Goldman Sachs og BRICS-landa

0
Shutterstock / Nerthuz

Av Terje Valen.

Anders Tallberg og eg har ein diskusjon om BRIC-landa si rolle i verda. Min hovudtese er at denne samanslutninga, som no tar til å vekse raskt, bygger opp eit alternativ til USA sin dollar som reservevaluta i verda. Dersom dollaren som reservevaluta fell, fell også botnen ut av den gjeldstynga USA-økonomien, og vesentlege delar av det økonomiske grunnlaget for håpet om USAs verdsherredømme vil tørke bort. Difor er dette ein enorm trussel mot USA sine djupt forankra planar om stordom og verdsherrevelde.

Tallberg sin hovudtese, meiner eg, har vore at den amerikansk baserte finans-giganten Goldman-Sachs har sørga for at BRIC blei danna og at dei har stor innflyting på utviklinga fram mot BRICS  og vidare med andre land.

I så tilfelle skulle eg tru at dei ikkje ville tillate ei slik utvikling som er i motstrid til dei strategiske interessene i det landet dei har som heimebase. Og då skulle vi ha sett at visepresident Leslie Maasdorp i BRICS motarbeidde dette. Om han har gjort det, så kjem det i alle fall ikkje til syne i BRICS sin verkelege politikk.

Så må eg sei at vi er samde om bakgrunnen til Leslie Maasdorp, visepresident i BRICS med ansvar for viktige område, som tidlegare sentralt tilsett i Goldman-Sachs og alle dei stillingane som Tallberg har funne fram. Maasdorp har vore og er ein vel anerkjend finansmann i den kapitalistiske verda.

Vi er også samde om at det var Maasdorp som skapte omgrepet BRIC i si tid og inspirerte til vidare utvikling av samarbeid mellom desse landa og ein del andre land som han samla under andre omgrep.

I tillegg vil eg nemne at Goldman-Sachs hadde relativt store forretnings-interesser i alle BRICS-landa før Russland gjekk inn i Ukraina. Framleis har Goldman-Sachs forretningsføretak i dei andre BRICS-landa. Dermed trur eg vi er samde om at firmaet er inne i denne marknaden og er interessert i å tene pengar der. Det tyder at dei også har ei viss innflyting i BRICS-landa. Så må vi merke oss at Goldman-Sachs var den første av alle bankar som trekte seg ut frå Russland etter at USA lanserte sanksjonar mot landet. Der er i klar motsetnad til BRICS-landa sin politikk.

Eg meiner derfor framleis at det er ganske klart at BRICS-landa no i det vesentlege er ein organisasjon som utviklar seg raskt utanfor USA si innflyting fordi USA har vist at statar ikkje kan stole på dollaren som reservevaluta når han blir brukt som middel i økonomisk krig mot andre statar gjennom sanksjonar. Goldman-Sachs og andre av USA sine finansføretak, som er inne i dei ymse BRICS-landa, kan nok ha ei viss innflyting på det som skjer i BRICS-organisasjonen, men hovudretninga i denne organisasjonen sin politikk er lagt og blir ikkje endra av at USA-baserte føretak er inne i BRICS-landa med investeringar, produksjon og handel. Det er utvikla politikk på statsnivå av landa i BRICS som er i ferd med å frigjere seg frå USA sin økonomiske verdsdominans.

Elles er eg samd med Anders Tallberg i at vi alltid skal ta ei visst atterhald når vi dømmer om personar og deira innflyting og politisk-økonomiske stilling. Det skal vi sjølvsagt også når det gjeld Leslie Maasdorp. Dessutan er vi samde om at covid-politikken som er lansert av WHO som er leia av amerikanske forretningsinteresser også er følgd av Kina, og det skal vi sjølvsagt vere merksam på. Dessutan samarbeider Kina også med Bill Gates på visse av hans prosjekt. Så det er grunnlag for å vere på vakt her.

Som avslutning på denne diskusjonen frå mi side vil eg framheve at eg meiner at den utviklinga som dei alliansefrie landa, saman med Russland og Kina, no står for, er det som peikar frametter mot ei meir fredeleg verd ettersom det er USA som har sett i gang eller oppmuntra til alle dei større krigane i verda etter 2. verdskrigen, slik dei no har gjort også i Ukraina i lang tid og i auka grad sidan 2014.

Det er også USA og vasallane som no forlenger krigen i Ukraina for å svekke Russland for å få til ei regimeendring der slik dei framleis håpar på, sjølv om det er ikkje er mogleg utan at USA-NATO-EU skalerer opp til verdskrig. Difor må vi nå ha som hovudparole å presse USA-NATO til å forhandle med Russland og våpenkvile i første omgang, og så ei regulering av grensene i området etter realitetane på bakken og med rimeleg omsyn til tryggleiken for Russland.

Terje Valen, søndag 28. august 2022.


Tidligere innlegg i denne debatten:

Anders Tallberg: BRICS og Goldman Sachs

Terje Valen: BRICS’ rolle i verda i dag

Anders Tallberg: Goldman Sachs og BRICS

Forrige artikkelRoger Waters lagt til ukrainsk regjeringssponset drapsliste
Neste artikkel«Fredsmegleren» Norge skal megle fred i Libya