BRICS’ rolle i verda i dag

0

Av Terje Valen.

Anders Tallberg, fritenkar og billethoggar, hadde eit innlegg på Steigan.no 18.08 med overskrifta, BRICS og Goldman Sachs der han tar opp diskusjonen etter underteikna sitt innlegg to dagar før. Han skriv då: «BRICS-samarbeidet, selve motoren i den multipolare verdensordenen Valen fester slik til, viser seg nemlig å være et Goldman Sachs-prosjekt (!)» og viser til Goldman Sacs rapport Building Better Global Economic BRICs frå 2001.

Denne rapporten, skriven av  Jim O’Neill, er ein gjennomgang av utviklinga innan dei framveksande økonomiane i Brasil, Russland, India og Kina. O’Neill lagar då omgrepet BRIC for desse landa og kallar dei samla for BRICs-landa. Han påpeikar at desse landa utviklar seg fort og ønskjer at G7-landa skal ta inn desse landa i si gruppe slik at han i alle fall blir G9. Han meinte at det var mest sannsynleg at Russland og Brasil ville bli med i denne gruppa. Men det går klart fram av rapporten at Goldman Sacs og O’Neill på si side var ikkje delaktig i organiseringa av desse landa på annan måte enn at dei moglegvis inspirerte dei til meir felles verksemd ved å definere dei i ei gruppe. Han vann heller ikkje fram med forslaget sitt om å ta fleire land inn i G7-gruppa. Ser vi på G7 er det dei same landa i dag som det var i 2001. Det ser ut som Tallberg ikkje har lese særleg nøye den rapporten han viser til.

Så viser han til wikipedia sin artikkel om forfattaren av ovannemnde rapport,  Jim O’Neill, Baron O’Neill of Gatley, ein av leiarane i Goldman Sacks. Der går det fram at han grupperte fleire land under forskjellige forkortingar som Tallberg og viser til. Men han hadde ikkje noko med opprettinga av desse grupperingane å gjere. Han berre peikte dei ut som vekstøkonomiar som det kunne vere fordelaktig å investere i. Tallberg tar også her feil.

Den siste tilvisinga han har er til artikkelen BRICS’ New Development Bank turns four: what has it achieved?, frå World Economic Forum i 2019. Her går det fram at Leslie Maasdorp er visepresident i New Development Bank (NDB). Det er rett at han har hatt store stillingar i internasjonale finansinstitusjonar at han har vore tilknytt Goldman Sacs og framleis sitt som leiar for eit  utviklingsfond finansiert av George Soros og har fått leiarutdanning av IMF. Men han har ikkje lenger noko stilling i Goldman Sacs og sit altså i NBD si leiing som representant for regjeringa i Sør-Afrika og må følgje deira linje.

Det Tallberg ikkje har gjort er å finne ut heile historia og innrettinga til BRICS og deira New Development Bank. Om han gjer det vil han finne at banken i dag er sett på som ein sentral konkurrent til USA sitt International Monetary Fund (IMF) som Le Monde diplomatique nylig har kalla verdas mest hata forkorting (IMF altså).

Du bør også studere artikkelen Chinese model will be part of mankind’s legacy som viser korleis ein tysk statsvitar intervjua av den kinesiske avisa Global Times, ser på banken.

«GT: Hva synes du om forholdet mellom Kina og Latin-Amerika de siste 10 årene? Amerikanske politikere skildrer ofte Kinas normale økonomiske og handelsaktiviteter i Latin-Amerika som å utvide sin innflytelsessfære. Hvor stor innvirkning har denne typen nedrakking på forholdet mellom Kina og Latin-Amerika?

Dieterich: Veldig lite. Den latinamerikanske politiske klassen vet i hovedsak at det er en løgn og ideologisk aggresjon. Dermed tar de det ikke på alvor. De stadig voksende kinesiske investeringene og kulturelle utvekslingsaktivitetene mellom latinamerikanske land og Kina er en klar indikator. Alle latinamerikanske regjeringer trenger investeringer. De trenger gode økonomiske vilkår for utvikling. USA har ingen penger til å hjelpe de latinamerikanske statene. Kina og Den nye utviklingsbanken
(tidligere kjent som BRICS Development Bank) og så videre har strategiske globale økonomiske utviklingsplaner. Men vestlige makter har ingen strategiske ideer for verden. Det er det de latinamerikanske lederne har lagt merke til. Det er ingen penger til dem. Det er bare falsk propaganda. 

USA kan ikke skru klokken tilbake. Dominansen under det amerikanske århundret er over. Latin-Amerikas motstand mot å slutte seg til den amerikansk-EU-imperialistiske aggresjonen og sanksjonene mot Russland er en veldig klar indikasjon på dette. Og det samme gjelder blant annet Afrika og Midtøsten.»

Det viser seg altså at Tallbergs påstand om at BRICS er et Goldman Sacs-produkt ikkje har noko rot i virkeligheita. Han har rett og slett ikkje lese skikkeleg dei tilvisningane han har gitt oss og han har berre gått overflatisk til verks. Det er ikkje det beste grunnlaget for å lansere ein debatt. Men det vil vere interessant om han fortsett diskusjonen som vel eigentleg dreier seg om vi kan stole på at det Putin seier i talen sin samsvarer med det han verkeleg gjer utanrikspolitisk.

Elles kan det og vere interessant i denne samanhengen å lese i wikipedia om Asian Infrastructure Investment Bank som har ei liknande rolle som BRICS New Development Bank, nemleg som den alliansefrie verd sine motvekter mot USAs reiskap, IMF og World Bank. 

Terje Valen, fredag 19. august 2022.                                               

Forrige artikkelDemokrati og Demokrati Fru Blom!
Neste artikkelStudie fra Thailand viser at 29 prosent av unge voksne hadde skader på hjertet etter vaksinene