Flokken til Steigan

0

I går publiserte vi ros av sjefredaktør Steigan fra Knut Erik Aagard. For å få litt balanse publiserer vi i dag en kritikk, forfattet av mangeårig journalist Albert Collett.

Av Albert H. Collett.

Tillitsvalde i Raudt med aksjar i Mot Dag må stå skolerett om dagen. Eg melde meg ut av Raudt i 2020, men har to aksjar i selskapet som gir ut steigan.no. Dette er ei slags børsmelding om aksjane. Meldinga er lang som eit vondt år, men vil du vere med, så heng på.

Aller først: Takk til Pål og faktisk.no for at de har tvunge meg ut på denne reisa. Det har vore ein helvetes tur, men eg ville ikkje ha vore forutan. Av og til er det sunt å ettergå kva ein står for her i livet.

Så historia: Det er ikkje alle forunt å bli omtalt i hovudstadspressa. Meg skjer det omtrent kvart førtiande år. Første gong var i Dagbladet i 1983. Da feira familien Collett 300-årsjubileet til den norske greina. Trelasthandlar James kom flyttande frå London i 1683, og stifta familie i Oslo. Jubileet vart markert med pomp og prakt. Om eg hugser rett, leigde dei heile Anden Etage på Hotel Continental. Det var raud laupar heilt ut på fortauet, og innleigd heisførar. Dagbladet omtalte dette i detalj, og avslutta med følgande setning: «Klassekampen-journalisten Albert H. Collett har takket nei til innbydelsen.»

Møtet med Pål

Dagbladet var som vanleg bakpå. Rett nok var eg vikar i Klassekampen i heile 1982, men dette var eit halvt år seinare. På den tida var eg valkampsekretær i Raud Valallianse. Det var òg da eg vart kjend med Pål Steigan. RV hadde kontor i Bernt Ankers gate i Oslo sentrum. Vi fauk begge inn og ut av desse kontora. Kuriøst nok tok fleire feil av oss i forbifarten. Dei sa «Hei Pål» til meg og «Hei Albert» til Pål. Sia den gongen har vi hatt ein god tone oss imellom. Det har vi framleis.

Opp gjennom åra har eg følgd den politiske utviklinga hans med interesse, og trur eg har lese alle bøkene hans. Da han starta bloggen steigan.no i januar 2014, var eg stadig innom. Pål er meir kunnskapsrik enn dei fleste. Denne kunnskapen, kombinert med ei velutvikla evne til analyse, gjorde at eg stadig fann stoff eg oppfatta som viktig, og som ingen andre tilbaud i same grad.

Lenke på arbeideravisa.no

På den tida laga eg nettavisa arbeideravisa.no på oppdrag frå LO i Trondheim. Eg var rask til å legge inn «Steigan blogger» blant lenkene på framsida. Den ligg der den dag i dag, mellom Minerva og George Monbiot. Eg ba også Pål om eit møte med tanke på mogleg samarbeid, og fikk det.

Pål kom heimefrå med Nesodd-båten, og vi hadde ein lang, fin samtale før han tok båten tilbake. Eg hugser at eg sa: «Du har vel ein plan med dette». Det stadfesta han. Vi snakka om framtida til kommunismen, slik han blant anna drøfter i boka «Sammenbruddet» frå 2011. Der ender den historiske gjennomgangen i Kommunisme 5.0, eit mylder av variantar som gir folk flest hand om ressursane og liva sine. I tråd med det mangfoldige mylderet viste han blant anna til den andalusiske landsbyen Marinaleda, som var smått vidgjeten på den tida. Dei hadde tatt kontroll over jorda omkring seg, og slik berga unna den massive krisa resten av Spania opplevde.

Samarbeidet med steigan.no vart ikkje noko av. I april same år vedtok LO i Trondheim å innstille støtta til arbeideravisa.no. Dei trong pengane til andre formål. Eg heldt likevel kontakten med Pål, og deltok på stiftingsmøtet for Mot Dag AS i 2017. Der teikna eg meg for to aksjar.

Både før og etter stiftinga har vi hatt sporadisk kontakt. Mellom anna sa eg meg interessert da han etterlyste folk som kunne kurse nye skribentar. Om kursinga vart noe av, veit eg ikkje, men eg hørte ikkje meir frå han om akkurat det.

Tidvis meldte eg og inn kritikk. Noe av denne korrespondansen skjedde med Halvor Fjermeros, som eg også vart kjend med i Bernt Ankers gate i 1983. På stiftingsmøtet til Mot Dag vart han presentert som «Påls mothake»: Ein Pål kunne gå til og vere sikker på å få ærlege svar frå, også dei han eventuelt ikkje likte.

I 2017 skreiv eg blant anna dette om svake punkt i stofftilfanget:

«Kvinnesak glimrer dramatisk med sitt fravær. Her må det tas grep raskt. Pål har vært inne på det, men en rask scrolling av nettsida viser et trettitalls saker hvorav null handler om kvinnekamp, undertrykking av kvinner eller kvinners liv. Fokuset på utenrikspolitikk er prisverdig nok, men halvparten av befolkningen i resten av verden er også kvinner.»

Eit halvt år seinare:

«Gubbeveldet har jeg tatt opp før, og det gjelder i stor grad ennå. En rask opptelling for noen dager siden ga 24 gubbeartikler og sju med dameforfatter på steigan.no. Kvinnekamp glimrer også med sitt fravær blant fanene på toppen.»

Mot Dag Forum

På tampen av 2020 inviterte Pål meg til å delta i Mot Dag Forum. Forumet skulle arbeide med å vidareutvikle steigan.no. Eg fikk ei lenke der eg kunne melde meg inn, og gjorde det. Fem minutt etter var eg utmeldt. Eg skreiv følgande til Pål:

«Takk for invitasjon til Mot Dag Forum. Etter litt strev fikk jeg meldt meg inn, men jeg meldte meg like fort ut igjen. Grunnen er at Trond Andresen ser ut til å være en sentral figur. Jeg anser en mann som insisterer på å bære parolen «Det stadige gnålet om antisemittisme er en avsporingstaktikk» i førstemaitoget år etter år som en provokatør jeg ikke ønsker å samarbeide med.»

Pål svarte at han respekterte valet mitt. Han ba meg notere at han ville ha meg med, og at han for sin del godt kunne samarbeide med folk han var ueinig med dersom det tente saka. Han avslutta med: «Vi holder kontakt.»

Til dette svarte eg:

«Har absolutt notert at du ville ha meg med, og det setter jeg pris på. Når det gjelder Trond, er vi uenige. Jeg kan også godt samarbeide med folk jeg er uenige med om mangt og mye, men for meg er Trond en provokatør. Bytt ut ordet antisemittisme med hvilket som helst annet negativt ladet ord i parolen hans, og det blir tindrende klart at mannen er ute etter å provosere, på bekostning av jødene. En av skattene jeg har med meg fra det ene året jeg jobbet i Klassekampen, er Roald Helgheims knivskarpe arbeid med å skille antisemittisme fra antisionisme. Et adelsmerke i Klassekampens historie. Da er det bare trist at Trond Andresen insisterer på å rote det til.»

Pål svarte:

«Han elsker å være provokatør. Det har han alltid gjort.»

Eg kvitterte med eit smilefjes. Det angrer eg på i dag. Eg skulle ikkje ha tatt så lett på det. Sagt på ein annan måte: Eg finn det problematisk at Pål tilsynelatande meiner det tener saka å samarbeide med Trond Andresen.

«Det stadige gnålet»

28. april 2015 skreiv Daniel Johansen ein kronikk i Adresseavisen der han kritiserte at LO ville tillate Trond Andresen å gå i 1. maitoget under parolen «Det stadige gnålet om antisemittisme er en avsporingstaktikk», slik han hadde gjort i fleire år.

LO-leir John-Peder Denstad forsvarte først avgjerda. Til Adresseavisen sa han at han ikkje meinte parolen var i strid med ein av hovudparolane i toget: «Bekjemt antisemittisme og islamhat».

Eg skreiv til LO omtrent som eg seinare gjorde til Pål: «Bytt ut ordet antisemittisme med hvilket som helst annet negativt ladet ord i parolen hans, og det blir tindrende klart at mannen er ute etter å provosere, på bekostning av jødene.»

Smak på denne: «Det stadige gnålet om rasisme er en avsporingstaktikk.» Eller denne: «Det stadige gnålet om pedofili er en avsporingstaktikk.» Denne enkle lakmustesten avslører at formålet med parolen er å provosere, ingenting anna.

Eg var langt frå den einaste som protesterte. Peder Martin Lysestøl var blant dei. Få her til lands kan meir om Israels overgrep enn han. Like fullt har han ingen problem med å skilje mellom sionismens apartheidstat og jødar flest.

Heldigvis snudde LO, men provokatøren Andresen let seg ikkje stoppe. Han stilte med parolen, lett kamuflert bak eit smilefjes. For alt eg veit gjer han det på nytt om noen dagar. Dette er ikkje politisk kamp. Dette er ikkje dialog i eit demokrati. Dette er rein provokasjon for provokasjonen si skuld. Kor fruktbar den slags framferd er, ser vi godt illustrert i Rasmus Paludans krosstog i Sverige no om dagen.

Jonas Skybakmoen i Adresseavisen er blant dei som fortenstfullt følger med på aktivitetane til Trond Andresen. Ein fersk kommentar var blant anna illustrert med eit bilete Andresen har lagt ut på Facebook av seg sjølv saman med «Alliansen»-leiar Hans Jørgen Lysglimt Johansen, nestleiar Bjørn Christian Rødahl og Hans Olav Brendberg. I tekstfeltet skriv han: «Uha. Hesteskoteorien bekreftes! Hyggelig kaffekopp i Trondheim. Vi var enige om det viktigste.»

Lystprovokatøren fornekter seg ikkje…

Under biletet fortsetter Skybakmoen kommentaren med eit sitat frå Lysglimt Johansen:

«Vi er nødt til å ta dette oppgjøret up front med jødene nå. Vi har fått nok. Jeg er selv dritt lei at jødene skal få pushe fram dette falske holocaust-narrativet», skrev Johansen på Twitter samme år som han drakk kaffe med Brendberg og Andresen. Alliansen-lederen har omtalt norske politikere som «jødelakeier». Ja, han har en dog oppfordret til å lese terroristen John T. Earnests såkalte manifest etter det dødelige angrepet mot Poway-synagogen i California. «Manifestet» kommer med råd om hvordan flere angrep kan gjennomføres. Samtidig har folk i Johansens parti aksjonert på vegne av nazistorganisasjonen Den nordiske motstandsbevegelsen utenfor synagogen i Oslo.»

Takk, Skybakmoen.

Så skulle konklusjonen vere klar: Når Pål held seg med slike venner, må eg seie farvel til Mot Dag og steigan.no.

Ikkje så enkelt

Hadde det berre vore så enkelt. Det er det altså ikkje. Eg hører til dei som meiner at verda går til helvete, og som likevel ikkje vil gi seg. Av omsyn til mi eiga mentale helse er eg avhengig av tilfang frå andre som tar verda på alvor, og ikkje let seg blende.

Eg vart nyleg minna om Neil Postmans «Vi morer oss til døde» frå 1985. Boka viser, for å sitere vaskesetelen, «hvordan fjernsynet skaper alt om til underholdning, og blant annet virker inn på politikk, religion, undervisning og nyhetsformidling. Ifølge forfatteren er vi på vei inn i Huxleys «vidunderlige nye verden».»

Kor sannspådd han var, er nok til å skremme livskiten av kven som helst. Eg slepp å sjå Else Kåss Furuseth servere det totale nonsens kvar bidige laurdag kveld, men rekk ikkje avknappen kvar gong ho reklamerer for programmet.

Dagsrevyen sender innslag etter innslag om ein skodespelar som har drepe ein kollega med eit vådeskot i Texas mens vi ikkje får høre eit ord om dei som døde i Jemen eller Afghanistan den dagen, eller om borna som set livet til i gruvene i Kongo for at vi skal få mineral til mobiltelefonane og pc-ane våre eller om Kina som soper verdshava tomme for fisk.

Og det er berre starten. The Kardashians, Idol og dei styrtrike artistane i idretten ruler. Snart 40 år etter Postman har vi fått sosiale medium i tillegg. Der konkurrerer unge jenter over heile kloden om korleis dei skal svelte helsa av seg. Einsame menn dyrker vald i lukka forum.

Heile verda sit med ansiktet i ein skjerm. Sirkus døgnet rundt, året rundt. Vi er lysår unna å tømme ein sjokoladeautomat.

Motgift

Stilt overfor alt dette, treng eg motgift. Eg treng Deeyah Khan, som oppsøker dei høgreekstreme i USA og ikkje vik ein tomme når ho konfronterer dei med menneskesynet deira. Eg treng John Pilger, som stiller Nelson Mandela til veggs når han let kapitalistane ture fram som før i Sør-Afrika. Eg treng Kajsa Ekis Ekman som grev og finn korleis vestlege media bringer vidare rapportar frå nazistiske reporterar i Ukraina.

Framfor alt treng eg dei som alltid leiter etter samanhengane og leverer analysane. Eg treng Arundathi Roy, som skriv den sylskarpe artikkelen «The NGO-ization of resistance», der ho opner som følger: «NGOs give the impression that they are filling the vacuum created by a retreating state. And they are, but their real contribution is that they defuse political anger and dole out as aid or benevolence what people ought to have by right. They alter the public psyche.»

Eg treng min favorittreaksjonære, Jon Hustad i Dag og Tid, eg treng Yohan Shanmugaratnam i Klassekampen, og eg treng Pål.

Men. No har eg altså vorte verdiga omtale i hovudstadspressa på nytt etter snart 40 år fordi eg eig to aksjar i Mot Dag. Sjølv for ein som ikkje er medlem av Raudt, oppstår behovet for å forklare seg. Bodskapen har nådd fram: Enten må eg forsvare kvifor eg eig desse aksjane, eller så må eg for fanden sjå til å bli kvitt dei. Skal eg gå god for vaksinemotstanden og den manglande støtta til Ukraina, eller skal eg ikkje?

Stridens kjerne 1: Vaksinemotstand

Vaksinemotstand er legitimt. Pål må få lov å meine at Støre arbeider for å innføre eit permanent korona-diktatur i Norge, slik han gjer på Mot Dag-TV. Kritikken han framfører mot utkastet til nye forskrifter er verd å lytte til.

Problemet oppstår på to plan. Det eine planet handler om kva som blir publisert. Eg skal villig vedgå at eg ikkje har følgd like godt med på steigan.no dei siste par åra. No har eg vore inne og kikka. Der finn eg ei salig blanding av skit og kanel.

To ferske døme:

A. 19. april står artikkelen «En bombe av et innlegg om vaksineskader i australsk parlament.» Mannen som framførte innlegget, heiter Malcolm Roberts. Han er vald inn for «One Nation», og blir omtalt slik på Wikipedia: «Roberts is known for his climate change denial and as a proponent of global warming conspiracy theories.» Om partiet hans står det blant anna: «One Nation’s policies and platform have been much criticized as being racist and xenophobic.»

B. 21. april står ein artikkel med tittelen «Forskning: Pfizer-vaksine risikerer å endre DNA.» Den viser til ein ny studie ved Lunds Universitet. Immunolog og virolog Ann-Cathrin Engwall blir intervjua. Så, og det skal steigan.no ha: Det er alltid lenke til kjeldene. I dette tilfellet Epoch Times. Kven er så dei? I følge Wikipedia ««a far-right international multi-language newspaper and media company affiliated with the Falun Gong new religious movement.»

Da Påls gamle venn Tron Øgrim gikk bort, flagga Wikipedia på halv stang. For alt eg veit er dei kuppa av reaksjonære krefter sia den gongen, men eg les no det eg les. I tillegg må eg vedgå at eg har større tillit til Ebba Wergeland enn til Pål i helsepolitiske spørsmål. Når ho skriv «Skru av, Steigan» om dekninga av pandemien, tar eg det som nok ein indikasjon på at nettsida er på ville vegar.

Så er det fullt lovleg å bruke kjelder frå ytre høgre, men det var kanskje ikkje det eg hadde sett for meg da eg støtta opp om steigan.no. Det er synd, blant anna fordi Klassekampen treng korrektiv frå venstre. Eg elsker Klassekampen, er med i Klassekampens Venner og sender ein liten slant kvar månad, men også der er det hummer og kanari. Så seint som fredag i førre veke, 22. april, gikk hovudoppslaget som følger: «Støre om finsk og svensk Nato-medlemskap: Vil gi nordisk samkjøring.» I ingressen seier Støre at «finsk og svensk Nato-medlemskap vil gjøre det forsvarspolitiske samarbeidet i Norden tettere, med blant annet felles øvinger og innkjøp.» Det er omtrent like oppsiktsvekkande som at eg vil møte eit par av vennene mine oftare dersom vi blir einige om å handle på samme butikk. Dette er ikkje journalistikk, Klassekampen, og dermed framstår det som eit oppslag av typen «Sjå, vi har fått eit eksklusivt intervju med sjølvaste statsministeren!» Flaut.

Det var ein digresjon. Vidare til det andre problemplanet i steigan.nos vaksinemotstand: At han tilsynelatande ikkje har problem med kven han allierer seg med.

I Klassekampen 12/2 2020 skreiv historikar Lars Borgersrud:

«…men faktum er at han 19. desember holdt tale for folk fra Den Nordiske Motstandsbevegelsen, Sian og «Alliansen» (Hans Jørgen Lysglimt) og noen andre, hvor han med vidd og trøkk tillot seg å bruke motstandskampen 1940-45 som eksempel…
Det er jo ganske fantastisk å sammenlikne denne gjengen av rasister, innvandringsmotstandere, konspirasjonsfantaster og Holocaust-fornektere med motstandsbevegelsen under krigen.»

Dagen etter svarte Pål:

«Jeg holdt tale for fronten «Røde luer», plattformen deres er veldig enkel, for frihet, demokrati og åpning av samfunnet. Borgersrud kaller dem «rasister, innvandringsmotstandere, konpirasjonsfantaster og Holocaustfornektere». Det er grov sjikane som han burde ha holdt seg for god til.»

Med all respekt, dette heng ikkje på greip. Pål kan ikkje dekke seg bak at det ikkje var desse folka som arrangerte møtet, så lenge arrangementet verka som fluepapir på dei, og ikkje minst: Så lenge det same i aukande grad ser ut til å gjelde steigan.no.

Snart har 2500 år gått sia Euripides sa: «Sei meg kven du omgåast, og eg skal seie deg kven du er.» Ordtaket gjeld framleis. Så kan Pål vri seg unna og seie at det ikkje er han som har søkt selskap med Lyslimt & Co. Dessverre hjelper det ikkje stort så lenge han held seg med Trond Andresen som nær medarbeidar, ein person som sjølv skriv at han er einig med Holocaust-fornektaren Lysglimt om det viktigaste.

Syria vs Ukraina

Eitt av områda eg har hatt problem med på steigan.no, er den einsidige støtta til Assad i Syria. Ja, store delar av dei som slåss mot han er kjeltringpakk, men det gjer ikkje Assad til helgen. Slikt forstår eg ikkje.

Spol fram til Ukraina. Der har eg lenge funne mye av interesse på steigan.no, både før og etter invasjonen. Så seint som 23. februar, dagen før invasjonen, sto ein svært lesverdig artikkel skriven av Knut Erik Aagaard, der han formidla Russlands syn. Eg las også også Påls eigen artikkel «Imperialismen, arbeiderklassen og det nasjonale spørsmålet» 13. april med stort utbytte. Eg er ueinig i konklusjonen, men det er ei anna sak.

Faktisk.no som våpen

Eg har lenge omtalt Pål som spedalsk. I Klassekampen 21. april bruker hans mangeårige mothake Halvor Fjermeros samme merkelapp. Det lever Pål godt med.

Og da har vi komme til faktisk.no, som starta det siste sirkuset rundt steigan.no og oss meir eller mindre «med-spedalske»:

25. mars publiserte dei artikkelen «Slik spres russisk propaganda i norske alternative medier.» Ingressen gikk slik: «Én aktør skiller seg klart ut som den største sprederen av russisk-kontrollert innhold, viser en kartlegging Faktisk.no har gjort.» Denne artikkelen er det reine dilldall. Dermed er det interessant at den har fått så stor merksemd.

Det faktisk.no har gjort, er å rekne saman talet på artiklar med opphav i opne og fordekte russiske kjelder frå januar i fjor til mars i år i det dei kaller alternative media. Da kjem dei blant anna fram til at steigan.no har 169 artiklar frå «nettsider som framstår som uavhengige, men som direkte eller indirekte er kontrollert av russiske myndigheter», mens resett.no har 24 og document.no 1. Omtrent like sensasjonelt som om Hytteliv skulle ha mange fleire artiklar om hytter i fjellet enn Fjell og Vidde i samme tidsrom, og at det skulle gjere Hytteliv til eit meir suspekt organ.

Det andre hovudpoenget til faktisk.no er nettsidene dei hevder at framstår som uavhengige. Ei av desse fordekte ulvane er «The Saker». Googler du nettsida, får du opp ein sidetopp der det står klart og tydelig: «The Saker. Stop the Empire’s war on Russia.» Nettsida «Southfront» blir framstilt som tilsvarande suspekt. Går du inn der, finn du titlar som «Liberation of Mariupol.»

Framstår som uavhengige? Det er så ein må gni seg i auga og spørre om Faktisk.no har tatt seg bryet med å gå inn på desse sidene dei meiner er så skumle.

Ei samanlikning: Eg har fem gonger så mange aksjar i den nynorske vekeavisa Dag og Tid som eg har i Mot Dag. Dekninga av Ukraina i Dag og Tid har vore framifrå. Ikkje berre har dei hatt glede av sin faste skribent, den ukrainske forfattaren Andrei Kurkov. Han har rapportert kvar veke både før og etter krigsutbrotet. Først heimefrå i Kyiv, no frå lenger vest i landet. Dei har òg hatt glede av ein annan fast skribent, Russlands-kunnige Halvor Tjønn.

Framfor alt har dei veke etter veke formidla den russiske versjonen av kva som går føre seg. Uhyre interessant, og heilt fundamentalt for å forstå galskapen i det som skjer. Skulle dette gjere Dag og Tid meir suspekt, faktisk.no? Er de i gang med å lage ein liknande artikkel der de samanlikner talet på russiskvenlege artiklar der med tilsvarande i eit par andre vekeaviser?

Eit tilleggspoeng: EU har strupa tilgangen til russiske media. Det fortel to svært viktige ting: Den vestlege såkalla liberale, demokratiske retten til fri informasjon for å kunne gjere seg opp si eiga meining, er ikkje verd papiret den er skriven på. Som konsekvens: Europa risikerer å fatte skjebnesvangre avgjerder fordi folk er uinformert. På akkurat det punktet skal Støre & Co ha ros: Dei lytta til eit samla pressekorps som ropte stopp til sensur.

Faktisk.no har og brukt tid og krefter på å lage artikkelen «Er det mange nynazister i Ukraina?» I ingressen får vi vite at «Ukraina har ikke noe større problem med nynazister enn andre europeiske land og Russland, ifølge eksperter.» Takk, faktisk.no. Eg vil tru det er til stor trøst for dei afrikanske og arabiske flyktningane frå Ukraina som vart banka opp og kjeppjaga da dei melde seg på grensa til Polen.

Siktemålet med artikkelen er sjølvsagt å svekke posisjonen til dei som peiker på at Ukraina har eit stort problem med nazistar i eigne rekker, inkludert i forsvaret.

Dette blir presentert som objektiv og nøytral informasjon, og både media og mange andre sluker agnet med krok, søkke og snøre. Blant dei Raudt-politikar Ronny Kjelsberg, som sist gjentok alle påstandane frå faktisk.no i Politisk Kvarter i NRK 19. april. Kjelsberg skulda steigan.no for ikkje å vere kjeldekritisk nok, og det har han alltids rett i, men kor var hans eigen kjeldekritikk?

Det skal faktisk.no ha, til liks med steigan.no, at dei oppgir kjeldene sine. I dette tilfellet er det Natos senter for strategisk informasjon, Global Engagement Center i USAs utanriksdepartement, den USAnske tenketanken Foreign Policy Research Institute m.fl.

Utan eit komma med motforestillingar let Kjelsberg seg bruke av desse agentane for «demokratiet» USA. Sia 1945 har dette «demokratiet» vore involvert i eit 30-tals skjulte operasjonar for regimeendring og like mange krigar med millionar av døde som resultat. Til overmål speler Kjelsberg fornærma når Halvor Fjermeros nagler han for dette i Klassekampen. Den som trur USA har halde fingrane av fatet i Ukraina, er det berre å ønske god jul og god betring.

Okke som, faktisk.no har klart å gjere Pål enda meir spedalsk enn han var frå før, og feirer sikkert med sjampanje.

Stridens kjerne 2: Den manglande støtta til Ukraina

Dessverre løyser ikkje det mitt problem. Mitt problem, i tillegg til tvilsame kjelder og venner, er kor Pål har hamna i Ukraina-krigen. Han viser til historia og korleis ulike marxistar på ulike stadium har inntatt ulike haldningar til det nasjonale spørsmålet. T.d. var Rosa Luxemburg mot at Norge skulle lausrive seg frå Sverige. I tilfellet Ukraina konkluderer Pål med at dette først og fremst er ein krig mellom NATO/USA-imperialismen og Russland. Dermed kan han ikkje støtte noen av partane. Eg står ikkje der.

Eg meiner å hugse at ein svensk forsvarssjef ein gong vart spurd kva som ville vere det ideelle forsvaret. «Eit forsvar utelukkande av SKP-arar. Dei ville forsvare landet same kven fienden var,» svarte han. SKP var datidas søsterparti til AKP. Det var der vi sto den gongen. Forsvaret for den nasjonale sjølråderetten var vilkårlaust.

Ingenting oppsummerte synet vårt vakrare og klårare enn songen «August i 68», forfatta av Edvard Hoem på ein sommarleir i 1976. Første vers og refrenget går slik:

«August i 68, ei tsjekkisk kvinne går
frå natta ved maskinane, ei tidleg klokke slår.
Eit toreskrall frå himmelen, ein morgon blank og ny,
Eit tog av panservogner dundrar inn i hennar by.

Vi gløymer aldri Praha, vi høyrer, kameratar,
at framande soldatar trampar på dykkar jord.»

Der står eg, den dag i dag.

Konklusjon? Eg gjer som Anders Ekeland, og returnerer aksjane mine til Mot Dag. Lenka til steigan.no på mi eiga nettside gammelalbert.no ligg fast. Å isolere seg frå alternative synsmåtar er ikkje av det gode.


Denne artikkelen ble først publisert på bloggen til Albert Collett.

Kanskje artikkelen kunne stimulere til debatt?

Forrige artikkelHvis man ikke forstår imperialismen kan man ikke utvikle en riktig politikk
Neste artikkelMilliardærer kommer bare til unnsetning i filmer og tegneserier