Kva kan vi lære av Fosen-aksjonen?

0
Foto Rasmus Madsen Berg fra Natur og Ungdom

Av Svein Lund, leserinnlegg

Svein Lund.

I 500 dagar meinte regjeringa at ein samrøystes dom i Høgsterett ikkje hadde noko å seie, og at tiltak som var dømt ulovlige kunne fortsette som før. Det tok 8 dagar med aksjonar, med okkupasjon av OED og stenging av inntil 10 departement før statsministeren og oljeministeren klarte å seie «Unnskyld», som eit aller første steg til kanskje å kunne løyse krisa. 
Dei 8 dagane har endra Noreg. Dei har vist makthavarane at det finst grenser for kor mye dei kan rasere natur og reinbeite utan at det kjem reaksjonar. Dei har vist det norske samfunnet at menneskerettsbrot ikkje bare er noko som skjer i fjerne utland, men her hos oss. Dei har vist verda at Noreg kan feie for eiga dør før ein snakkar høgt om menneskerettar i Kina, Russland og Iran. Dei har gitt det norske folket ein kunnskap om at samespørsmålet ikkje blei løyst med opprettinga av Sametinget og sannings- og forsoningskommisjonen. Dei har gitt ei begynnande forståing for kva reindrift er og kva denne treng for å overleve. Dei har forsterka nokre alliansar og skapt nye. Dei har også vist at forståinga hos makthavarane sit svært langt inne. Dei har vist ein arroganse som har vore svært vanskelig å slå hol på – men også at det er mogleg. Til sist måtte regjeringa krype til korset og seie at orsak, men vi har visst gjort noko galt her. 

Den viktigaste innrømminga låg i at utbygginga er gjort utan å ta omsyn til den kunnskapen som reindriftssamane sjølv har, om kva vilkår som må oppfyllast for at reinen skal trivast, reindriftssamane ha eit levebrød, for at vi skal kunne kjøpe reinkjøtt og skinn og for at samisk kultur og språk skal overleve. No vil regjeringa skaffe seg eit «kunnskapsgrunnlag». Ein innrømmer altså at denne vindkraftutbygginga, kalla den største industrisatsinga i nyare norsk historie, er gjennomført utan at utbyggarane og styresmaktene visste kva dei gjorde. Kvifor visste dei ikkje? Fordi dei konsekvent nekta å høre på dei som hadde kunnskapen. I støttemarkeringa for Fosen som 04.03. blei halde i Guovdageaidnu, var ein av parolane, skrive på reinskinn: «Vi har kunnskapsgrunnlaget. Velkommen!». Denne parolen vil trulig møte Støre når han no kjem til Finnmark. Du er velkommen – til å høre på dei som har kunnskapen. 

Ein enkel lærdom av denne saka er at lov er lov og dom er dom. Det vil seie at regjeringa må anstrenge seg for å unngå å gjøre lovbrot. Det står faktisk ikkje i lova at statsforvaltning og regjering er heva over lova. Det står faktisk heller ikkje at dersom noko er svært økonomisk lønsamt for aktørar med gode lobbyistar, så kan lova omgåast. Tvil skal komme den svake parten til gode. Har nokon gått til rettssak, så skal inngrep som vil gjøre ubotelig skade vente til det er avsagt ein rettskraftig dom. Juridisk vil det seie å avskaffe uvesenet under namnet «forhåndstiltredelse». 
Det som her har kome fram er bare eitt av dei mange lovbrota som har skjedd i Fosen-saka. Dene saka har så mange sider at det trengst ei offentlig uavhengig gransking av heile vindkraftutbygginga på Fosen frå start til no. 

Dei siste 50 åra har det i Noreg vore 4 miljøaksjonar som har vore så store at dei har blitt kjent over heile landet og ut i verda: Alta, Førdefjorden, Repparfjorden og no Fosen. I alle desse blei det avdekka grove saksbehandlingsfeil, fordi utbyggar og styresmakter hadde slik hastverk at ein ikkje kunne vente på ei korrekt behandling. Eg vil tru at Regjeringa, ikkje minst no, gjerne vil unngå å få fleire slike saker. Det første dei kan gjøre er da å sørge for at saksbehandlinga held mål juridisk. 

Ein annan parole vi kunne sjå i markeringa i Guovdageaidnu var «Fovsen otne – Mii ihttin. Sápmi searvalaga», som kan omsetjast med «Fosen i dag – Vi i morgon. Sameland står saman». Fleire av appellantane fortalte om vindkraftplanane som no trugar reinbeitedistrikta deira. I Nord-Troms og Finnmark er det no planar om eit titall gigantiske anlegg og dette er bare starten. Parolen fortel at nye trugsmål ventar, men også at dei vil møte motstand.

Under aksjonane i Oslo og støttemarkeringane rundt i landet har hovudfokuset vore på menneskerettsbrot og framtida til reindrifta. Men kampen om vindkraft er mye meir. Vindkraftutbygging er i ferd med å øydelegge nokre av våre finaste naturområde, med ubotelig skade på verneverdig landskap, dyre- og planteliv. Vindkrafta øydelegg bumiljø, forgiftar natur og har store globale skadeverknadar på grunn av alle gruvene som må til for å få fram metalla som brukast i turbinane og i batteria som må til for å lagre den uregelmessige straumen. Vindkrafta krev balansekraft, noko som fører til at skadeverknadane av vasskrafta aukar. 
Aksjonane i Oslo har fått støtte av mesteparten av miljørørsla. Slik har det ikkje alltid vore. I vindkraftutbygginga sin barndom sto både Naturvernforbundet og Natur og Ungdom som pådrivarar for meir vindkraftutbygging. Zero har fremma vindkraftutbygging overalt og tidligare forsøkt å bagatellisere problema for reindrifta. Bellona aktivt har påskynda vindkraftutbygging på Fosen. Også samiske organisasjonar godtok tidligare vindkraftutbygging. Ingen av dei ønsker å snakke høgt om denne fortida, men det må fram. Mange har lært av feila, men mange heng også igjen i illusjonane om at vindkraft er fornybart og klimavenlig, at det er ein naudsynt del av «det grøne skiftet». Enno er det eit stykke fram til alle sluttar opp om ein annan av parolane frå markeringa i Guovdageaidnu: «Ja til natur – nei til vindkraft!»

Dei siste dagane har vi sett ein veldig motoffensiv frå vindkraftprofitørane og handlangarane deira, i ein svært broket allianse der ein fremmer vindkraft som løysinga på alt frå klimaendringar til arbeidsløyse og tomme kommunekasser, forkynner at naturverdiar må vike for pengeverdiar og går til generaloffensiv mot reindrifta som næring og samane som folk. Den alliansen er virkelig verdt eit studium. 
Det er framleis langt fram. 

Svein Lund
Guovdageaidnu

Forrige artikkelHvem står bak den store reorganiseringen av maten?
Neste artikkelFortellingen om det norske matkornet