Din mann i retten under Assange-høringen – dag 18

0
Demonstrasjon i London på dag 18. Foto: assangecourt.report

Av Craig Murray. 28. september 2020, London. Omsett av Hans Olav Brendberg.

Det er vanskeleg å tru på, men domar Baraitser avgjorde fredag at det ikkje vil bli avsluttande innlegg i utleveringssaka mot Assange. Ho godtok framlegget som først vart sett fram av advokaten for den amerikanske regjeringa om at avslutningsinnlegga berre skulle sendast inn skriftleg, utan å bli høyrt i rettssalen. Dette vart godtatt av forsvararane, avdi dei treng tid til å imøtegå den nye, overordna tiltalen i sitt avslutningsinnlegg. Baraitser var ikkje viljug til å ha vanlege, muntlege avslutningsinnlegg i rettssalen seinare enn 8. oktober. Ved å gå med på at sluttinnlegga berre kjem i skriftleg form vann forsvaret tre veker ekstra til å gjera ferdig sakførselen frå si side.

Men heile rettshøyringa har stort sett foregått bak effektivt hemmeleghald, eit hemmeleghald som gjev skarp innsikt i dei politisk-økonomiske strukturane i dagens vestlege samfunn. Fysisk adgang til rettslokalet har vore svært avgrensa, med fem plassar tilgjengeleg på publikumsgalleriet. Tilgangen til videolink har likeeins vore ekstremt avgrensa. 40 friviljuge organisasjonar, inkludert Amesty International, PEN, Reporterar utan grenser og observatørar frå Europaparlamentet fekk tilgangen til videolink kutta av domaren frå dag ein. Dei stats- og korporasjonseigde mediene har i praksis mørklagt denne rettshøyringa på ein måte som er så koordinert at det gjev sterk grunn til uro.  Dette trass dei store implikasjonane saka har for ei fri presse. Og til slutt: Dei selskapa som fungerer som grindvaktarar på internet har undertrykt postingar på sosiale media om Assange, og trafikken på dei få nettstadene som faktisk rapporterer frå saka.

Eg blir minna om orda til ein annan ven av meg, Harold Pinter, i nobelforedraget han heldt etter å ha fått Nobelprisen i littartur. Desse orda passar perfekt til rettssaka mot Julian Assange:

«Det skjedde ikkje. Ingenting skjedde nokon gong. Sjølv då det skjedde, skjedde det ikkje. Det var ikkje viktig, det hadde ingen interesse. Brotsverka til USA har vore systematiske, konstante, vondskapsfulle, nådelause, men svært få har på alvor snakka om dei. Det skal USA ha: Dei har utøvd ei klinisk manipulasjon av makt over heile verda, medan dei har kledd seg ut som ei kraft for det universelt gode. Det er eit briljant, til og med vittig stykke hypnose.»

Harold sende meg ein kopi av den talen trykt før seremonien, med ei venleg påskrift som eg visste var smertefull å skriva slik blekkflekkene på arket fortel om. Etter at han døydde har eg sett det i ramme og hengt på kontorveggen. Det var ein feil. Når eg kjem heim til Edinburgh vil eg knusa ramma og få ut pamfletten. Den  fortener å bli lest, ofte.

Sluttinnlegga er den delen av ei rettssaka som media oftast rapporterer. Dei oppsummerer alle prov og vitnemål høyrt frå begge partane, og kva konklusjonar som kan byggjast på desse. Å få desse vedlagt skriftleg utan rettssalens drama er å forsikra seg om at denne rettssaka også frametter blir ei ikkje-hending i media.

Den tidsplanen som har vorte godteken er at forsvaret vil leggja fram sine avsluttande argument skriftleg den 30. oktober. Aktoratet svarar den 13. november, og så vil forsvaret kunne koma med sine avsluttande argument 20. november, no berre knytt til reint juridiske spørsmål. Baraitser vil så forkynna sin dom i januar. Ho var kategorisk når det galdt at det ikkje vil bli opna for fleire innspel basert på nye moment, inkludert presidentvalet i USA.

Fredag var enno ein dag som var like viktig på grunn av prosessen som på grunn av vitnemåla som vart lagt fram, om ikkje meir. Dagen hadde byrja med ein diskusjon kring forsvarets forsøk på å få lagt fram to nye vitnemål frå to nye vitne. Begge var psykiaterar med ekspertkjennskap til det amerikanske fengselssystemet. Tidlegare vitne som hadde vinta for forsvaret, både psykiaterar og amerikanske juristar, hadde vorte kritisert av aktor for å ikkje ha kjennskap til det fengselet, ADX Florence i Colorado, der Julian vil bli sendt om han blir dømt.

Påtalemakta hadde lagt fram to erklæringar om tilhøva i fengselet, ein frå assisterande statsadvokat Gordon Kromberg datert 20. august 2020 og ein frå fengselspsykiater Lukfeld datert 3. september 2020. No er det eit påfallande trekk ved desse rettshøyringane at forsvaret ikkje har rett til å krysseksaminera vitne som er føderalt tilsette i USA. Gordon Kromberg har lagt fram fem ulike erklæringar som inneheld eit faktagrunnlag som er svært omdiskutert. Men han kan ikkje krysseksaminerast, og det kan heller ikkje Lukfeld.

Fitzgerald poengterte at forsvaret må ha høve til å svara på desse prova frå påtalemakta på ein eller annan måte, når det ikkje var høve til å krysseksaminera. Han sa at desse vitnemåla hadde vorte lagt fram av aktoratet dei siste fire vekene, og at det hadde tatt forsvaret litt tid å finna tak i ekspertvitne med personleg kjennskap til ADX Florence som ønskte å bidra med sine vitnemål. Forsvaret godtok at sidan Baraitser hadde slått fast at rettssaka ville vera slutt neste veke ville det ikkje bli tid til å krysseksaminera desse nye vitna. Men heller ikkje aktoratet sine vitne hadde vore mogleg å krysseksaminera. Som Fitzgerald sa: «aktoratet har ikkje ein guddommeleg rett til å krysseksaminera våre vitne når vi ikkje har rett til å krysseksaminera deira vitne.»

På vegne av amerikanske styresmakter motsette James Lewis seg sterkt at desse nye vitnemåla kunne leggjast fram. Han sa at forsvaret hadde hatt meir enn eit år til å førebu desse erklæringane, og at dei heldt fram med å freista dra saka i langdrag. Han sa at vitna til forsvaret ikkje hadde same autoritet som vitna til den amerikanske regjeringa, og at det var trong til krysseksaminering sidan mange av «ekspertane» til forsvararane ikkje var ekspertar i det heile. Om ein tillot desse vintemåla ville han insistera på retten til krysseksaminering, og det ville gå ut over den sluttdatoen som var sett for saka.

Etter å ha høyrt partane las domar Baraitser igjen ut ei avgjerd frå PC-en som hadde vorte skrive før ho høyrde argumenta til Fitzgerald og Lewis. Og heilt slik ein kunne spådd, avgjorde ho at vitnemåla frå forsvaret ikkje kunne koma med, avdi dei kom for seint. Forsvaret hadde hatt «ein rimeleg sjanse til å undersøkja». Vitne frå forsvaret måtte vera mogleg å krysseksaminera. Desse forhandlingane hadde vart for lenge allereide, og det måtte setjast ein strek for nye vitnemål. «Ei grense må setjast for å sikra ein rettferdig prosess», slo ho fast. Ho la tydeleg vekt på dette med «rettferdig», som tydelegvis alltid tyder avgjerder som går mot forsvaret.

For første gong under desse rettsmøta såg Baraitser kjapt oppp frå si ferdigskrivne avgjerd for å syna til noko Fitzgerald hadde sagt i retten, at ein mogleg måte å gjera dette på kunne vera at dei nye vitnemåla frå forsvaret heilt enkelt kunne siterast som om det dreidde seg om ein akademisk artikkel. Men berre for å avvisa ein slik framgangsmåte.

Så slik vart det: Ingen avslutningsinnlegg frå partane, og to nøkkelvitne vart avvist.

VI gjekk så vidare til neste etappe i denne svært spesielle prosedyren, der «sakshandtering» alltid veg meir enn rettferd. Vi fekk eit nytt vitnemål frå forsvaret der ein har gått med på at «hovudpunkt» berre blir lest for referatet, utan krysseksaminering. Under denne prosedyren, som Baraitser innførte med tidssparing som erklært mål, blir vitnemål høvla ned til dei faktaene som er ukontroversielle, og desse ukontroversielle hovudpunkta blir så lagt til referatet i denne redigerte forma.

Forsvaret har litt for lett late seg banka på plass til å godta all denne «tidssparinga. Domaren og den amerikanske regjeringa gjer sjølvsagt dette for å ha så lite som mogleg av pinleg informasjon lufta offentleg,og få avslutta rettsforhandlingane snarast råd. Ei av følgjene av denne unnvikande tilnærminga frå forsvaret er at etter den første, svært effektive opplesinga av nøkkelsitat frå el-Masris vitnemål har dei etterfølgjande opplesingane av «hovudpunkt» vorte gjennomført i all hast, som om forsvaret innser at desse vitnemåla har vorte redusert til ein poenglaus formalitet. Det er flat og uttrykklaus opplesing, og det går fortare enn eg klarar å ta nøyaktige notat.

På same måte som torsdagens vitnemål frå John Young frå Cryptome var vitnemålet frå Jakob Augstein viktig avdi det synte at det ikkje var Assange eller Wikileaks som først publiserte det uredigerte materialet. Augstein kom i tillegg med informasjon som synte at Assange hadde freista hindra at dette skjedde. Før «der Freitag» hadde publisert sin artikkel 25. august 2011, som avslørte at både passordet og dokumentmappa låg tilgjengeleg ute på nett hadde Assange ringt Augstein, som var redaktør i der Freitag.

Dette vitnemålet står i motsetnad til hovupunkta i aktoratets sak, i så stor grad at eg ikkje kan forstå kvifor forsvaret har gått med på at det blir dytta inn i referatet på ein måte ingen legg merke til.

Det andre interessante punktet i Augsteins vitnemål er at det peika mot at det kan vera grunn til å tru at det var Daniel Domscheit-Berg som, etter å ha hoppa av frå Wikileaks, hadde ansvaret for at dokumentmappa med dei uredigerte dokumenta hadde vorte tilgjengeleg på nett.

Vi kom så til det einaste vitnet som faktisk personleg fekk sleppa til i rettssalen denne fredagen, Patrick Eller. Han deltok på videolink frå USA. Han skulle ta for seg skuldinga om at Assange konspirerte med Manning for å bryta eit «hash key»-passord og få tak i dokumenta som Manning lekka, og/eller hjelpa Manning med å løyna spora sine. Det å få Eller til å stilla opp som ekspert var litt av eit kupp for forsvaret, sidan det ikkje finst betre kvalifiserte ekspertar på akkurat dette temaet. Eller er direktør i «Metadata Forensics» og professor som underviser i tekniske spor og prov med US Army Law School. Han er ein veteran med 25 års røynsle frå bransjen, og har tidlegare vore kommandør ved US Armys eining for digital etterforsking og ved US Armys kommando for etterforsking av kriminalitet i Virginia.

Eg skal ikkje bruka min vanlege teknikk med å rapportera Ellers vitnemål og krysseksamineringa kronologisk. Temaet er ikkje eigna for denne forma sidan spørsmåla er svært tekniske, og vart lagt fram på ein krevjande måte. Dette hadde delvis samanheng med metoden til James Lewis, advokat for dei amerikanske styresmaktene, som tok i bruk ein rutine med å stilla lange, tekniske spørsmål om drift av datasystem. Dei fleste av desse spørsmåla var grunnleggjande, irrelevante og kunne svarast på med eit enkelt «ja». Etter mellom tolv og tjue slike spørsmål ville Lewis kasta inn eit meir tvilsamt spørsmål. Dette fungerte ein gong då han fekk «ja» til påstanden om at «ein fantastisk hacker kan løysa ein vanskeleg kode» – etter å ha varma opp til slik impulsiv repitisjon av «ja». Lewis gjekk då vidare til å hevda at Assange ein gong hadde hevda at han sjølv var ein «fantastisk hacker».

Eg freistar ikkje å løyna det faktum at det var delar av Ellers vitnemål i retten som eg rett og slett ikkje forstod. Når eg får ein ny PC brukar eg fleire dagar på å finna ut korleis eg skal bruka han, og enno lenger tid før eg kan overføra informasjon frå min gamle maskin. Det finst opplagt lesarar som ville ha gjort ein betre jobb enn meg når det gjeld å rapportera dette, men eg var der, og dei var ikkje. Så dette er , for meg, hovudpunkta i Ellers vitnemål.

Når det gjeld Java-samtalen mellom Manning og «Nathaniel Frank», som er grunnlaget for skuldinga om å gje hjelp til å bryta seg inn i eit datasystem, så finst det ingen prov for at «Nathaniel Frank» er Julian Assange eller eit anna individ.

Den omtalte «hash key», den krypterte halvparten av eit passord som Manning bad om hjelp til å bryta kunne ikkje bli brote med teknologien som fanst i 2010. Det var «umogleg» og «ugjennomførbart», i følgje Eller. Dette kunne ikkje gjennomførast med rå kraft, ordboksbasert åtak eller regnbogetabell. Under krysseksamineringa utforska Lewis dette vidt og breitt, og las opp frå ein artikkel frå 2009 om kor sårbart Windows XP var nettopp når det gald systemet for «hash key». Eller svara at dette var velkjent, men Microsoft hadde retta opp dette i god tid for desse hendingane. Det gjorde at det i praksis var umogleg å knekka passordet med eine halvdelen av hash key-en tilgjengeleg. Lewis stilte ikkje spørsmål ved dette, og gjekk raskt vidare. Det såg ut til at han visste om Windows si feilretting heile tida.

Den tingen i vitnemålet frå Eller som var mest slåande var at Manning faktisk allereide hadde lasta ned hovuddelen av materialet som hadde vorte sendt til dropboxen til Wikileaks før samtalen med «Nathaniel Frank». Manning hadde full tilgang til SIPRnet, det tryggleiksklarerte intranettet med materiale med gradering opp til «hemmeleg». Med sitt eige brukarnamn hadde ho allereide laste ned dette, gjennom å bruka eit program kalla Wget. VIdare hadde Manning allereide gjennomført prosedyrar for å verna identiteten sin gjennom å omstarta frå ein Linux-CD, og slik unngå fleire tryggleiksnivå i Windows. Det er minst like effektivt som å lasta ned frå FTP-kontoen, og det å hindra oppdaging var målet.

Manning hadde difor ikkje noko trong for hjelp frå «Nathaniel Frank», korkje til å få tak i dei hemmelegstempla dokumenta eller dekka eigne spor. Problemet med at nedlastingane kunne sporast til denne IP-adressen stod att, men dette problemet ville ikkje vorte løyst likevel gjennom Mannings interesse for å logga inn til ein File Transfer Protocol-konto. Det var mykje diskusjon om ein FTP-konto ville eller ikkje ville ha admin-privilegie. Men Eller insisterte på at ingen av delane ville ha gjort Mannings tilgang til hemmelegstempla dokument betre, eller betre i stand til å løyna eigne spor. Sidan dei ikkje kunne knekt passordet med tilgang til berre halve «hash key»-nøkkelen i alle tilfelle forstod eg ikkje kvar denne diskusjonen var meint å føra.

Ein slåande del av informasjonen frå Eller var at SIPRnet, som Manning hadde lasta ned alt materialet frå, var ope for «millionar» av brukarar. Eller sitt siste houvpunkt var at alle desse prova samsvarte godt med det aktor i saka mot Manning hadde funne ut, og dermed truleg også med etterforskinga til etterforskingsteamet der han tidlegare arbeidde. Nokre av påstandane til Lewis – inkludert at det faktisk var mogleg å knekka eit passord ut frå tilgang til halve hash key – går ikkje i hop med dei tekniske prova som det amerikanske aktoratet brukte i saka mot Manning.

Ellers vitnemål er elles døme på eitt av desse tilfella der kommentarane under min artikkel vil vera meir informerte enn mine anstrengingar.

Til slutt, og illevarslande, høyrde Baraitser argumenta for og mot at dei fullstendige medisinske journalane til Assange frå legane og psykiaterane som hadde gjeve vitnemål skulle gjerast tilgjengeleg for media. Pressa hadde etterspurt desse tinga. Desse journalane inneheld ei stor mengd bakgrunnsopplysningar og mange intime detaljar kring Julians barndom og personlege band som er inkludert i prova, men som ikkje vart gjeve i open rettssal av doktorane. Både forsvaret og aktoratet gjekk mot offentleggjering, men Baraitser gjentok fleire gongen omsynet til «open sakførsel». De vil kanskje hugsa at  Baraitser tidlegare i år avgjorde at det var av interesse, av omsyn til «open sakførsel», å frigje til media identiteten til Julians partner Stella Moris og hennar barn. Også det mot ønska til både aktoratet og forsvararane.

At ein domar så innstilt på å stenga av eller nekta ta mot vitnemål frå forsvaret plutseleg er så opptegen av «open sakførsel» når det gjeld å skada Assange gjennom å offentleggjera svært personleg informasjon er mildt sagt ironisk. Baraitser vil avgjera dette på mandag, eg vonar den menneskelege sida hennar har fått overtak til då.

Først publisert på bloggen til Craig Murray.

Bidrag til Craig Murrays blogg her.

De fem foregående referatene:

Din mann på galleriet – dag 13

Din mann på galleriet – dag 14

Din mann på galleriet – dag 15

Din mann på galleriet – dag 16

Din mann i retten under Assange-høringen – dag 17


steigan.no har rapportert mer fra rettssaka mot Assange enn NRK, Aftenposten, VG, Klassekampen og Dagbladet til sammen. Se her.





Forrige artikkelTyrkia bærer ved til bålet i konflikten mellom Armenia og Aserbajdsjan
Neste artikkelProblemer på Vestlandet – for lite kraft eller nett?
Craig Murray
Craig Murray er forfatter, kringkaster og menneskerettighetsaktivist. Han var britisk ambassadør i Usbekistan fra august 2002 til oktober 2004 og rektor ved University of Dundee fra 2007 til 2010.