Haitis kamp for frigjøring

0
Slaverevolusjonen på Haiti – slaget ved Vertières
Terje Valen

Av Terje Valen.

Heilt frå starten har dei ikkje-columbiske folka kjempa mot columbismen og for å sleppe ut av den columbiske sfæren. Klassekampens journalist Roya Shahibzadeh har gått rett på den columbiske historia med gjengane og nemner ikkje med eit ord at landet er okkupert av USA med hjelp Frankrike, England og Canada pluss heimlege reaksjonære militære og dødsskvadronar.

Dei første som braut ut av det columbiske systemet var dei svarte slavane på Haiti. Alle dei 8 millionane som budde på øya som spaniarane kalla Hispania opphavleg vart drepne av Columbus og broren i løpet av ein generasjon frå 1493 og utetter. Men i 1891 kasta slavane ut franskmennene og oppretta den første frie ikkje-columbiske staten. Seinare sendte Napoleon franske (og polske) troppar for å ta øya tilbake og dei såg ut til å klare det gjennom ein nådelaus drapspolitikk, men dei tidlegare slavane klarte til slutt å slå også desse. Men så slutta USA England, Canada og Frankrike seg saman og gjennom militære intervensjonar og støtte til innlandske rikfolk, militære og dødsskvadronar klarte ein kvit elite etter kvart å ta tilbake makta og slik redda dei Haiti for columbismen[i] med fryktelege følgjer for folket der.

Lederen av slavenes revolusjon på Haiti, Toussaint L’Ouverture.

Dette har fortsett heilt fram til i dag. I siste nummer av Monthly Review intervjuar Camilla Valle Margaret Prescod og Pierre Labosiere om utviklinga på Haiti under tittelen The Long Haitian Revolution. Her gjennomgår dei Haiti si columbiske historie heilt fram til i dag.[ii]

Eg kan ikkje gå gjennom alt her, men nokre kommentarar, særleg om den nyaste historia er på sin plass. Revolusjonen til dei svarte slavane på Haiti førte til at dette blei det første landet i verda som braut ut or det columbiske kvelegrepet så tidleg som i 1791 og oppretta sin eigen uavhengige stat, Haiti, den 1.1. 1804, mens Norge framleis var ein provins under Danmark før vi blei gitt til svenskekongen i 1814. Det frie Haiti såg det som si oppgåve å kjempe mot slaveri over alt og vere ein fristad for rømte slavar. Sjølv om columbiarane kom att, har dette vore ein enorm inspirasjon for alle land som har vore og er undertrykte, røva og utbytta av det columbisk-imperialistiske systemet. Difor har det vore ekstra viktig for columbiarane å statuere eit eksempel her.

Frankrike, England, Spania og seinare USA, der slaveriet framleis var i gang, ville øydelegge dette eksempelet på fridom eg vellukka revolusjon. Vi veit jo at slaveriet i USA var ein  av dei heilt grunnleggande føresetnadene for utviklinga av industrikapitalismen i England, med bomull frå USA og spinning og veving, først med vassdrivne fabrikkar og daudeleg barnearbeid i Lancashire i England, og etter kvart meir og meir med dampkraft i Manchester og andre stader.[iii] Og sidan det har folket i Haiti vore fanga i denne kampen.

I 1915 kom eit vendepunkt då regjeringa i USA invaderte Haiti. Jord blei tatt frå innbyggarane og gitt til utanlandske føretak, helst amerikanske. Det kom til eit massivt opprør og amerikanske marinesoldatar kom inn og kjempa for at dei rike i Haiti og deira utanlandske allierte skulle kunne «bygge opp att» landet og hindre at folkerørsla tok makta. Sidan då har folket på Haiti kjempa mot den amerikanske makta. Etter kvart blei Francois «Papa Doc» Duvalier og sonen hans Jean-Claude dei mest brutale uttrykka for klassekampen mot folket for å halde oppe det gamle columbiske systemet.

I 1986 gjorde folket opprør att og kasta Duvalier, men USA har sidan jobba for å få tilbake dei reaksjonære styrkane som blei bygga opp under han og faren hans. Dei klarte å få på plass ei regjering som var dominert av desse styrkane, men i 1990 valde folket Jean-Bertrand Aristide, ein lokal prest som leia den nye fridomsrørsla. Han var den første demokratisk valde presidenten på Haiti og klarte berre å halde seg ved makta i sju månader. Den 30. september 1991 organiserte USA eit kupp som blei utført av ei militære styrkane på Haiti. Meir enn fem tusen menneske vart massakrerte. Det var massiv motstand i folket og mykje internasjonal solidaritet og Aristides klarte å komme tilbake to år seinare for å fullføre sin valperiode. René følgde opp lina hans som neste valde president i 1996. Aristide klarte å få i gang store demokratiske reformar og velferdsreformar i si tid. Mellom anna gav han hovudkvarteret til dei amerikanske inntrengarane til Haiti si kvinneforeining. René følgde opp dette. Folket på Haiti klarte også å utarbeide ein ny grunnlov som førte vidare Aristides sin demokratiske line og var basert på folkeleg medverknad. Han vart vedtatt med overveldande fleirtal.

Men USA fortsette å underminere den demokratiske prosessen. I 2004 organiserte USA under George W Bush eit nytt kupp (faren hadde organisert det i 1991) som førte til drap på nærare ti tusen menneske. Den gamle militære leiinga som Aristides hadde avsett blei sett inn att saman med mange leigesoldatar og drapsmenn frå Haiti, medrekna dødsskvadronen med det fine namnet Front for the Advancement and Progress of Haiti, som var lik den gamle drapsavdelinga til Duvalier, Tonton Macoutes. Fordi dei haitiske reaksjonære kreftene ikkje var sterke nok blei det sendt inn spesialstyrkar frå USA, Frankrike og Canada som fjerna Aristides frå makta og kidnappa han. Men folket på Haiti godtok aldri denne situasjonen og har fortsett å kjempe vidare for fridom til denne dag.

Etter 2004 har Haiti vore under okkupasjon av USA, Frankrike og Canada, alle sentrale columbiske aktørar. Først brukte dei FN som eit dekke for å få folk til å godta det og få folk i verda til å synes vel om det. FNstyrkar har verkeleg utført oppdraget frå USA. Dei har massakrert folk i fattige naboskap og samfunn over heile Haiti fordi folk har fortsett å demonstrere mot det rote utbyttingssystemet, og kravd sine demokratiske rettar, og at personar som dei har vald skal tilbake i leiing. Massakrane fortsett framleis. No er det eigentleg ikkje lengre FN som står i spissen for dette, men dei columbiske kjernelanda med allierte og dødsavdelingane. Dette blir presentert for omverda som gjengkrigar, men alle på Haiti veit at det ikkje er tilfelle.

Gjennom mange år har Frankrike og andre kravd Haiti for store summar. Frankrike var først med å krevje 21,7 milliardar dollar for å dei skulle godkjenne Haiti som ein fri stat. Så heilt frå starten var landet tungt tynga av gjeld. Dette har fortsett. I 2003 hadde president Aristide kravd at Frankrike gav opp kravet sitt og i staden betalte tilbake pengar. Det var ein viktig grunn til at Frankrike deltok i kuppet i 2004. Det var også slik at då USA invaderte landet i 1915 kravde dei og at Haiti dekte kostnadene som USA hadde hatt under okkupasjonen og betalingane for dette fortsette til 1947.

Haiti har også vore ramma av store naturkatastrofar. For å «bøte på» alt dette har dei columbiske kjernelanda invitert inn mengder med NGOar som Redd Barna og andre. Desse har så å seie overtatt heile den økonomiske styringa av landet på vegne av dei columbiske kjernelanda gjennom det som blir kalla NGOs industrielle kompleks. Det har ikkje vore til nokon nytte for folket der. Pengane som blir samla inn over alt i verda kjem dei ikkje mykje til gode. Folka frå NGOane har heilt andre livsvilkår enn dei «innfødte». Dei har høge løner, flotte hus og køyrer rundt i dyre bilar.

Etter jordskjelvet i 2010 fekk NGOane ein flaum av pengar frå heile verda til hjelpearbeid. Kva skjedde med desse pengane? Folket på Haiti seier at det er eit god spørsmål. Til dømes fekk Raude Krossen ein halv milliard dollar og alt dei gjorde var å bygge seks hus. Desse NGOane møter regelmessig i USA sin ambassade og samarbeider med dei om okkupasjonen.

Dette, og mykje meir er utførleg handsama i intervjuet eg har tatt det frå.

Alle slike forsøk på å komme ut av famntaket til columbiarane har blitt møtt slik, med dei smartaste, mest brutale og mordariske middel frå columbiarane. Frå den heimlege debatten i dei siste åra er vi mest kjend med Venezuela og Syria om har klart det som folket på Haiti og Aristides ikkje klarte. Alle som kjenner alle desse historiene veit kva som er sant og kva som ikkje er det som den columbiske verdspressa og andre media gir oss om Venezuela, Syria og andre.

Faksimile av Klassekampens oppslag 25. oktober 2021.

Den columbiske pressa er eit krigsvåpen for den columbiske orden. Det er ille å sjå at også Klassekampen, nett når eg skriv dette (25.10.2021), har eit slikt procolumbisk perspektiv på situasjonen i Haiti. Journalist Roya Shahibzadeh har gått rett på den columbiske historia med gjengane og nemner ikkje med eit ord at landet er okkupert av USA med hjelp Frankrike, England og Canada pluss heimlege reaksjonære militære og dødsskvadronar.

I staden for å gi oss litt tekst som set sakene i det rette historiske perspektiv, med USA i columbiske rolle i sentrum, gir avisa oss eit bilete på 35 gangar 25 centimeter av ein motorsyklist som køyrer gjennom ei gate der det brenn, med ein tekst som ikkje nemner USA si rolle med eit ord og som viser at journalisten ikkje veit kva dei såkalla «bandane» er heller. Det gjer det heilt umogeleg å forstå kva som skjer i landet. Og slik er det over alt der ein ikkje har det anticolumbiske perspektivet og den kunnskapen som trengs.

Eg har gått litt inn på Haiti si historie fordi han seier mykje om situasjonen for alle land som kjemper mot den USA-leia columbismen i det, som Cuba, Venezuela, Syria, Russland, Iran, Kina, Nord-Korea for å nemne nokre som faktisk har klart det Haiti ikkje klarte. Derfor høyrer vi ikkje noko særleg om dei gruelege overgrepa som skjer der dei columbiske maktene rår. Og vi får ei enorm svartmaling av land og personar der dei columbiske maktene har blitt  kasta ut.

Terje Valen, tirsdag 26. oktober 2021.


[i] En virkelig kortversjon i den norske wikipedia https://nn.wikipedia.org/wiki/Den_haitiske_revolusjonen og en ganske grundig versjon i den franske wikipedia https://fr.wikipedia.org/wiki/R%C3%A9volution_ha%C3%AFtienne

[ii] https://monthlyreview.org/2021/10/01/the-long-haitian-revolution/

[iii] https://www.tvalen.no/onewebmedia/hjemmeside/Tankar%20ved%20lesing%20av%20Terje%20Tvedts%20verdshistorie.htm

KampanjeStøtt oss

Du kan diskutere artikler fra steigan.no på: https://motdagforum.no

Bruksanvisning for å bli medlem er her:
https://steigan.no/2021/03/bruksanvisning-for-a-registrere-bruker-pa-mot-dag-forumet

Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.