Har Raudt mista perspektivet?

0

Om kort tid har partiet Raudt landsmøte. Det blir det mest skjebnesvangre i partiet si historie, da partiet står over for det store vegvalet: Kva side står partiet på i den globale klassekampen?

Av Svein Lund

Vi lever i ei verd der vi forbrukar mye meir enn jorda har grunnlag for, samtidig som det blir mindre og mindre natur og menneskeskapte klimaendringar trugar framtida til oss alle. Samtidig lever vi i ei verd der 1% av menneska eig 50 % av rikdomen, og dei 13 % rikaste eig 86 %. Og fordelinga blir stadig skeivare.

Av alle parti i Noreg er Raudt det som i sitt program har mest forståing av kva dette betyr:

Kapitalismen er ein trussel mot livet på kloden. Kapitaleigarane sine moglegheiter for kortsiktig økonomisk gevinst, blir prioritert høgare enn miljøet på lengre sikt. Dette fører til rovdrift på naturen. Jorda har avgrensa med naturressursar, og det er grenser for kor mykje naturen og miljøet kan ta imot av utslepp og avfall før det blir uopprettelege skader. Skal ein unngå dette, må økonomien respektere tålegrensene til naturen.

Av dette trekker programmet konklusjonen: Dei grunnleggjande skiljelinene i verda går ikkje mellom nasjonar og folkeslag, men mellom den økonomiske makteliten og arbeidarklassen. Internasjonal solidaritet er ein bærebjelke i vår politiske strategi.

Denne grunnleggande forståinga av verda har Raudt og partiet sine forgjengarar halde fast så lenge eg har følgd dei, og det var grunnlaget for at eg som 16-åring meldte meg inn i det som da heitte Sosialistisk Ungdomforbund. Det er også grunnlaget for at eg har røysta RV/Raudt ved dei aller fleste vala sidan eg fikk røysterett. No slår eg alarm fordi eg ser at dette grunnlaget er i ferd med å forvitre.

Den utløysande saka heiter Ukraina, men det dreier seg om mye meir. I Raudt sitt prinsipprogram står det:

Når no konfliktnivået mellom USA og Russland aukar igjen, følgjer Noreg USA si linje og stiller norsk territorium til disposisjon for amerikanske styrkar sin militære omringing av Russland. Raudt meiner at Noreg ikkje skal stille seg på nokon side i kampen mellom imperialistiske stormakter og vil ikkje støtte korkje Russland eller USA. Derfor er vi imot denne farlege utviklinga. …

Samtidig har det norske militærapparatet blitt meir innretta mot angrepskrig i utlandet, under leiing av USA og NATO, i staden for å forsvare heimlandet. Raudt er prinsipielt imot NATO og vil melde landet ut av alliansen. NATO-medlemskapen knyter oss til den aggressive imperialistmakta USA gjennom mellom anna våpenutvikling og internasjonale militære operasjonar. Dette gjer Noreg til ein imperialistisk orientert stat, på lag med dei rike og dominerande statane i verda, og det forverrar forholdet vårt til land som opplever NATO som ein trussel. Å vere ein del av NATO-alliansen, er derfor å gamble med norsk sikkerheit, og gjer at Noreg vil bli trekt inn i ein eventuell ny storkrig frå krigens første minutt.

Kva gjør så Raudt i praksis? Jo, stikk i strid med dette programmet går sentralstyret og fleirtalet i stortingsgruppa inn for å sende våpen til Ukraina, i ein krig som no leiande folk både i USA og i Ukraina vedgår at er NATO sin krig mot Russland. Stoltenberg seier no rett ut at Ukraina skal inn i NATO, noko som vil seie at ein ikkje ønsker nokon fredsavtale. Ikkje eit knyst frå Raudt. Derimot går partileiaren 03.04.2023 ut i Klassekampen og krev at Noreg «rustar opp til tennene». Eit militærapparat som er ein fullt integrert del av USA sin globale styrke for verdsherredømme skal rustast opp, i ei tid da det verda treng er nedrustning. Partileiaren har enno ikkje gjort som SV og seie ope ja til fortsatt NATO-medlemskap, utmelding er bare ikkje aktuelt no.

Den stadig meir urettferdige verdsordninga bygger på europeisk kolonisering av verda gjennom fleire hundre år. Etter kvart overtok settlarstaten USA som den dominerande makta, som spreier sitt økonomiske, politiske, kulturelle og militære herredømme over heile kloden. Det finst i dag ingen annan stat som aleine kan truge denne makta, inga anna makt som spreier fangarmane sine rundt i heile verda. Ein liten økonomisk elite i USA og alliere land hevdar si eiga makt på kostnad av resten av verda. Dei brukar økonomisk press gjennom IMF og Verdsbanken, militært gjennom NATO og 750 militærbasar i over 80 land.

Raudt sitt prinsipprogram går ut på å kjempe mot dette, Raudt si leiing går i praksis inn for å støtte det og vere ein del av det.

Noreg forbrukar i dag ressursar som om vi skulle hatt 3-4 jordklodar. I forhold til folketalet er vi eit av dei landa som gjør mest for å øydelegge natur, klima og ressursar. Så skulle vi tru at dette var hovudsaka for eit parti som Raudt. Nei, dette partiet har eitt einaste hovudfokus, ei einaste hovudsak: «Forskjells-Norge». Problemet er ikkje at vi øydelegg framtida, men at vi ikkje har nok sosial profil på overforbruket vårt.

Eg var med i SUF, seinare AKP og RV, frå 1968. Det er overstadig lett å sjå mange feil som blei gjort i den tida, med manglande kritisk sans overfor sosialistiske land og rørsler i fortid og datid, med sviktande demokrati både i program og praksis. Det viktigaste for at eg heldt ut så lenge var at ein likevel heldt fast ved å stå på rette sida i den globale klassekampen. Dette er ikkje staden for å historia om mine frustrasjonar over utviklinga av AKP og RV, eg bare slår fast at eg i 1999 gikk ut og valde å arbeide politisk gjennom andre forum.

Da Raudt blei danna, såg eg positivt på det, og vona det skulle bli ein ny giv for venstresida. No er eg ikkje lenger sikker på at det blei slik. I iveren etter å gjøre opprør med gamle feil, har ein kome i skade for «å slå ut ungen med badevatnet». Prinsippa og analysa av verda er i ferd med å drukne i gode og populære tiltak som kan fremjast i kommunestyre, fylkesting og storting. I forhold til gamle AKP har ein forkasta dei gode sidene, men reindyrka nokre av dei dårlige. Med det siste meiner eg at det indre demokratiet ikkje fungerer, at partileiinga sit på sin høge hest, ikkje svarar på kritikk frå medlemmar, og at partileiaren offentlig fordømmer medlemmar og blandar seg inn i lokale nominasjonsprosessar.

I 22 år sto eg utafor organisert partipolitikk. Eg la ikkje skjul på at eg sto nærast Raudt, og deltok også på Facebook-gruppa «Vi som støtter Rødt». Eg var utsett for ein del vervingsforsøk, som da ikkje nådde fram.

24.02.2022 gikk Russland inn i Ukraina. Raudt sa som einaste parti straks klart nei til at Noreg skulle sende våpen til krigen. Samtidig såg eg at store delar av partiet ikkje delte dette synet, men ville at vi skulle støtte Ukraina/NATO i krigen og også halde på medlemskapen i NATO. Eg såg at det pågikk ein kamp om sjela til begge dei to anti-imperialistiske partia i Noreg, og eg kunne ikkje lenger stå på sida av den kampen. Ei veke ut i krigen meldte eg meg derfor inn i Raudt. Sjølv om eg på førehand var klar over at det var strid i partiet, var det faktisk overraskande for meg at eg var så lite velkomen. Eg hadde sakna eit forum for diskusjon om politiske prinsipp, men frå det partiinterne forumet på nettet blei eg snart kasta ut. Eg opplevde at eg var uønska i dei fleste samanhengar og eg såg nokre av mine næraste vener i partiet blir frose ut fordi deltok i ein nettstad partileiinga ikkje likte. Eg fikk inn innlegg i Klassekampen om Raudt var eit demokratisk parti, men ikkje svar frå partileiinga.

Dei siste åra har Raudt vakse som ein raud ballong, med ein eventyrlig vekst som få hadde trudd var mogleg. Kva ønsker ein seg da? Meir vekst. Fleire representantar i kommunestyre, fylkesting og storting. Fleire komitear, fleire heiltidspolitikarar og posisjonar. Med veksten følgjer vekstsjukdomar. Ein kjem inn i det «gode» selskap og lærer seg å tilpasse seg til realistiske krav, til å bli ein del av maktapparatet. I 2005 tok SV steget inn i regjering, og som daverande partileiar sa: «Ein kan ikkje sitte LITT i regjering.» 8 år i regjering endra ikkje Noreg, men det endra SV. I dag blir grunnen beredt til at Raudt kan følge etter på same vegen. Partileiinga har plassert Raudt på feil side i den globale klassekampen. Da er vegen kort til full integrering i maktapparatet.

Men alle ballongar har ei grense for vekst, og Raudt er no i ferd med å sprengast av motsetninga mellom prinsipprogram og praksis.

Landsmøtet blir avgjørande. Om det ikkje klart seier nei til våpen til Ukraina og nei til opprustning, vil eg nok ikkje vere den einaste som ikkje lenger kan vere medlem.

Svein Lund

Forrige artikkelAavitsland: – En god løsning å brenne Putin langsomt
Neste artikkelWHOs internasjonal pandemiavtale er uakseptabel for Norge