Mads Løkeland-Stai svarer i dette innlegget på et tilsvar fra Andreas T. Aasheim frå Norwea. Den første artikkelen av Løkeland-Stai som startet debatten er denne: Energieffektivisering gir straum og sparer naturen!
Andreas T. Aasheim frå Norwea (vindkraftselskapas organisasjon) liker ikkje at eg viser at vindkraft på land i Noreg nesten ikkje gir varige arbeidsplassar, mens satsing på energieffektivisering gir mange gongar så mange arbeidsplassar for kvar TWh kraft. Som tiltak i ei korona-tid, vil ein sterk auke av budsjettet til Enova for energieffektivisering gi mange og raske arbeidsplassar – i tillegg til at det er eit godt klimatiltak.
Vindkraftanlegga til Fosen vind (1000 MW) får om lag 40 – 50 arbeidsplassar når anlegga er i drift (info: vindportalen.no), og produsere ca 3 TWh elkraft. Zero, i samarbeid med Elektroforeningen og NELFO, kom i 2017 med rapport om energisparing i bygg «Målet om 10 TWh energisparing er også gunstig for norsk økonomi og sysselsetting. Undersøkelser viser at det fram mot 2030 vil kunne utløse samfunnsøkonomiske gevinster på 80–90 milliarder kroner og skape 7 000–8 000 nye, varige arbeidsplasser.» Forskarar på Sintef og NTNU har funne at ein kan frigjera 40 TWh energi frå bygg fram mot 2040. Potensialet er enormt, samfunnsøkonomisk lønsamt, og utan inngrep i naturen.
Statnett hevdar at ca 40 TWh trengst for å oppnå «omfattande elektrifisering» med utfasing av fossil energi. Dei har rekna med 12 TWh til Nordsjøen, som er tvilsamt som klimatiltak. Utan dette, er dermed 28 TWh tilstrekkeleg. Vi har laga eit scenario for framtidig energibalanse, som viser at satsing på energieffektivisering gir overflod av fornybar energi til utfasing av fossil energi og til utvikling av industri. Det er grunn til å lytte til direktøren i det internasjonale energibyrået, Dr Fatih Birol, 25. juni 2019: «Inga meiningsfull energiomvandling kan skje utan energieffektivisering». No må også Noreg satse sterkt på dette.
Ei scenario for 2030 og 2040.
Energi vist som TWh (dagens elproduksjon er ca 145 TWh).
2030 | 2040 | Ny og frigjort energi |
10 | 30 | Sparing i bygg. (Regjeringa lover 10 TWh i 2030) |
5 | 10 | Energieffektivisering i industri og anlegg |
8 | 15 | Rehabilitering av gamle kraftverk |
5 | 7 | Auka nedbør og milde vintrar (frå NVE) |
10 | 10 | Kraftverk under bygging. |
14 | 14 | Dagens normale kraftoverskot (ifølgje Statkraft) |
52 | 86 | Tilgjengeleg fornybar elektrisitet |
2030 | 2040 | Bruk av energi |
-2 | -4 | Revisjon av gamle kraftkonsesjonar |
-1 | -10 | Nedlegging av vindkraft når konsesjonar går ut |
-20 | -28 | «Omfattende elektrifisering» (ifølgje Statnett) |
29 | 44 | Tilgjengeleg elkraft til industri, eksport, etc |
Dette er ikkje eksakte tal, men konservative anslag.
Mads Løkeland, Naturvernforbundet i Orklaregionen
Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.
Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:
Vipps: 116916.
Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.