Ny utanriksminister

0
Foto: Hans van Dijk / Anefo / cc 2.0

Eg vedgår det – eg har heilt urealistiske visjonar for kva slags utanriksminister vi kan få i ei ny regjering.

Av Hans Olav Brendberg.

Eg drøymer om at vi får ein utanriksminister som landar hardt på Korvald-doktrinen, «Noreg er eit lite land i verda». Du kan seia mykje om Korvald, men framleis ligg handelsavtalen han forhandla fram med EF i botn for vårt tilhøve til mange av våre viktigaste naboland. Ei strengt realistisk tilnærming kan gje utmerka resultat.

Når det gjeld Noregsveldet, vonar eg den nye utanriksministeren ikkje freistar kompensera tapt territorium i Afghanistan med nye ambisjonar i Mali. Mali er sikkert bra, men det ligg langt frå Noreg. Og trass i alt som blir sagt om nært samarbeid med dei lokale styrkane: Uansett kor tett vi samarbeider, er det aldri nokon som er i tvil kven som er 91 Stomperud, og kven som er lokale. Sjølv på 2-300 meters avstand vil det aldri vera tvil. Dette oppdraget kjem aldri til å gli lett og naturleg.

I staden for ambisjonar om å vinna land i Asia og Afrika, bør Noreg i staden tvihalda på Svalbard. Det kan bli vanskeleg nok. Der oppe er vi vaktmeister, og dei andre som har rettar til bustadblokka har lenge kviskra om at dei ikkje er nøgde med vaktmeisteren. Her er det ikkje nok å bli sitjande å smugrøyka på vaktmeisterkontoret – her må ting gjerast, og ryddast opp. No. Og det er utanriksministeren sin jobb.

So vonar eg ogso at den nye utanriksministeren får samarbeidet med svenskane og finnane på skjener igjen. Ja – til og med danskane ser ut til å vera tilsnakkande for tida. Med litt språktrening, burde det vera mogleg å kunna føra samtalar med substans.

So har vi jo hatt nokre episodar med islendingane, som då ein einvis islending trudde ein kunne opna festspela i Bergen utan å synga «nystemten». Slikt er sjølvsagt pinleg. Men det stikk ikkje so djupt, og i verste fall kan den nye utanriksministeren ta med seg fiskeriministeren når han fer til Reykjavik. Dette burde vera mogleg å få orden på.

Godt naboskap og gjestfridom, altso. Men ikkje so mykje gjestfridom at naboane tømer norske kraftmagasin som ein slags Tor på gjesting hjå Utgards-Loke.

Men utanom desse tinga, vonar eg vi får ein utanriksminister som ikkje drøymer om å fly kloden rundt og fiksa alt og ingenting. Vi treng ikkje ein ny Erik Solheim. Eg vil altso ikkje ha ein ung og ambisiøs utanriksminister. Eg vil ha ein eldre, kompetent utanriksminister – gjerne so grå sosialdemokrat som mogleg. Ein utanriksminister som forstår logikken bak Gerhardsens basepolitikk. Ein utanriksminister som ikkje blir hengande på Harvard eller Council on Foreign Relations berre avdi han får skryt og merksemd. Men som i staden vil heim til fredagsvafler, og turar i skog og mark. Mindre Titten Tei, meir sjonkel Rolf.

Ein reservert, ordknapp, Frydenlundaktig type, som er solid kompetent, og som ikkje må ty til «sjå -der fer eit ekorn»-trikset når han snakkar med Lavrov. Ein som ikkje syng «We are the World» saman med dei andre NATO-utanriksministrane, men som kan framføra «De nære ting» på truverdig vis når partiveteranar skal heidrast på Lambertseter.

Eg drøymer altso ikkje om å «make America great again», men om å gjera Noreg greit igjen.

Forrige artikkelFrankrike kaller umiddelbart tilbake sine ambassadører til USA og Australia
Neste artikkelVaksinetvang mot ungdom