Imperiet USA ter seg som ein ekte sosiopat

0

Av Caitlin Johnstone.

Ei av dei store kjeldene til sorg i folk sine liv, er at vi ikkje får skrive andre folk sine historier om oss. At vi ikkje får kontrollere kva andre folk tenker og seier om dei tinga vi gjer og kva for slags person vi er. Vi har alle vore der, på ein eller annan måte, på eitt eller anna tidspunkt.

«Om han verkeleg kjende meg, ville han ha likt meg.»

«Om dei hadde skjønt kva eg meinte med den spøken, hadde dei ikkje blitt fornærma.»

«Om ho kunne sjå hjartet mitt og intensjonane mine, ville ho forstått korfor eg gjorde som eg gjorde.»

«Nei, nei, det var ikkje det som skjedde; dei har oppfatta det heilt feil, og det får meg til å sjå ut som skurken i historia.»

Det er ganske normalt å innimellom kjenne seg misforstått eller feilvurdert av folka i liva våre. Men det finst folk som tar den erfaringa ut i det svært usunne ekstreme og responderer på det på svært usunne måtar.

Folk med underutvikla empatisk sans, som til dømes dei med narsissistiske og antisosiale personlegdomsforstyrringar, opplever ikkje andre menneske på same måten som normale folk gjer. Etter i kva grad dei manglar empati for andre, ser dei dei ikkje som suverene menneske, men som verktøy dei kan bruke til å oppnå noko dei vil ha, det vere seg makt, rikdom, sex, respekt eller kva som helst.

Dette synet på andre, gjer at folk som manglar empati ofte blir manipulative, fordi interessa deira for andre ikkje handlar om å knyte band med dei, skjøne dei og hjelpe dei, men om å bruke dei og utbytte dei. Kor perseptive og smarte dei er, vil bestemme kor godt dei greier å manipulere folk til det føremålet.

For slike individ blir den manglande evna til å skrive andre folks historier for dei opplevd som ikkje ein smertefull, men nødvendig, realitet, men i staden som eit hinder ein ikkje kan tolerere og som må overvinnast. Det å finne metodar for å manipulere tankane folk tenker om manipulatoren, om seg sjølve og om andre, speler ei sentral rolle i liva deira.

Dette er ein av metodane du kan bruke til å identifisere ein manipulator som manglar empati: dei brukar uforholdsmessig mykje energi på å prøve å påverke meininga di om dei, meininga di om andre og/eller meininga di om deg sjølv. Eg er slik og eg gjer sånn og sånn. Ho er ei skikkeleg hurpe, ho er alltid berre bla, bla, bla. Du er mangelfull på alskens måtar. Du treng meg av den og den grunnen. Du gjorde meg urett på den og den måten.

Heile den sosiale eksistensen til ein vondsinna manipulator dreier seg om å påverke narrativa som folk har om det som skjer rundt dei, på ein måte som gagnar manipulatoren. Å påverke tankane dei tenker for seg sjølve, og påverke historiene dei fortel kvarandre.

Eit narrativ er ei forteljing. Ofte når folk høyrer ordet «forteljing», tenker dei på ein utarbeidd fiksjon, noko som er lagd for å more andre. Men den overveldande majoriteten av forteljingar vi opplever, handlar om våre eigne liv og liva til andre, både i hovuda våre og i samtalar med folk.

«Joe gjekk på butikken» er eit narrativ, enten Joe faktisk gjekk på butikken eller ikkje. «Joe er ein tosk» er eit narrativ, enten argumenta for at Joe er ein tosk inneheld fakta-påstandar eller ikkje. Det er ei skildring av ei hending eller ein situasjon, enten den er presis, upresis, eller ei blanding av begge.

I dette tvetydige forholdet mellom narrativ og sanning er det manipulatoren lever. Han eller ho brukar dagane sine til å veve høge spir av språk, rammar inn røynda på ein måte som gagnar han sjølv ved å bruke sanningar, halv-sanningar og løgner etter behov. Han fyller folk sine sinn med ein versjon av verda som konsekvent målar han i eit sympatisk lys og gjenstaden for manipulasjonane hans i eit usympatisk lys.

Fordi livet hans dreier seg om manipulasjon, blir alt som utgjer ein hindring for evnen hans til å manipulere, oppfatta som ein trussel. Å bli tatt i å gjere noko forferdeleg, skulle gjere det mindre sannsynleg at folk seinare vil tru på det han seier. Nokon legg merke til at dei blir manipulerte, og nektar å tru på noko av det manipulatoren seier. Eller, verst av alt, alle han kjenner byrjar snakke saman, med kvarandre, om kva slags uærleg og upåliteleg manipulator han er.

For manipulatoren er det å bli fullt ut sett av alle ein av dei mest skremmande, eksistensielle truslane som kan tenkast. Du vil ofte sjå at han projiserer frykta si over på andre – truar med å eksponere løyndommane til folk han ikkje likar, fordi det for han er den mest skremmande trusselen ein kan kome med.

Det USA-sentraliserte imperiet er eit gigantisk makrokosmos av heile denne dynamikken. Det brukar enorme mengder energi på narrativ kontroll i form av  propagandasensurSilicon Valley algoritme manipulationstyresmaktenes hemmeleghald, og krig mot journalisme. Det vevar ustanseleg narrativ om kor storarta det er og kor horrible fiendane er. Og, meir enn alt i verda fryktar det å bli sett.

Den kolossale, verdsomspennande maktstrukturen, som er laust sentralisert rundt USA, er ei mektig militær kraft og ei mektig økonomisk kraft, men det desidert mest potente våpenet den eig er evna til å kontrollere narrativet om kva som skjer i verda. Bruken av dei oligarkiske media, Silicon Valley og Hollywood til å manipulere publikums tanke, og dermed kontrollere måten folk tenker på, handlar og stemmer ved val i massiv skala over heile verda, dette liknar ikkje noko som nokon gong har vore sett i eit imperiums historie.

Propaganda fungerer berre om du ikkje veit at det skjer. Sensur fungerer berre om den ikkje drar merksemda over til informasjonen som blir sensurert. USA-imperiet sine uopphøyrlege kampanjar for kontroll over verdas dominante narrativ fungerer berre om dei ikkje er i søkelyset av offentleg saumfaring. Dette er grunnen til at dei som drar merksemd til desse tinga blir sverta, demoniserte, sensurerte, marginaliserte, fengsla og verre av dei som styrer imperiet.

Manipulatorar hatar å bli sett, men viss du nokon gong skulle hamne i eit forhold til ein, så vil evna di til å sleppe unna avhenge av at du ser han. Denne ekstreme interessekonflikten får ofte fram manipulatorens kvitglødande raseri, og det kan vere skremmande og farleg.

Og eg trur menneskeslekta no går inn i det stadiet av relasjonen til USA-imperiet. Ein manipulator som nett byrjar bli sett av nokre fleire augepar enn han er komfortabel med, får bluss av panikk opp til overflata. For så snart dei auga ser kva som er skjult under sløret av narrativ manipulasjon, så ser dei sjelden bort. Om noko, så vil dei ofte peike og dra meir merksemd til det.

Det er ei skummel til å leve i. Men den er også fascinerande. Ulikt alt som nokon gong har skjedd på denne planeten.

Eg ser fram til å finne ut om vi slepp unna.

Denne artikkelen er tidligere publisert på bloggen til Caitlin Johnstone.

https://caitlinjohnstone.substack.com/p/the-us-empire-acts-like-a-textbook?s=w

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.


DEL
Forrige artikkelRapport fra tyske Bundestag: Lockdown hadde ingen effekt
Neste artikkelKrigsdagbok del 9, 1. til 7. april 2022  
Caitlin Johnstone er en australsk journalist og blogger. Hun skriver på sine nettsider at artikelene hun signerer stort sett er blitt til i dialog og samarbeid med ektemannen Tom Foley. "Det virker ganske åpenbart for meg at arten vår er på vei mot katastrofe hvis vår oppførsel i stor skala forblir diktert av systemer der mennesker og nasjoner konkurrerer med hverandre om makt og profitt i stedet for å samarbeide med hverandre til beste for alle. Jakten på profitt for sin egen skyld dreper biosfæren vår og agendaen for unipolar dominans driver oss stadig nærmere atomkrig, så jeg finner det ingen overdrivelse å si at selve vår overlevelse avhenger av å forlate kapitalismen og imperialismen til fordel for samarbeidsbaserte samfunnsmodeller."