Afghanistan-papira bekreftar at USAs lengste krig er ei løgn

0
U.S. Marines i Afghanistan, 2001. (Sersjant Joseph R. Chenelly / United States Marine Corps)

Av Sonali Kolhatkar for Truthdig.

Afghanistan-papira til avisa Washington Post, som detaljert gir ei sann historie frå landets lengstvarande offisielle krig, avslører ingenting nytt om krigens gagnløyse eller det faktum at krigen var dømd til nederlag nesten frå starten av. Avisa kjempa eit juridisk slag i tre år for å få utlevert dokumenta frå Special Inspector General for Afghanistan Reconstruction (SIGAR), eit føderalt offentleg vaktbikkjebyrå som har intervjua eit hundretal tenestemenn om deira ærlege vurdering av krigen.


Denne artikkelen av Sonali Kolhatkar ble opprinnelig publisert på Truthdig. Oversatt av Monica Sortland for Derimot.no


Det Afghanistan-papira har å tilby, er ei stadfesting av det som kritikarar allereie har hevda i nesten to tiår: at krigen ikkje har noko klart definert mål eller endepunkt som kunne hjelpt til med å bestemme når kampane skal opphøyre og at alt vårt strev har vore bortkasta i beste fall og djupt destruktivt i verste.

For meir enn ti år sidan skreiv eg, saman med James Ingall, ei kritisk vurdering av Afghanistan-krigen. Tittelen på boka vår var Bleeding Afghanistan: Washington, Warlords, and the Propaganda of Silence (Seven Stories, 2006). Dei tre siste orda der, “the Propaganda of Silence,” refererer direkte til den elendige mediedekninga og korleis dei – media – på uansvarleg vis valde eit ukritisk synspunkt på krigen. Bevisa for at USA sin krig var dømd til tap, låg opne for alle å sjå – berre ein skrapa litt i fernissen av rosenraud retorikk.

Afghanistan-papira sin viktigaste funksjon, er å bekrefte at offentlege tenestemenn har vore ytterst uærlege mot folk om USAs bragder og progresjon i Afghanistan. John Sopko, spesialgeneralinspektøren til SIGAR, vedgjekk overfor Washington Post at dokumenta beviser at «det amerikanske folket har blitt konstant loge til.»

Bildet som trer fram av korleis innsiderar har sett på krigen, er forbløffande likt det som kritikarar har vist fram i årevis. Tidlegare i år skreiv eg “Brief History” om Afghanistan-krigen for Truthdig, der eg gav ei vurdering av dei tidlege åra av konflikten:  

Bush-planen om å bygge ei stabil afghansk regjering som eit bolverk mot Taliban og al-Qaida, mislykkast av årsaker som hadde like mykje å gjere med imperialistisk overmot som med dei praktiske snarvegane tatt av ein frå utsida som skal plastre i hop ei prekær regjering – som om det skulle vere eit godt nok substitutt for ekte demokrati.

Til samanlikning fortalde ein økonom til SIGAR, slik Afghanistan-papira avslører, at han:

… la skulda på ei rekke feil som blei gjort igjen og igjen i løpet av 18 år – vilkårleg planlegging, feilretta politiske retningslinjer, byråkratiske feidar. Mange sa at heile den nasjonsbyggande strategien vart vidare undergrave av hybris, mangel på tolmod, fåkunne og ei tru på at pengar kan fikse alt.

I mi historie om krigen, skreiv eg også: «Obama sin strategi inkluderte ein mellombels auke av troppestyrkane, som om det å kaste fleire soldatar på problemet skulle hjelpe.» Men, heldt eg fram, «Taliban ser ut til å ha hatt ein ‘vent-og-sjå’-strategi i forhold til amerikanarane, der dei i fleire år med forhandlingar heldt USA og den afghanske regjeringa for narr inntil dei fekk overtaket og kunne ta over makta igjen.»

Til samanlikning avslørte Afghanistan-papira at «Obama sin strategi var også dømd til å mislykkast,» sidan den sette sin lit til «ein massiv motopprørskampanje, understøtta av 150 000 US-amerikanske og NATO-soldatar.» Til slutt konkluderte eg med at «Obama prøvde å sette kunstige datoar for slutten på krigen før den var over. Alt Taliban måtte gjere, var å sette seg og vente.»

I 2015 skreiv eg i eit anna stykke for Truthdig med tittelen “We Have Failed Afghanistan Again and Again,” at:

Trass i at dei har brukt milliardar av dollar – USA tilbaud sin største del av utlandshjelp til afghanarane i fjor – er det lite som viser igjen for det. Nesten $10 milliardar blei brukt på væpning og trening av afghanske styrkar. Men, som den bedrøvelege tilstanden til den afghanske nasjonalarmeen viser, kunne dei pengane like gjerne blitt trekte ned i dass.

Til samanlikning avslører Afghanistan-papira at tenestemenn på privaten visste at dei fyra opp under korrupsjon, og at «Mykje av pengane … enda opp i lommene på overprisa kontraktørar eller korrupte afghanske tenestemenn, medan USA-finansierte skular, klinikkar og vegar forfalt, om dei i det heile tatt vart bygde i første omgang.»

USA har også kasta pengar etter Afghanistans mest illgjetne krigsherrar, som har ei lang og blodig historie som strekk seg tilbake til tida med Sovjet-okkupasjon  då CIA delte ut kontantar til kampen mot sin kaldkrigsfiende. I boka mi frå 2006 åtvara eg og medforfattaren min mot denne praksisen, i eit eige kapittel med tittelen «Å erstatte eitt brutalt regime med eit anna». Vi føreslo at i staden for å løne dei med pengar og regjeringsposisjonar, burde USA ha avvæpna krigsherrane og hjelpt afghanarane med å få dei stilte for retten. USA gjorde det motsette, og resultatet vart heilt som venta.

Afghanistan-papira stadfestar:

I følge intervjua brukte CIA, USAs militær og utanriksdepartement og andre organ kontantar og lukrative kontraktar for å vinne afghanske krigsherrars truskap i kampen mot al-Qaida og Taliban. Opphaveleg meint å vere ein kortvarig taktikk, enda praksisen opp med å binde USA til nokre av landets mest berykta figurar i årevis.

Abdul Rashid Dostum er en afghansk general og stabssjef for øverstkommendernende i Den afghanske nasjonalhæren. Han er også usbekisk krigsherre og sees på som en leder for usbekerne i Afghanistan. Wikipedia

Ein senior innan regjeringsapparatet fortalde SIGAR «Vi gav kontraktar til temmeleg vemmelege folk, gav makt til folk vi ikkje burde ha gjort mektige, for å nå våre eigne mål.» Amerikanske skattepengar har fylt lommene til massemordarar i eit utenkeleg omfang. I artikkelen min frå 2015 refererte eg spesifikt til Abdul Rashid Dostum, som vart opphøga til posisjonen visepresident sjølv om han hadde vore «implisert i talrike avskyelege gjerningar og massedrap». Blant dei få nye avsløringane i den undersøkande reportasjen til Washington Post, er påstanden om at «USA og andre kjelder hadde gitt Dostum 100 000 dollar i månaden ‘for å ikkje skape trøbbel’.»

No håpar Trump-administrasjonen å gjenoppta fredsforhandlingar med Taliban, med ein plan om å gjeninnsette det same regimet som USA tidlegare hevda gav tilflukt til terroristar og skada afghanarar. Dersom heile poenget med krigen var å gå frå punkt A til punkt B og så tilbake til punkt A, med utenkeleg høge dødstal innimellom, så har USA sin krig i Afghanistan vore ein suksess.

Det som amerikanske tenestemenn og mainstream-media konsekvent har mislykkast med, er å høyre på kva vanlege afghanarar seier og vil. Den høgaste prisen ved den mislykka amerikanske krigen har vore døden og destruksjonen av liv i eit land som allereie var sundrive av krigar i 2001. Kanskje får vi aldri noko fullt rekneskap med kor mange afghanarar som har døydd eller blitt lemlesta for livet som eit direkte resultat av ein krig som innsidarar visste var eit mistak.

Men det vi veit er at alle væpna styrkar i Afghanistan er impliserte i krigsbrotsverk. I 2018, i ei lite dekka historie, leverte afghanarar massive 1,17 millionar klager til Den internasjonale straffedomstolen som «inkluderer forklaringar om påståtte uhyrlegheiter, utført av ikkje berre grupper som Taliban og ISIS, men også afghanske sikkerheitsstyrkar og regjeringstilknytte krigsherrar, den USA-leidde koalisjonen og diverse spionorgan, både utlandske og heimlege.»

Washington Post sin serie med gravande artiklar er eit velkome tillegg til fjellet av bevis for at Afghanistan-krigen var eit mistak. Men det var tydeleg for dei av oss som har merka oss at USA har loge om krigen i nesten to tiår. Det viktige spørsmålet i dag er: Vil Afghanistan-papira utløyse ei avslutning av den lengste krigen?

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Les også: Dokumentert: USA svindlet med statistikk om Afghanistan for å villede publikum

Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Banner-Steigan-1024x546.png
Dette bildet mangler alt-tekst; dets filnavn er Mitt-innlegg-7-1024x1024.png
Forrige artikkelPrivatiseringen av kraftbransjen fortsetter
Neste artikkelHvorfor Bill Gates er en trussel mot samfunnet