Klassekamp og miljøkamp i koronaens tid

0
Illustrasjon: Shutterstock

Av Svein Lund.

Denne overskrifta er ein smule inspirert av Kjærlighet i koleraens tid. Denne boktittelen av Gabriel Garcia Márquez seier noko om det kontrastflylte og tilsynelatande umoglege, men likevel naudsynte. Kven kan tenke på kjærleik når koleraen rammar? Kven kan tenke på klassekamp og miljøkamp når koronaen no rammar alt og alle over heile verda, fattig og rik. Når vi alle er i same båt og må stå han av i lag?

Eller er vi i same båten? Når Regjeringa skal legge fram tiltaka som skal kompensere for koronastengingar, kjem det meg i hugen den gamle songen av Hoola Bandoola Band:

Dom säger, vi sitter i samma båt
Både styrman och matros
Men hur jag än försöker och bär mej åt
Så är det alltid jag som ror.

Tiltaka hadde så dårlig «sosial profil» at ikkje eingong det nylig fristilte FrP kunne gå god for dei. For høgrekreftene er koronaepidemien eit høvelig påskot for enno fleire framstøyt for å gjøre dei rike rikare og dei fattige fattigare, i alle fall skyve belastninga over på dei som tener minst. Dei utnyttar krisa til å gjennomføre den politikken dei eigentlig ønsker, som når fiskeriministeren brukar koronaen som påskot til å oppheve leveringsplikta for trålarar. Kva blir det neste?

Koronaen tvingar oss til å tenke på ein annan måte. Vi må prioritere. Alt som ikkje er akutt nødvendige samfunnsfunksjonar må stenge. Det seier oss at når det trengst er samfunnet i stand til å styre og prioritere. Men den nyliberale ideologien som no har dominert i alt for mange år seier det motsette: Samfunnet skal ikkje styre. Kapitalen skal flyte fritt og slik sett styre samfunnsutviklinga. Om noko er lønsamt å investere i, skal det få utvikle seg, sjølv om det er skadelig for helsa vår, for naturen og for framtida på kloden. Produksjonen skal leggast der han lønner seg mest. For kapitalen. Kvart land blir mindre og mindre sjølvberga, meir og meir totalt avhengig av import – og av eksport. Det gjeld alt frå mineral til frukt, frå medisin til klede, frå prentetenester til datautstyr, frå korn til barneleiker.

Viruset har gjort oss merksame på kor enorm turisttrafikken er i verda, og no året rundt. Store delar av dei smitta i Noreg var på skiferie i Austerrike. Sei meg, kva i all verda gjør norske nordmenn frå ski- og snølandet Noreg i Austerrike på skiferie? Treng norske fotballag treningsleir i Spania? Treng halve Noreg ferie på Kanariøyane eller i Thailand? Og treng thailandske og kinesiske turistar komme i flylastar for å sjå nordlyset eller oppleve finske turistjulenissar og falsk samekultur? Overinvesteringane i turismen fører til enorme utslepp, hard belastning på naturen og rovdrift på ressursane. Kva om vi i «medisinsk fredstid» også sa frå at dette har vi faktisk ikkje råd til? Ved sida av masseturismen har den «frie konkurranse», der nesten alt som er profitabelt er tillatt og blir oppmuntra, ført til sløsande produksjon av bruksgjenstandar som er programmert til å gå i stykker på stadig kortare tid, til at vi «må» ha siste mote av klede vi har nok av, til ei mengde helseskadelige produkt og til eit grenselaust luksusforbruk hos dei superrike. Alt mens millionar andre sultar i hel og milliardar manglar det mest nødvendige. Mens jorda ligg brakk i Norden fordi nokon tener meir på at vi importerer maten frå Syden.

Midt under koronakrisa, mens mange ikkje veit korleis dei skal få pengane å strekke til i neste månad, betaler Aker ut 1,7 milliardar og Telenor 13 milliardar i aksjeutbytte. Ikkje eit ord frå regjeringa at det har vi ikkje råd til. Men det har vi faktisk ikkje. Først treng vi ressursar til å komme gjennom koronakrisa, i neste omgang for å berge naturen, klimaet og at dei mange fattige i verda får eit anstendig liv. Da må vi også etter koronaen prioritere det nødvendige framfor det unødvendige. Både under og etter denne krisa gjeld dette: Verda har ikkje råd til sløseri og ikkje råd til grådigheit. Det trengst fortsatt både klassekamp og miljøkamp i koronaens tid – og etterpå.

Svein Lund


Du kan abonnere på steigan.no her. Det koster ingenting.

Men hvis du vil være med på å opprettholde og styrke vår kritiske og uavhengige journalistikk, kan du også gjøre det:

Vipps: 116916.

Eller du kan betale inn på Mot Dags støttekonto: 9001 30 89050 – eller gå inn på vår betalingsordning.

Forrige artikkelKoronakrise – et gløtt inn i framtiden!
Neste artikkelFlyktningkrise eller tyrkisk hybridkrig mot Hellas?