Kva skjer i Raudt?

0
Shutterstock

Av Svein Lund.

Nylig kom meldinga om at ein fylkestingsrepresentant for Raudt i Nordland måtte trekke seg frå gjenval etter at partileiaren hadde åtvara mot han. Den same representanten var tidligare i år pressa til å trekke seg frå landsstyret i Raudt. Ingen av gongane kunne partileiinga vise til noko galt han hadde gjort i desse verva. Brotsverket hans var at han sit i styret for Mot Dag AS, som driv nettstaden steigan.no. Denne nettstaden har etter invasjonen i Ukraina blitt utsett for ein enorm kampanje frå norske medier og politikarar, initiert av amerikansk og norsk etterretning og Forsvarets Forskningsinstitutt, med Faktisk.no som lydig reiskap. Brotsverket til Steigan er at han blant kjelder frå heile verda også har gjengitt russiske kjelder. Slikt gjør ein ikkje ustraffa når NATO er på krigsstien. Det store spørsmålet er da kvifor Raudt ønsker å delta i denne kampanja. 

Les: USA lyktes med ett mesterslag i å kriminalisere all utenrikspolitisk opposisjon i Norge og ødelegge partiet Rødt

Leiinga i Raudt hevdar at steigan.no spreier falske nyheiter og konspirasjonsteoriar. Dei har aldri lagt fram noko bevis for desse påstandane. Når steigan.no har hatt over 14000 oppslag, har sjølvsagt ikkje 100 % av desse vore 100 % korrekte, det er det heller ikkje i nokon andre medier, verken NRK, Klassekampen eller Aftenposten. Ikkje minst er det ofte ikkje mogleg å seie absolutt kva sanninga er, da det er mye som ser forskjellig ut frå forskjellige synsvinklar. Ein konspirasjonsteori er ein teori om at det foregår eller har foregått ein konspirasjon eller samansverging, der nokon arbeider skjult for eit mål. Dette skjer stadig. Det nye no er at det har blitt forbode å antyde at det kan skje. Slik skal det hegemoniske bildet av verda med NATO og EU som dei gode og resten av verda som dei vonde kunne oppretthaldast. Kampanja mot steigan.no har klare parallellar til kampanja mot Wikileaks og andre som har lekt ut ubehagelige sanningar. Forskjellen er bare at Pål Steigan og samarbeidspartnarane enno ikkje er bura inne eller har vore nøydd å rømme landet. Assange, Snowden og Manning er heltar i Raudt, mens parallellane på heimebane er «persona non grata».

John Pilger: Rettferdighet for Assange er rettferdighet for alle

Eg har vore sosialist i over eit halvt hundreår. Delar av denne tida i nokre av Raudt sine forgjengarar, seinare lenge som partipolitisk uorganisert, men for det meste Raudt-veljar. 01.03.2022 tok eg skrittet og meldte meg inn i Raudt. Det var ei veke etter den russiske invasjonen i Ukraina og det som gjorde utslaget for meg var at Raudt som einaste parti sa nei til å sende norske våpen til Ukraina. Eg leste at mange i Raudt var usamde i dette og at nokre ville melde seg ut. Da fann eg ut at mitt bidrag måtte vere det motsette. Eg har lenge sympatisert med Raudt og vore utsett for ein del vervingsforsøk, og eg hadde faktisk ein illusjon om å bli ønska velkommen. Der tok eg altså feil. Det første som skjedde var at eg blei kasta ut av Facebook-gruppa «Vi som støtter Rødt», det neste at eg etter kort tid også blei kasta ut av «Aktiv i Rødt». Eg var med dette forhindra frå både å delta i og å følge med i den interne og halvinterne debatten. Eg ønska likevel å bidra og meldte meg til oppgåver der eg meinte eg hadde kunnskapar å bidra med, men forsto snart at det var det ikkje interesse for, utan at eg fikk noko konkret grunngiving. Kunne det ha noko samanheng med at ein del av innlegga mine er publisert på steigan.no eller at eg har tillatt meg å kritisere Raudt for haldninga til Ap-regjering, den einsidige satsinga på Forskjells-Norge og den vaklande NATO-motstanden?

Dette året har vi sett ei rekke eksempel på at partileiinga i Raudt vil stramme inn på partidisiplinen. Det sentrale partiapparatet skal bestemme kva medlemmane skal meine og gjøre landet rundt. Eit eksempel er at stortingsrepresentantane blei forelagt ei erklæring, der dei måtte skrive under på at dei skulle følge ikkje bare partiet sitt program og landsmøtevedtak, men også eit kvart signal frå landsstyre, sentralstyre og arbeidsutval. Ein einaste motig representant nekta å skrive under, og sa han hadde sitt mandat frå veljarane i fylket sitt, ikkje frå arbeidsutvalet i Oslo. Trulig vil medlemmane i fylket hans ikkje få lov frå sentralt til å gjennominere han om to år. 

Les: – Rødt går i Arbeiderpartiets fotspor, driver ut folk som tenker annerledes

Det var Ukraina som ga utslaget til at eg meldte meg inn, men nettopp denne saka har vore årsak til nokre av dei største vonbrota. Det er sjølvsagt gledelig at Raudt sto mot presset for å sende våpen og mot å ønske Sverige og Finland velkommen i NATO, men kor er avsløringane av at NATO har bygd opp til krig mot Russland, av kva regime som no sitt i Kiev og av USA sine planar for verdsherredømme? Dei får vi ikkje frå Raudt, da må vi ty til andre kjelder, som utskjelte steigan.no. Kor er kravet om fredsforhandlingar? I staden klappar Raudt sine stortingsrepresentantar for krigaren Zelenskyj og snakkar om Ukrainas rett å forsvare seg. 

Raudt har hatt ein enorm framgang dei siste åra, både i medlemstal, røystetal og talet på stortingsrepresentantar. Det er gjort ein stor og god jobb på mange område både i og utafor Stortinget, i mange konkrete saker som betyr mye for folk i Noreg, som krav om profittfri velferd og lågare straumprisar. Men kor er dei store perspektiva på raseringa av naturen og ressursane i verda, på det veksande gapet mellom fattige og rike i verdsmålestokk, på at vi treng eit heilt nytt samfunnssystem? Dei står i det utmerka prinsipprogrammet, men i praksis druknar dei i Forskjells-Norge og flosklar som «Fordi Fellesskap Fungerer». 

Eg trudde eg meldte meg inn i eit sosialistisk parti, eit demokratisk parti, eit miljøparti og eit fredsparti. No er eg ikkje lenger så sikker på at eg har gått rett. 

Svein Lund, Guovdageaidnu
p.t. Raudt-medlem utan medlemsrettar

Forrige artikkelAmerikanske våpenprodusenter håver inn penger på krigen i Ukraina
Neste artikkelJeg håpet at vi uvaksinerte kunne frikjennes nå. Da kom hatet.