Raudt – Opp som ein ulv og ned som ein skinnfell?

0

Av Svein Lund.

Partiet Raudt nådde rett før Russland gikk inn i Ukraina sitt høgaste nivå nokon gong på meiningsmålingane, rundt 10 %. Heretter vil det trulig bare gå nedover, og det er stor sannsynligheit for både utmeldingar og eksklusjonar. I lag med konfliktane i SV kan dette føre til at partifloraen på venstresida snart vil sjå ganske annleis ut.

Ut frå Raudt sin bakgrunn i den maoistiske rørsla frå slutten av 1960-talet er det heilt spesielt at partiet har oppnådd ein slik oppslutning. På 1970-talet fantest det tilsvarande parti over nesten heile verda, men dei aller fleste har for lengst gått i oppløysing. I Europa er det i første rekke i Noreg, Danmark og Belgia at slike parti har overlevd og etter omdanning til demokratiske sosialistar blitt mellomstore parti i og utafor parlamenta.

Underteikna er ein av dei mange som var med i dei såkalla ml-organisasjonane frå sist på 60-talet. Ut på 90-talet hadde eg av forskjellige grunnar fått nok, og har sidan vore partipolitisk uavhengig sosialist fram til i år. Da Raudt oppsto som nytt parti i 2007, såg eg det slik at det var noko som skulle skjedd for lenge sidan. Eg ville likevel vere uavhengig, og heller arbeide politisk på andre område, som uavhengig skribent og i miljørørsla. Det var mye i det nye partiet som eg ikkje var nøgd med, men eg røysta likevel på Raudt i dei fleste vala, ofte utan den heilt store entusiamen. Blant det eg særlig reagerte på var at partiet framstilte dei «raud-grøne» partia som venstresida og ønska seg ei regjering under leiing av Ap, og den einsidige satsinga på Forskjells-Norge, mens miljøpolitikk, utanrikspolitikk og ideologi blei nedtona.

Forgjengaren RV blei danna for å delta i parlamentariske val, mens AKP(m-l) skulle ta seg av resten av politikken, som arbeid i fagforeningar og andre masseorganisasjonar, mobilisering til aksjonar og ideologisk skolering. Raudt skulle i prinsippet ta seg av arbeidsområda til begge forgjengarane, men det var RV-tradisjonen som dominerte og det viktigaste blei det parlamentariske arbeidet og å få større oppslutning i neste valet. I kommunestyre, fylkesting og etter kvart på Stortinget gjorde Raudt-representantar ein stor innsats og blei respekterte for det. Det blei partiet som slåss for arbeidsfolk flest, for bedre lokalmiljø, helsetilbod og skolar, mot korrupsjon og maktmisbruk. Raudt fikk etter kvart fleire røyster og medlemmar på grunnlag av dette arbeidet, utan at desse nødvendigvis var enige i partiet sitt syn på verdssituasjonen. Raudt sto fram som det einaste partiet som klart fordømte NATO sine krigar i land som Libya og Afghanistan, og dette var likevel relativt uproblematisk i partiet. Verken sosialismen eller utmelding av NATO sto på dagsorden, dette låg trygt i programmet, men forstyrra ikkje den daglige freden.

Så kom sjokket. 24.02.2022 gikk Russland inn i Ukraina og verda var med eitt forandra. I Ukraina hadde krigen i Donbas pågått i 8 år, utan at noko norsk parti hadde engasjert seg særlig. No blei Ukraina over natta ei hovudsak i norsk politikk. Samtlige parti tok avstand frå invasjonen, og dei aller fleste ville bidra med våpen. No blei Raudt stilt på ei skikkelig prøve. At ein skulle ta avstand frå den russiske invasjonen, var ingen i tvil om. Men kva skulle ein seie om den andre sida? Nokre ville legge like stor eller nesten like stor skuld på NATO som hadde innringa Russland og provosert overfallet, og var svært skeptiske til å støtte den ukrainske regjeringa, som hadde ført krig mot eiga befolkning i Donbas og var under sterk påverknad av nazigruppene. Andre konkluderte at no var Russland blitt så farlig for alle naboland at no måtte Noreg halde seg i NATO. Mellom desse sto partileiinga og forsøkte å balansere, og virka å vere mest redd for å tape oppslutning. Da Raudt likevel klarte å ta det standpunktet at Noreg ikkje burde sende våpen til Ukraina, braka det laus. Mange medlemmer protesterte mot dette og nokre sa dei ville melde seg ut.

Sjølv hadde eg lenge følgt meir enn dei fleste med på situasjonen i Ukraina, ikkje minst på grunn av familiær tilknyting. Eg hadde lenge vore skeptisk til ein del vurderingar hos leiinga i Raudt, og eg var svært spent på om partiet ville klare å stå på prinsippa og seie nei til våpenleveransar. Da eg leste at medlemmar av Raudt ville melde seg ut fordi leiinga ikkje ville sende våpen, reagerte eg spontant: Da går eg motsette vegen og melder meg inn! Innmeldingsbrevet blei sendt på timen.

Plutselig fant eg meg på innsida av ein organisasjon eg bare hadde sett frå utsida, ein organisasjon som politisk og organisatorisk, på godt og vondt, var noko heilt anna enn dei forgjengarane eg hadde forlate eit par tiår tidligare. Eg opplevde raskt at eg hadde kome inn i eit vepsebol. Bare eit par veker etter innmeldinga mi fant eg meg sjølv på årsmøte i Rødt Finnmark, der eg stilte med sjølvskrive forslag om Ukraina, og til mi forundring opplevde motstand mot mi analyse av NATO si rolle. Det endte likevel med eit kompromiss som eg kunne leve med da, På nettforuma «Aktiv i Rødt» og «Vi som støtter Rødt» raste debatten, og partileiinga sitt standpunkt blei knallhardt angrepe frå to kantar.

Frå Russland har vi lenge hørt om korleis opposisjonelle blei stempla som «utanlandske agentar», og no blei all opposisjon forbode og stempla som forræderi. Men Russland var ikkje lenge aleine med å stemple avvikande meiningar. Frå USA kom det kraftige åtvaringar mot russisk propaganda og alle som ga uttrykk for avvikande syn på krigen blei stempla som agentar for Putin. Materiale frå russiske styresmakter eller som kunne mistenkast for å vere under innverknad av dei blei anten utestengt eller forsynt med åtvaring, på Facebook, Twitter, YouTube osv. Dette slo straks gjennom i Noreg, og heksejakta her gikk hardast ut over nettportalen steigan.no.

Steigan.no har lenge formidla eit allsidig materiale om internasjonale spørsmål, frå mange land og frå alle sider, frå CIA på eine sida til Russia Today på den andre. Tanken har vore at folk må få tilgang til forskjellige synsvinklar, også dei som ein sjølv ikkje er samd med. Men om ein promille av artiklane var uttrykk for russiske syn, var det nok. Heile prosjektet steigan.no / Mot Dag skulle stemplast som russisk agent.

Det neste steget ville da vere å bruke dette til å stemple partiet Raudt, ettersom sjefsredaktør for nettavisa var medlem og styreleiar også fylkesstyrerepresentant for Raudt. Da fikk partileiinga i Raudt panikk, og i staden for å forsvare sjølvstendig og allsidig journalistikk, kasta dei seg på angrepet på steigan.no, og gjentok all kritikken frå høgresida. Partisekretæren varsla i media om eit kommande oppgjør med alle som deltok i steigan.no, og trugsmålet om eksklusjonar skein tydelig gjennom. Faste bidragsytarar på steigan.no gjorde det klart at dei oppfatta dette som at dei no ville bli ekskludert frå Raudt.

Sjølv har eg gjennom fleire år sendt innlegg eg har skrive til steigan.no, liksom eg har sendt dei til andre nettportalar som Radikal Portal, Harvest og Nordnorsk Debatt, til lokalaviser og riksaviser, bl.a. Klassekampen. Ved sida av den norskspråklige samiske lokalavisa Ságat (som eg ofte er knakande uenig med) er steigan.no det organet som oftast har tatt inn det eg har sendt dei. Sjølv om sjefsredaktøren nokre gongar har sagt frå at han ikkje er enig med meg, har han publisert det, fordi steigan.no ikkje skal vere eit organ for einsretting, men for eit mangfold av meiningar og synsvinklar. Eg opplever no at eg er uønska i Raudt, ikkje mest på grunn av det eg har skrive, men på grunn av eit av dei media der eg har fått publisere synspunkta mine.

Samtidig som vi alle fordømmer sensuren i Russland, og den gamle frasa frå den kalde krigen om «den frie verda» dukkar opp igjen, blir ytringsfridomen sine rammer innsnevra også i den «vestlige» verda. Gjennom eit ganske langt og ganske politisk aktivt liv har eg opplevd å bli utsett for forsøk på å stoppe kjeften på meg og likesinna, både innafor den gamla ml-rørsla (der Pål Steigan da var blant voktarane av den «rette linja»), fagrørsla (i og utafor LO) og miljørørsla. Det nye no er at vi opplever ein allianse frå toppen i USA gjennom NATO, mainstream media i Noreg og inn i leiinga i Raudt.

Eit parti eller ein annan organisasjon må ha lov å sette grenser for kva medlemmar og tillitsvalde kan seie offentlig. Om eit medlem konsekvent over tid offentlig motarbeidar heilskapen i partiet sin politikk og grunnlag, eller gjør svært grove handlingar, må partiet ha lov å sette ei grense, inkl. eksklusjon. Så langt eg har sett, har ikkje Raudt / RV / AKP hatt noko slikt tilfelle. Derimot har ein hatt tilfelle der medlemmar har vore ekskluderte eller truga av eksklusjon for å ha avvikande meiningar på avgrensa område, der dei ofte har hatt spesielle kunnskapar eller kontaktar, og der partimedlemmar flest inkl. partileiinga bare har hatt si oppfatning ut frå dei vanlig herskande tankar i samfunnet. Eg tenker her på prosessane mot Hans Olav Brendberg i RV og Hendrik Weber i Raudt. Verda er ikkje enkel, og gong på gong ser vi at ein tendens dekker ein annan. Vi treng folk som vågar å tenke annleis, sjølv om dei av og til også skulle komme til å bomme. Der alle tenker likt tenker ingen mye.

Ein ting er å sette grenser innafor eit parti, noko heilt anna er når ein vil sette grenser for kva som skal vere lov å ytre i samfunnet. Her har vi sett at enkelte i Raudt har blitt så ivrige i sin sensur at dei også ønsker å bidra til at nokre personar blir nekta ein talarstol, slik leiar for Raudt i Trondheim har arbeida for at Hans Olav Brendberg ikkje skulle få lokale til eit ope møte i byen. Kva blir det neste?
Striden om ytringsfridom i samfunnet er ikkje ny, men sensurropet er no i ferd med å overgå situasjonen da den kalde krigen var på det verste. No skal krigen i Ukraina brukast til å kneble all sjølvstendig tenking og informasjon. Om partiet mitt, Raudt, blir ein del av denne sensuren, har eg ikkje lenger noko der å gjøre.

Svein Lund
Frå 01.03.2022 og inntil vidare medlem av Raudt

Forrige artikkelMariupol kan bli et viktig senter for eurasisk integrering
Neste artikkelMer COVID-galskap