Fakta om Covid-19

0
Illustrasjon: Shutterstock

Swiss Policy Research

Oppdatert desember 2020

Fullt dokumenterte faktum om covid-19, lagt fram av ekspertar på feltet, for å hjelpe lesarane våre til å gjere ei realistisk risikovurdering.

Den einaste måten ein kan nedkjempe pesten på, er ærlegheit” (Albert Camus, 1947)

Oversikt

  1. Dødelegheit: I følge dei siste immunologiske studiane er den totale infeksjonsdødsraten (infection fatality rate (IFR)) til covid-19 på rundt 0,1% til 0,5% i dei fleste land. Det kan samanliknast med dei mellomstore influensapandemiane i 1957 og 1968.
  2. Behandling: For spesielt sårbare er det nødvendig med tidleg eller profylaktisk behandling for å hindre at sjukdommen utviklar seg og unngå sjukehusinnlegging.
  3. Aldersprofil: Medianalderen til covid-daude er på over 80 år i dei fleste land, og berre rundt 5% av dei avlidne hadde ingen underliggande alvorlege sjukdommar. I motsetning til pandemisk influensa, er altså alders- og risikoprofilen til covid-mortaliteten nokså lik normal mortalitet og aukar den proporsjonalt.
  4. Pleieheimar: I mange vestlege land har opp til to tredelar av alle covid-dødsfall skjedd i pleieheimar, som treng målretta og humant vern. I nokre tilfelle er det ikkje klart om pasientane eigentleg døydde av covid eller av veker med stress og isolasjon.
  5. Mortalitet utover normalen: Oppimot 30% av alle dei ekstra dødsfalla kan ha blitt forårsaka av ikkje covid, men av effektane av nedstengingar, panikk og frykt. Til dømes har behandlinga av hjerte- og hjerneslag blitt redusert med bortimot 40% fordi mange pasientar ikkje lenger våga å dra til sjukehus.
  6. Antistoff: Sommaren 2020 hadde særleg hardt råka område som New York og Bergamo nådd antistoffnivå på rundt 25%. Hovudstadar som Madrid, London og Stockholm låg på rundt 15%. Men store delar av Europa og USA låg framleis på under 5%.
  7. Symptom: Opptil 40% av alle infiserte viser ingen symptom, rundt 80% viser toppen milde symptom, og rundt 95% viser toppen moderate symptom og treng ikkje innlegging på sjukehus. Milde tilfelle kan kome av beskyttande T-celler frå tidlegare vanleg forkjøling etter koronavirusinfeksjon.
  8. Langvarig covid: Kring 10% av dei med symptom rapporterer om post-akutt eller langvarig covid, d.v.s. symptom som varer i fleire veker eller månadar. Dette gjeld også yngre og tidlegare friske med sterk immunrespons. Det post-virale syndromet er også kjent frå alvorleg influensa.
  9. Overføring: I følge det vi veit på noverande tidspunkt, så er hovudvegane for overføring innandørs aerosolar og smådropar produserte under tale eller hosting, medan utandørs aerosolar, og også dei fleste overflater, verkar spele ei mindre rolle.
  10. Masker: Det finst framleis lite eller ingenting av vitskapelege bevis for at ansiktsmasker av ty virkar for folk flest, og introduksjonen av obligatorisk maskebruk greidde ikkje halde i sjakk eller seinke epidemien i dei fleste land. Ved ukorrekt bruk, kan maskene auke risikoen for infeksjonar.
  11. Barn og skular: I motsetning til influensa, er risikoen for sjukdom og overføring hos barn svært låg med covid. Det fanst og finst derfor ingen medisinsk grunn til stenginga av grunnskular eller andre tiltak spesielt retta mot barn.
  12. Kontaktsporing: Ein WHO-studie frå 2019 om tiltak mot influensapandemiar konkluderte med at kontaktsporing, utifrå eit medisinsk perspektiv, er “ikkje tilrådd under noko omstende”. Kontaktsporingsappar på mobiltelefonar har også mislykkast i dei fleste land.
  13. PCR-testar: Virustestsett som blir brukt internasjonalt kan i nokre tilfelle vise falskt positive og falskt negative resultat, eller reagere på ikkje-smittsame virusfragment frå tidlegare infeksjonar. Her er den såkalla syklusterskel-verdien (CT-verdien) ein viktig parameter.
  14. Medisinsk feilpraksis: I USA og nokre andre land fann det stad fatal medisinsk feilbehandling på einskilde covid-pasientar på grunn av tvilsame finansielle incentiv og upassande prosedyrar. I dei fleste land har talet på covid-dødsfall blant sjukehuspasientar sidan minka signifikant.
  15. Nedstengingar, ‘lockdowns’: WHO har åtvara om at nedstengingane har forårsaka ei “skrekkeleg global katastrofe”. Ifølge FN kan nedstengingar ha sett levebrødet til 1,6 milliardar menneske i akutt fare, og kan skyve yttelegare 150 millionar barn inn i fattigdom. Arbeidsløyse, konkursar og psykiske problem har nådd rekordhøge nivå verda over.
  16. Sverige: I Sverige har den totale dødsraten, utan nedstengingar, så langt lege på nivå med ein sterk influensasesong. 70% av svenske dødsfall skjedde i pleieheimar som ikkje vart raskt nok beskytta. Medianalderen for svenske covid-daude er 84 år.
  17. Media: Rapporteringa til mange medium har vore uprofesjonell, har maksimert frykt og panikk hos folk, og har ført til ei massiv overvurdering av kor dødeleg covid er. Nokre medium har til og med brukt manipulative bilete og videoar for å dramatisere situasjonen.
  18. Vaksinar: Mange medisinske ekspertar har åtvara om at koronavisvaksinar som er innførte i ekspressfart kan vere risikable. Vi veit jo at t.d. vaksinen mot den såkalla svineinfluensaen i 2009 førte til fleire tilfelle av alvorlege nevrologiske skadar og millionsøksmål. Også ved testing av nye koronavirusvaksinar har det blitt rapportert om alvorlege komplikasjonar og feil.
  19. Virus-opphav: Opphavet til det nye koronaviruset er framleis uklart, men dei beste bevisa viser til eit tilfelle av covid-liknande lungebetennelse i ei kinesisk gruve i 2012. Det virologiske instituttet i Wuhan (WIV) samla inn, lagra og forska på virusprøver frå dette tilfellet.
  20. Overvaking: NSA-varslaren Edward Snowden har åtvara om at covid-pandemien kan bli brukt til å permanent ekspandere den globale overvakinga. I mange delar av verda blir befolkninga overvaka av droner og risikerer å møte eit politi med utvida fullmakter under nedstengingane.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Originalen kan lesast her: https://swprs.org/covid19-facts/

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.