

Lewis sa deretter at Stafford Smith i sitt skriftlege  vitnemål, para 92-6, hadde han lista opp kva spesifikke Wikileaksdokument som hadde avdekt politikken med droneåtak. Men publiseringa av desse dokumenta var ikkje ein del av tiltalen.  Lewis las opp ein del av ei erklæring frå assisterande statsadvokat i USA, Kromberg, som slo fast at Assange berre var tiltalt for dokument som inneheldt namn på informantar.

Stafford Smith svara at Kromberg kan skriva dette, men i praksis vil dette ikkje vera slik i USA. Tiltalen var «konspirasjon», og slik dette er definert i det amerikanske systemet ville ein tillata prov som gjekk langt ut over dette. Det første vitnet i rettssaken ville vera ein «terrorismeekspert»  som teikna eit breitt og vidtrekkande bilete av historia om trugsmål mot USA.

Lewis spurde om Stafford Smith hadde lese tiltalen. Han svara at han hadde lese den tidlegare tiltalen, men ikkje den nye, overordna tiltalen.

Lewis slo fast at dokumenta som Stafford Smith siterte frå hadde vorte publisert av Washington Post og New York Times før dei vart offentleggjort av Wikileaks. Stafford Smith svara at dette var sant, men at visste at desse avisene hadde fått dokumenta frå Wikileaks. Lewis påpeikte at Washington Post og New York Times ikkje vart tiltalt for publiseringa av den same informasjonen. Korleis kunne då publisering av dette materialet vera relevant for denne saka?

Lewis siterte Kromberg igjen:

«Det einaste tilfellet der den overordna tiltalen tek opp publisering av dokument, er der desse dokumenta inneheldt namn som vart sett i fare.»

Stafford Smith svara igjen at dette ikkje var slik saka ville bli ført i USA. Lewis spurde då om Stafford Smith kalla Kromberg ein løgnar.

På dette tidspunktet tok Assange ordet frå tiltaleboksen, og sa:

«Dette er meiningslaust. Tiltalepunkt 1 nemner gjennomgåande «konspirasjon for å publisera». Etter ein kort pause åtvara Baraitser at Julian ville bli fjerna frå rettslokalet i tilfelle han forstyrra igjen.

Stafford Smith sa at han ikkje hadde sagt at Kromberg var ein løgnar, og at han ikkje hadde sett heile det dokumentet som Lewis kom med utvalde sitat frå. Det første tiltalepunktet er «konspirasjon for å få tak i hemmeleg informasjon som handlar om nasjonal tryggleik». I eit underordna avsnitt blir offentleggjering nemnt. Dette var ikkje avgrensa på den måten Kromberg skisserte, og passa ikkje i hop med korleis rettssaker om nasjonal tryggleik vart før i praksis.  I alle fall ikkje slik røynsla hans var.

Lewis svara at ingen vart tiltalt for å publisera, utanom Assange. Og når det galdt Assange handla det berre om å publisera namn. Han spurde deretter om Stafford Smith  nokon gong hadde vore i ein posisjon der han hadde ansvar for klassifisert informasjon, noko Stafford Smith svara nei på. Lewis spurde så som han nokon gong hadde vore i posisjon til å nedgradera dokument. Stafford Smith svara nei – men han var klarert i USA for å sjå hemmelegstempla materiale i samband med sakene han førde, og han hadde ofte reist krav om å få nedgradert dokument.

Stafford Smith sa vidare at Krombergs påstand om at ICCs etterforsking var eit trugsmål mot nasjonal tryggleik var nonsens (eg vedgår at eg ikkje veit korleis påstanden dukka opp, eller kvifor Stafford Smith plutseleg byrja snakka om dette). Lewis foreslo at spørsmålet om skaden på USAs nasjonale interesser best vart vurdert av ein jury i USA. Aktoratet måtte prova skade på USAs interesser, eller hjelp til ein fiende av USA.

Stafford Smith sa at utanom det faktum at den amerikanske regjeringa hadde byrja bruka tortur, kidnapping og attentat, så trudde han manien med overdriven hemmelegstempling av informasjon om styresmaktene etter 2001 var eit til og med større trugsmål  mot den amerikanske modellen. Han drog fram eitt døme, ein klient med namnet Moazzam Begg. Prova på at Moazzam hadde vorte torturert vart klassifisert «hemmeleg», avdi kjennskap til at USA brukte tortur ville skada amerikanske interesser.

Lewis drog så fram ein passasje i boka «Wikileaks; inside Julian Assange’s War on Secrecy», der Luke Harding hevda at han og David Leigh var svært opptekne av å verna namna til informantar, men at Julian Assange hadde hevda at afghanske informantar var forrædarar som fortente å møta hemn. «Dei var informantar, og er sjølv skuld i det som eventuelt råkar dei». Lewis freista fleire gongar til å dra Stafford Smith inn i denne problemstillinga, men Stafford Smith gjentok fleire gonger at han hadde forstått at denne framstillinga var omstridt, og han hadde ingen personlege forutsetningar for å vurdera dette.

Lewis konkluderte med å igjen repetere at tiltalen berre galdt offentleggjeringa av namn. Stafford Smith svara at han ville eta hatten sin om det var alt som vart tatt opp i ei eventuell rettssak.

I si utspørjing sa Mark Summers at Lewis hadde karakterisert offentleggjering av tortur, drap og kidnapping som «i offentleg interesse». Var det ein dekkande karakteristikk? Stafford Smith sa at nei – dette handla også om å skaffa fram prov på brotsverk, krigsbrotsverk og ulovleg aktivitet.

Summers bad Stafford Smith om å sjå på tiltalen som amerikansk advokat (som Stafford Smith er) og så vurdera om det Lewis karakteristikk om at det berre handla om publisering i dei tilfella namn vart offentleggjort. Summers las opp denne delen av den overordna tiltalen:

«3. Å med vilje vidarebringa dokument som handlar om nasjonalt forsvar – notat om fangar som vart halde i Guantanamo Bay, dokument frå det amerikanske utanriksdepartementet, retningsliner for strid i Irak, og dokument som inneheldt namna på personar i Afghanistan, Irak og andre stader i verda. Dette gjeld folk som risikerte tryggleik og fridom for å gje informasjon til USA og våre allierte og som var klassifisert opp til og med «Top Secret», frå folk som hadde lovleg tilgang til desse dokumenta til folk som ikkje hadde løyve til å motta dei. I strid med Title 18, United States Code, Section 793(d)»

Summers peikte på at bruken av «og» fører til at dokument som inneheld namn på informantar kjem i tillegg til kategoriane som er ramsa opp før – det handlar ikkje om ei avgrensing.

Du kan lesa heile den overordna tiltalen her (lenke), vær merksam på at det finst eldre, overordna tiltalar. USA endrar tiltalen sin i denne saka fortare enn Kim Kardashian byter ut handvesker.

Summers lista også opp tiltalepunkta 4, 7, 10, 13 og 17 som tiltalepunkt som ikkje er avgrensa til å handla om offentleggjering av namn.

Stafford Smith tok så opp igjen eit heilt anna poeng – at Krombergs erklæring ikkje er dekkande for korleis slike saker blir ført i USA. Som svar på neste spørsmål, fortalde han at styresmaktene sjølve hadde offentleggjort namna på informantar i Guantanamo Bay.

Når det galdt passasjen frå David Leigh som hadde vorte lest opp, spurde Summers om Stafford Smith «visste om tilfelle der herr Harding hadde publisert løgn i pressa». Lewis protesterte, og Summers trekte tilbake spørsmålet (sjølv om dette heilt sikkert er tilfelle) – (lenke).

Med dette var Clive Stafford Smiths vitnemål til endes. Før neste vitne la Lewis fram ein argumentasjon om at det var heva over diskusjon at den nye tiltalen berre handla om publisering av namn, når det galdt publisering som del av tiltalen. Baraitser svara at dette tydelegvis var omdiskutert, og at ein måtte koma tilbake til denne diskusjonen seinare.

Professor Mark Feldstein

Professor Mark Feldstein

Etter pausen midt på dagen tok ein igjen opp vitnemålet til professor Mark Feldstein, som hadde byrja stykkevis og med tekniske vanskar på måndag. Difor har eg ikkje skrive om den ujamne starten før no, dette kjem no som eit samanhengande referat. Professor Feldsteins fulle vitneerklæring finst her (lenke).

Professor Feldstein leier programmet for kringkastingsjournalisme ved universitetet i Maryland, og har tjue års røynsle som undersøkjande journalist.

Feldstein slo fast at det å lekka klassifisert informasjon skjer i stort omfang i USA. Folk høgt oppe i regjeringsapparatet gjorde dette svært ofte. Ein akademisk studie anslo at dette handla om «tusenvis» av lekkasjar. Det fanst journalistar som spesialiserte seg på nasjonale tryggleiksspørsmål, og fekk Pulitzerprisar for journalistikk basert på lekkasjar om militære og forsvarsrelaterte spørsmål. Lekka materiale blir publisert dagleg. Feldstein slo fast at «det første grunnlovstillegget gjev vern til pressa, og det er avgjerande at dette vernet finst. Ikkje avdi journalistar skal vera priviligerte, men avdi borgarane har krav på å vita kva som foregår». Historisk hadde det faktisk aldri skjedd at styresmaktene hadde tiltalt nokon for å offentleggjera lekka løyndomar. Men dei hadde tiltalt varslarar.

Det hadde historisk vore nokre forsøk på å rettsforfølgja einskilde journalistar, men ingenting hadde kome ut av dette, og dette hadde alltid vore snakk om målretta åtak mot folk som vart sett på som ein fiende av presidenten. Feldstein hadde drege fram tre døme på slike forsøk, ingen av dei hadde kome so langt som til ein storjury. (her braut teknologien saman på mandag. Vi tek opp tråden tysdag)

Mark Summers spurde professor Feldstein om tilfellet Jack Anderson. Feldstein svara at han hadde undersøkt denne saka grundig i samband med boka «Poisoning the Press». Nixon hadde ønskt å rettsforfølgja Anderson under «Espionage Act», men justisministeren hadde meint at dette var umogleg på grunn av første grunnlovstillegg.

I staden hadde Nixon drege i gang ein svertekampanje mot Anderson som inkluderte rykte om homofili, få plassert ein spion på kontoret hans og å laga forfalska dokument som vart planta hos han. Det var til og med diskutert å gjennomføra eit attentat, der ein skulle bruka gift.

Summers fekk Feldstein til å gå vidare til epokegjerande avsløringar basert på materiale frå Wikileaks. Dei viktigaste:

– Ein video der amerikanske soldatar skyt mot ei folkemengde frå eit helikopter over Baghdad, der minst 18 menneske blir drepne. Soldatane lo medan dei skaut mot uvæpna sivile, inkludert to journalistar frå Reuters.

– Amerikanske styresmakter samla detaljerte, og ofte urovekkande prov om at kring 100 000 sivile vart drepne etter invasjonen av Irak – tvert imot det president George W Bush og regjeringa hans hevda offentleg. Regjeringa nekta for at slik statistikk vart ført. Kring 15 000 av desse drapa hadde tidlegare vore ukjende.

– Det var rein rutine for amerikanske styrkar i Irak å snu ryggen til når den amerikanskstøtta regjeringa banka opp fangar, piska dei, svidde dei, utsette dei for elektrosjokk, seksuelle overgrep eller liknande.

– Etter at Wikileaks offentleggjorde opplysande samandrag laga av amerikanske diplomatar som fortalde om den omfattande korrupsjonen i regi av den tunisiske presidenten Zine el-Abidine  Ben Ali og familien hans, førte protestane i etterkant til at diktatoren måtte flykta til Saudi-Arabia. Då uroa i Tunisia spreidde seg til andre land i Midtausten, vart Wikileaks lovprist som ein viktig katalysator for «den arabiske våren».

– I Afghanistan hadde USA sett inn ein hemmeleg, «svart» spesialstyrke for å jakta på «høgverdi» Taliban-leiarar i ein politikk for «drepa eller ta til fange», utan rettssak.

– Amerikanske styresmakter utvida innsamling av hemmeleg etterretning ved å la diplomatar ved FN og utanlands samla kredittkortnummer, arbeidstidsplanar og liknande opplysningar om utanlandske embedsmenn og ministrar. På dette viset viska ein ut skiljet mellom diplomati og etterretning.

– Saudiarabiske kong Abdullah bad i løynd USA om å «kutta hovudet av slangen» og hindra at Iran fekk utvikla atomvåpen. Dette skjedde samtidig som saudiske statsborgarar var den viktigaste pengekjelda for sunniterroristar i verda.

– Tollarar tok Afghanistans visepresident då han tok med seg 52 millionar dollar i kontantar som han ikkje kunne gjera greie for i samband med ei utanlandsreise. Dette er berre eitt døme på den omfattande korrupsjonen på dei høgste nivåa i regjeringa USA fekk innsett i landet.

– USA slapp fri «fiendtlege, stridande høgrisikofangar» frå militærfengselet i Guantanamo på Cuba, som seinare dukka opp igjen på slagmarker i Midtausten. På same tid var fangar i Guantanamo som var heilt harmlause – som ein senil, 89 år gamal landsbybuar – halde fanga i årevis.

– Amerikanske tenestemenn lista opp den pakistanske etterretningstenesta som ein terroristorganisasjon, og fann ut at dei hadde samarbeidd med Taliban for å planleggja åtak på amerikanske soldatar i Afghanistan. Dette sjølv om Pakistan får meir enn 1 mrd. Dollar kvart å i amerikansk hjelp. Pakistans sivile president, Asif Ali Zardari, fortalde at han hadde avgrensa evne til å å stogga desse tinga, og uttrykte frykt for at hans eigne militære kan «ta meg ut».

Feldstein var samd i at mange av desse dokumenta hadde fått fram i dagen kriminelle handlingar og krigsbrotsverk, og dette var viktige saker for amerikanske media. Summers spurde Feldstein om tiltalen om å formidla klassifisert informasjon. Feldstein svara at det å samla klassifisert informasjon er «standard arbeidsprosedyre» for journalistar. «Heile karrieren min handla om å formidla hemmelege dokument eller informasjon».

Summers peika på at eit av tiltalepunkta mot Assange var at han hadde gjeve Manning hjelp til å løyna spor ved å bryta ei passordsperre. «Det er ei plikt for journalistar å verna kjeldene sine» svar Feldstein. Journalistar ville utrusta kjelder med mobiltelefonar, falske e-postkontoar of liknande, og hjelpa dei med å fjerna fingeravtrykk, både ekte og digitale. Dette er standard journalistisk arbeidsmåte, som blir undervist på journalistutdanninga.

Summers spurde om problemet med offentleggjering av namn, og om korleis folk kunne bli råka på ulike måtar. Feldstein sa at dette var ei skulding som var «lett å koma med, vanskeleg å prova». Styresmaktene sine påstandar om skade på nasjonal tryggleik var vanlegvis overdrivne, og bør takast med ei solid klype salt. I samband med Pentagon Papers hadde styresmaktene hevda at offentleggjering ville føra til identifikasjon av CIA-agentar, avdekka militære planar og forlenga Vietnamkrigen. Alt dette hadde ein seinare prova var utan grunnlag.

På lydbanda frå det Kvite Hus hadde Nixon sagt til sine underordna at dei skulle «ta» New York Times. Han sa at publiseringa skulle handsamas som om det galdt «hjelp og støtte til fienden».

Summers spurde om Obama-administrasjonens haldning til WIkileaks. Feldstein sa at det ikkje hadde vore noko rettsforfølgjing etter Wikileaks viktige publiseringar etter 2010/11. Men Obamas justisdepartement hadde sett i gang ei «aggressiv etterforsking». Likevel konkluderte dei i 2013 med at det første grunnlovstillegget gjorde straffeforfølgjing umogleg. Talsmann for departementet, Matthew Miller, kunngjorde at det ville skapa farleg presedens og kunne i neste omgang bli brukt mot andre journalistar og publikasjonar.

Med regjeringa til Trump hadde alt endra seg. Trump hadde sagt at han ønskte å «setja reportarar i fengsel». Då Pompeo var sjef i CIA hadde han kalla Wikileaks ein «fiendtleg etterretningsorganisasjon». Sessions hadde sagt at straffeforfølgjing av Assange var ei «prioritert sak».

James Lewis reiste seg så for å krysseksaminera Feldstein. Han synte ei spesielt bøllete og aggresiv tilnærming, og starta med å be Feldstein avgrensa seg til korte, konsise svar til presise spørsmål. Han sa at Feldstein «hevda at han var» eit ekspertvitne, og hadde underteikna på at han hadde lese reglane for straffeprosess. Kunne han fortelja retten kva desse reglane sa?

Dette var sjølvsagt uttenkt for å få Feldstein til å gå i ei felle. Eg er sikker på at eg må ha gjeve samtykke til WordPress sine reglar og vilkår for å kunna publisera på denne bloggen. Men om du bad med og å fortelja kva desse reglane og vilkåra seier på ståande fot, utan førebuing, ville eg få store vanskar. Men Feldstein nøla ikkje – han sa han hadde lese dei, og at dei var ganske  ulike frå dei amerikanske reglane, men stipulerte upartisk og objektiv drøfting.

Lewis spurde kva Feldsteins ekspertise skulle vera. Feldstein svara at det var arbeidsmåtar, normer og historia til journalistikken i USA. Lewis spurde om han hadde juridiske kvalifikasjonar. Feldstein svara at han ikkje hadde det, men at han heller ikkje la fram noko juridisk vurdering. Lewis spurde om han hadde lese tiltalen. Feldstein sa at han ikkje hadde lese den aller siste tiltalen.

Lewis sa at Feldstein hadde hevda at Obama fann ut at han ikkje ville straffeforfølgja, medan Trump ville. Men det var heilt tydeleg at etterforskinga hadde pågått kontinuerleg frå Obamas periode og gjennom Trumps presidentperiode. Feldstein svara at det var riktig nok, men at fasit var at det ikkje vart reist nokon tiltale under Obama.

Lewis refererte til ein artikkel i Washington Post som Feldstein hadde sitert frå i vitneeklæringa si og inkludert i fotnotene, men som han ikkje hadde lagt ved i kopi. «Var det avdi han inneheldt ein passasje du ikkje ønska at vi skulle lesa?», spurde Lewis. Lewis sa at Feldstein hadde utelate eit passasje om at «inga formell avgjerd hadde vorte gjort» av Obama-administrasjonen, med referanse til mogleg straffeforfølgjing for andre handlingar enn publisering.

Feldstein var litt ute av likevekt etter Lewis si skulding om å vrenga på sitat. Han svara at hans rapport hevda at Obama-administrasjonen valde å ikkje straffeforfølgja, noko som var sant. Han hadde sett inn fotnoter i artikkelen, han hadde ikkje tenkt på at det skulle vera naudsynt å leggja ved kopi. Han hadde gjort ei vanleg vurdering av redigering når han tok ut sitatet han brukte frå artikkelen.

Lewis sa at på grunnlag av andre kjelder hadde ein domar i opplyst i Tingretten (District Court) at etterforskinga heldt fram, og at domar Mehta hadde sagt at straffeforfølgjing av andre personar enn Manning vart vurdert. Kvifor hadde ikkje Feldstein inkludert denne informasjonen i sin rapport? Assanges advokat Barry J Pollock hadde meldt at «dei har ikkje gjeve oss informasjon om at dei avsluttar etterforskinga eller har tatt noko avgjerd om å ikkje reisa tiltale». Ville det ikkje vore rimeleg å ta med dette i rapporten?

Professor Feldstein svara at Assange og advokatane hans ville vera vanskeleg å overtyda om at straffeforfølgjinga var lagt til sides. Men realiteten var at ingen ny informasjon hadde vorte lagt fram for storjuryen i 2015 og 2016.

Lewis påpeikte at Assange i 2016 hadde tilbydd seg å reisa til USA for å møta i retten, om Manning vart benåda. Syner ikkje dette at Obamaadministrasjonen hadde planar om år reisa tiltale? Burde ikkje dette ha kome fram i rapporten? Felstein avviste dette: Dette var irrelevant. Assange var ikkje i posisjon til å vita kva Obamas justisdepartement heldt på med. Seinare vitnemål frå folk som hadde arbeidd i justisdepartementet under Obama var mykje meir verdfulle.

Lewis spurde om kvifor Obama hadde halde etterforskinga i storjuryen open, i tilfelle det var sant at dei hadde avgjort at dei ikkje ville straffeforfølgja? Feldstein svara at dette var noko som skjedde ofte. Det kunne vera mange grunnar, inkludert ønske om å samla informasjon om andre som hadde vore implisert, eller heilt enkelt von om at det skulle dukka opp nye saker og prov.

Lewis meinte det lengste Feldstein på ærleg vis kunne tøya det til, var at Obamaadminstrasjonen hadde signalisert at dei ikkje ville straffeforfølgja på grunn av informasjon som Wikileaks hadde mottatt passivt. Men det tydde ikkje at ein utelukka tiltale for hacking gjort saman med Chelsea Manning. «Om Obama ikkje tok noko avgjerd om å ikkje straffeforfølgja, og om etterforskinga heldt fram inn i den nye presidentperioden, då blir harangen din mot Trump villeiande!»

Lewis heldt fram med å påpeika at «New York Times»-problemet ikkje eksisterte avdi New York Times berre hadde publisert informasjon som dei hadde mottatt passivt. I motsetnad til Assange hadde ikkje New York Times konspirert med Manning for å få ulovleg tilgang til dokument. Var professor Feldman samd i at første grunnlovstillegg ikkje gav ein journalist vern mot tiltale i samband med innbrot eller tjuveri? Feldstein svara at ein journalist ikkje står over lova. Lewis spurde så Feldstein om ein journalist hadde rett til å «stela eller skaffa seg informasjon ulovleg», eller «å gjera inbrot i ein datamaskin for å skaffa seg informasjon». Kvar gong svara Feldstein «nei».

Lewis spurde som om Feldstein godtok at Bradley Manning hadde gjort noko kriminelt. Feldstein svara «ja». Lewis spurde vidare: «Om Assange hjalp eller konsulterte eller skaffa til vege eller inngjekk i ein konspirasjon saman med Bradley Manning – hadde han ikkje då gjort noko kriminelt?» Feldstein svara at det hang på dei eksakte detaljane i saka.

Lewis følgde opp med å slå fast at det ikkje fanst skuldingar om at New York Times hadde inngått ein konspirasjon med Bradley Manning. Berre Julian Assange var mistenkt for dette. I tiltalen var berre punkt 15, 16 og 17 knytt til offentleggjering, og desse berre til offentleggjering av uredigerte dokument.

New York Times, the Guardian og Washington Post hadde alle fordømt publiseringa av uredigerte dokument som inneheldt namn. Lewis las igjen det same sitatet frå boka til Leigh/Harding  som han hadde lese til Stafford Smith, der det vart hevda at Julian Assange hadde sagt at informantar i Afghanistan hadde gjort seg fortent til ein slik lagnad.

Lewis spurde: «Ville ein ansvarleg journalist publisert uredigerte namn på informantar han veit er i fare, når det ikkje er naudsynt å gjera det for saka han publiserer?» Professor Feldstein svara «nei». Lewis gjekk vidare til å ramsa opp døme på informasjon som statar bør halda hemmeleg, slik som «tropperørsler i krig, kodar til atombomber, opplysningar som kan skada einskildindivid», og spurde om Feldstein var samd i at dette var legitime løyndomar. Feldstein svara «ja».

Lewis spurde retorisk om det ikkje var meir rimeleg å la ein jury i USA vurdera kva skade som var gjort. Han spurde Feldstein direkte: «Du seier i din rapport at dette er ei politisk straffeforfølgjing. Men ein storjury har gjeve støtte til slik påtale. Godtek du at det finst eit grunnlag, bygt på prov, for denne sakførsla?» Feldstein svara: «Ein storjury har tatt den avgjerda. Eg veit ikkje om ho er riktig.»

Lewis las så opp ei erklæring frå assisterande riksadvokat Kromberg om at avgjerder om tiltale blir tatt av uavhengige statsadvokatar som følgjer reglar som utelukkar politiske faktorar. Han spurde Feldstein om han var samd i at uavhengige statsadvokatar var eit sterkt vern mot politisk forfølgjing. Feldstein svara at dette var «eit naivt synspunkt».

Lewis spurde vidare om Feldstein hevda at president Trump eller justisministeren hans hadde bede om denne etterforskinga utan å byggja på faktiske prov. Professoren svara at han ikkje var i tvil om at dette var ei politisk straffeforfølgjing, og dette bygde på:

1) At ei liknande straffeforfølgjing aldri tidlegare hadde skjedd, og
2) At ein under Obama hadde konkludert med å ikkje straffeforfølgja, men at ein no gjorde det, utan at nye prov hadde kome til
3) Den ekstraordinært vide ramma på tiltalen
4) Trumps erklærte fiendskap mot pressa.
«Dette er politikk».

Mark Summers byrja så si utspørjing av professor Feldstein.  Han påpeikte at Lewis hadde sagt at Assange hadde vore involvert då Manning fekk tak i klassifisert informasjon, men at New York Times ikkje var det. «Er det di forståing at det er kriminelt å hjelpa ein varslar?» «Nei, aboslutt ikkje», svara Feldstein.

«Spør journalistar etter klassifisert informasjon?» – «Ja». «Formidlar journalistar slik informasjon?» – «Ja». «Veit du om nokon som tidlegare er straffeforfølgt for slik aktivitet?» «Nei, absolutt ikkje.» «Kunne du på førehand spådd at det ville bli kriminalisert?» «Nei, og det er veldig farleg om det blir det.»

Summers spurde så professor Feldstein  kva New York Times hadde gjort for å få tak i Pentagon Papers frå Daniel Ellsberg. Feldstein svara at dei var aktive i å få tak i papira. Dei hadde nøkkel til rommet der dokumenta låg, og dei hjalp til med å kopiera dei. Dei hadde ei aktiv, ikkje ei passiv rolle. «Journalistar er ikkje passive stenografar».

Summers minna professor Feldstein om at han hadde vorte spurt om datainnbrot. Kva om formålet med innbrotet ikkje var å få tak i informasjon, men å kamuflera kjelda? Dette var påstanden som eksplisitt vart sett fram i Krombergs memorandum 4, paragraf 11 til 14.  Feldstein svara at det å gje vern til kjelder er ei journalistisk plikt. Journalistar arbeider tett saman med, konspirerer med, oppmuntrar, rettleider og gjev vern til sine kjelder. Det er slikt arbeid som er journalistikk.

Summers spurde professor Feldstein om han stod fast på sin skepsis mot å godta påstandar frå styresmaktene når det gjald skade for nasjonal tryggleik. Feldstein svara det gjorde han absolutt. Det historia lærer oss på dette område om styresmaktenes praksis gjev grunn til skepsis. Summers påpeikte at det i lova eksplisitt er forbode å avsløra namnet til etterretningskjelder – «Intelligence  Identities Protection Act.» Professor Feldstein slo fast at dette var sant.  Når tiltalen ikkje vart sett fram under IIPA provar dette at det ikkje er sant at påtalemakta har tenkt å avgrensa seg til å straffeforfølgja avsløring av slik identitet. Dette er mykje breiare lagt opp.

Summers konkluderte med å seia at Lewis hadde hevda at Wikileaks hadde offentleggjort uredigerte dokument i ei massepublisering. Ville det endra professorens oppfatning om materialet allereide hadde vorte publisert av andre? Professor Feldstein svara at svara hans i retten ikkje tydde at han utan vidare godtok styresmaktene si framstilling.

Edward Fitzgerald tok så over for forsvaret. Han påpeikte til professor Feldstein at det ikkje hadde vore noko straffeforfølgjing av Assange då Manning vart rettforfølgd, og at Obama hadde benåda Manning. Var ikkje dette viktige fakta i saka? Feldstein var samd i dette.

Fitzgerald sa vidare at at den artikkelen i Washington Poste som Lewis hadde skulda Feldstein for å sitera selektivt inneheldt ein god del meir materiale som Feldstein ikkje hadde sitert, men som sterkt underbygde det han hevda. Til dømes hadde «tenestemenn fortalt til Washington Post sist veke at det ikkje finst noko forsegla tiltale, og at departementet hadde «så godt som landa på ein konklusjon om at dei ikkje kom til å reisa tiltale». Artikkelen sa vidare at då Snowden vart tiltalt, var Greenwald ikkje tiltalt, og at ein hadde følgt same tilnærming når det galdt Manning/Assange. Så heilskapen i artikkelen stadfesta Feldsteins påstand, slik han låg føre i rapporten til Feldstein. Feldstein var samd i dette. Så følgde ein diskusjon om anna materiale som kunne vore inkludert for å underbyggja dette.

Fitzgerald konkluderte med å spørja om Feldstein var kjent med ordtaket «ein storjury ville reist tiltale mot eit skinkesmørbrød.» Feldstein svara at det var eit ståande uttrykk, som peikte på at dei fleste meinte  at storjuryar var lettpåverkelege, og nesten alltid gjorde det påtalemakta bad dei om. Det fanst ein god del akademisk litteratur som underbygde akkurat dette.

Tankar

Slik var nok ein ekstraordinær dag avslutta. Igjen var det berre fem av oss på galleriet (der det var 42 seter). Dei seks som hadde fått lov til å delta på videorommet i i rettssal 9 vart redusert til tre, sidan tre sete var reservert av retten for «very important persons» som ikkje dukka opp.

Krysseksamineringane synte veikskapen med tidsgiljotinen på tredve minutt som Baraitser hadde introdusert. Svært interessante vitnemål for forsvaret hadde vorte avbrote, og deretter fekk Lewis uavgrensa tid  til si krysseksaminering. Dette var spesielt tydeleg under vitnemålet til Mark Feldstein.  I James Lewis ekstraordinære krysseksaminering snakka Lewis mellom fem og ti gongar så lenge som vitnet. Nokre av Lewis «spørsmål» vara i mange minutt, inneheldt lange sitat og vart ofte forma som dobbelt negative utsegner. Tre gongar nekta Feldstein å svara, sidan han ikkje greidde finna ut kva spørsmål som eigentleg vart stilt. Med forsvarsvitnets opprinnelege vitnemål avgrensa til tretti minutt, brukte Lewis kring to timar til krysseksamineringa – der han sjølv stod for 80% av snakkinga.


Feldstein vart villeidd av Lewis, og trudde opplagt at når Lewis bad han koma med korte og konsise svar, så hadde han autoritet til å instruera om dette. Men Lewis er ikkje dommar, og det var Feldstein, ikkje Lewis som skulle leggja fram sitt vitnemål. Baraitser lot vera å gripa inn, og forklara at han hadde rett til å utforma sine eigne svar – sjølv om det opplagt var dette ho burde gjort.

I dag hadde vi to ekspertvitne, som begge hadde lagt fram lange, skrivne vitneerklæringar som var skrivne med utgangspunkt i ein tiltale, men som no vart eksaminert i samband med ein ny, overordna tiltale som var lagt fram kort tid før, og som ingen av dei hadde fått høve til å gjennomgå. Begge sa eksplisitt at dei ikkje hadde sett den nye tiltalen. I tillegg vart denne nye, overordna tiltalen førebudd av eit aktorat som hadde fordel av å ha gjennomgått argumenta til forsvaret, og sett mange av ekspertvitnemåla til forsvaret. Slik kjem aktoratet seg rundt det faktum at tiltalen som rettssaka byrja med opplagt er i ferd med å mista grunnlaget han stod på.

På toppen av dette hadde ikkje forsvaret fått høve til utsett sak, for å førebu forsvaret mot den nye tiltalen, slik at desse og andre vitne fekk høve til å gå grundig gjennom denne, og tilpassa provføringa i samsvar med den nye tiltalen, og vera førebudd på krysseksaminering på dette grunnlaget.

Clive Stafford Smith vitna i dag om at han i 2001 ikkje ville trudd at dei hårreisande brotsverka han hadde sett frå amerikanske styresmakter ville vore mogleg. For min del må eg leggja til at eg heilt enkelt ikkje kan tru  at dette denne openlyse krenkinga av rettferdig rettsprosess skjer rett framfor augo mine i denne rettssalen.

Omsett av Hans Olav Brendberg

Originalens tittel: Your Man in the Public Gallery: Assange Hearing Day 7


Klikk på bildet og bli en av støttespillerne du også.
Forrige artikkelNei, Erna Solberg, situasjonen er slett ikke dramatisk
Neste artikkel– Emiratene er nå under Israels kontroll
Craig Murray er forfatter, kringkaster og menneskerettighetsaktivist. Han var britisk ambassadør i Usbekistan fra august 2002 til oktober 2004 og rektor ved University of Dundee fra 2007 til 2010.