Rapport fra tyske Bundestag: Lockdown hadde ingen effekt

0
Lockdown stengte Tyskland, men hadde ingen helseeffekt

Denne rapporten beskrives som et kompromiss og et forsøk på hvitvasking av en politikk som skal gi tyske politikere muligheten for et tilbaketog fra «Lockdownpolitikken». Det er altså en konflikt i den tyske offentligheten om denne politikken som ender opp i et kompromiss hvor Lockdown som tiltak skal diskrediteres. Lockdown virket ikke. Mens andre sider ved koronapolitikken ikke kritiseres, f.eks. massevaksinering med en uprøvet vaksine.


Av eugippius

Henta frå eugyppius: a plague chronicle.

Omsett av saksyndig.

For nokre veker sidan skreiv eg om forsøk av Karl Lauterbach å forsinke arbeidet til ein ekspertkomité med eit mandat frå Riksdagen til å evaluere effektiviteten til nedstengingar og andre innesperringstiltak i Tyskland. Christian Drosten gjekk so langt som å trekkje seg frå komiteen, og gav eit svada-radiointervju der han klaga over at evalueringsorganet ikkje hadde fått nok tid på seg, og at det hadde blitt bemanna med feil folk.

Heile kontroversen slo meg som rar. Visseleg kom dette til å bli ein eller annan fløytepus-kvitvask av nedstengingane, og so kunne du lure på kvifor Drosten og Lauterbach i det heile tok seg bryet.

Vel, eg tok feil: Komiteen førebur ikkje ein kvitvask i det heile. Dei har i staden tenkt å gje ut ein for det meste ærleg rapport der dei innrømmer at der ikkje finst nokon bevis for at tysk innesperring har oppnådd noko. Süddeutsche Zeitung har fått tak i eit utkast av rapporten deira, som etter planen skal offentleggjerast i slutten av denne månaden [juni]. Deira bløff av ein korona-reporter, den anerkjende hypokonderen, lærarinna og superskurken Christina Berndt, er ikkje tilfreds.

 Den hypervaksinerte Christina Berndt, i et sjeldent maskeløst utseende. 
(Kilde: eugypius)

Det er nokso tydeleg at konklusjonane til komiteen representerer den stille konsensusen til det tyske post-Merkel politiske etablissementet. Deira ekspertar vart utpeikte av regjeringa og Bundestag, der kvart politiske parti får eit tal nominasjonar proporsjonale med deira andel av val-representasjon. Politikarar vart gjevne kvart høve, med andre ord, for å sikre seg at komiteen ikkje kom til nokon uønskt konklusjon.

Det vi ser her, er eit listig forsøk av den politiske armen på å stengje døra for masseinnesperring, som forklarer opposisjonen frå Lauterbach og Drosten. Desse mennene er berre leiartroppen av folkehelsediktaturet i Tyskland, som sine djupaste røter i akademia, det permanente byråkrati og pressa. Dei vil no slå tilbake og gjere alt i si makt for å unngå at deira signaturpolitikk hamnar i vanære.

Ein kan sjå viktige delar av informasjonen som kan skimtast frå Berndt sin anatema:

Kapittelet om koronatiltak er dårleg utført, utvalet og kommentarar frå den vitskaplege litteraturen er einsidig, dei negative konsekvensane av tiltaka er overdrive vektlagt, dei viktige aspekta har ein rett og slett utelate; berre ei føreinnteken negativ meining om koronatiltaka vil finne bekrefting her, fortalde ymse ekspertar på virus og epidemiar til SZ [Süddeutsche Zeiting; oms.an.].

Ifølgje forfattarane av kapittelet er der lite evidens for fordelane til mange tiltak, frå kontaktrestriksjonar til 36-reglane, med unntak av å gå med munnbind innandørs.

Frå byrjinga av dette året [2022], i det land etter land droppa alle tiltak, byrja politikarar som Markus Söder å selje eit politisk kompromiss – restar av munnbindpåbod for å gjere hysterikarane fornøgde, og elles ingen restriksjonar. Dette er visjonen som til slutt vann, og det kan ikkje berre vere tilfeldig at dette er nøyaktig det som ekspertkomiteen enda opp med å støtte.

Hendrik Streeck (@hendrikstreeck) | Twitter
Hendrik Streeck

Kapittelet blir ført i pennen under leiarskapen til virusekspert Hendrik Streeck frå Universitetet i Bonn, som opphavleg vart meint å dele denne oppgåva med Christian Drosten frå Charité i Berlin. Men Drosten forlét komiteen fordi, frå hans synspunkt, var ikkje ei fornuftig vitskapleg evaluering mogleg utifrå den tida og det personalet som hadde blitt tildelt komiteen…

Streeck hadde eit meir balansert syn på restriksjonar og risikoen som SARS-[CoV-]2 utgjorde heilt frå byrjinga. Drosten trekte seg openbert og kalkulerte at det ville vere betre å diskreditere rapporten frå utsida enn å låne sitt namns autoritet til innhaldet i den.

Mange viktige detaljar i rapportutkastet er overraskande. Det opnar med å fastslå at Tyskland ikkje gjorde det bra under pandemien. Til dømes påstår den at forventa levealder i Tyskland fro 2021 har falle «med rundt eit halvt år samanlikna med pre-Covid-året 2019,» medan folk i Sverige, som kritikarar av tiltaka ser på som eit positivt døme, lever lenger. Samanlikninga av 2021 med 2019 verkar derimot underleg, sidan Sverige opplevde massedødsfall i 2020, og deretter innførde strengare tiltak seinare.

Utvalet av studiar verkar meir eller mindre vilkårleg. Til dømes blir relevante studiar som gjev ei god vurdering av Tysklands handtering av pandemien under den fyrste bølgja ikkje nemnde, slik som ein høgtrangert artikkel av Max Planck-forskar Viola Priesemann publisert i tidsskriftet Science

Her lærer vi at rapporten er ein ikkje fullt so subtil reprimande av Merkel-regjeringa spesifikt: Den vurderer Tysklands pandemi-framføring dårleg, fornærmar Merkel-nærliggjande modellørar slik som den evig feiltakande Viola Priesemann, og samanliknar tyske utfall ufordelaktig med Sverige, som tok den motsette vegen av minimal formilding.

Stundom blir studiar som evaluerer inngrep som effektive trekte i tvil med konsise ytringar om at dei har blitt «kritisk mottekne», utan å kome med ein referanse. Og på tallause stader er der ingen referanse i det heile, berre den bevisste innsetjinga av «REF» for å føreslå at der vil kome noko meir der. Ein ekspert som, slik som andre kritikarar av studien, ikkje vil stå fram med namn, seier: «Det ser ut som om dei framleis ser etter den rette referansen i litteraturen, fordi studiar som støttar ei meining alltid kan bli funne.»

Eller, du veit, det er eit utkast, men for all del, få vitskapsvennene dine til å kome med grunnlaus anonym kritikk av konklusjonar som du ikkje likar.

Uærlegheita held fram:

Litteratur-referansar er nokre gonger feilrepresenterte i rapporten. Til dømes blir det påstått at sjølv WHO, i ein rapport frå mars 2019, «ikkje anbefaler vide restriksjonar på kontakt og rørsle for befolkninga i fall ein influensapandemi på grunn av manglande vitskapleg evidens.» Likevel seier rapporten det motsette. WHO anbefaler eksplisitt å unngå folkemengder sjølv i fall ein «moderat» influensapandemi, stenging av skular og munnbind frå det neste alvorlegheitsnivået («alvorleg») og å stengje arbeidsplassar og innføre reiserestriksjonar frå alvorlegheitsnivået «ekstraordinært», som truleg kan anvendast på Covid-19.

Dette er meir bevis for at rapporten prøver å køyre ein påle gjennom hjartet på nedstengingsregimet. I tillegg til å lite på modellørar og unngå internasjonale samanlikningar, likar nedstengingsforkjemparane å undertrykkje den kritiske samanlikninga mellom formilding og innesperring.

Formildingstiltak for å «seinke spreiinga», inkludert mellombelse stengingar av regionar, er kategorisk ikkje det same som «vide restriksjonar på kontakt og rørsle» slik som nedstengingar, stenging av grenser og obligatorisk karantene av friske. Formilding er når skulen din strengjer; innesperring er når ungane dine ikkje kan leike med vennene sine. Altso seier WHO-rapporten, som Berndt feilrepresenterer, at «kontaktsporing», «karantene av eksponerte individ», «undersøking av dei som kjem og går» og «grensestenging» er «frårådd under alle omstende» (side 3) – for ikkje å snakke om nedstengingar.

Masseinnesperring er avhengig av eit heilt tapetverk av beleilege løgner og fiksjonar. Middelvegen ville ha vore å seie at tiltaka ikkje lenger er naudsynte eller kostnadseffektive, utifrå den utbreidde tilgjengelegheita av vaksinar og den immunforsvarsmessige motstanden som har blitt dyrka i den tyske befolkninga, medan ein elles bekreftar den teoretiske validiteten til doktrinesystemet. Visstnok gjer ikkje den rapporten som vart leke til Christina Berndt dette. Det er i staden eit forsøk å søkkje masseinnesperring som ein levedyktig politikk no og for alltid, orkestrert av politikarar som er desperate etter å ende stengingane.

I mesteparten av 2021 har offisielle meldingar blitt dominert av to rivaliserande holdningar, som eg gav som kallenamn Team Lockdown og Team Vaksine. Noko avgrensa vaksineskepsis var mogleg, so lenge som du uttrykte djup fanatisk elsk til undertrykkjande ikkje-farmasøytiske inngrep. Motsett fekk du lov til å krevje slutt på nedstengingar og andre tiltak, so lenge som du song ut lovprising av vaksinane. I 2022, med framkomsten av Omikron, har vi sett ei kaotisk tilbaketrekking av Team Lockdown og dominansen av Team Vaksine overalt bortsett frå Kina.

Eg ventar at Bundestag-rapporten blir ettertrykkjeleg forkasta av den tyske pressa og det akademiske etablissementet, men som eit teikn på ei form for opposisjon, endeleg, ein stad, er det oppmuntrande.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.