Nokre ord om krigane i Syria

12
Erling Folkvord har besøkt de kurdiske områdene mange ganger.
Erling Folkvord

Av Erling Folkvord.

Eg skriv dette lange innlegget fordi fleire i det siste har tillagt meg standpunkt eg ikkje har. I tillegg syns eg debatt og faktaavklaring rundt krigane i Midtausten er viktig. Vi må dessverre rekne med at folka i Midtausten har fleire tiår med krig framfor seg.

Vi som diskuterer, har ein ting felles: Vi veit for lite. Vi kan hjelpe kvarandre både med å finne ut kva som er fakta og kva som er ulike tolkingar av same faktum. Det er og nyttig om vi kan avklare kva vi er einige om og kva vi er ueinige om.

Først nokre punkt som neppe er omstridd: I hundre år – heilt sia Sykes Picot-avtalen frå 1916 – har stormakter ført krig for å grabbe til seg land og naturressursar i Midtausten. Etter 1990 er USA den stormakta som har påført folka i Midtausten mest skade. Dei 13 åra med FN-blokade av Irak og USA-invasjonen i 2003 tok mange fleire liv enn dei første sju krigsåra i Syria. Norge har i alle fall frå 2012 stått på for å erstatte den lovlege presidenten og regjeringa i Syria med eit USA-lojalt regime. Norge bør endre politikk og gjenåpne ambassaden i Damaskus.

Og før eg skriv vidare: I dei seinare åra har eg møtt personar frå ulike parti og grupperingar i Syria og Irak. Men eg kan korkje kurdisk eller arabisk, og ser sjølvsagt det som svært så skiftande vertskap vil eg skal sjå. Etter 2011 har eg ikkje vori i Damaskus og den delen av Syria som den lovlege regjeringa kontrollerer.

1. Kva slags krig?

Ein politikar eg møtte i Nord-Syria for snart tre år sia sa:

«Krigen i Syria er ein verdskrig. Stormaktene fører krig mot kvarandre inne i landet vårt. Ikkje for våre, men for sine eigne interesser.»

USA, Russland, Israel og Norge var med på den lange lista hennar over statar som deltar i verdskrigen.

Slik er det framleis. No blir fleire og fleire – også utafor Midtausten – samd med henne. Befolkninga i Syria – som er samansett av eit arabisk fleirtal og mange minoritetar – blør på grunn av krig mellom utanforståande statar.

Ho er leiar for ein tropp av arabiske kvinner, under Manbij militære råd. Troppen deltok i kampane for å frigjere Raqqa frå IS.

For 100 år sia brukte den britiske utanriksministeren Lord George Curzon (1859-1925) andre ord. Han sa at landa er «brikker på et sjakkbrett hvor det spilles et stort spill om verdensdominans.»

2. Er det rett å gjere opprør?

Eg har i nokre tiår sett på Syria under Bath-partiet som eit av fleire diktatur i Midtausten. Beinhard undertrykking av opposisjon, slik som den blodige knusinga av Den muslimske brorskapen i Hama i februar 1982. Journalisten Robert Fisk skreiv da at regjeringsstyrkane drap opp mot 10 000. Men indre undertrykking og massedrapa i 1982 endra ikkje staten Syria si stilling i forhold til folkeretten.

Samtidig vart Syria etter kvart eit samfunn der befolkninga mellom anna hadde eit godt helsevesen og utdanningssystem. Frå 1970-tallet har deI to presidentene Assad gradvis gitt fordelar til alawittene. Dette er den religiøse gruppa Assad-familien tilhøyrer.

Hemza Sultan (i midten) har levd under ulike regime: Assad, FSA og IS. I dag er han medleiar i klanane sitt samordningsråd i den arabiske byen Shaddadi.

Etter mitt syn har befolkninga i ein stat rett til å gjere opprør mot undertrykking. Ikkje dermed sagt at eg støttar alle opprør. Både opprør og revolusjon er ulovleg, anten det er i Syria eller i Norge. Samtidig vil USA og andre stormakter bruke mange opprør som verkty for eigne interesser. Meir enn ein gong har USA-agentar infiltrert og utløyst opprør. Eg meiner USA og USA-allierte var raskt ute med slike tiltak etter den såkalla arabiske våren 2011. Dei øydela raskt det som var bra i det opprøret mot Assad som starta i 2011. USA-koalisjonen var på offensiven mot Assad fram til Russland i 2015 svara på Assad si bøn om hjelp. Ingen bør glømme at Russland da heldt seg til folkeretten. USA-innblandinga i Syria er i strid med folkeretten.

3. «Kurderne»

Det kurdiske fleirtalsområdet (Kurdistan) i Midtausten er jamstort med Spania og har i snart 100 år vori delt mellom fire statar: Iran, Irak, Tyrkia og Syria. Mange minoritetar lever og i dette området. Rundt halvparten av kurdarane bur i Tyrkia. Dei politiske rørslene i Kurdistan spenner frå det revolusjonære PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet) til klansbaserte kurdiske politikarar som er tett alliert med den tyrkiske staten. Dette er ikkje ein ny situasjon.

Mezud Barzani (KD) og Jelal Talebanî (PUK) vart på 1970-talet leiarar i kvart sitt klansbaserte parti i Den kurdiske regionen i Irak.

Eg meiner det blir upresist å bruke «kurderne» som begrep i eit ordskifte om krigane i Midtausten. Det er om lag som å snakke om «nordmennene» som ei politisk blokk når ein skal diskutere den amerikansk utplasserringa av militære styrkar i Norge. Dei som berre seier «nordmennene», kan miste det poenget at norske parti har ulike syn. Både Ap. Høgre, SV og og Rødt er norske.

4. Kven vil ha ein kurdisk stat?

Etter 1950 har berre tre store parti i Kurdistan kjempa for å opprette staten Kurdistan.

For det første hadde PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet) dette målet i perioden frå 1984 til 1995. Det er 23 år sia PKK strauk staten Kurdistan frå programmet. Det kan sjå ut som ikkje alle her heime har fått med seg den kursendringa.

For det andre har to klansbaserte parti i Den kurdiske regionen i Irak som mål å gjere om den grunnlovfesta regionen der til ein stat. Fordi dei vil dele Irak i to, har dei minst 100 prosent støtte frå Israel. USA er for å svekke Bagdad, men er ikkje nødvendigvis for ein ny stat. At amerikanske politikarar og bisniss-folk lovar støtte til statsprosjektet, kan vere uttrykk for vanleg dobbeltspel frå ei stormakt.

5. Den sterkaste revolusjonære kurdiske rørsla sitt syn på ny stat.

Det finst mange revolusjonære rørsler i Tyrkia, Iran, Irak og Syria. Fleire folkegrupper er med i mange av dei. Eksempelvis har tyrkarar vori med i PKK helt frå starten på 1970-talet. Det eg litt upresist kallar «PKK-familien», er i dag den sterkaste revolusjonære krafta. Dei lanserte i 2004 «Demokratisk konføderalisme» som eit framtidsmål for folka i Midtausten.

Cemil Bayik er medleiar i PKK. Da eg møtte han i 2004, sa han mellom anna: «USA har sitt prosjekt for eit nytt amerikansk hundreår i Midtausten. Vi ønskjer i staden å utvikle demokratisk konføderalisme. Det betyr at folka i Midtausten kan bygge opp sine eigne styringssystem i kvar sine land. Desse to framtidsprosjekta for Midtausten er uforenlige.»

Eitt av hovudpunkta er at dei ikkje vil ha ein ny stat. Dei godtar dei kunstige og stormaktsdikterte statsgrensene, same kor urettferdige dei er. I norsk debatt er det eit problem at fleire argumenterer som om dei ikkje veit dette. Framtidsvisjonen til PKK er ein Midtaustens demokratiske konføderasjon. Men dit er det langt. Ei føderal løysing for Syria, som og er eit langsiktig prosjekt, kan vere eit viktig første steg i demokratiseringa.

6. Dei som vil dele Syria

Israel ønskjer sjølvsagt deling av Syria. Når USA ikkje klarte å knekke Assad, er ei deling truleg bra for amerikanske interesser, sjølv om president Trump ikkje seier det rett ut. Den amerikanske førehandsgodkjenninga og deltakinga i den første tyrkiske invasjonen i august 2016, er i alle fall indirekte eit signal om at USA vil dele Syria.

Vi må gå ut frå at Saudi-Arabia, Qatar og andre som har sponsa IS (Islamsk Stat) med hundretals millionar dollar, ønskjer det same.

President Erdogan sin agitasjon dei siste åra, tyder på at målet hans er å innlemme den nordlegaste delen av Syria og Irak i Tyrkia. Han snakkar oftare og oftare om det store Tyrkia som landsfar Mustafa Kemal Atatyrk ikkje hadde styrke til å opprette. Ei ordning omtrent som Tyrkia-allierte Israel har fått til i Palestina, kan vere eit delmål for Erdogan.

Dette er Tyrkia slik Mustafa Kemal Atatyrk teikna det i Den nasjonale pakta i 1920. Dette er henta frå ein CD som i 2009 vart laga til skolebruk i Istanbul.

Etter den siste invasjonen i Afrin ga Russland grønt lys for at Erdogan kunne sende tyrkiske krigsfly inn i syrisk luftrom. Tyrkia hadde i stor grad vorti ståande fast i bakkekrigen mot forsvarsstyrkane. Mykje tyder på at flyåtaka måtte til for å fullføre okkupasjonen. Eg stiller meg da to spørsmål:

  • Hadde Putin sagt ja til tyrkiske fly i syrisk luftrom om han ikkje ser seg tent med at Tyrkia får styrke seg på ein måte som svekkar Assad?
  • Er ikkje tyrkisk okkupasjon eit bidrag til oppdeling av Syria? Oppe i dette må ingen glømme at USA-koalisjonen i beste fall såg vekk og ga stilltiande støtte også til denne tyrkiske innmarsjen.

Kort sagt: Vis meg den stormaktsleiaren som inst inne er mot ei deling eller anna svekking av det Syria som for 10 år sia var ein samla og nokså sjølvstendig stat.

Shervan Derwish (til høgre) var med i den arabiske gruppa Burkan al-Firat som tidleg braut med FSA. Dei deltok i kampen mot IS ved Kobanê. No er han talsperson for Raqqa militære råd.

7. Folkeflytting til landsdelane Tyrkia okkuperer

Før den tyrkiske innmarsjen i Afrin sa president Erdogan at han skulle gi Afrin tilbake til «dei rette eigarane» (its rightful owners.) Fastbuande måtte reise frå hus og heim. Med dei få tinga dei fekk med seg, i ein bil, på ein traktor eller på ei handkjerre. Eller med det dei kunne bære. Dei som i løpet av krigsåra hadde flykta til det fredelege Afrin, måtte flykte på nytt.

President Erdogan fann dei «rette eigarane» lenger sør. Minst 93 000 menneske har i løpet av våren vorti frakta nordover mot dei områda Tyrkia okkuperer. Aftenposten oppsummerte nyleg at 66 000 vart bussa ut frå Aust-Ghouta og nordover etter at Assad nedkjempa opprørane. Slik evakuering av IS- og jihadiststyrkar var og er eit alternativ til at enda fleire blir drepne. SDF (Dei demokratiske styrkane i Syria) gjorde ein mindre, men liknande avtale med IS under kampane om Raqqa.

Det handlar om jihadistkrigarar med familiar. Og sikkert ein del vener og naboar. Det finst ikkje sikre tal for kor mange som vart verande i Idlib-provinsen og kor mange som vart frakta vidare til Afrin eller inn i det området Tyrkia okkuperte i august 2016.

I Afrin stod det tomme hus som okkupasjonsmakta sa at nykomarane berre kunne flytte inn i. 29 år gamle Khalid al-Hassan som kom i ei busskolonne frå Aust-Ghouta, såg på seg sjølv som flyktning. Han likte ikkje det tyrkiske opplegget. Til nettavisa Syria Direct ordla han seg slik: «Vi er fordrivi frå heimane våre, og kjem som gjester til denne regionen. Vi vil ikkje overta desse husa gratis utan at eigarane gir oss lov til det».

Journalist Muhammad Balou hadde tatt opp lån og kjøpt seg eige hus i Afrin. Han flykta til Hewler i Nord-Irak før den tyrkiske hæren overtok byen. Midt i mai fekk han beskjed frå slektningar som ikkje hadde flykta: – Nokon har bryti opp låsen på inngangsdøra di. Ein familie frå Aust-Ghouta har flytta inn.

Denne folkeflyttinga inn i tyrkisk-okkuperte område er ikkje muleg utan ein avtale med okkupasjonsmakta. Og jihadist-transportane ut frå Aust-Ghouta var ikkje muleg utan ein avtale som Russland og president Assad var med på.

For å forenkle og forkorte: Tyrkia fører krig for å skifte ut store delar av befolkninga i dei okkuperte områda i nordvestlege Syria. Når ein stor del av dei som budde der er vekke, blir det lettare å sikre tyrkisk kontroll. Eg meiner at dei statane som på ulike vis medverkar til dette, er med på dele opp Syria.

PYD (Det demokratiske einskapspartiet) og Den demokratiske nord-syriske føderasjonen er mot den tyrkiske okkupasjonen og for eit samla Syria.

8. Norsk dobbeltspel

Den norske regjeringa erklærte i desember 2012: «Norge anser i dagens situasjon Nasjonalkoalisjonen som den legitime representanten for det syriske folket». Den frie syriske hæren (FSA) vart sett på som dei militære styrkane til Nasjonalkoalisjonen. Ulike terroristgruppar med tette band til FSA og Nasjonalkoalisjonen har eit ukjend tusentals liv på samvitet.

I dag er FSA ein viktig del av den tyrkiske okkupasjonsmakta i nordvestlege Syria. Mange av FSA-soldatane slost tidlegare for IS. Ei assyrisk kvinne som er lokalpolitikar i byen Shaddadi minte oss om at det ikkje nyttar å skilje dei ulike jihadistgruppene frå kvarandre: Ein dag al Nusra, neste dag IS og så kanskje FSA. Den norske regjeringa har sjølvsagt informasjon om dette.

Tyrkia har vori støttespelar og medhjelpar for IS i alle fall sia 2013. Tre dagar etter at IS i september 2014 starta offensiven mot Kobanê, sa daverande utanriksminister Børge Brende at kampen mot IS «er et globalt problem, som må bekjempes med globale midler.» Likevel sel Norge framleis våpen til IS-medhjelpar Tyrkia og til IS-sponsor Saudi-Arabia.

9. Norske IS-terroristar

To av dei enkle måtane å hente dei heim til norsk domstolsbehandling er:

  • Samarbeide med den lovlege regjeringa i Syria. Først overlevering frå Føderasjonen i nord og til Damaskus. Og så transport til Norge med politieskorte.
  • Føderasjonen sine tryggingsstyrkar fraktar dei til grensestasjonen ved Tigris. Så kan politi frå Den kurdiske regionen i Irak ta i mot på irakisk side av elva, eventuelt i lag med norsk politi. Ferjeturen over Tigris tar om lag 100 sekundar, så det er ikkje stor fluktrisiko. Og så politieskorte til flyplassen i Hewler (Erbil) og vidare til Gardermoen.

I dag er det stor persontrafikk og omfattende godstransport begge vegane over grensa mellom nordlege Irak og nordlege Syria. Dette er godkjend av Regjeringa i den kurdiske regionen i Irak som Norge har eit omfattande samarbeid med.

10. Tyrkia

Den tyrkiske okkupasjonsmakta har i dag militære observasjonspostar 150 kilometer inne i landet. For å ta ei samanlikning: Det er som om Sverige okkuperer Østfold og litt av Akershus og opprettar observasjonspostar heilt til Sundvollen, ikkje så langt frå Hønefoss. Samtidig har Tyrkia nyleg send nye militære styrkar inn i Den kurdiske regionen i Irak. Det siste er enkelt fordi den kurdiske parti- og klanleiaren Mesud Barzani er så tett alliert med Tyrkia. Han var president i regionen fram til oktober 2017. Men dette betyr ikkje at kurderne er glad for den tyrkiske framrykkinga.

Alliansen mellom den tyrkiske presidenten Erdogan og den kurdiske klan- og partileiaren Mesud Barzani blir tettare for kvart år som går.

Som alt nemnd: Dei militære operasjonane Tyrkia gjennomfører i nabolanda Irak og Syria tyder, på at president Erdogan vil innlemme delar av begge statane i eit større Tyrkia.

11. USA, Saudi-Arabia, Qatar m.fl.

Kortversjonen av historia om IS fram til dag er like enkel som trist. USA, Saudi-Arabia, Qatar med fleire skapte eit monster som i alle fall USA mista kontrollen over.

Det er logisk at desse statane no vil fortsette kampen for eigne posisjonar i Syria med andre middel.

12. Skal revolusjonære vere reine og raude eller prøve å splitte fiendane?

Problemstillinga er gammal. Våren 1917 levde den russiske revolusjonære Vladimir Lenin i eksil i Sveits. Han hadde eit desperat behov for å kome seg heim til Russland. Han svelgde da nokre kamelar og tok i mot hjelp frå Keisar Wilhelm i Tyskland. Lenin reiste i plombert jernbanevogn gjennom keisarriket. Han kom seg til St. Petersburg og stilte seg i spissen for oktober-revolusjonen. Hadde det vori betre om han hadde haldi seg i Sveits?

Tidleg i oktober 2014 var IS nær ved å erobre grensebyen Kobanê. IS-tanks og tungt artilleri mot forsvarsstyrkar som ikkje hadde stort anna enn kalashnikov. Da eg såg IS-framrykkinga på nokre hundre meters avstand, var eg sikker på at det var eit tidsspørsmål før IS kom til å erobre byen.

USA hadde fram til da mislyktest med all politisk og militær aktivitet i Syria. Kurdiske YPG/YPJ (Dei mannlege og dei kvinnelege forsvarsstyrkane) var, saman med utbrytarar frå FSA, dei einaste som stilte opp i bakkekrig mot IS. Fram til da hadde IS gått frå siger til siger i Irak og Syria.

Tyrkia, IS og USA såg alle på YPG og YPJ som ein fiende. For USA var det ei logisk vidareføring av fleire tiår med amerikansk støtte til tyrkisk krig mot PKK.

I denne situasjonen gjekk både YPG/YPJ og USA til sengs med fienden. Frå 3. oktober 2014 vart amerikanske flyåtak mot IS ein vesentleg årsak til at IS leid det første nederlaget sitt der. Kobanê vart «Syrias Stalingrad». Utan denne oppsiktsvekkande alliansen hadde IS erobra Kobanê. Da hadde IS tatt kontroll over storparten av nordlege Syria og fått ei lang grense mot sin beste allierte, Tyrkia.

Flaggheisinga 25. januar 2015 markerte at IS var nedkjempa i Kobanê. Vi kan like det eller ikkje. IS hadde vunni om forsvarane ikkje hadde fått amerikansk flystøtte.

Polititiske leiarar i Nord-Syria har heilt sia den gongen snakka åpent om at dette er ein taktisk militær allianse med USA mot IS. Dei har snakka like åpent om at USA sjølvsagt slåst for sine eigne amerikanske interesser og ikkje for interessene til folka i Syria. Derfor er dei ikkje overraska over at USA no gjer alt dei kan for å sikre seg varig fotfeste i områda der IS er nedkjempa.

Eg syns det var klokt av Lenin å ta i mot hjelp frå keisar Wilhelm våren 1917.

Eg syns og det var klokt av YPG/YPJ å godta militær hjelp frå USA mot IS frå oktober 2014.

I dag prøver naturlegvis USA å styrke posisjonane sine i Nord-Syria. Dei politiske leiarane der er sjølvsagt klår over det. Men dei må og ta omsyn til at Tyrkia, Iran, Saudi Arabia, Qatar og Assad vil kvele det nye demokratiet med militærmakt. Den taktiske alliansen med USA kan på kort sikt gjere det vanskelegare for Tyrkia å øydelegge det nye demokratiet.

Men du finn ikkje mange i Nord-Syria som blir overraska om USA istaden inngår ein avtale med Nato-landet Tyrkia som legg til rette for tyrkisk invasjon i nordaustlege Syria.

Det finst ingen stat eller statsleiar som er stabil eller langsiktig støttespelar for den demokratiske revolusjonen i Nord-Syria.

Om lag 150 000 av innbyggarane var tilbake i Raqqa da vi i midten av mai møtte medleiar Leyla Mustafa i Raqqa sivile råd.

13. Finst det ei fredeleg framtid for folka i Syria?

Det ligg i så fall langt fram i tid. Den demokratiske nord-syriske føderasjonen arbeider for eit samla, demokratisk og føderalt Syria. Den modellen gir håp for folka i Syria.

Når IS og andre jihadistgrupper er militært nedkjempa, vil Føderasjonen arbeide for dette målet med fredelege, politiske middel. Dei vil ikkje bruke våpen mot Assad-regjeringa, anna enn om dei må forsvare seg mot åtak. Samtidig er dei omringa av fiendtlege statar som alle ser det nye demokratiet som eit trugsmål.

Om alle framande styrker blir trekt ut av Syria når IS er nedkjempa, vil det bli lettare for ulike delar av befolkninga å finne fram til kompromiss dei kan leve med. Men dessverre: Mange statar ser sine eigne interesser tent med å føre «verdskrig» i Syria.

 


 

Tidligere innlegg i denne diskusjonen:

Hva er Erling Folkvords agenda i Syria?

Den norske terroristen og Irak

Ironien og den norske terroristen i Syria

Hvorfor skal Syria avgi land til kurdisk stat?

KampanjeStøtt oss

Kommentarer

  1. Avatar for baluba baluba says:

    Her var det mye rart. Kunne like godt vært skrevet av Niri Baklid. Når man forsøker å skaffe seg info fra slike som Aftenposten så blir man like velinformert som norske politikere.
    Jeg kan forsiktig begynne med en øverste delen:

    “Eg har i nokre tiår sett på Syria under Bath-partiet som eit av fleire diktatur i Midtausten. Beinhard undertrykking av opposisjon, slik som den blodige knusinga av Den muslimske brorskapen i Hama i februar 1982. Journalisten Robert Fisk skreiv da at regjeringsstyrkane drap opp mot 10 000. Men indre undertrykking og massedrapa i 1982 endra ikkje staten Syria si stilling i forhold til folkeretten.”
    Den typen Islam som Den muslimske brorskapen forfekter er mye diskutert bla i HRS og disse Imamene burde vært bannlyst i Norge. De vil ha verdensherredømme og støttes av Erdogan og Saudi. At et land prøver å beskytte seg ved å gjøre det eneste mulige, nemlig å knuse brorskapet, er vel forståelig alle andre steder enn hos norske politikere som ønsker brorskapet velkommen. Så får folkerett være folkerett, i dette tilfellet. Vi vet jo alle hvem FN har blitt redskap for.

    Jeg vil samtidig si at jeg har stor respekt for den jobben du gjorde i Afghanistan. det satte et underlig, men rettferdig lys, på norske myndigheters tilstedeværelse der.

  2. Jeg er ikke enig i at ‘stormaktene’ vil dele opp Kurdistan , eller at USA bruker kurdere til å bekjempe IS . Det var kurdere som lobbyet for krigen i Irak , og jammen lurer jeg på om de ikke også ønsker krigen i Syria mere enn ‘stormaktene’…

  3. Avatar for Limert Limert says:

    Det er vel ganske godt dokumentert etter hvert at vestlig etteretning var inne i Syria allerede fra starten i 2011 og prøvde å provosere fram opprør og protester, og at opprøret aldri var «fredelig», men at utenlandske terrorister gjennomførte voldelige aksjoner på vegne av sine oppdragsgivere, som de så forsøkte å tillegge «regimet». Det er liten tvil om at det hersket en stor grad av kaos og forvirring i starten av denne krigen, og at mange Syrere lot seg lure til å tro på propagandaen og dermed støttet «opprøret». Senere har nok de fleste innsett at de kreftene som leder den voldelige opposisjonen til styret i Syria ikke arbeider for det syriske folkets beste, og derfor gått over til å støtte regjeringens styrker mot terroristene. De vil nok gjerne ha forandring, men ikke ødelegge Syria, som de forstår kommer til å skje hvis terroristene tar over landet.

  4. Avatar for baluba baluba says:

    All den trafikken som maåtte ha vært gjennom de kurdiske områdenes checkpoints med terrorister, våpen , penger og oljekonvoier må jo ha vært sett av noen de som var nord i Syria. Terroristenes familier bodde jo i toppustyrte flyktningeleire i Tyrkia og noen av dem kunne reise fritt gjennom Europa. De som ikke fikk nok forpleining utfører/utførte terroraksjoner og det kan vel forklare noe av vårt knefall for den politiske ideologien Islam. Ingen skal fortelle meg at norsk etteretning og NGOer ikke hjalp noen av dem nedover? De ville vært presset til dette. Skal da norske styresmakter stille de samme for retten? Det blir en backlash uten like. Vi har fått vite at det fantes “moderate muslimer”, det er bare tull og tøys, og brukes i debatten for alt det er verdt.

  5. Avatar for baluba baluba says:

    Frankrike stod også i stor grad bak dette. Den tidligere presidenten inngikk avtaler med kurderne om etnisk rensing i nordområdene. Hvordan kan et stort europeisk land gjøre noe slikt mot kristne mennesker.

  6. Avatar for baluba baluba says:

    “I denne situasjonen gjekk både YPG/YPJ og USA til sengs med fienden. Frå 3. oktober 2014 vart amerikanske flyåtak mot IS ein vesentleg årsak til at IS leid det første nederlaget sitt der. Kobanê vart «Syrias Stalingrad». Utan denne oppsiktsvekkande alliansen hadde IS erobra Kobanê. Da hadde IS tatt kontroll over storparten av nordlege Syria og fått ei lang grense mot sin beste allierte, Tyrkia.”

    Er dette også sitater fra Aftenposten? USA har aldri angrepet IS. Det er forsøkt fremstillt slik i pressen, ja. Hvorfor skulle de gjøre det når de kunne strupet f eks etteretning eller våpenforsendelser. De inngikk en avtale med dem. USA narrativet om bombing av IS gav aldri i løpet av mange år noen resultater. Ikke før russerne satte inn sine bunkersbomber (vesten støpte sikre bunkerser til dem) ble det farlig for jihadistgruppene med korrekt angitt skiftende navn. USA lot dem til og med selge olje til sønnen til Erdogan. Kolonnene ble oversett av kampflyene. Vi kan bare ane et snev av hva som har foregått. Eva Thomassen graver i og skjønner veldig mye av det. Fra Norge har det kommet penger fra tv aksjoner, operasjon dagsverk og diverse NGOer. Disse må pga sanksjonene fysisk inn i landet ved bestikkelser. Hvem har fått disse pengene? Ikke Assad.

    “Flaggheisinga 25. januar 2015 markerte at IS var nedkjempa i Kobanê. Vi kan like det eller ikkje. IS hadde vunni om forsvarane ikkje hadde fått amerikansk flystøtte.”

    Hva ville ha skjedd med lojaliteten de hadde bygd opp med IS hvis USA egentlig hadde gjort dette?
    Disse krigerne benytter seg av nye rekrutter som bla blir plassert i SWBIED. Det er vanskelig å bekjempe. Om noen av dem kommer hit, blir dømt og plassert i fengsel, i den tro at de skal ut i samfunnet etterpå og tjene til livets brød, så tar man feil. Disse vil i Islams navn være tikkende bomber hele livet ut. Hvorfor skal vi utsette sivilbefolkningen for dette og hvorfor skal de inn i fengslene og lære opp andre? En liten avledning: Dette må man forklare til de altruistiske ynglingene i KrfU som kritiserer moderpartiet for å gå mot hijab begrunnet i religionsfrihet. Hva ønsker de å fylle Norge med? Ikke kristne ihvertfall.

  7. Partiet De Kristne går merkelig nok inn for en kurdisk stat.
    Da bør det ringe en bjelle hos alle og en hver hvem som har diktert dette.
    Kan ikke se at De Kristne har noen støtteerklæring til kristne i Syria.
    Hvis vi tenker og bruker hodet så vet vi hvem som ønsker destabilitet i regionen.

  8. Avatar for baluba baluba says:

    Siden “feilbombingen” i Deir ez-Zor den 17. september 2016 har det vært en rekke meldinger om uforklarende flyangrep som rammet allierte styrker, både ubekreftede og bekreftede, hvor det ikke finnes en logisk forklaring utover å gi støtte til ISIS styrker. Israel er ikke motivert for dette, så det gjenstår bare USA. Under kongresshøringen omkring “feilbombingen” vist det seg at amerikanske generaler hadde arrangerte dette, uten at de var straffet, ettersom man mer eller mindre frikjente seg selv. Det har registrert mange ganger, også av selvstendige kilder som SOHR, at amerikanerne og ISIS har et meget uvanlig nært forhold med hverandre - SOHR har mange ganger dokumentert at amerikanske militære var i kontakt med ISIS som hvis de var allierte. Dessuten er det nå et meget stort spørsmål om hvordan ISIS kunne forbli så aktiv på den isolerte enklaven ute på den syriske ørkenen hvor der verken er nok mat eller vann for så mye som et par tusen militante, som i høsten 2017 hadde altfor lite med forsyninger, ammunisjon og våpen. Det er mye som tyder på at de senere dagers angrep på “muligens Iranske støttespillere” sørøst i landet kan ha vært understøttet av USA bombing fra basene deres rundt Al-Tanf. Israel hadde sansynligvis inngått en avtale med Putin om ikke å angripe, men truet i går med dette likevel, etter at de fikk russerne til å gå tilbake på lovnaden til Assad om å utplassere S-400 systemet. Noe må ha gått feil i forhandlingene.

Fortsett diskusjonen på forum.steigan.no

Deltakere

Historisk kommentararkiv

12 KOMMENTARER

Legg igjen en kommentar til 14 Syria-svar til Eva Thomassen | steigan.no Avbryt svar

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.