Din mann på galleriet – dag 20

0
Utenfor rettssalen 30. septembr 2020. Foto: assangecourt.report
Craig Murray

Av Craig Murray. London. 30. september 2020. Omsett av Hans Olav Brendberg.

Tysdag har vore nok ein dag med vitnemål om dei ekstremt inhumane tilhøva i fengsla der Julian Assange vil bli halde om han blir utlevert til USA. Taktikken til aktoratet er framleis utprega aggresjon mot vitne som er velinformerte, men det var tydeleg at dette fungerte dårlegare. Domar Baraitser viste tydelege teikn på irritasjon mot denne framgangsmåten. Heilskapen av vitnemål frå forsvaret, og omfanget gjensidig underbyggjing og dokumentasjon kunne rett og slett ikkje avvisast av at påtalemakta freista karakterisera alle som uninformerte på einskilddetaljar, og enno mindre av forsøk på å stempla dei som vitne som ikkje vitna i god tru. Å freista stempla eit vitne som veikt kan sjå rimeleg ut når ein kan få det ut av balanse, men åtak etter åtak på utprega godt kvalifiserte vitne, utan grunnlag i anna enn aggresjon og fiendtleg haldning, blir fort lite overtydande.

Det andre poenget som som bar meir og meir i augo, og som står i motsetnad til alminneleg rettskjensle, er at aktoratet gjer seg avhengig av erklæringar frå assisterande statsadvokat Gordon Kromberg og psykiater ved Board of Prisons, dr. Alison Leukefeld. Krysseksamineringa frå dei amerikanske styresmaktene av dei fire siste vitna frå forsvaret har alle lent seg på dei same passasjane i erklæringar frå Gordon Kromberg og Leukefeld, og alle desse fire forsvarsvitna har sagt at Leukefeld og Kromberg tek feil når det gjeld fakta. Likevel kan ikkje vitna til dei amerikanske styresmaktene bli innkalt og krysseksaminert etter utleveringsavtalane mellom USA og Storbritannia. Når forsvarsvitna blir mått med så fiendtlege åtak under krysseksaminering på punkta der dei er usamde med Kromberg og Leukefeld blir det openlyst gale at Kromberg og Leukefeld ikkje kan bli krysseksaminert av forsvaret på dei same punkta.

Når det gjeld sakførselen er dette verdt å merka seg: Det einaste punktet der advokatane til den amerikanske regjeringa har tatt tak i med ei viss tyngde er den avgrensa, direkte røynsla vitna har når det gjel H-eininga ved ADX Supermax-fengselet. Dette stiller forrige ukes innvendingar mot at forsvaret fekk innkalla vitne som har akkurat slik røynsle i eit skarpt lys. Erklæringane til Kromberg og Leukefeldt vart sendt 20. august og 2. september. Påtalemakta grunngav sin motstand med at desse vitna vart meldt for seint, men begge vart meldt før ein månad var gått etter at desse to vitneerklæringane som dei skulle møta var lagt fram. Amerikanske styresmakter og domar Baraitser har blokkert for å høyra vitnemål på akkurat dette punktet, og likevel her hovudpunktet når aktoratet går til åtak på forsvarets vitne at dei manglar den spesialkunnskapen som dei sjølve har blokkert for nye vitnemål om. Det etterlet ein flaus smak i munnen.

Det første vitnet denne dagen var Mareen Baird, tidlegare inspektør ved tre amerikanske fengsel ikludert Metropolitan Correction Centre i New York 2014-16. Dette fengselet har mange Special Administrative Measures (SAMs) i varetekt før rettergang. Ho hadde også gjennomgått nasjonale kurs og treningsprogram når det gjeld SAM-fangar, og ho har møtt og diskutert med kolleger med ansvar for liknande einingar, inkludert Florence ADX.

Ho vart ført gjennom vitnemålet av Edward Fitzgerald , og Baird stadfesta at ho venta seg at Assange ville bli underlagt eit SAM-regime før rettssaka. Dette bygde ho på argumenta kring nasjonal tryggleik, og på all dokumentasjonen som var lagt fram i saka av amerikanske styresmakter. Dette regimet villle også halda fram etter rettssak. Eit SAM-regime inneber å vera innesperra i ei celle 23-24 tmar i døgnet, utan kommunikasjon med andre fangar. I Metropolitan Correction Centre får du akkurat ein time utanfor eiga celle, denne kan du bruka i ein time i ei anna, men akkurat lik, tom celle som er kjent som «rekreasjonscella». Ho hadde fått installert ein trimsykkel, elles var cella utan noko utstyr. Rekreasjonen skjedde alltid i einsemd.

Fangar fekk lov til å ta ein telefonsamtale på 30 minutt kvar månad, eller 2 x 15 minutt, til namngjevne og klarerte familiemedlemmer. Desse telefonsamtalane vart overhøyrt av FBI.

Fitzgerald spurte om Krombergs opplysning om at e-post «flaut fritt». Baird sa at all mail vart gjennomgått. Dette førde til at mail vart forseinka, vanlegvis to til tre månader, om han kom fram i det heile.

Baird sa at SAM-regimet vart avgjort sentralt, og var det same ved alle fengsel. Det var justisministeren som fastsette regimet. Korkje fengselsinspektøren eller fengselsstyret hadde makt til å moderera SAM-regimet. Fitzgerald sa at dei amerikanske styresmaktene dagen før hadde hevda at det kunne vera variasjonar, og at nokre folk under SAM-regime til og med kunne ha cellekameratar. Baird svara at «nei, det er slett ikkje mi røynsle».

Fitzgerald siterte Kromberg på at fangar kunne appellera til sakshandsamar og den lokale fengselssjefen når det galdt tilhøva for SAM-fangar. Baird svara at desse folka «ikkje kunne gjera noko». SAM-regimet var «langt over deira plass på lønnsregulativet». Krombergs skildring var urealistisk, nett slik skildringa hans av juridisk gjennomgang var urealistisk.

Ein måtte først ha freista bruka alle relevante punkt i dei interne prosedyrene, noko som ville ta mange år og ikkje føra nokon stad. Ho hadde aldri vore borti at regimet kring ein SAM-fange hadde vorte endra. Då Fitzgerald påpeikte at SAM-vilkår vart innført for eit år om gongen, og skulle vurderast kvart år, svara Baird at ho aldri hadde høyrt om noko sak der ikkje vilkåra hadde vorte fornya. Det verka som om dette rett og slett vart stempla vegg-til-vegg i Justisdepartementet kvart år.

Baird sa at i tillegg til eiga røynsle med å administrera eit slikt regime ved Metropolitan Corretion Centre hadde ho deltatt på nasjonale kurs om SAM-fangar. Ho hadde møtt og diskutert røynslene med dei som handheva desse reglane ved andre fengsel, ikludert Florence ADX i Colorado. SAM-regimet hadde sterke og negative konsekvensar for den mentale og fysiske helsa til fangane. Dette inkluderte sterk depresjon, angstlidingar og tap av kroppsvekt. Baird sa at ho var samd med det tidlegare vitnet Sickler om at Assange, om han vart dømt, godt kunne enda opp med å tilbringa resten av livet i fengsel i Florence ADX under desse reglane. Ho siterte ein tidlegare fangevaktar ved det fengslet: «Det er ikkje bygt for menneskeætta».

Fitzgerald la fram Krombergs skildring av eit mangesidig program i samband med nedtrapping av SAM-status. Baird sa at ho ikkje kjente att noko av dette frå praksisfeltet. SAM-fangar kunne ikkje delta i noko gruppeprogram eller møta andre fangar under noko omstende. Det Kromberg skildra var ikkje eit program, men ei svært avgrensa liste av potensielle privilegie, slike som ein ekstra telefonsamtale kvar månad. Fase 3 inkluderte å mingla med andre fangar, og Baird sa at ho aldri hadde sett dette skje. Ho var usikker på om dette var røynleg: «Eg veit ikkje korleis slike ting skjer».

Fitzgerald spurde Baird om påstanden frå dr. Leukenfeld om at nokre fangar er så fornøgde med Florence ADX at dei ikkje ønskjer å forlata fengselet. Baird sa at dette hang saman med dei ekstreme angstplagene som fangar kunne bli råka av. Dei var vettskremte frå å forlata si velordna verd.

Det var interessant å sjå korleis aktoratet ville gå fram for å hevda at Baird var ukvalifisert. Det er vanskeleg å imøtegå vitnemålet til ein fangevaktar om at eit fengselsregime er inhumant. Dei amerikanske styresmaktene valde ein ekstraordinær åtaksstrategi: Dei hevda at fengselssystemet generelt var hyggeleg, slik det vart skildra av Leukefeld og Kromberg, men at dei fengsla Baird hadde arbeidd i nok var ille. Men at årsaka var at Baird var ein dårleg fangevaktar.

Her er nokre korte utdrag frå det amerikanske aktoratets krysseksaminering av Baird:

Clair Dobbin: Er du uavhengig?
Maureen Baird: Eg arbeider for ein advokat, men tek også andre  oppdrag.
Dobbin: På ein nettstad for lovspørsmål blir du tittulert konsulent – hjå Allan Ellis frå San Fransisco.
Baird: Eg tek konsulentoppdrag, inkludert for Allan, men også anna arbeid.
Dobbin: Du arbeider berre for forsvarsadvokatar?
Baird: Ja
Dobbin: Nettstaden seier at firmaet arbeider med ankemål og plassering etter dom.
Baird: Ja, eg blir ofte involvert i plassering og andre spørsmål etter dom.
Dobbin: Har du noko røynsle med domsavseiing?
Baird: Kva type domsavseiing?
Dobbin: Det er det eg spør om.
Baird: Eg har vitna om fengselstilhøve før domsavseiing.

Dette var ein mykje meir kortvarig innsats for å undergrava truverdet til vitnet enn det vi har sett før. Etter spørsmål om Bairds faktiske røynsle frå fengsel, gjekk Clair Dobbin vidare:

Dobbin: Kjenner du kriteria for SAM-fangar?
Baird: Ja.
Dobbin: Kvifor seier du at det er sannsynleg at Assange vil få SAM-vilkår? Kromberg skriv at det berre er mogleg.
Baird: Kromberg skriv mykje om dette. Det ligg veldig synleg på bordet.
Dobbin: Det er spekulativt. Det kan berre bli vedtatt av justisministeren når det er naudsynt for å hindra avsløring av nasjonal tryggleiksinformasjon.
Baird: Dei har sagt ope at dei trur Assange kjenner meir slik informasjon.
Dobbin: Du er ikkje i ein posisjon der du kan gjera noko slik vurdering.
Baird: Det er mi grunngjevne meining at han vil bli vurdert som ein som møter det kriteriet, basert på liknande avgjerder tidlegare.
Dobbin: Korleis kan du seia at det finst risiko for at han vil avsløra nasjonal tryggleiksinformasjon?
Baird: Han er tiltalt for spionasje. Dei seier at han framleis utgjer ein risiko.
Dobbin: Eg hevdar at dette er svært spekulativt, og at du ikkje kan vita noko om dette.
Baird: Mi vurdering er bygt på kva styresmaktene har sagt, og det faktum at dei har lagt vekt på SAM-regimet. Det seier heilt klårt ikkje at SAM-regime er utelukka.

Etter vidare diskusjon om Krombergs påstandar opp mot Bairds røynsler, gjekk aktoratet vidare til spørsmålet om SAM-fangar under Bairds vakt ved Metropolitan Correction Centre.

Dobbin: Du sa dei var i isolat. Hadde ikkje offiserane ved eininga menneskeleg kontakt med fangane?
Baird: Dei snakka ikkje til innsette.
Dobbin: Kvifor ikkje?
Baird: Det er ikkje det fengselsvakter gjer.
Dobbin: Kvifor ikkje? Du var leiar for avdelinga?
Baird: Dei opnar berre den vesle innsynsluka i jarndøra kvar halvtime og kikkar inn. Samtalar er ikkje noko som skjer.
Dobbin: Du kunne oppmuntra til samtalar?
Baird: Eg kunne gått framfor med eit godt føredøme. Men å gje pålegg om samtale er ikkje noko ein avdelingsleiar i eit fengsel gjer. Eg hadde ikkje slik autoritet. Det finst fagforeiningar. Om eg gav instruksar om at vaktarane skulle sosialisera med fangane ville dei svara at dette ikkje er i stillingsinstruksen.
Dobbin: Å, kom igjen. Du kunne oppmuntra til dette.
Baird: Normalt vil ikkje desse fengselsvaktene snakka med innsette.
Dobbin: Men sa du til dine tilsette at dei skulle gjera det? Ville ikkje dette vera noko av det første du sa til dine tilsette?
Baird: Nei. Det er ikkje slik det fungerer.
Dobbin: Tok du opp din uro for SAM-fangar med dine overordna?
Baird: Nei.
Dobbin: Tok du opp di uro med domarar (ein kjapp diskusjon om ei særskilt sak følgde)
Baird: Nei.
Dobbin: Tok du opp uroen for tilhøva for SAM-fangar med domarar?
Baird: Nei. Dei utgjorde ein liten del av den fengselspopulasjonen eg hadde ansvaret for.
Dobbin: Så du oppmuntra ikkje staben til å samtale, og du gjorde ikkje uroa di til noko sak?
Baird: Eg freista vera rettferdig og medfølande. Eg snakka sjølv med dei isolerte fangane. Det faktum at andre fengselsvakter ikkje engasjerte seg er ikkje uvanleg. Eg hugsar ikkje at eg kom med klager eller tilrådingar.
Dobbin: Så desse tilhøva førte ikkje til at du var uroa den gongen. Det er først no?
Baird: Eg var uroa av desse tilhøva.
Dobbin: Kva gjorde du med uroa den gongen?
Baird: Eg trudde ikkje eg hadde noko innflyting. Dette var saker som vart avgjort langt over mitt nivå. SAM-reglementet blir avgjort av Justisdepartementet og sjefane for etteretningsorganisasjonane.
Dobbin: Du freista ikkje eingong.

Dette var eit opplagt forsøk på å distrahera frå Bairds opplagt kvalifiserte og førstehands vitnemål om kor frykteleg og inhumant regimet er. Men ein påstand om at Baird ikkje freista å modifisera det fryktelege systemet styrkar jo ikkje akkurat påtalemaktas sak. I over to timar med krysseksaminering freista Dobbin igjen og igjen å diskredittera Bairds vitnemål ved å setja det opp mot vitneerklæringane til Kromberg og Leukefeld. Men dette var fullstendig kontraproduktivt for Dobbin. Det fungerte i staden som ein illustrasjon av kor stor avstand det er frå Kromberg og Lekefelds forsikringar, og ei skildring av kva som skjer i røyndomen frå ei røynd fengselsvakt.

Baird knuste Dobbins insistering på Krombergs skildring av eit fungerande, tretrinns program for å avvikla SAM-regime. Når ein så kom til dr. Leukefelds skildring av korleis SAM-fangar fekk lov til å delta i sesjonar med psykiatrisk gruppeterapi måtte Baird le ufriviljug. Ho sa at dette kanskje var noko Leukefeld trudde på der han sat i «hovudkontoret».

Ettermiddagens vitne var ein advokat, Lindsay Lewis, som representerer Abu Hamza. Hamza er fange ved ADX Florence. Videolinken til Lewis hadde svært dårleg lyd, og frå publikumsgalleriet var eg ikkje i stand til å høyra store delar av vitnemålet hennar. Ho sa at Hamza, som har amputert begge underarmane, hadde vorte halde i isolat i ti år under SAM-regimet i ADX. Soningstilhøva var heilt ueigna for tilstanden hans. Han hadde ingen proteser som gjorde han i stand til å ta vare på seg sjølv, og fekk inga hjelp. Seng, toalett og vask var ikkje tilpassa at han var ufør. Dei andre medisinske problema hans; kraftig diabetes, overspenning og depresjon vart ikkje ivaretatt.

Lewis sa at soningstilhøva for Hamza direkte braut med dei lovnadene som var gjeve av dei amerikanske styresmaktene då dei bad om utlevering. USA hadde sagt at dei medisinske problema skulle bli ivaretatt, han skulle få tilstrekkeleg medisinsk hjelp, og det var usannsynleg at han ville bli sendt til ADX. Ingenting vart følgt opp etter utleveringa.

I krysseksamineringa var Dobbins hovudpoeng å nekta for at forsikringane som USA hadde gjeve britiske styresmakter då Hamza vart utlevert var forpliktande. Ho freista også å leggja vekt på at Hamza hadde utført terroristiske brotsverk, som om desse rettferdiggjorde soningstilhøva i fengselet hans. Men den tingen som slo meg mest var når Lewis fortalde  om hendinga som vart brukt for å rettferdiggjera vidare isolat for Hamza.

Hamza får berre lov til å kommunisera med to namngjevne familiemedlemmer, den eine av desse er sonen hans. I eit brev hadde Hamza spurt sonen om han kunne seia til sitt eitt år gamle barnebarn at han elska han. Hamza vart sikta for ulovleg melding til tredjepart (barnebarnet). Dette hadde ført til at SAM-regimet hadde vorte forlenga, og dette gjeld framleis. I krysseksamineringa freista Dobbins å sannsynleggjera at dette «eg elskar deg» kunne vore ei koda melding til terroristar.

Dagen vart avslutta med ein forsmak på det vi har i vente, sidan Baraitser gjekk med til å gje vitneanonymitet til dei to UC Global-varslarane som skal vitna om at UC Global har spionert på Assange i den Ekvadorianske ambassaden. Då han bad om dette, gjorde Summers merksam på at eit av temaene som vil bli tatt opp var instruksjonane frå UC Globals amerikanske klientar om å vurdera forgifting av eller kidnapping av Assange. Det løynde skytevåpenet med bortfila serienummer som vart oppdaga i heimen til UC Globaldirektøren David Morales, og tilhøvet hans til tryggleikssjefen ved Las Vegas Sands-komplekset vart også nemnt.

Først publisert på bloggen til Craig Murray.

Bidrag til Craig Murrays blogg her.

De fem foregående referatene:

Din mann på galleriet – dag 15

Din mann på galleriet – dag 16

Din mann i retten under Assange-høringen – dag 17

Din mann i retten under Assange-høringen – dag 18

Din mann i retten under Assange-høringen – dag 19




KampanjeStøtt oss

Start diskusjonen på forum.steigan.no