Av Svein Lund.
Takk til Pål Steigan som tør å sette ord på norske media sin utrulige servilitet overfor makta og totale mangel på interesse for eller mot til å skrive om andre måtar å forstå verda på.
I helga har eg vore på konferansen «Høgspenning i Nord» i Tromsø, og eg overdriv ikkje når eg seier det er den mest fantastiske konferansen eg har vore på (og eg har vore på nokre). Der var dei fremste kritikarane av naturraseringa og den «grøne» kolonialismen i nord, vi fikk høre korleis EU/EØS står bak straumkrisa og pressar på for vidare rasering, vi fikk vitnemål frå reindriftssamar som får øydelagt landområde og levebrød av vindkraft, om korleis politi på ulovlig vis er sett inn for å forsvare vindkraftutbyggingar, om gruveplanar i nord, om røynslene frå aksjonen For Finnmark osv. osv. Konferansen foregikk for opne dører i Tromsø rådhus, med direkte utsikt til redaksjonen i landsdelsavisa Nordlys. Med NRK Troms og Finnmark og Klassekampens Nord-Norge-kontor i nærheten. Kor mange medier trur de våga seg innafor døra mens konferansen pågikk? Null – 0 – Ingen! Dei kunne ha fått materiale til ei rekke store oppslag, intervju med dei fremste opposisjonspolitikarane i landsdelen (inkl. ein noverande og ein tidligare stortingsrepresentant og minst to fylkestingsrepresentantar), ein tidligare fylkesvaraordførar som slakta sitt eige parti, ein erfaren politimann som sette søkelys på politiet si rolle, dei fremste samfunnsforskarane frå UIT, osv.osv. Men ingenting av dette interesserte verken nord-norske medier eller riksmedier. Dei vil ikkje vite at dagens politikk fører til motstand. Dei vil bare gi oss sitt eige bilde av verda, makta sitt bilde.
Derfor kan eg seie at Pål Steigan dessverre har heilt rett. Derfor er det så skammelig at leiinga i organisasjonar som Raudt og Nei til EU har stilt seg på makta si side for å knekke Pål Steigan og alle som støttar nettavisa han er redaktør for. Korleis kan dei stå for opposisjon og at ei anna verd er mogleg når dei opptrer som makta sine svært så lojale vakthundar med oppgåva å vere den lojale opposisjonen som hindrar ein reell opposisjon.
Med helsing
Svein Lund
(i alle fall inntil vidare medlem av Raudt, Nei til EU, Naturvernforbundet og Motvind)