Norge i Irak: Ny krig for gamle mål?

1
Erling Folkvord
Erling Folkvord

(Refusert i Klassekampen)

Statsminister Erna Solberg seier at Norge sender spesialstyrkar til Bagdad for gi «en ny start for Iraks utvikling.» (Klassekampen 6.11.2014). I Stortinget sa ho at «inkluderende politikk» frå den nye Bagdadregjeringa var «en forutsetning for det vi går inn i.»  Denne regjeringa handhevar ein økonomisk blokade av den kurdiske regionen. Eg synst ekskluderande er eit meir presist uttrykk.

Solberg vil endre haldningane i restane av den irakiske hæren. Og der er jo Norge dei beste i heile verda. Statsministeren slo fast at «våre spesialstyrker har betydelig erfaring fra opptreningen av spesialpolitiet i Kabul og vil være de mest egnede styrkene til dette oppdraget.» Kanskje det blir like stor suksess denne gongen?

I diktet Den kvite manns byrde skreiv Rudyard Kipling for 115 år sia at kvite menneske i Vesten er meir siviliserte enn andre, og derfor har  plikt og rett til å styre over andre folkeslag. Til dei blir like siviliserte som oss. Solberg meiner tydelegvis at ho må ta sin del av dette langdryge oppdraget.

Irak og Syria har i hovudsak statsgrensane frå den første verdskrigen. I 1918 la sigerherrane linjalen på kartet og delte naturressursane i Midt-Austen mellom seg. Samtidig sa England og Frankrike i ei offentleg erklæring at den første vredskrigen handla om  å sikre den fulle og endelege frigjeringa av dei undertrykte folka og «bygge opp nasjonale regjeringar og administrasjonar som skal hente makta si frå den innfødte befolkning si frie utøving av initiativ og valg.»[i]

Eg har finlesi den Irak og Afghanistna-talen statsminister Solberg heldt i Stortinget 5. november.  Både ordvalet og våpenteknologien har endra seg sia 1918. For øvrig ser det for meg  ut som ho tar opp arven frå dei gamle imperialistmaktene.

Erling Folkvord, medlem i Rødt

[i] Antonius: The Arab Awakening, Appendix E. Utgitt London 1938. Her sitert etter McDowall 1997 side 163
– – –

KampanjeStøtt oss

1 kommentar

  1. Som gammel 68-er født og oppvokst på Vestkanten – riktignok uten den berømte sølvskjeen..
    Hadde aldri ventet visdomsord fra den gangs radikale – men, antar det aldri er for sent!
    Takker for godt innlegg.

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.