«Den standhaftige nettsoldat»

0

Av Svein Lund.

Hjertelig takk til Pål og Aftenposten. Ei perle av eit portrettintervju som kunne brukast for journaliststudentar som eksempel å strekke seg etter. Kritisk, men med respekt for intervjuobjektet.

Det viser Pål Steigan på godt og vondt. Ein mann som har blitt symbolet både på ml-rørsla sine gode og dårlige sider, og eg syns det er bra balansert i intervjuet. Det kjem og fram at Pål kan ha noko vel stort sjølvbilde, og eg tenker at dette med å stå sterkast aleine har også sine gode og dårlige sider. Det å lytte til folk med andre syn har vel kanskje aldri hørt til dei sterkaste sidene til Pål.

Og her kjem vi til steigan.no, eit fenomen som er så spesielt at det er vanskelig å sette eitt namn på det. Er det nettavis, politisk prosjekt eller kva? I alle fall har Pål (og hans langt meir anonyme medarbeidarar) gjort ein utrulig kjempejobb i å avsløre korleis storkapitalen står bak det meste og narrar oss trill rundt under forskjellige påskot som grønt skifte, forsvar av den frie verda, forsvar av folkehelsa osv.

Med mange tusen artiklar er sjølvsagt ikkje steigan.no perfekt. Der har vore artiklar som eg er hjertelig uenig i, der har vore artiklar som etter mi meining ikkje burde har vore publisert, i alle fall ikkje utan ein svært kritisk presentasjon, der er viktige sider ved politikken og livet som er forsømt. Likevel meiner eg, som det heiter i maoistisk teori, at hovudsida ved dette arbeidet utan tvil er god. Derfor er eg, som Pål, forferda over at hans og min partileiar, Bjørnar Moxnes, ikkje har noko betre å bidra med enn å ta avstand frå alt det viktige arbeidet som Pål og steigan.no har gjort og stadig gjør.

Vi treng eit prosjekt som steigan.no. Eg vonar det vil bli vidareført, gjerne med fleire redaktørar og med «sjefsredaktøren» i ei noko mindre dominerande rolle og med eit anna domenenamn enn etternamnet hans.

Vi treng folk som tør å stå aleine mot stormen. Men vi treng og ei rørsle, vi treng organisasjon for å endre verda. Eg hadde vona at Raudt kunne vere ein slik organisasjon. Når Raudt-leiinga no tvingar oss til å velje mellom Raudt og steigan.no er eg redd at Raudt har svikta denne oppgåva. Pål Steigan viser i intervjuet at han har tatt oppgjør med mange av sine tidligare feil. Eg vonar vi kjem dit at Raudt kan oppsummere at den heksejakta som partileiinga sette igang i 2022 var ein alvorlig feil, på linje med «kampen mot høgreavviket» i AKP sin barndom (omtalt i intervjuet). Og eg vonar partiet gjør det før det er for seint.

Forrige artikkelGlobal NATO
Neste artikkelKan Norge slå Brasil i fotball?