Tankar ved lesing av Terje Tvedts verdshistorie

0

Av Terje Valen.

I boka Verdenshistorie med fortiden som speil (2020) stiller Terje Tvedt til saman 22 spørsmål som han vil drøfte. Tre av dei handlar om dei gamle elvekulturane, seks handlar om det osmanske riket og Ming-dynastiet i Kina, fire handlar om kvifor den industrielle revolusjonen begynte i England, fire handlar om verknadene av den engelske koloniseringa av ein del av Afrika, to handlar om Kina kan overta for USA som den leiande makta i verda. Dei tre siste handlar om korleis skiftet i høve miljøutfordringa skal fortolkast.

Dette gir seks hovudbolkar som kvar får sin del i boka.

Den første delen munnar ut i ei programerklæring om at vi no må legge mykje større vekt på geografisk tilhøve når vi skal forklare korleis forskjellige samfunn har utvikla seg, enn det som har vore gjort til no. Og det programmet følgjer han opp i resten av boka, med spesielt omsyn på elvane si rolle. Med all merksemda no på natur og kriser er dette eit tidsriktig utgangspunkt, utan at det treng vere så mykje betre enn andre utgangspunkt som Tvedt diskuterer og kritiserer.

Kvifor kom den industrielle revolusjonen i England og ikkje i Kina.

I det følgjande vil eg konsentrer meg om del 3 i boka, som Tvedt kallar Vestens seier. Her forklarer han kvifor det var England og ikkje Kina eller andre område som kunne bli den staden der industrikapitalismen slo gjennom og danna grunnlag for England si dominerande stilling i verda på slutten av 1700- og utover på 1800-talet. Det var rett og slett dei opphavlege naturvilkåra som gjorde dette. Og blant desse naturvilkåra trekk Tvedt fram forskjellen i elvesystema i desse landa.

Tvedt nemner først det han kallar dei revolusjonære sektorane. Han seier at då må vi først undersøke tekstil- og bomullsindustrien. Det var der dei moderne fabrikkane oppstod og fram til 1820 var vasshjulet den teknologien som dreiv veve- og spinnemaskinane som produserte tekstilar og den mest effektive varianten av vasshjulet var overfallshjulet der vatnet blei leia slik at det fall på skovlene ovanfrå.

Så nemner han dampmaskinen som etter kvart tok heilt over frå vasshjulet, men det skjedde då første fase av den industrielle revolusjonen var over. Difor kallar han ikkje dette ein sektor som spelar ei rolle i den første delen av den industrielle revolusjonen.

Den andre sektoren han nemner er jarnindustrien. Han seier at den andre fasen kvilte heilt og fullt på jernindustrien, men ikkje den første. Så seier han at det revolusjonære ved jernindustrien under den industrielle revolusjon var kvaliteten på jernet. Og den blei betre desto meir varme dei hadde i produksjonsprosessen. Det var difor viktig å få høgast mogleg temperatur til kolet i masomnane og då trong dei mykje energi og det var det berre vasshjulteknologien som kunne drive kraftige blåsebelger.

Så viser han til handelen som eit tredje felt som vi  bør studere. Og for handel trengs eit transportsystem. I England blei det kanalane fordi dei orohydrografiske (som har med fjell og vatn å gjere) tilhøva gjorde det mogleg å grave kanalar til om lag alle byar i landet. Altså vatn som avgjerande fram til jarnbanen kom godt ut på 1800-talet.

Tvedt vil altså vise at den første fasen av den industrielle revolusjonen i verda var spinne- og veveindustrien og så kom jarnindustrien. Konklusjonen til Tvedt er at dei fleste land verda mangla dei naudsynte føresetnadene for å utvikle desse industriane i stor målestokk. Dei mangla det vasslandskapet og dei forholda som samfunnet hadde til bruk av vatn som gjorde mekanisering av tekstilfabrikkane og bygging av effektive masovnar i jarnindustrien mogleg ved bruk av vasshjul til å drive blåsebelgar. Og så hadde dei heller ikkje dei materielle og fysiske føresetnadene for å bygge eit transportnettverk som kunne skape nasjonale marknader og knytte det til dei nye globale handelsrutene over verdshava.

Mens dei dominerande elvene i Kina er store og har store årlege endringar i vassføringa pluss periodevis store flaumar, kan danne grunnlag for irrigasjonsjordbruk, men ikkje for transport av store mengder gods til mange plassar. Desse elvane renn gjennom nokre av dei mest folkerike områda i Kina, men områda er så flate at det ikkje er mogleg å få dei til å drive dei mest effektive vasshjula fordi dei ikkje kunne skape overfall ned på skovlene til hjula. Dessutan trekk dei med seg store mengder slam i tider med flaum, noko  som gjer at dei byggjer seg opp over landskapet rundt og stadig truger dette med store flaumar. India hadde same problema.

Gammel vannhjul i Derbyshire. Foto: Shutterstock

I England derimot regner det jamt heile året rundt og landskapet bølgjer i låge åsar. Elvene er ikkje så store, men dei er mange og går på kryss og tvers i det som vi nå kjenner som det gamle industribeltet i landet. Vassføringa i dei er  ganske jamn og det er passande helling i terrenget. Difor kan dei drive vasshjul med overfall og dei var effektive nok til å drive mykje arbeid sjølv om frost og is kunne vere eit problem. I England hadde dei og mykje erfaring med 700 års bruk av vasshjulsteknologi før den industrielle revolusjonen tok til. Difor hadde lokalsamfunna kompetanse til å utvikle dette systemet vidare. Dette gjorde det og mogleg å bruke elvene og å bygge eit nett av kanalar til mest alle byer i England. Og då kunne dei transportere mykje større kvanta og vekt av til dømes kol og jarn til fabrikkar mange stader enn det som var mogleg over land, kanalane gjekk også utanom elvene.

Heile første delen av den industrielle revolusjonen frå 1771 av var drive med vatn som drivkraft. Først etter 1820, i den andre fasen av den industrielle revolusjonen, blei dampmaskinen ein viktig drivkraft i tekstilindustrien, skriv Tvedt .

Spinnemaskin. Shutterstock

Då dei første tekstilfabrikkane vart bygga i 1771 var den nye teknologien representert av spinne- og vevemaskinane til Richard Arkwright. Tvedt skriv at han var ein slags sjølvlært Reodor Felgen som bygga desse maskinane. Han hadde ikkje kontakt med dei store handelskapitalane eller slavekapitalane. Men for at maskinane hans skulle kunne brukast måtte dei har ei drivkraft som fungerte heile året. Det var ei elv i området, men den fraus om vinteren. Men då oppdaga Arkwright ei mindre elv som kom ut av ei gruve. Den fraus ikkje. Så leia han denne elva fram til en passande stad og laga eit fall som kunne drive ei overvassmølle. Dermed var det gjort. Mølla kunne drive dei nye maskinane året rundt. Dei reiste til Piemonte i Italia for å får tak i deira vasshjulteknologi og det fabrikk-konseptet dei kunne bruke. Dette  kopierte dei Lancashire i England, og Tvedt kan samanfatte det dermed blei England verdas «ledende bomullsprodusent i løpet av noen få tiår. Det hadde et hydrologisk system og topografiske trekk som ga distinkte komparative fortrinn.»

Så skriv han at dampmaskinen først erstatta vatn som drivkraft etter 1820, men at vi på grunn av den store betydning han hadde i den industrielle revolusjonens andre epoke, gav han kreditt også for ei tid då han ikkje var tilgjengeleg. Elles skriv han, som nemnd, at ein slik revolusjon ikkje kunne ha funne stad i Kina på grunn av at elvene der ikkje var slik at dei kunne rigge overfallsvasshjul.

Innleiande tankar om Tvedt si framstilling

Eg tenker at Tvedt sjølvsagt har heilt rett i at det var vasshjul som var viktigaste drivkraft då bomullsindustrien sine revolusjonerande nye maskinar blei tatt i bruk, og at elvene i Lancashire var spesielt godt egna til dette. Dette er velkjend for dei som har sett seg litt inn i engelsk historie.

Men dette gir oss på ingen måte noko svar på kvifor den industrielle revolusjonen begynte i England. Lat oss seie at elvene i England ikkje kunne drive overfallsvasshjul. Viss vi skal tru Tvedt så hadde vi då ikkje fått nokon industrielle revolusjon der. Og det tyder faktisk at det ikkje hadde blitt nokon industriell revolusjon i det heile, dvs. ingen industriell revolusjon i verda der det ikkje var elvar som gjorde overfallsvasshjul mogleg? Er det eit truverdig standpunkt?

Maskiner som gjør bomullstråd ved å utføre mekaniske versjoner av karding tegning og roving i en mølle i Lancashire England ca 1835 Gravering med moderne akvarell. Shutterstock

Det skal ikkje mykje til for å skjønne at kvaliteten på elvene i delar av England virka kraftig inn på den forma den første delen av den industrielle revolusjonen fekk, men at mangelen på denne kvaliteten på elvene skulle ha stansa heile denne revolusjonen, det er eit heilt anna spørsmål som Tvedt faktisk over hovudet ikkje er inne på.

Men det vi veit er at Watt sin dampmaskin alt nokre år etter at Arkwright sette opp sin første vasshjuldrivne fabrikk var så godt utvikla at han kunne drive tekstilfabrikkar. Dampmaskinen blei ført ut på marknaden i 1774, berre tre år etter at Arkwright sette i gang sin tekstilfabrikk driven av vasshjul, og Arkwright sjølv sette til dømes opp sin første dampdrivne bomullsfabrikk i Manchester alt i 1781.

Vi kan då ganske enkelt slå fast at om elvene ikkje fanst, så ville dampmaskinen ha vore sett inn som drivkraft i løpet av kort tid etter 1771. Det ville riktig nok ha kravd større investeringar, men det ville og ha ført til at utviklinga av dampmaskinar og auka produksjon av dei ville ha blitt prioritert høgare. Då ville og prisane på dei ha gått ned og dermed kunne tekstilindustrien ha blitt spreidd til mykje større delar av England fortare enn det som skjedde fordi vasshjuldrifta blei så dominerande, og særleg til meir folkerike område der det var mykje meir tilgjengeleg arbeidskraft nær ved, enn i det folketomme Lancashire.

Då ligg det nær å hevde at vasshjuldrifta var ein gamaldags metode som faktisk seinka utviklinga av den industrielle revolusjonen. Men kanalsystemet var viktig for den transporten av kol og anna som var naudsynt for den industrielle revolusjonen. Vasshjuldrifta i Lancashire hadde dessutan ein annan naudsynt føresetnad som Tvedt ikkje har tenkt på.

Eit anna «komparativt fortrinn»

Tvedt konsentrerer seg om Arkwright og elva som kunne drive overfallsvasshjul. Han skriv til dømes: «Det er generell enighet om at det var innenfor bomullsindustrien den moderne fabrikken først oppsto, og at det var der maskiner for første gang bestemte arbeidets organisering og rytme.» Vi spør oss sjølvsagt om det var maskinane som sjølv bestemte dette, eller om dei som eigde dei og brukte dei til å skaffe seg profitt hadde noko  med saka å gjere. La oss sjå litt korleis denne organiseringa og rytmen av arbeidet var.

Det heng saman med ein annan innsatsfaktor som Tvedt ikkje nemner. La oss få eit eksempel på denne innsatsfaktoren slik han er skildra i kapittel 24 i Kapitalen av Karl Marx.

Her siterer han ein kar som heitte Fielden som hadde skrive ein rapport om dette:

«I Darbyshire, Nottinghamshire og ikke minst i Lancashire ble maskineriet som ble oppfunnet for kort tid siden, tatt i bruk i store fabrikker – like ved elver som kunne drive vannhjulet. Plutselig trengte man tusenvis av hender, langt fra byene; Lancashire, som inntil da hadde vært forholdsvis tynt befolket og lite fruktbart, hadde først og fremst bruk for en befolkning. Størst var etterspørselen etter små og smidige fingre. Da oppsto vanen med å rekvirere lærlinger (!) fra de forskjellige soknearbeidshus i London, Birmingham og andre steder. Mange, mange tusen av disse små hjelpeløse vesener, 7 til 13 eller 14 år gamle, ble på denne måten ekspedert nordover. Det var vanlig at «mesteren» (dvs. barnerøveren) ga lærlingene sine klær og mat og innkvarterte dem i et lærlingehus i nærheten av fabrikken. Det ble ansatt oppsynsmenn som overvåket arbeidet. Disse slavedriverne var interessert i at disse barna slet seg ut til det ytterste, for de fikk betaling i forhold til den produksjonsmengden som  kunne presses ut av barnet.

Grusomhet var den naturlige følgen … I mange fabrikkdistrikter, ikke minst i Lancashire, ble det drevet hjerteskjærende tortur av disse uskyldige og venneløse vesenene som fabrikkherren hadde fått overlatt til eget bruk. De ble jaget til døde med overdrevet arbeid … de ble pisket, lagt i lenker og torturert med det mest utsøkte raffinement av grusomhet; i mange tilfeller ble de sultet ut til nesten bare skjelettet var igjen, mens pisken holdt dem på arbeidsplassen … I noen tilfeller ble de drevet til selvmord … De vakre dalførene i Derbyshire, Nottinghamshire og Lancashire ble barbariske ørkener av tortur – ofte av direkte mord! … Fabrikantenes profitter var enorme. Det bare forsterket deres varulvaktige griskhet. De begynte å innføre nattarbeid; når en gruppe hender var lammet etter dagens arbeid, sto en annen gruppe klar for nattens slit; daggjengen sov i de sengene nattgjengen nettopp hadde stått opp av, og omvendt. Det er folketradisjon i Lancashire at sengene aldri blir kalde.»

Vi ser altså at ved sida av vatnet i elva som Arkwright oppdaga og dei engelske elvene som kunne drive overvasshjul, så var det  naudsynt å leie ei anna stor elv av barnefingrar inn i fabrikkane for å skape det Tvedt sine «komparative fortrinn» og slik drive fram bomullsproduksjonen og den industrielle utviklinga i England. Då blir det sjølvsagt viktig å svare på spørsmålet om korleis desse barnefingrane hadde kome i den situasjonen at dette  kunne skje med dei. Eg kjem tilbake til dette avgjerande spørsmålet som ligg utanfor Tvedt sin horisont.

The Industrial Revolution You Haven’t Met

Les: Revealed: Industrial Revolution was powered by child slaves

Og den einfaldige oppfinnaren Arkwright, slik Tvedt ser det, som bygga mange av dei nye fabrikkane og dreiv dei, var altså med i den gruppa av kapitalistar som med varulvaktig griskheit tok del i ei arbeidsdeling der dei torturerte barn og innførte barnearbeid om natta for å skaffe seg maksimal profitt.

Ein rimeleg konklusjon er at Arkwright og dei andre fabrikantane satsa på den avleggse teknologien med vasshjul og kriminelt barnearbeid fordi det var mest profitabelt. Dette gjorde at utviklinga og bruken av dampmaskinen blei hindra, slik at den teknologien Arkwright tok i bruk i røynda seinka den industrielle revolusjonen i England.

Detaljar om utviklinga av dampmaskinen og jarnindustrien

Men det er meir. La oss sjå på utviklinga innan eit anna felt som Tvedt nemner, utvikling av jarnindustrien. Ei god samanfatning finn vi her: https://www.sciencedirect.com/topics/engineering/metallurgical-coke

Når Tvedt snakkar om masomnar så ser vi at han berre nemner kol som brensle i omnane. Då ser han bort frå ei heil revolusjonerande utvikling i jarn- og stålproduksjonen. Dette var overgangen frå kol til koks og dampmaskinen si rolle i dette. Då Newcomen fekk ferdig sin dampmaskin i byrjinga av 1700-talet var det ein kar som heitte Darby som laga kjelar til maskinen. I 1707 fann han ut at han kunne erstatte trekol som då var mest brukt i masomnane med koks. Dette opna for ein verkeleg revolusjon i jarnproduksjonen. Han vart lenge hindra fordi England enno hadde skogar til trekolproduksjon og kunne få billig stål frå Sverige og andre land.

Men rundt 1750 fall eksporten frå Sverige mykje og ei rask utbygging av masovnar med koks som brensle kom i gong. 30 slike var bygd mellom 1750 og 1770 og dette gjorde at dei i England auka sin prosentdel av eigenprodusert råjarn frå 10 % til 46 % på desse åra. Dette var ei epokegjerande endring. England kunne no bruke dei store reservane sine av kol til å produsere koks, skogane kunne vernast og jarnproduksjonen kunne skyte i veret med høgare kvalitet enn før. Utan denne føresetnaden hadde bygginga av de stadig større jarnrammene i dei spinne- og vevemaskinane som blei laga, ikkje vore mogeleg. Det var her den industrielle revolusjonen i England begynte, med Newcomen sin dampmaskin som avgjerande føresetnad.

Og dette vilkåret var avhengige av Newcomen si oppdaging av koks som brensle i masomnane pluss bruken av dampmaskinen hans til å pumpe vatn frå mykje djupare gruver enn før, slik at den naudsynte kolutvinninga til koksproduksjonen kunne sikrast. Tvedt nemner ikkje Newcomen si dampmaskin som var ein føresetnad for utviklinga av jarnproduksjonen i England fordi han sikra naudsynt koltilførsle. Og dette var ein dampmaskin som altså fungerte frå lenge før spinninga kom i gong.

Men Newcomen sin maskin blei tatt i bruk alt frå 1712 og rundt 1735 var det om lag 100 slike maskinar i bruk i England og det er anslått at omtrent 2000 dampmaskinar av denne typen pluss Watt sin type var i bruk der i 1800. I tillegg veit vi at den første dampmaskinen (Watts) som dreiv ein tekstilfabrikk i Manchester blei tatt i bruk allereie i 1781 og det var Arkwright sjølv som sørga for det.

Altså, viss vi skal vere heilt kronologisk korrekt kom dampmaskinen i bruk i England frå 1712 og sørga for å revolusjonere kolgruvedrifta og dermed jarnproduksjonen frå rundt 1750. Kolgruvedrifta var også fabrikkmessig drive med lønnsarbeidarar og investering i annan kapital. Dette nemner ikkje Tvedt. Men det er ikkje feil viss vi seier at den industrielle revolusjonen i England faktisk begynte i kolgruvene rundt 1720.

Nokre av dei mindre effektive tidlege masomnane der dei brukte koks var drivne av vasshjul, men og av Newcomens dampmaskinar som var mykje mindre effektiv enn Watts sin. Men etter 1776 begynte Watts meir effektive dampmaskin å bli tatt i bruk for å drive belgane til masovnane, ved sida av dei vasshjuldrivne. Og det var først med denne dampmaskinen at dei for alvor fekk opp varmen i masomnane slik at kvaliteten på jarnet steig mykje. Frå om lag 1780 blei Watts maskin for alvor tatt i bruk slik og i 1790 hadde England og Wales 83 koksfyrte masomnar i funksjon og 71 av dei hadde dampdrivne belgar. Det vil seie av Watts sin maskin var dominerande i jarnindustrien frå ut på 1780-talet. Dette nemner ikkje Tvedt. Det er ikkje feil å seie at den industrielle revolusjonen fortsette frå kolindustrien til jarnindustrien med Watt sin dampmaskin som viktigaste drivkraft frå 1780-talet.

Allereie i 1765 hadde James Watt produsert den første dampmaskinen sin som kunne brukast praktisk. Etter å ha jobba meir med å finpusse og forbetre maskinen, og dessutan skaffe seg lånekapital, lanserte han maskinen på marknaden i 1774, tre år etter at Arkwright opna sin vassdrivne spinnefabrikk. Og vi kan jo nemne at alt i 1788 gjekk den første dampbåten på Delaware River i USA og 1807 hadde Robert Fulton klart å bygge det første heilt brukbare dampskipet.

Eit anna faktum er at før dampmaskinen kom i bruk var bomullsindustrien mest låst til Lancashire og nokre andre stader, der dei orohydrografiske (oro=fjell og hydro=vatn) tilhøva var mest passande. Men det var først etter at dampmaskinen kom at industrien for alvor kunne utvikle seg i andre deler av England og landet kunne bli den bomullsstormakta som det vaks til.

Slik eg ser det undervurderer Tvedt dampmaskinen si rolle også før 1820. Det er til dømes ikkje rett at dampmaskinen ikkje blei viktig i tekstilindustrien før 1820. Det som er rett er då gjekk talet på dampdrivne tekstilfabrikkar forbi dei vassdrivne. 1820 var altså slutten på ei utvikling der dampmaskinen hadde vorte stadig viktigare sidan han  kom på marknaden i 1774 og begynte å bli tatt i bruk i tekstilindustrien for alvor frå rundt 1780.

Konklusjonen blir at Tvedt abstraherer frå sentrale fakta når det gjeld utviklinga av, bruken av, og betydninga av dampmaskinen i den industrielle revolusjonen også frå midten av 1750-talet av. Newcomen sin dampmaskin er heilt vekke hos Tvedt. Og han abstraherer frå den tidlege og leiande rolla Watt sin dampmaskin hadde i jarnproduksjonen alt frå 1780-talet av. Dette nemner han ikkje. Skal eg vere streng så er dette så slett forskingsarbeid at de tenderer mot falskspel. Som opplyst historikar må jo Tvedt kjenne desse fakta som ligg ope i dagen for alle som ser etter dei. Når Tvedt ikkje nemner dei så gjer det at lesaren blir lurt til å tru på ei usann historie.

Tankar om råvarer og behov

Men England hadde også ein viktig mangel ved dei orohydrografiske naturtilhøva når det gald bomullsproduksjon. Dei mangla bomull. Utan bomull ingen spinning og veving av bomullstøy. Kor kom så bomulla frå. Denne veksten var det gode forhold for på dei amerikanske kontinenta. 4500 før vår tid dyrka dei bomull i Sør-Amerika. Aztekarane dyrka bomull og vevde bomullstøy i den tida. Då Spania erobra dette området utover på 1500-talet oppdaga dei bomulla, men dei var ikkje så interessert, for dei likte betre andre typar tøy som fin ull, lin og silke. Så bomulla låg der som ein sovande ressurs. I India og Kina dyrka dei og bomull, og frå 1500 før vår tid til 1500 vår tid var India verdas leiande bomullsprodusent og det var den viktigaste handelsvara for handel utover landets grenser.

Då engelskmenn etter kvart erobra India på 1500 og 1600-talet begynte dei å innføre bomullstøy frå dette landet. Importen starta så smått på 1600-talet. Det skapte ein marknad for dette produktet, og folk begynte å føretrekke bomull for ull osb. på grunn av kvaliteten. Innføringa av bomullsklede frå India var eit naudsynt vilkår for den engelske utviklinga av bomullsindustrien fordi det skapte behov for slike klede i England.

Neste viktige føresetnad for bomullsproduksjonen kom då Det Øst-Indiske Kompani i år 1600 fekk rettar av dronning Elisabeth til ha handle i Øst-India. I eit heilt hundreår strevde dei med konkurranse frå eit liknande hollandsk kompani og i siste del av 1600-talet konkluderte dei med å gi opp denne konkurransen og konsentrere handelen sin  om bomull og silke frå India. Dette var så vellukka at dei allereie i starten av 1700-talet dominerte den globale tekstilhandelen. Dei finansierte også sin eigen hær og oppretta handelsstasjonar i Madras, Bombay og Bengalen. Etter at ei hadde slått ned eit opprør i slaget ved Plassey i 1754 tok dei full kontroll med områda sine i India og gav seg og retten til skattlegging av alle som levde innan områda deira. Det engelske kompaniet blei etter kvart så dominerande at det sto for rundt 50 prosent av all transport på verdshava. Denne engelske dominansen over verdshava var eit naudsynt vilkår for utviklinga av den industrielle revolusjonen i England.

Kampen mellom britiske hæren og opprørere nær Delhi under indisk opprør. L’Illustration Journal Universel, Paris, 1857

Kompaniet førte altså inn ferdige bomullstøy frå India. Etter protestar frå ullprodusentane blei det så forbod mot innføring av slike ferdigvarer til England i år 1700.

Men Kompaniet førte også råbomull inn i England både frå India og dei Vest-Indiske øyane, og dei vande handspinnarane og -vevarane i England lærte seg å handtere materialet og bomullstøy blei populært, særleg fordi det og både kom i ein betre kvalitet som passa dei som hadde godt med pengar og i ein dårlegare og rimelegare kvalitet (calico) som vanlege folk kunne skaffe seg. Det blei eit produkt for masseproduksjon. Her blei det altså gjort politiske vedtak som også blei nødvendige vilkår for at dei begynte å utvikle bomullsspinning- og veving i England.

Engelskmennene lærte seg å spinne og veve slik tøy sjølve. Det var handelsmennene som kom ved råvarene og som tok seg innsamlinga frå vevarane og salet av tøyet. Dette var eit viktig trinn i utviklinga mot kapitalistisk drift som hadde begynt allereie så tidleg som på 1500-talet i ulltøyproduksjonen. I Kina kom organiseringa av produksjon og omsetnad av bomull aldri opp til det nivået at handelsmennene også kom med råvarene til produsentane. Der innskrenka handelsmennene si rolle seg til å hente eit ferdig produkt hos produsentane, som var bøndene. I England tok det lang tid før dei kunne lage så sterke bomullstrådar at dei kunne sleppe å ha ull i renningen på vevane sine. Men produksjonen auka jamt og etter nye protestar frå ull-lobbyen vedtok regjeringa i 1721 calico-loven som la ned forbod mot innføring av den rimelege calico-kvaliteten. Men presset for å få denne  kvaliteten vaks og tjue år seinare måtte dei opne for denne importen att, og frå 1740-talet var det klart for det store racet etter å kunne produsere mest mogleg bomullstøy fortast mogleg for å profittere på den marknaden for bomullstøy som allereie var skapt. Dette var ei viktig drivkraft bak den industrielle revolusjonen som kom i tekstilindustrien i England. Utan dette behovet var det ikkje noko tilskunding til å satse på dette feltet. Her har vi også drivkrafta bak Arkwright sitt arbeid med å rasjonalisere spinneprosessen veg hjelp av ei maskin.

Vi kan seie at den industrielle revolusjonen i utvikling av nye spinne- og vevemaskinar blei førebudd av Kays skyttel som for alvor kom i bruk rundt 1750 og som gjorde at vevarane kunne veve mykje fortare enn før slik at spinnarane ikkje klarte å levere nok tråd til å dekke etterspurnaden frå dei som vevde. Det førte til eit stor press for å få til raskare spinning. Det førte til oppfinninga av maskinen Spinne-Jenny som løyste dette problemet, og løyste det så godt av vevarane ikkje kunne henge med. Dermed måtte ein jobbe fram maskinar som kunne veve fortare. Desse la igjen press på spinnarane slik at desse maskinane måtte forbetrast osb.

Men i første fase av denne industrien var ikkje volumet så stort. Det gjennomsnittlege, årlege forbruket av bomullstekstilar i England for tiåret 1770-80 var 2,6 millionar kg. 50 år seinare, i 1820-30, hadde forbruket eksplodert til 122 millionar kg pr. år. Bomullsprodusentane hadde også store vanskar med å levere store volum. Til å begynne med kom all bomull frå Østen/India og Vest-India. Bomullsdyrking var for arbeidskrevjande for amerikanske farmarar. Det tok ein person ein heil dag å fjerne frøa frå eit halvt kilo bomull.

Men det endra seg i 1793 då amerikanaren Eli Whitney fann opp ein maskin som kunne utføre denne prosessen. Egreneringsmaskinen revolusjonerte bomullsproduksjonen. Volumet steig 100-fold på få år. Samtidig sank prisen. Med Whitney’s maskin kunne ein person reinse 25 kg bomull om dagen. Nesten over natta begynte amerikanske farmarar å dyrke bomull. Så det var først ut på 1790-talet dei kunne begynne å importere verkeleg store kvanta råbomull til England og slavearbeidet i USA var avgjerande her.

Arkwright tok i bruk og fortsette å bruke den gammaldagse drivkrafta frå vasshjulet fordi profitten ved å bruke vasshjul og torturere småungar var så stor at han hindra overgang til den mykje betre drivkrafta frå Watts sin dampmaskin. Ut frå dette er det faktisk ikkje urimeleg å hevde at i den perioden der vasshjulet dominerte som drivkraft i bomullsindustrien hadde han eit tilbakeliggande, førindustrielt preg som var eit hinder for raskare utvikling av produktiviteten på området.

Kolgruveindustrien gjekk for alvor ut av den førindustrielle tida då dei utvida bruken av Newcomen si dampmaskin frå 1750-talet. Jarnindustrien tok i bruk Watt si dampmaskin på 1780-talet og var i det vesentlege ute av den førindustrielle tida alt før 1790. Mens tekstilindustrien vart halde tilbake i enno nokre år.

Eit sentralt trekk ved den industrielle revolusjonen var jo at han nett frigjorde bruken av maskinar frå slike kraftkjelder som låg der i den opphavlege naturen og som difor var låst til spesielle geografiske stader. Heile dette biletet utelet Tvedt i si «Verdshistorie».

Derbyshire Miners Coal-getting at the Bolsover Face. Drawn by D Macpherson. The Sphere | 22 March 1919

Tankar om arbeidskraft

Dette kjem att i neste problem, som er arbeidskraft. Eg har tidlegare vist at det ikkje var berre ei elv med vatn som skulle til for å bygge opp bomullsindustrien i Lancashire. Dei trengte også ei elv av barnefingrar, og for å maksimere profitten trong dei å mishandle dei til daude. For å bygge opp ein ny industri trengs altså arbeidskraft. Denne var skaffa i England gjennom ei lang og særeigen utvikling der etter at dei gamle føydalherrane hadde utrydda kvarandre i kampen om kongemakta på 1400-talet.

Dermed var føydalismen i England rydda grundig av vegen tidlegare enn i noko anna land. Då dei føydale eigedomsforholda og striden mellom føydalherrane om kongemakta tok slutt og England blei lagt inn under ein konge fekk vi sjå store endringar i samfunnet. Vi fekk det som har blitt kalle den vesle industrielle revolusjon på 1500 og 1600-talet.

Samstundes var det ei stor omlegging av jordbruket til sauedrift og sal av ull, fordi dei nye godseigarane visste at det var stort behov for ull til den veksande produksjonen av ulltøy i Flandern, på andre sida av Den engelske kanal. Dette utvikla handelskapitalismen på landsbygda. Det førte også til at store mengder bønder blei driven frå gard og grunn når godseigarane kasta dei ut for å bruke jorda til sauebeite. Dette var første omgang av denne utdrivinga. Store flokkar med fattige folk utan arbeid oppstod.

Etter den engelske revolusjonære krigen frå rundt 1640 til 1660 og konsolidering av eit samarbeid mellom dei store handelsmennene og jordeigarane i 1688 var det ei ny stor omlegging av jordbruket frå midten av 1700-talet. Det var resultat av ein brutal klassekamp på landsbygda gjorde at særleg småbøndene som hadde drive med litt heimeindustri, gjerne veving og spinning, og hadde nokre dyr eller fjørfe og kunne ha litt fast eller daglønna arbeid, blei drivne frå gard og grunn. Samstundes blei det innført nye betre metodar i jordbruket som gjorde et ein produserte meir med færre folk. I åra frå 1750 og frametter fall også lønna til jordarbeidarane til under det dei trong for å leve. Dei måtte ha støtte frå staten.

Det var tre store verknader av dette. For det første gjorde den auka produktiviteten i jordbruket at dei kunne fø den store mengda industriarbeidarar som etter kvart arbeidde i fabrikkane. For det andre skapte han ein reservearmé av lønnsarbeidarar og sørga for «frie» arbeidarar som kunne dekke behovet for arbeidskraft i fabrikkane og det var denne samankoplinga av arbeid og kapital som, på ei tid då storskala produksjon var mogleg, som var det vesentlege ved den industrielle revolusjonen. Og for det tredje skapte det ein stor indre marknad for fabrikklaga varer. Dei nye arbeidarane måtte kjøpe det dei trong. Dei var vekke frå heimeindustrien og sjølvforsyninga med mat på dei små gardane. Denne heimlege etterspurnaden var naudsynt for at bomullsindustrien først kunne utvikle seg for sidan å erobre verda med sine produkt. Ein heilt sentral marknad blei seinare India sjølv, der dei engelske bomullstøya konkurrerte ut den lokale produksjonen, med store skadeverknader for dette landet, mens bomullsmagnatane i England gjorde grove profittar.

Når det gald arbeidskraft var det og avgjerande at det trongs tynne fingrar for å halde oppe farten i veveria. Det førte til at kvinner og særskild barn blei trekt inn i denne produksjonen slik at største delen av den nye arbeidarklassen var ungar ned i skulealder og kvinner. Dette reiv opp familiesystema i området skapte enorme problem og lidingar. Men det var eit avgjerande vilkår for at industrien kunne utvikle seg. Alt dette var naudsynte historiske vilkår for at den nye industrien kunne bli bygga opp. Tvedt har abstrahert frå alt dette når han har laga sin abstraksjon av grunnen til at den industrielle revolusjonen skjedde i England var elvar som passa for overfallsvasshjul.

Desse naudsynte vilkåra for Arkwright og dei andre si utvikling av bomullsindustrien forsvinn i Tvedt sin konsentrasjon om produktivkrefter og elver. Dette er ein av dei store veikskapane i vendinga  mot geografi og ytre miljø i historie»vitskapen». Dei gløymer produksjonsforholda, dvs. utviklinga av menneska sine høve til kvarandre og den produktive krafta, og heile endringskrafta, som ligg i dette. Og dette er Marx sin enorme styrke. Han var opptatt av menneska og korleis dei hadde det og utvikla forholda sine. Og korleis det att virka inn på korleis dei utveksla seg med resten av naturen og utvikla produksjonen sin. Det er ei ope haldning til korleis historia utviklar seg som tar omsyn til naturvilkåra, men som også legg vekt på at menneska sjølv skapar nye naturvilkår, og dermed blir ikkje historia låst inne i dei opphavlege naturvilkåra slik Tvedt gjer det, men den vidare utviklinga av historia blir avhengig av denne menneskeleg verksemda og dei produktivkreftene menneska utviklar pluss dei produksjonsforholda som oppstår – som også kan både hindre og fremme utviklinga av produktivkreftene.

Dette er ikkje ei haldning som opnar for at historia er bestemd på førehand, han opnar tvert imot for ei uendeleg rekkje av utviklings- og avviklingsmoglegheiter i framtida. Og der står vi jo svært tydeleg i dag. Menneska sjølv er blitt den viktigaste produktivkrafta, og produktivkrafta er innbakt i produksjonsforhold (kapitalismen) som gjer at denne produktivkrafta blir meir og meir til ei universell øydeleggingskraft. Det ser ut som dette ligg utanfor Tvedt sin horisont. Boka hans er difor reelt sett uvesentleg som lærdom for dagens menneske, bortsett frå den allmenne haldninga at vi må ta omsyn til naturen elles går det gale.

Tankar om forskinga på kvifor den industrielle revolusjonen starta i England

Terje Tvedt si bok tar preg av den forskinga som har vore drive på dette feltet dei siste 20 åra. Denne forskinga har lenge vore dominert av to forskjellige hovudretningar. På dei eine sida har vi det som er kalla Chicago-skulen og på den andre sida revisjonistane. Patrick Karl O’Brien frå London School of Economics er vel den mest anerkjende innan heile dette feltet i dag. I sumar gav han ut boka the Economies of Imperial China and Western Europa – Debating The Great Divergence i serien Palgrave Studies in Economic History som omhandlar forskinga på forskjellane i utvikling mellom Kina og Vest-Europa i dei siste 20 åra med omsyn på vilkår for å få i gang ein industriell revolusjon.

Men eit toneangjevande verk når det gjeld heile denne debatten, etter Jasper sine arbeid[i][ii], kom i 1963 då William McNeill, professor ved University of Chicago gav ut sin monumentale The Rise of the West – A History of the Human Community. I si tid vart boka kåra til ei av dei ti viktigaste ikkje-skjønlitterære verk i verda. Vi som studerte historie på den tida ser enno med glede tilbake på boka. Han har ei omfattande skildring diskusjon om utviklinga av bortimot alle delar av verda. Tvedt sitt arbeid står fram som dilettantisk i høve til McNeill si framstilling av denne heilskapen. Og det gjeld sjølv om McNeill tok feil på viktige plassar han og. Men det var no slik eg møtte denne debatten.

I boka si gir han ei vurdering av det kinesiske samfunnet i tusenåret før 1800. Her skriv han at frå omlag år 1000 hadde det kinesiske samfunnet nådd det vi kan kalle sin “moderne” form. Fram til det 20. hundreåret førte vidare utvikling til at ting blei gjort i større skala, men klarte ikkje å endre hovudlinjene i den samfunnsmessige strukturen som utvikla seg då. Denne konklusjonen meiner eg framleis held vatn.

Eg har studert heile framstillinga til Patrik O’Brien av utviklinga av dei historiske studiane innan dette området dei siste 20 åra og den gir eit greitt resultat. Dei to hovudskulane innan dette området, den californiske og den revisjonistiske har forska og krangla og diskutert og prova og motprova teoriar, men når alt kjem til alt, konkluderer O’Brien, har dei ikkje kome fram til noko som eigentleg kan forklare kvifor den industrielle revolusjonen skjedde i Vest-Europa og ikkje i Kina. Den statistikken dei har grave fram er for dårleg til at han kan prove noko. Og andre diskusjonar og teoriar gir heller ikkje noko svar. Dette gjeld alle retningane innan desse studiane, også den som legg stor vekt på geografiske tilhøve.

Til slutt kapitulerer O’Brien heilt . Han gir opp forklaringar som byggjer på den forskinga som er gjort og seier at det var kristendomen som var den viktigaste grunnen til den industrielle revolusjonen fordi den bidrog til at elitane i Vest-Europa var meir open for vitskapeleg framgang enn muslimane, konfutsianarane og andre. Han prøver å legg fram ein del fakta som skal vise dette.

Det kan sjølvsagt argumenterast for at utviklinga av naturvitskapleg forsking både før under det vi kallar opplysningstida, har spelt ei rolle for utviklinga av den industrielle revolusjonen. Et meiner et dette ikkje var tilfelle i særleg grad i begynninga. Dei som utvikla den første dampmaskina eller kolgruver og brenning av koks, eller av Arkwright si Spinning-Jenny trong ikkje vite så mykje om Newton sine lovar for mekanisk rørsle osb. Dei bygga stort sett på lokal kunnskap som var oppstått i praksis for å løyse praktiske problem. Etter kvart blei bruken av vitskapen mykje viktigare etter kvart heil avgjerande.

Når no Tvedt prøver å gi vasshjulet æra for den industrielle revolusjonen i England, så er han innafor den ovannemnde forskartradisjonen, og det fortvila forsøket på å få oss til å tru at det var dei engelske elvene som førte til at vi fekk ein industriell revolusjon i verda, er ein del av desse historieskulane sine bakevjer.

Tankar om kvifor forskarane ikkje finn ut kvifor den industrielle revolusjonen starta i England

Ut frå lesinga mi av O’Brien si bok ser det ut som forskarane stort sett samanliknar Kina med Vest-Europa. Ettersom den industrielle revolusjonen fann stad i England, er dette fokuset på Vest-Europa for upresist til å vere til mykje hjelp for å finne svar på det problemet dei reiser.

Men etter mi meining er den viktigaste grunnen til at ikkje desse moderne historikarane ikkje kjem nokon veg at dei er heilt ut konsentrer om utviklinga av produktivkreftene og stort sett utelet utviklinga av produksjonsforholda. Vi ser det same hos Tvedt, når han gløymer barnehendene som eit naudsynt vilkår for utviklinga av tekstilindustrien i Lancashire og bere ser ei elv. Kva er det dei då gløymer? Dei gløymer dei aktive, levande menneska og korleis dei endrar forholda seg imellom, og korleis det verkar tilbake på utviklinga av produktivkreftene.

Vi ser også hos Tvedt korleis utgangspunktet hans gjør at han forskjønner den gruelige kapitalisten Arkwright. Dette gir også denne historieforskinga eit klassepreg. Det er ei forsking som godt kan passe overklassane. I det heile tatt er all denne moderne forskinga eit gedigent feilspor som berre fører ut i ein intellektuell og teoretisk ørken, sjølv om ein snakkar om elvar.

Ideologisk sett er heile denne denne historie»forskinga» eit angrep på Marx si framstilling av korleis klassekampane i England, og den enorme innteninga til det krigerske og profittorienterte engelske handelsborgarskapet, gjorde den industrielle utviklinga i landet mogleg. Eg meiner at kapittel 24 i første bind av Kapitalen går langt utanpå heile styret til dei moderne historieforskarane. Alle bør lese kapittel 24 i første bind av Kapitalen og samanlikne framstillinga der med Tvedt sine abstraksjonar som eg meiner er falske.

Tankar om utviklinga i Kina

På 1960- og 70-talet hadde eg ei periode der eg las meg opp på forskinga på både det gamle og det nye Kina frå 1912 og frametter medrekna tida etter 1949. William MacNeill si bok var eit viktig innspel då. På 80-talet kom Cambridge med ei rekke grundige bøker om dei eldre dynastia i landet ut frå dei nyast arkeologiske funna då, og med det hadde eg ei ny rundt studiar av dette. No har eg gått opp att feltet.

Dei første dynastia

Før eg ser nærmare på dei seinare dynastia er det verd å gå tilbake til dei første som er nemnd seinare i skriftlege kjelder. Etter tradisjonen er Xia-dynastiet det første på kinesisk territorium. Det skal ha vart frå 2000 før vår tid til 1750 før vår tid. I 2011 blei det grave fram eit stort bygningskompleks på området for dette dynastiet. Det var bygd rundt 1700 år før vår tid, altså på overgangen frå Xia til Shang-dynastiet. Her gjorde dei funn som stamma frå år 3000 før vår tid og fram til og med dei austlege Zhou og Han dynastia. Dette viser at det i alle fall var relativt avanserte samfunn der frå rundt 4000 år tilbake, ved overgangen frå steinalder til bronsealder. Historia som vart nedskrive seinare nemner kampen mot flaum i Den gule flod som eit viktig moment kampen om makta i desse samfunna. Det er skildra to metodar som blei forsøkt. Den eine var å bygge barrikadar mot vatnet. Det var mislukka. Først då dei fann ut at dei kunne avleie vatnet i retning havet gjennom fleire kanalar fekk dei kontroll på elva. Den som klarte det kom til makta. Mange meiner at dette er ei oppdikta historie og at dette i røynda fann stad under Zhou dynastiet. Men i alle fall viser det eit grunnleggande trekk ved heile den kinesiske sivilisasjonen. Det var ein jordbruks- og elve-sivilisasjon der kontroll på elvene er heilt sentralt for drifta av jordbruket.

I dette området av verda var denne sivilisasjonen så vel tilpassa dei opphavlege naturvilkåra at han kunne vare i nærare 4000 år utan store endringar i klassetilhøve og styringsform, det vil seie at produksjonsforholda i det vesentlege ikkje endra seg. Det var på denne tida at kongen slutta med å velje den best egna til etterfølgjar, og valde ein son til dette. Det vart systemet i alle dei seinare dynastia. Det skapte ein viss stabilitet i rekkefølga av kongar og keisarar, men det hadde og den veikskapen at ikkje alle sonene som kom på trona klarte oppgåva si. Dermed var det duka for opprør og skifte av dynasti dersom andre forhold var ugunstige slik at folket fekk inntrykk av at dette dynastiet ikkje dugde lenger.

Produktivkreftene og kommunikasjonskreftene, dvs. dyrkingsmåtar, handverk, transport, handel osb. utvikla seg stadig gjennom dynastia. For mest kvart nytt dynasti blei systemet forbetra og kunne halde liv i fleire folk, og under det siste dynastiet, det mongolske Manchu dynastiet, (1644-1912 i vår tid) nådde systemet sitt høgdepunkt på 1700-talet. Men som alle dei andre dynastia fall det saman i uro og opprør utover i andre del av 1700-talet og var sterkt svekka då europearane for alvor sett inn sine angrep på landet. 1800-talet var stort sett prega av at dei vestlege columbiske maktene var i ferd med å øydelegge og ta over heile landet. Men til liks med andre erobrarar klarte dei ikkje dette. Til slutt kasta Kina ut dei vestlege columbiarane og tok etter kvart til seg det dei hadde bruk for av den kulturen desse representerte.

Nokre samanfattande tankar og den historiske utviklinga i Kina

La oss sjå litt meir på detaljane i den vidare utviklinga av Kinas historie. Gjennom dei nye skikkane og styringsmåtane under Zhou-vest dynastiet og seinare gjennom dei store diskusjonane under Zhou-aust dynastiet rundt 500 før vår tid utarbeida dei kinesiske filosofane ein ideologi som passa med den måten samfunnet var organisert på og som på si side virka tilbake på samfunnet. Hovudtanken er at det over alt skal haldast oppe ein harmoni bygga på eit klassedelt samfunn, der herskarklassene får i oppgåve å organisere samfunnet slik at livet til dei som bur der kan  vere rimeleg greitt. Dei skal heller ikkje plage undersåttane sine for mykje, mens undersåttane skal vere nøgd med å vere der dei er dersom dei finn at vilkåra deira er rimelege.

Tanken om at kongen eller keisaren var sett inn på himmelens nåde og var den som hadde direkte kontakt med himmelen og formidla denne til folket «sitt» blei og utvikla i denne tida. Det medførte også at dersom himmelen viste at keisaren ikkje hadde himmelens godkjenning lenger, kunne og skulle han skiftast ut.

Dette opna for dei måtane alle dynasti seinare etablerte seg og blei avvikla. Dei hadde ein (av til to) periodar med rolege forhold og vidare utvikling av teknologi, som jarn for bronse, fleire oppfinningar som kompass, papir og trykkekunsten, irrigasjon, kanalar, handel og bruk av pengar osb., som begynte så tidleg som under Zhou-øst dynastiet, og utvikla seg vidare stort sett på same grunnlag fram til europearane kom. Ved kvart nye dynasti var det framgang og vi fekk auka folkesetnad med vidare busetnad nedetter elvedalane i retning elveosane.

Det mest typiske ved kinesisk historie er jo denne gjentakinga av oppgang og samanfall utan endring i produksjonsforholda/klasseforholda.

Dei hadde eit innskott av buddhisme frå 400 til 900 i vår tid. Men rundt 900 var buddhismen stort sett integrert i den varige kinesiske kulturen og litt seinare var det ein konfutsiansk renessanse. Etter Tang-dynastiet og rundt år 1000 var i det store og heile ganske detaljerte produksjonsforhold og styresett sementert som i røynda varte ut heile Qing-dynastiet frå 1644 til 1912. Og det var ein variant av dei grunnleggande trekka frå Zhou-aust-dynastiet og Zhou-vest dynastiet.

Ser vi på heile Kina si historie har det vore i alle fall vore 9 slike nedgangsperiodar og oppgangsperiodar etter Zhou-dynastiet fram til og Qing-dynastiet (1644-1912). Og under dette siste dynastiet fekk vi også den største framgangen som Kina har sett. Under keisarane Kangxi (1661-1722), Youngzheng (1723-1735) og Qianlong 1736-1796) leia dette dynastiet Kina til si største geografiske utstrekning og til sitt førre høgdepunkt i med stor folkevekst og velstand. Men den grunnleggande måten å utveksle seg med naturen endra seg lite på heile denne tida. Kvar framgang hang saman med utviding av dyrkbart areal med auka irrigasjon, meir kanalbygging og oppdyrking av nye område, bortsett frå at dette under Qing ser ut til å bli brukt opp, slik at ein trend med å flytte til andre utkantar av området opp i fjellskråningar der auka på.

Det var det liten endring i klasseforholda. Ein eineveldig keisar på toppen, med sitt militærapparat og sitt byråkrati, og eit mengd jordeigarar over eit osean av bønder som dreiv sitt jordbruk, og sideverksemder som spinning og veving av bomull og gras-lin pluss at dei jobba med silkeormar og trakk silketråd ut av kokongane til desse.

Handelsmenn kom og kjøpte overskott som jordbrukarane ikkje brukt sjølv og fekk dei ut på marknaden. Men desse handelsmennene blei aldri ei endringskraft i det kinesiske samfunnet. Nokre hevder at dei var meir interessert i å kjøpe opp jord eller eksamensprov for å komme opp i jordeigarklassen eller i keisaren sitt byråkrati, enn i å satse på meir profitt ved å utvikle handelen og eventuell produksjon. Betalt arbeidskraft var eit forsvinnande fenomen. Så med kvar oppgangsperiode blei produksjonen og samfunnsrikdommen betre og større, men alltid innanfor rammene av dei gamle klasseforholda, driftsformene og ideologien. Nokon driv til endring i produksjonsforholda var det ikkje i dette samfunnet. I visse periodar var det også litt utanrikshandel, til dømes med silke og luksusvarer, men det blei aldri noko stort volum på dette.

Det blei gjort eit forsøk på å opne for større sjøhandel på 1400-talet på grunnlag av meir avansert skipsbygging enn det som fanst i Europa på denne tida, men det blei stoppa av ein ny av dei despotiske herskarane. Det gjekk så langt at båtar blei brende og det blei forbode i drive verft. Etter ei stund vart også alle prov på at desse reisene hadde skjedd fjerna reint fysisk.

Terrakottahæren er ei samling av terrakottaskulpturar, ei avbilding av hærstyrkane åt Qin Shi Huangdi, den første keisaren av Kina. Dette er gravkunst frå år 210 eller 209 f.Kr.

Styreforma var difor despotisk (eineveldig herskar), og samfunnsforma var statisk. Når vi ser på det kinesiske samfunnet ut frå perspektivet produktivkrefter, så var det vellukka i alle dei tusenåra det eksisterte og det fans utvikling av produktivkreftene, mest gjennom utviding på grunnlag av gammal teknologi og dyrkingsmetoder, men og med utvikling av nye metodar. Det var ein dynamikk i dette.

Men når vi ser på samfunnet ut frå utviklinga av produksjonsforholda, så var det stagnasjon og stillstand med bønder låst i ein snever horisont. Det er dette Marx set fingeren på når han bruker omgrepet «asiatiske produksjonstilhøve», som noko stilleståande, utan tildriv til endring, og evig undertrykking av bøndene slik at dei blei idiotar i den gamle greske tydinga, ei gruppe som stort sett ikkje engasjerte seg i statsstyret – med unnatak når keisaren miste himmelen si støtte. Då kunne dei gå til opprør. Men etter opprøret blei eit nytt dynasti, som fekk himmelen si «velsigning», sett inn etter mønster av det gamle og dei gamle styringsforholda og klasseforholda blei oppretta att i litt nye former og i det vesentlege gjekk alt vidare som før.

Det samanhengande teknologiske arbeidet som gjennom bortimot 4000 år var grunnlaget for utviklinga av det kinesiske samfunnet var deira fantastiske evne til å temme elvene sine og stadig utvide dyrkingsområdet langs dei og forbetre dyrkingsmåtane. Tvedt sin påstand om at kinesarane hadde elver dei ikkje kunne kontrollere, er difor heilt feil. Sjølv om det var flaumar og periodar der elvene tok «makta» var tvert imot var den gjennomgåande gode kontrollen med elvene grunnlaget for heile utviklinga av den kinesiske sivilisasjonen. Viss kinesarane ikkje hadde kunne kontrollere elvene sine, hadde elvesamfunnet der gått til grunne til liks med elvekulturen i Mesopotamia. Her liknar Kina og Egypt. Og dei gode elveforholda og dyrkingsforholda rundt elvene gjorde at den forma som det kinesiske samfunnet grunnleggande sett fann om lag 1000 år før vår tid kunne halde seg utan større endringar i nærare 3000 år. Så sjølvsagt avgjer dei orohydrografiske tilhøva mykje av det som skjer seinare. Men då europearane kom og valdtok landet blei dei menneskeskapte forholda avgjerande for den vidare utviklinga også i Kina.

Og her kjem tilbake dei orohydrografiske og klimatiske forholda. Etter mi meining var forholda for å utvide og utvikle eit jordbrukssamfunn var elveslettene i Kina dei aller beste i verda. Og det geografisk området var så stort og at det også kunne svelge folkeauke i relativt stor grad ved stadig utviding av jordbruksarealet nedetter langs elvene slik at ny framgang innanfor dei same produksjonsforholda kunne begynne att. Derfor har faktisk Tvedt rett når det gjeld heile utviklinga av den kinesiske historia. Forholda for å halde opp ein elve-jordbrukskultur var lenge så gode at det ikkje kom til nokon vesentleg motseiing mellom produksjonsforholda og utviklinga av produktivkreftene.

Tankar om Tvedt og Marx

I boka si polemiserer Tvedt mot syna til August Comte, Herbert Spencer, Friedrich Hegel og Karl Marx om korleis samfunn utviklar seg. Han plasserer dei stort sett under same overskrift – dei meinte alle at historia følgde guddommelege eller andre lover mot det perfekte samfunnet – ting ordnar seg, historia har ein plan. Han plasserer altså Marx sine grundige historiske undersøkingar om det materielle grunnlaget for korleis menneska sjølv skaper si historie, på dei grunnlaga som er skapt tidlegare, i same sekk som tankane til Comte og Spenser, som i høve til Marx sine oppdagingar, er dei reine tankespinn.

Det morosame er jo at Marx allereie i Den tyske ideologien la ned programmet for Tvedt sine undersøkingar. Eg siterer:

Føresetnadene som vi går ut frå, er ikkje vilkårlege, er ikkje dogme, men verkelege føresetnader som vi berre kan abstrahere frå i fantasien (in der Einbildung). Desse føresetnadene er dei verkelege individa, aktiviteten deira, og dei materielle livsvilkåra deira, både dei som allereie eksisterer og dei som dei produserer gjennom sine eigne handlingar. Desse føresetnadene kan difor/[?]/konstaterast på reint empirisk vis.

Den første føresetnaden for all menneskeleg historie er, naturlegvis, at det finnast levande menneskelege individ.  Den første historiske handlinga til desse individa, som skil dei frå dyra, er ikkje at dei tenkjer, men at dei begynn å produsere livsmidla sine. Då er altså den første kjennsgjerning som vi må slå fast, den fysiske organiseringa til desse individa og det tilhøvet til naturen som følgjer av denne organiseringa. Vi kan sjølvsagt ikkje her gå inn på den verkelege fysiske eigenart til mennesket sjølv, på dei naturvilkåra som mennesket finn seg sjølv i – geologiske, orohydrografiske, klimatiske og andre forhold. Desse tilhøva er føresetnaden for, ikkje berre den opphavlege organisasjonen av menneska som har vokse fram naturleg, framfor alt raseforskjellane, men også heile den vidare utviklinga eller ikkje-utviklinga fram til i dag. All historieskriving må gå ut frå desse naturgrunnlaga og modifikasjonen av dei gjennom menneska sine handlingar utover i historia.[iii]

Marx seier så at han ikkje går nærare inn på dette her, men han har altså gjort det klart kva grunnlag han meiner at all historie kvilar på. Han kviler på den verkelege fysiske eigenarta til mennesket sjølv på den eine sida, og på dei naturvilkåra som mennesket finn seg sjølv i – geologiske, orohydrografiske, klimatiske og andre forhold. Når han snakkar om raseforskjellar var det frå tida før raseteoriane blei utforma, så det tyder meir folkeslag eller gruppe av folk.

I  høve til Tvedt si bok er det mest interessante ordet her orohydrografiske som altså tyder tilhøve som gjeld fjell og vatn. Dette er nett i kjernen av det Tvedt si bok i det vesentlege handlar om, og spesielt korleis elvar bestemmer mykje av den historiske utviklinga på forskjellige plassar i verda. Ei oppsummering i boka er slik: «Kombinasjonen av topografi og nedbørsmønstre (i England) var som skapt for å produsere til overfallshjulene og fabrikkmaskinane.» Og ifølge Tvedt var det dette det grunnlaget som gjorde den industrielle revolusjonen mogleg i England, men til dømes ikkje i Kina. Men, som vi har vist, så har Tvedt sjølv har sett seg for blind på dette eine vilkåret og gløymd andre, som svekker tesen hans, eller til og med gjer han relativt uvesentleg.

Men i alle fall må vi seie at det ser ut som Tvedt ikkje veit at han arbeider ut frå ei rettleiing som kjem direkte frå Marx sjølv. Han visste det som Tvedt no har oppdaga allereie i 1848. Men Marx la nok meir vekt på menneska si skapande rolle og evne til å bruke dei allereie skapte tilhøva for å utvikle nye tilhøve som dei gamle tilhøva hadde gjort mogleg. Og han legg ikkje berre vekt på menneska sitt tilhøve til naturen rundt i produksjonen (produktivkreftene), men også på korleis menneska organiserer tilhøvet seg imellom på dette grunnlaget (produksjonsforholda) og kordan desse forholda, særleg klasseforholda, også verker som ei produktivkraft. Elles er alt arbeidet hans gjennomsyra av et det er den menneskelege verksemda som er den avgjerande drivkrafta i utvikling av heile den utvekslinga menneska har med naturen rundt.

Når Marx undersøker kvifor den industrielle revolusjonen utvikla seg i England, så er det produksjonsforholda han undersøker, utviklinga av klasseforholda og klassekampen tilbake til 1300-talet. Den viktigaste konklusjonen hans er at er at det er utviklinga av klassekampane og klasseforholda på landsbygda og i handelen som er dei avgjerande vilkåra for den seinare utviklinga av industrikapitalismen nett i England. Det er utviklinga av kapitalismen i England som fører til behov for stadig betre maskinar og kommunikasjonsmiddel.

Viss det er slik, så oppdagar vi også at oppfinnarane og dei som utnytta oppfinningane ikkje var interessert i oppfinningane for seg, men for profittmoglegheitene som låg i dei. Dei var ikkje særlingar som tusla med teknologi og ikkje hadde noko tilhøve til kapitalistane og profittmoglegheitene rundt seg, dei var kapitalistar på jakt etter mest mogleg forteneste.

Elles har ikkje Tvedt noko medvete forhold til Marx, og merknadane hans om denne er berre oppattaking av gamle fordomar. Det ser ut som heile det store forskingsarbeidet på Marx som har funne stad både utanfor og innanfor universiteta særleg dei siste 20 åra har gått han forbi. Denne forskinga har jo nett gått i rette med dei stereotypiane som Tvedt presenterer.

Avsluttande tankar

Tvedt kan mykje om elvar og skriv greitt om dei gamle elvekulturane og også interessant om den engelske imperialismen når de galdt Nilen-området og bomullsproduksjonen i Egypt. Men når det gjeld påstanden om at det var kvaliteten på elvene som førte til den industrielle revolusjonen i England i staden for i Kina, så er den så dårleg underbygd at den ikkje har noko forklaringskraft. Forskinga hans på dette feltet er svært overflatisk og utelet ganske enkelt mykje vesentleg som kan problematisere det han sjølv meiner er rett. Det teoretiske og filosofiske utgangspunktet hans, og heile dei moderne skulane innan forskinga på kvifor den industrielle revolusjonen skjedde i England og ikkje i Kina, leier her inn i bakevje etter bakevje og fører ikkje historievitskapens elv vidare frametter.

Forrige artikkelHva er problemet med solkraft?
Neste artikkelDet amerikanske imperiets Janus-ansikt