Den grøne agendaen og korleis denne energikrisa skiljer seg ut frå alle andre

0
Illustrasjon: Shutterstock

Av F. William Engdahl.

Prisen på energi frå alle dei vanlege kjeldene eksploderer globalt. Langt i frå tilfeldig. Det følger ein velorganisert plan om å rasere den industrielle verdsøkonomien som allereie har blitt svekka dramatisk av nesten to år med idiotisk CoViD-karantene og relaterte tiltak. Det vi ser er ein priseksplosjon innan olje, kol og, særleg no, gass. Det som skiljer denne krisa frå energisjokka på 1970-talet, er at den denne gongen utviklar seg ved at den korporative investorverda, ved hjelp av den bedragerske grøne investeringsmodellen ESG [Environmental, Social, and Governance] , ikkje lenger investerer i framtidig olje, gass og kol, samstundes som OECD-regjeringane har lagt sin elsk på forferdeleg ineffektiv og upåliteleg sol- og vindkraft som garantert vil føre til at industrisamfunnet kollapsar – kanskje allereie i løpet av dei komande månadane. Når dei stenger for ei dramatisk revurdering, gjer EU og andre industriøkonomiar forsettleg økonomisk sjølvmord.

Det som for berre få år sidan var allment godtatt som innlysande, var at det å sikre rikeleg tilførsel av påliteleg, effektiv og rimeleg energi, definerer økonomien. Utan effektiv energi kan vi ikkje lage stål eller betong, drive gruvedrift for utvinning av råstoff, eller gjere noko av alt det andre som støttar opp under våre moderne økonomiar. Under dei siste månadane har verdsprisen på kol til elektrisitetsgenerering dobla seg. Prisen på gass har stige med nesten 500%. Olje går mot $90 per fat, det høgaste på sju år. Dette er ein planlagd konsekvens av det som iblant blir kalla for Davos sin Great Reset [Den store nullstillinga] eller nullkarbon-galskapen til Den grøne agendaen.

For omtrent to tiår sidan starta Europa på ei svær omstilling til det som feilaktig har blitt kalla fornybar eller grøn energi, hovudsakleg sol- og vindkraft. Tyskland, hjartet i EU-industrien, tok førarrolla i transformasjonen med eks-kanslar Merkels dårleg påkomne Energiwende, der Tysklands siste atomkraftverk vil stenge ned i 2022 og kolkraftverk blir utfasa på løpande band. Alt dette har no kollidert med den realiteten at Grøn energi ikkje greier å takle store forsyningsunderskot. Krisa var heilt føreseieleg.

No kjem rekninga

Med den utbreidde covid-nedstenginga av industri og reiseliv i 2020, fall gassforbruket i EU dramatisk. EUs største gassleverandør, Russlands Gazprom, hadde interesse av ein ordna langsiktig marknad, så dei reduserte leveransane sine til EU når det høvde seg slik, sjølv om det vart med tap. Ein uvanleg mild vinter 2019/20 gjorde til at EU sine gasslager nådde maksimum. Ein lang og stri vinter tømde dei nesten i 2021.

Gazprom er et russisk energiselskap. Det ble grunnlagt i 1989 som et statsselskap, og ble delprivatisert etter Sovjetunionens fall i 1991. Den statlige eierandelen er 50,002 prosent. Dmitrij A. Medvedev, Russlands første stedfortredende ministerpresident, har vært styreformann i selskapet i flere perioder. Wikipedia

I motsetning til kva EU-politikarane hevdar, har ikkje Gazprom drive noko politisk spel med EU for å tvinge fram ei godkjenning av den nye gassrøyrleidninga si til Tyskland, NordStream2. Då etterspurnaden frå EU tok seg opp att under dei første seks månadane av 2021, rusa Gazprom til for å møte den og til og med overgå dei rekordhøge 2019-nivåa, sjølv på kostnad av etterfyllinga av russiske gasslager for den komande vinteren.

Med eit EU som no fast har forplikta seg til ein Grøn energiagenda, Fit for 55, som eksplisitt avviser gasskraft som eit alternativ på lengre sikt, samstundes som dei utraderer kol- og atomkraft, så får ein no rekninga for dei inkompetente tankesmie-modellane som rettferdiggjorde eit 100% CO2-fritt, elektrisk samfunn.

Fordi finans-investorane på Wall Street og i London såg at dei kunne trekke ut kolossal profitt frå Grøn-energi-agendaen om dei samarbeidde med Davos’ Verdsøkonomisk forum om å promotere den latterlege ESG-investeringsmodellen, så investerer ikkje lenger konvensjonelle olje-, gass- og kolselskap profitten sin i utvida produksjon. I 2020 fall dei globale investeringane i olje, gass og kol med omtrent tusen milliardar dollar. Det kjem ikkje tilbake.

Då BlackRock og andre investorar nesten boikotta ExxonMobil og andre energiselskap til fordel for «berekraftig» energi, utløyste ein uvanleg lang og kald vinter og ein rekordstor mangel på vind i Nord-Tyskland panikkoppkjøp av gass på den globale LNG-marknaden [Liquid Natural Gas, flytande naturgass, eller berre gass, som vi kallar det her til lands, mrk.] tidleg i september.

Problemet var at det var for seint, ettersom nesten all tilgjengeleg LNG frå USA, Qatar og andre kjelder som normalt ville ha vore tilgjengelege, allereie hadde blitt seld til Kina, der ein like forvirra energipolitikk – inkludert eit forbod mot australsk kol – hadde ført til stengde fabrikkar og ein ordre frå styresmaktene om å sikre gass og kol «kva det enn måtte koste». LNG-eksportørane har flokka seg om Asia og etterlate EU ute i kulda, bokstaveleg talt.

Deregulering av energi

Det som få forstår, er korleis dagens marknadar for Grøn energi er rigga – på førehand fiksa – slik at dei skal tene spekulantar som hedge-fond eller investorar som BlackRock eller Deutsche Bank, og straffe energikonsumentane. Førande prisar for gass handla i Europa, Dutch TTF sine futures-kontraktar, er omsette av London-baserte ICE Exchange. Dei spekulerer i kva prisane vil bli på gass i EU om ein, to eller tre månadar. ICE har mellom andre Goldman Sachs, Morgan Stanley, Deutsche Bank og Société Générale i ryggen. Marknaden er i det dei kallar gas futures contracts eller derivat.

Bankar eller andre kan spekulere i røvarkjøp, og då nyheita kom om kor små gasslagera til EU var no når vi nærmar oss vinteren, så drog finanshaiane på matorgie. Tidleg i oktober hadde futures-prisane for Dutch TTF-gass eksplodert med makelause 300% på berre få dagar. Sidan februar er det langt verre: ein standard LNG-cargo på 3,4 billionar BTU (British Thermal Units) kostar no $100-120 millionar, medan kostnaden ved slutten av februar var på $20 millionar. Det er ein auke på 500-600% på sju månadar.

Det underliggande problemet er no, i motsetning til slik det har vore under det meste av etterkrigstida, at sidan dei starta å promotere upåliteleg og rådyr «fornybar» sol- og vindkraft i EU og andre stadar (t.d. Texas i februar 2021) har elektrisitetsmarknaden og prisane der medvite blitt deregulerte for å promotere Grøne alternativ og tvinge ut gass og kol, med det tvilsame argumentet at CO2-utsleppa til desse set framtida til heile menneskeslekta i fare dersom dei ikkje blir reduserte til null innan 2050.

Prisane for endeforbrukaren blir sette av energiforsynarane som integrerer dei ulike kostnadane under konkurranse. Den diabolske måten dei reknar ut elektrisitetskostnadane i EU på, for å oppmode til ineffektiv sol- og vindkraft og gjere konvensjonelle kjelder mindre attraktive, seier dei, er at, som den franske energianalytikaren Antonio Haya uttrykker det, «det dyraste anlegget av dei som trengst til å dekke behovet (marginal-anlegg) fastset prisen for kvar time med produksjon for all produksjonen» til elektrisitetstilbydarane i auksjonen. Så dagens gassprisar fastset prisen også for vasskraft, som blir produsert med ein kostnad nær null. Med den skyhøge prisen på gass, er det den som bestemmer elektrisitetsprisane i EU. Det er ein diabolsk prisingsarkitektur som tener spekulantane og øydelegg forbrukarane, inkludert hushaldningar og industri.

BlackRock, Inc. er en amerikansk multinasjonal fondsforvalter basert i New York. Grunnlagt i 1988 som en del i Blackstone Group, som en forvalter for risikostyring og fast inntekt institusjonell kapitalforvalter. Wikipedia. De forvalter en kapital større 100 000 miliiarder dollars. Et ufattelig beløp.

Ein fundamentalt skjerpande grunn til den skorten vi no ser på kol, gass og olje, er avgjerda til BlackRock og andre globale pengetruster om å tvinge investeringane unna olje, gass og kol – som alle er heilt trygge og nødvendige energikjelder – for å bygge opp svært ineffektiv og upåliteleg sol- og vindkraft. Dei kallar det ESG-investering. Det er det hottaste nye på Wall Street og andre finansmarknadar, heilt sidan BlackRock-sjefen Larry Fink slutta seg til styret i Klaus Schwab sitt Verdsøkonomisk forum i 2019. Dei sette opp ESG-sertifiserande frontselskap som rosar aksjeseskap dei rangerer som «politisk korrekte» innan ESG, og straffar dei som ikkje føyer seg. Rushet inn i ESG-investeringar har gitt Wall Street med vener milliardar. Det har også sett på bremsene for utviklinga av olje, kol og gass for det meste av verda.

«Den tyske sjuka»

No, etter 20 år med toskete investeringar innan sol og vind, er Tyskland, som ein gong var flaggskipet innan EUs industri, blitt eit offer for det vi kan kalle Den tyske sjuka. Som med den økonomiske nederlandske sjuka (Dutch Disease), har den tvungne investeringa i Grøn energi resultert i mangel på påliteleg, rimeleg energi. Alt saman for eit uprova påstand frå IPCC (Intergovernmental Panel on Climate Change) om 1,5 oC som liksom skal gjere ende på sivilisasjonen vår innan år 2050 viss vi ikkje greier å nå null karbon. [Merknad: eigentleg seier dei at det bør nåast eit mål på netto null globale, menneskeskapte CO2-utslepp.]

For å følge EU sin Grøn-energi-agenda, har land etter land, med få unntak, starta nedbygginga av olje, gass og kol, og til og med atomkraft. Tysklands siste atomkraftverk vil stenge ned permanent til neste år. Nye kolkraftverk, med det siste nye innan luftreinsing, blir skrota før dei i det heile tatt har starta opp.

Og tilfellet Tyskland blir endå meir absurd.

I 2011 tok Merkel-regjeringa ein energi-modell utvikla av Martin Faulstich og det nasjonale rådgivande rådet for miljø (SRU), som hevda at Tyskland kunne oppnå 100% fornybar elektrisitetsgenerering innan 2050. Dei argumenterte for at det ikkje lenger ville vere nødvendig med atomkraft, heller ikkje konstruksjon av kolfyrte anlegg med karbonfangst og -lagring (CCS). Med det såg Merkels katastrofale Energiewende dagens lys. Studien hevda det ville fungere fordi Tyskland kunne inngå kontraktar om å kjøpe CO2-fri overskotsenergi av vasskraft frå Noreg og Sverige.

No med ekstrem tørke og ein varm sommar, er vasskraftsreservane i Sverige og Noreg farleg låge før vinteren, berre 52% av kapasiteten. Det betyr at elkraftskablane til Danmark, Tyskland og no Storbritannia er i fare. Og for å gjere det endå verre, er Sverige splitta i synet på om deira eigne atomkraftverk skal stengast. Desse forsyner landet med 40% av elektrisiteten der. Og Frankrike debatterer å kutte så mykje som ein tredel av sine atomkraftverk, noko som gjer også den kjelda usikker for Tyskland.

Allereie den 1. januar, 2021 vart det på grunn av eit regjeringsvedtak om utfasing av kol stengt ned 11 koldrivne elverk med ein total kapasitet på 4,7 gigawatt. Det tok berre 8 dagar før fleire av kolkraftverka måtte gjenoppkoplast til straumnettet p.g.a ein lengre periode med lite vind. I 2022 vil det siste tyske atomkraftverket stenge, og fleire kolkraftverk vil stenge for godt, alt i hop for Det grøne Nirvana. I 2002 var tysk atomkraft kjelde til 31% av krafta i landet – karbonfri, elektrisk kraft.

Når det gjeld vindkraft som skal kompensere for underskotet i Tyskland, så vil i 2022 kring 6000 vindturbinar med kapasitet på 16 GW bli demonterte p.g.a. utløpsdato for feed-in-subsidiane til eldre turbinar. Godkjenning av nye vindfarmar blir blokkert av eit veksande opprør blant folket og juridiske utfordringar med omsyn til lydforureining og andre faktorar. Ei unngåeleg katastrofe er i emning.

Responsen frå EU-kommisjonen i Brussel har vore å auke innsatsen, heller enn å innrømme dei skrikande manglane ved sin Grøn-energi-agenda, som om problemet var gass og kol. EUs klima-tsar Frans Timmermans erklærte absurd at «Om vi hadde hatt den grøne agendaen fem år før, hadde vi ikkje vore i denne situasjonen, fordi då hadde vi hatt mindre avhengigheit av fossile brensel og gass.»

Dersom EU held fram med denne suicidale agendaen, vil dei finne seg sjølve i eit deindustrialisert audeland om nokre få, korte år. Problemet er ikkje gass, kol eller kjernefysikk. Det er den ineffektive Grøne energien frå sol og vind som aldri kjem til å kunne tilby stabil, påliteleg kraft.

Den grøne energi-agendaen til EU, USA og andre regjeringar, saman med den Davos-promoterte ESG-investeringa, vil berre garantere at vi på vegen framover vil få endå mindre gass, kol eller atomkraft å falle tilbake på når vinden stoppar, det er tørke i hydroelektriske demningar eller mangel på solskin. Det må ikkje ein rakettingeniør til for å skjøne at dette er ein veg til økonomisk destruksjon. Men det er faktisk målet for FN 2030 sin «berekraftige» energi eller Davos sin Great Reset: befolkningsreduksjon i massiv skala. Vi menneske er froskane som sakte blir kokte. Og no skrur Maktene verkeleg opp varmen.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

The Green Agenda or How This Energy Crisis is Different from All Others

Les også: Prissjokkene står i kø

«Net zero» som gjeldseksplosjon uten sidestykke

Brev fra BlackRock – store endringer i klimapolitikken?

Forrige artikkelNorske strømpriser mulig: Mirakelkur og menneskerett
Neste artikkelFiskekrig mellom EU og Storbritannia?
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.