OPCW forfalska rapporter for å gi påskudd til bombing av Syria

0
OPCWs kontor i Haag. De publiserte ikke den delen av sin egen rapport som beviste at det ikke hadde vært noe gassangrep. Foto: Shutterstock
Wikileaks avslører at OPCW forfalska rapportar for å legge skulda på syriske styresmakter i staden for på vestmaktsstøtta jihadistar!

av Federico Pieraccini.

Avsløringane – omhyggeleg ignorerte av mainstream-media – kastar lys over det innvikla nettet som er vevd av dei medverkande media og Vestens skamlause hykleri, og involverer OPCW, Wikileaks og den illegale fengslinga av Julian Assange.

Ein varslar frå Organisasjonen for forbod mot kjemiske våpen (Organization for the Prohibition of Chemical Weapons, OPCW) har overlevert Wikileaks autentiske dokument som handlar om granskinga av bombinga i Douma i Syria i 2018.

Desse dokumenta stadfestar det som mange har skrive om i fleire månadar, nemleg at OPCW sine undersøkingar og konklusjonar var fabrikerte for å kome fram til eit planlagt resultat som var ugunstig for Den syriske arabiske armeen og som samsvarte med dei utanrikspolitiske målsetningane til Washington, Tel Aviv, Riyadh, Paris, Ankara, Doha og London.

USA har tidlegare brukt nett same oppskrift, under påskott av R2P (Responsibility to Protect, ansvar for å verne), altså for å rettferdiggjere bombinga av eit land.

Eit kjemisk angrep ein kunne gi den syriske hæren skulda for, verka vere den enklaste måten å trigge R2P på og nå dei ønska utanrikspolitiske måla. Men det vi no veit, utifrå dokumenta som Wikileaks har publisert, er at den internasjonale organisasjonen som liksom skal garantere upartiskheit og objektivitet forfalska rapportar og prosedyrar.

José Bustani

Med orda til José Bustani, OPCW sin første generaldirektør og tidlegare Brasils ambassadør i Storbritannia og Frankrike:

«Dei overbevisande bevisa for irregulær åtferd i OPCW si gransking av det påståtte kjemiske angrepet i Douma, stadfestar tvil og mistankar eg allereie hadde hatt.

Det var ikkje noka meining i det eg las i internasjonal presse. Sjølv offisielle granskingsrapportar verka usamanhengande, i beste fall.

Bildet er klarare no, sjølv om det er svært urovekkande.»

«Eg har alltid forventa at OPCW skulle vere eit ekte mønster på multilateralisme. Håpet mitt er at bekymringane som Panelet har gått offentleg ut med i si einstemmige utsegn, vil katalysere ein prosess som kan gjenopprette Organisasjonen til den uavhengige og ikkje-diskriminerande eininga den tidlegare var.»

Den eininga som var meint å garantere upartiskheit, konspirerte om å produsere falske bevis mot Damaskus, for eit brotsverk dei ikkje hadde gjort, berre for å gi Vesten eit påskott til bombekampanjen mot Syria.

I denne perverse mekanismen blei alle vitneutsegner utanfor manus frå syrarar på staden, uavhengige utanlandske journalistar eller andre kjelder som ikkje hadde blitt godkjente, utan vidare forkasta som partiske og upålitelege av europeisk og amerikansk presse.

Desse avsløringane til Wikileaks gir ein sjeldan sjanse til å kike inn bak forhenget og skjøne mekanismane som førte til millionar av dødsfall, til øydelagte land og til tapte generasjonar. Vi har allereie sett tidlegare korleis ei førande makt som USA, med fabrikering av påskott som «masseøydeleggingsvåpen», er villige til å prøve å halde på dominansposisjonen sin – koste kva det koste vil – i ein strategisk region som Midt-Austen.

I det kjemiske angrepet i Douma kan vi merke eit falskt flagg-angrep utført av al-Qaida-militante (portrettert av Vesten som moderate rebellar som tappert kjempar mot Assad), med OPCW som presenterer seg sjølv som den upartiske skilsdomsmann (bokm. voldgiftsmann), og med mainstream-media som forsterkar løgnene som blir produserte av denne liksom-upartiske eininga og formar folkeopinionen til å akseptere bruken av makt for å så ein slutt på lidinga i Syria som det blir påstått at Assad sine styrkar har skulda for.

Legitimiteten ein gav al-Qaida og deira filialar opna for at terroristar kunne utføre angrep på sivile i Syria, der dei brukte kjemiske våpen for å skulde på regjeringstroppar, og med det rettferdiggjere ope internasjonal støtte frå slike som USA, Storbritannia og Frankrike. For å garantere at konspirasjonen skulle lykkast, skulle dei falske rapportane til OPCW rettferdiggjere ein humanitær internasjonal intervensjon.

Heile saka blir berre verre når vi tar for oss spørsmålet om journalistisk etikk. Journalistar kunne ha gjort jobben sin og undersøkt det kjemiske angrepet i Douma, samla vitneutsegner frå sivile vitne og filma på staden. I staden etterapa media vestleg propaganda og forsterka den kompromitterte informasjonen til OPCW.

Det var overlatt til Wikileaks å utøve ordentleg journalistikk og publisere den verifiserte informasjonen til OPCW-varslaren, og i same slengen blåse loket av ein gigantisk skandale som underminerer truverdet til Vestens høgtragande proklamasjonar.

Dette er grunnen til at Assange sit i spjeldet samstundes som nyheitsopplesarar i mainstream-media tenar millionar med dollar for å gjengi offisielt godkjent propaganda for publikum. Wikileaks fortel sanninga med sitt arbeid. Dei avslører korleis vestmaktene er villige til å gjere kva som helst for å starte nye krigar og følge sin imperialistiske agenda.

Vi ser i denne Wikileaks-avsløringa kva som har drive den noverande verdsordenen til å bli så ustabil og kjelda til så mykje krig og elende. Den vestlege propagandamaskina har klart å kompromittere ei eining – elles respektert for rettsinn – med den hensikt å påføre Syria maksimalt med skade.

Denne skandalen er det siste dømet på korleis vestlege politikarar, mainstream-media og internasjonale organisasjonar berre er imperialistiske verkty ein tar i bruk for å angripe geopolitiske opponentar.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Kjelde: The Duran.

Forrige artikkel”Syriens tystade röster” har fått en röst i Patrik Paulov
Neste artikkelLøgna om krigsutbrotet i 1939