Løgna om krigsutbrotet i 1939

0
Conference of the Big Three at Yalta makes final plans for the defeat of Germany. Here the "Big Three" sit on the patio together, Prime Minister Winston S. Churchill, President Franklin D. Roosevelt, and Premier Josef Stalin. February 1945. (Army) Exact Date Shot Unknown NARA FILE #: 111-SC-260486 WAR & CONFLICT BOOK #: 750

Av Hans Olav Brendberg.

EU-parlamentet vedtok nyleg at Tyskland og Sovjetunionen delte ansvaret for krigsutbrotet i 1939, som i følgje EU-parlamentet kom på grunn av avtalen mellom Molotov og Ribbentrop i august 1939. Eit løgnaktig vedtak, som gjer det naudsynt å repetera kva som faktisk skjedde for åtti år sidan. Kjennskap til hendingane i åra før andre verdskrig er naudsynt for å forstå vår eiga historie, og den auka propagandaen gjer dette ekstra viktig.

Kven har skulda for utbrotet av andre verdskrigen? Skal ein svara på dette spørsmålet, må ein først finna ut kvifor det vart krig. Det spørsmålet som utløyste krigen, var spørsmålet om framtida til Danzig, som hadde vore ein fristad under Folkeforbundet. Folk i Danzig ønskte seg tilbake til Tyskland. Frankrike og Storbritannia var i prinsippet samde i dette – men var alliert med Polen, som ikkje ønskte å forhandla med Tyskland om Danzig. I 1919 hadde Polen vore økonomisk avhengig av Danzig, som var einaste Austersjøhamna til landet. Slik var det ikkje lenger i 1939, etter at polakkane hadde bygt Gdynia.

«Den polske korridor» i 1939. Wikipedia. Space Cadet CC BY-SA 3.0

Skal ein forstå det diplomatiske spelet om Danzig, må ein sjå dette i ein større samanheng. Krisa over framtida til Danzig var den siste av tre diplomatiske kriser som til slutt utløyste andre verdskrig. Den første var krisa kring framtida til Austerrike våren 1938. Spelet om Austerrike var startskotet for ei meir og mindre samanhengande krise som vara heilt til krigsutbrotet. Ein sterk, britisk statsminister – Chamberlain – freista gjennomføra ein politikk som hadde sterk støtte i Storbritannia, «Appeasement». I tida frå våren 1938 til hausten 1939 vart appeasment diskredittert. Under heile denne krisa vart Sovjet halde utanfor stormaktsdiplomatiet, sjølv om landet stilte hæren til disposisjon for kollektiv tryggleik.

Det byrja i Austerrike.

Det tyskspråklege rest-Austerrike hadde i følgje fredstraktaten i Versailles forbod mot å slutta seg til Tyskland. To tyngdepunkt i det austerrikske samfunnet sto i vegen for ei samling med Tyskland: Sosialdemokratiet, med hovudfeste i fagrørsla i byane – og den katolske kyrkja gjennom det kristensosiale partiet var den sterkaste krafta utanom byane. I tillegg grensa Austerrike til den fjerde, vesteuropeiske stormakta: Mussolinis Italia. Desse tre, sterke interessene: Sosialdemokratane, den katolske kyrkja og Italia, var garantien mot at Austerrike skulle bli slukt av Tyskland. Italia hadde grense mot Austerrike, og i tillegg ein grensekonflikt: Fleire hundre tusen tyskspråklege budde i Sør-Tirol, som Italia hadde tatt over etter første verdskrigen.

Hitler ankom til Wien etter Anschluss og fikk en overstrømmende mottakelse. Kilde: Wikipedia. Bundesarchiv, CC BY-SA 3.0 de

Hitlers maktovertaking førde til press mot Austerrike. Kanslaren, Dollfuss, gjennomførte eit kupp med støtte frå Italia, der parlamentet vart sett til side. Sosialdemokratiet vart undertrykt med makt i ein kort borgarkrig, men ogso nazipartiet, som agiterte ope for tilslutning til Tyskland, vart undertrykt med makt. Italia gav det nye styret støtte, slik at dei kunne stå oppreist mot trugsmåla frå Tyskland. Sommaren 1934 vart Dollfuss drepen i eit attentat organisert av det forbodne nazipartiet – og det følgde fleire år med politisk krise under etterfølgjaren Schuschnigg. Denne krisa gjekk inn i den avsluttande fasen våren 1938, og Berlin manøvrerte diplomatisk slik at ingenting stod i vegen for tilslutning til Tyskland. Dei kreftene i Austerrike som var mot «anschluss» var for veike og kløyvde, og Italia godtok til slutt denne løysinga. Til gjengjeld garanterte Hitler for at grensa mellom Italia og det nye Stor-Tyskland skulle gå i Brennerpasset. Hitler ønska eigentleg å la denne krisa skli umerkeleg i retning «anschluss», slik at ingen merka kva tid Austerrike slutta å vera ein eigen stat. I staden var det kansler Schuschnigg som provoserte fram ei krise i mars 1938 gjennom å annonsera ei folkerøysting – noko som gav Hitler valet mellom audmyking eller intervensjon. Tyskland måtte improvisera ei løysing i løpet av eit par dagar. Det enda med at den tyske hæren rykka inn i landet, utan at skot vart losna. Den tiltenkte avløysaren til Schuschnigg, Seyss-Inquart, vart kanslar berre for ein dag. Det som gjorde den tyske overtakinga i Austerrike mogleg var eit diplomatisk spel, der Hitler satsa på at motkreftene ville spela seg sjølv bort frå spelebrettet. Dette lukkast langt på veg, trass i at den krisa Schuschnigg utløyste gjorde at ein i siste liten måtte senda inn hæren for å stabilisera situasjonen. Det diplomatiske spelet om Austerrike var eit spel mellom Tyskland, Italia, Frankrike og Storbritannia. Sovjetunionen spela ikkje noko rolle i denne krisa – landet var isolert frå europeisk diplomati på topplan.

Den neste krisa var den avgjerande.

Tsjekkoslovakia var ein fleirnasjonal stat, dominert av tsjekkarane. I tillegg til tsjekkarar budde det ungarar, polakkar, jødar, slovenarar og rutenarar i staten, under tsjekkisk hegemoni. Bøhmen og Mähren hadde gamle, naturlege grenser som gjekk på tvers av det etniske kartet, og desse grensene gav staten forsvarsevne og stabilitet. I tillegg var Slovakia klypt ut av det gamle Ungarn, og landet strekte seg difor austover som ei lang landtunge langs Karpatane.

Sudettyskarane budde i grenseområda mellom Tsjekkoslovakia og Tyskland. Sudettyskarane sine krav om nasjonale rettar underminerte den eksisterande staten, og Hitler ønskte å bruka sudettyskarane til å fjerna Tsjekkoslovakia som uavhengig makt aust for Tyskland. Tsjekkoslovakia var navet i Frankrikes alliansesystem aust for Tyskland. Landet grensa mot to mindre makter – Polen og Ungarn – som ønskte å klyppa bitar av Tsjekkoslovakia. Til gjengjeld hadde Tsjekkoslovakia ein fungerande allianse mot Ungarn – den «vesle ententen» med Romania og Jugoslavia. Tsjekkoslovakia hadde ein stor hær og eigen våpenindustri. Landet hadde ein godt innarbeidd allianseavtale med Frankrike, og ein allianse med Sovjetunionen som tok til å gjelda i den augneblenken Frankrike gav sin allierte i aust støtte i ein krigssituasjon. Tsjekkoslovakia kunne med andre ord møta Tyskland med å setja hardt mot hard.

Dette vart komplisert av at Tsjekkoslovakia ikkje hadde felles grense med sine viktigaste allierte. I aust låg Polen og Romania i vegen for sovjetiske forsyningsliner. Tsjekkoslovakias viktigaste allierte, Frankrike, låg på motsett side av Tyskland. Tsjekkoslovakia kunne ikkje forsvarast ved å gje støtte til den tsjekkoslovakiske hæren – det einaste mottiltaket som monna var å tenna ein motbrann som drog med seg resten av Europa.

Det var ogso problemet – Frankrike ville ikkje stå ved sine allianseavtalar utan å vera trygg på å ha støtte frå Storbritannia. President Benes i Tsjekkoslovakia visste at Tyskland brukte sudettyskarane til å saga over ein berebjelke i den tsjekkoslovakiske statsdanninga. Han ønskte difor å gjera saka til eit spørsmål om alliansesolidaritet – mobilisera nok diplomatisk støtte frå stormaktene til at tyskarane gav opp tanken på ein lokal krig. Difor var han mest mogleg imøtekomande mot sudettyskarane – for å avsløra at dei aldri ville vera fornøgde, og godta ei lokal løysing. I motsett ende var Chamberlain overtydd om at spørsmålet ikkje var verdt nokon europeisk krig – at freden i Europa måtte byggjast på maktforlik med Tyskland der småstatar aust for Tyskland ikkje kunne bruka dei vestlege stormaktene for å vera urimelege og ufleksible i forhandlingar med Tyskland.

Tsjekkoslovakias 42 divisjonar, alliansen med Frankrike og alliansen med Sovjetunionen hadde difor berre verdi i tilfelle Storbritannia var viljug til å sloss for Tsjekkoslovakias integritet andsynes Tyskland. I tilfelle ville det vore mogleg å danna front mot Tyskland både i aust og i vest, og Tyskland var dårleg førebudd på ein slik krig. Men dette var eit teoretisk scenario: Storbritannia ønskte ikkje krig, men maktforlik med Tyskland. Og situasjonen enda difor i eit diplomatisk spel der Sovjetunionen og Tsjekkoslovakia vart sett på gangen, og Frankrike og Storbritannia forhandla med Hitler om ei «løysing» som innebar at Tsjekkoslovakia gav opp dei tyskspråklege grenseområda. Deretter dikterte vestmaktene denne løysinga til president Benes, i form av eit ultimatum. Frå vestleg side vart dette gjort i god tru. Medan både Hitler og Benes visste at dette var slutten på tsjekkisk hegemoni – og dermed ogso slutten på den tsjekkoslovakiske staten. Etter avtalen i München levde rest-Tsjekkoslovakia berre i seks månader, so gjekk resten i oppløysing. Slovakane braut ut og laga sin eigen stat – tyskarane gjekk inn militært og gjorde Böhmen og Mähren til tysk protektorat – og Slovakia til ein tysk satellittstat. Hitler hadde grunngjeve mistankar om at Slovakia ville bli slukt av Ungarn om han ikkje greip inn. For godt mål oppretta tyskarane eit «uavhengig» Karpato-Ukraina med hovudstad i Chust i same slengen. I seg sjølv gav ikkje denne ministaten meining. Men namnet «Ukraina» dukka plutseleg opp på kartet – og Ukraina kunne jo vera meir enn eit knøttlite, fattig småbruksområde i Karpatane.

Oppløysinga av rest-Tsjekkoslovakia førde til at stemninga i Storbritannia snudde. Britane byrja tvila på at ein kunne lita på Tysklands løfte, og på at ein fredeleg revisjon av Versaillestraktaten var mogleg. Men tvilen kom først etter at festepunktet for ein aust-Europeisk allianse var fjerna. Med oppdelinga av Tsjekkoslovakia søkte alle landa i Donau-området – Ungarn, Jugoslavia m.fl. – å finna løysingar med Berlin. Alle land i Aust-Europa vart tyske satellittar.

Med eitt unntak – Polen.

Den illusoriske stormakta ved Visla

Svært lite tyder på at Hitler eigentleg planla å gå til krig mot Polen på grunn av Danzig. Polen var ikkje Tsjekkoslovakia. Tsjekkoslovakia hadde vore demokratisk, hadde vore alliert med både Frankrike og Sovjetunionen, og hadde vore ei hindring for tyske ambisjonar i aust.

Polen hadde hatt ei ikkje-åtakspakt med Hitler sidan 1934. Den viktigaste fienden til Polen var ikkje Tyskland, men Sovjetunionen. Landet hadde ein grensekonflikt med Sovjetunionen etter at Polen hadde annektert store område aust for den sokalla «Curzon-lina» i 1919. Tilliks med Tyskland hadde Polen ogso ambisjonar om innverknad i sovjetisk Ukraina. Under Tsjekkoslovakia-krisa hadde Polen vore ein del av fronten mot Praha, av di landet ønskte klyppa territorie frå Tsjekkoslovakia.

Polen ønskte å vera ei uavhengig stormakt, trass avgrensa militære ressursar. Gjennom heile den diplomatiske krisa var Polen heilt avvisande til sovjetisk hjelp – landet ønskte ikkje hjelp frå naboen i aust. Difor var det ikkje mogleg å få til ein truverdig, militær front i aust på same vis som det hadde vore når det galdt Tsjekkoslovakia.

Dei sudettyske krava tok sikte på å øydeleggja grunnmuren for den tsjekkoslovakiske staten, i alle fall dei krava som fekk støtte frå Berlin. Kravet om at Danzig skulle få slutta seg til det tyske riket tok ikkje sikte på å undergrava den polske staten. Tvert imot såg Berlin på Danzig som ein bagatell som stod i vegen for eit godt samarbeid mellom Tyskland og Polen. Problemet, som Berlin ikkje innsåg, var at polakkane ønskte å tvihalda på denne hindringa – for å hindra tysk-polsk samarbeid. Dei ønskte å vera uavhengig stormakt, ikkje tysk vasall. Dei hadde ambisjonar i sovjetisk Ukraina på eigne vegne – ikkje i samarbeid med Tyskland. Difor fanst det ikkje noko forhandlingsløysing på denne eine bagatellen.

Etter kalddusjen med oppløysinga av Tsjekkoslovakia ønskte Storbritannia å hindra eit liknande scenario. Chamberlain gjekk difor offentleg ut med ein garanti til Polen 31. Mars 1939 – med denne ordlyden:

«in the event of any action which clearly threatened Polish independence, and which the Polish Government accordingly considered it vital to resist with their national forces, His Majesty’s Government would feel themselves bound at once to lend the Polish Government all support in their power. They have given the Polish Government an assurance to this effect.

I may add that the French Government have authorised me to make it plain that they stand in the same position in this matter as do His Majesty’s Government.”

Denne garantien bidrog meir enn noko anna til utbrotet av andre verdskrig. Den som les litt nøye, vil sjå at den britiske garantien er ei blankofullmakt, der den polske regjeringa kan definera kva som gjer det naudsynt å gå til krig.

Fram til dette tidspunktet hadde Hitler drive utanrikspolitisk pokerspel. Han hadde ikkje hatt overtydande, militære planar. Han hadde ikkje sett fram ultimatum eller stilt krav. Tvert imot: Han hadde fyra opp kriser, og deretter tolmodig sett seg til som ein uutgrunneleg sfinx, og venta på at motparten gav han det han ville ha.

Slik hadde han fått kontroll over Austerrike. Slik hadde han fått kontroll over Tsjekkoslovakia. Münchenavtalen hadde form av ein allianse mellom Tyskland, Italia, Frankrike og Storbritannia – som var samde om korleis krisa i Tsjekkoslovakia skulle løysast. Storbritannia og Frankrike stilte so, på grunnlag av denne alliansen, ultimatum til regjeringa i Praha.

Hitler hadde bløffa – og om nokon hadde bedt om å få sjå dei tyske korta, ville bløffen ha sprukke. Men Hitler satsa på at ingen ville gjera dette – og vann på dette. Kvar gong.

Det som skjedde med den britiske garantien til Polen var at den tyske bløffen no møtte sin like – den polske bløffen. Utan at dei involverte innsåg kva som hadde skjedd, vart det diplomatiske spelet forandra til eit «game of chicken» – idretten der to bilar køyrer mot kvarandre med full fart, og der den som svingar til side har tapt.

Den polske utanriksministeren – Beck – brukte den britiske garantien til å sikra to ting. For det første sa Polen nei til alle framlegg om å inkludera Sovjetunionen, og sovjetisk hjelp, i ein allianse. Medan det var Storbritannia som heldt Sovjetunionen utanfor i spelet om Tsjekkoslovakia, var det Polen som heldt Sovjetunionen utanfor i spelet om Polen. Resultatet vart at Sovjetunionen ikkje kunna sikra interessene sine i ein avtale med vestmaktene, slik dei helst hadde ønska.

For det andre brukte Beck den britiske garantien til å hindra diplomatiske løysingar når det galdt Danzig. Sjølv om dei involverte stormaktene – Tyskland, Storbritannia og Frankrike – ønskte ei fredeleg løysing, hindra garantien til Polen at forhandlingar om ei fredeleg løysing nokon gong byrja.

Situasjonen hadde med andre ord kome ut av kontroll – utan at dette var tilsikta, var stormaktene utanom Sovjetuinionen på veg inn i eit «game of chicken» der Tyskland ikkje kunne vika utan å bli audmyka, og der Polen hadde kontroll over rattet i den vestlege alliansen.

Dette er bakgrunnen for Molotov-Ribbentropavtalen.

Forhandlingane om ein allianse mellom vestmaktene og Sovjetunionen vara til siste augneblenk. So seint som 14. august 1939 bad den sovjetiske øvstkommanderande, Vorosjilov, om ei avklaring om sovjetiske troppar kunne kryssa det nordlege Polen for å ta opp kamp med fienden i tilfelle krig. Dei franske og britiske motpartane kunne ikkje svara – dei var ikkje i stand til å inngå ein allianse som kunne fungera i praksis. Det polske vetoet stod i vegen.

Dagen etter overleverte ambassadør Shulenburg eit framlegg til den sovjetiske leiinga om at dei to landa burde forhandla fram ein avtale som sikra interessene til begge. Tyskland var viljug til å gje mykje. Sovjetunionen svarte positivt, men understreka at forhandlingane kom til å ta tid. Den tyske planleggjinga for krig hadde 1. september som deadline, og tyskarane presse difor på for å få forhandlingane gjennomført i ekspressfart.

Etter at Beck visste at Ribbentrop var i Moskva, og at det ikkje lenger var fare for sovjetisk hjelp til Polen, sa han endeleg «ja» til sovjetisk hjelp. Med Sovjet utspela, trudde den polske leiinga tida var inne for å løysa spørsmålet om Danzig.

Avtalen mellom Molotov og Ribbentrop var ikkje ein allianse, slik avtalen i München i realiteten var. I München hadde dei fire maktene delt Tsjekkoslovakia, og Storbritannia hadde diktert vilkåra til Praha. Sovjetunionen gjorde ingenting av dette i avtalen med Tyskland. Men avtalen sette grenser for tysk framrykking austover – i form av avtalte, gjensidige «interessesfærer».

Avtalen var ikkje laga med tanke på å starta ein krig – men med tanke på å få avverga det «game of chicken» som var under utvikling. Alt tyder på at både Berlin og Moskva trudde at denne avtalen var kalddusjen var det som skulle til for å få vestmaktene til å setja seg ned og finna ei fredeleg løysing på Danzig-problemet. Det var ikkje so merkeleg: Den tysk-sovjetiske avtalen fekk i gang aktivitet i London og Paris som hadde nett dette som siktemål.

Men timeglasset hadde ikkje igjen nok sand. Hitler hadde allereide avlyst ein invasjonsdato – og neste invasjonsdato var 1. september. Den diplomatiske prosessen etter Molotov-Ribbentropavtalen var ikkje mogen nok til at det kom noko gjennombrot før 1. september. Sjølv ikkje det tyske åtaket førte til krigserklæring frå Frankrike og Storbritannia – i 48 timar venta dei på eit diplomatisk initiativ som i røynda allereide var avlyst. Det tyske pokerspelet hadde møtt sin like – i Warsawa. Med ein skilnad: Medan Tyskland var ei stormakt, var Polen ei imaginær stormakt.

Resultatet vart at Polen vart militært knust. 15 september måtte Tyskland minna Sovjetunionen om at dei måtte ta si interessesfære om dei ville ha henne. Tyskarane kunne ikkje føra evig krig langs ei hemmeleg grense for interessesfærer – om ikkje Sovjet rykka inn ville Tyskland gjera det. To dagar etter rykka Sovjet inn og okkuperte Polen aust for Curzonlina.

Den tysk-sovjetiske avtalen i 1939 var ikkje starten på andre verdskrig. Men avtalen sikra sovjetiske interesser i vest. Sovjet hadde i årevis freista sikra sine interesser gjennom ein avtale med vestmaktene, og hadde vore viljuge til å forplikta seg militært i tilfelle ein slik avtale. 15. august hadde det vorte opplagt for alle at vestmaktene ikkje var i stand til å inngå ein slik avtale. Då snudde Sovjetunionen rundt, og sikra interessene sine i ein avtale med Berlin.

Avtalen gjorde ikkje Sovjetunionen til tysk alliert i åtaket på Polen. Avtalen formaliserte berre det polakkane heile tida hadde krevd: At Sovjetunionen var nøytralt i den polsk-tyske konflikten. Men då den polske regjeringa rømde over grensa til Romania, måtte Sovjetunionen ta kontroll over sin interessesfære om ikkje Tyskland skulle gjera det.

Sovjetunionen hadde heile tida vore i tvil om vestmaktene meinte alvor. Det var grunn til denne tvilen. Frankrike og Storbritannia erklærte krig – men dei førte ikkje krig. Det kom ingen åtak på Tyskland frå vest etter at krigen braut ut i Polen. Første krigsvinteren vart «The phony war», der tyske og allierte styrkar kikka på kvarandre over grensa, utan å skyta. So seint som midt i juni 1940 var den britiske utanriksministeren lord Halifax i kontakt med Tyskland, via svenske mellommenn, for å undersøkja vilkåra for fredstingingar.

Slaget ved Stalingrad var en skjebnekamp som la grunnlaget for nazi-Tysklands endelige nederlag. EU-parlamentet prøver å viske ut historiske fakta.

Avtalen mellom Berlin og Moskva var ikkje laga med tanke på krig, men var eit forsøk på å utmanøvrera den polske bløffen slik at Danzig-krisa ikkje enda opp med krig. Men avtalen kom for seint til at den vanlege nedsmeltinga av vestlege forhandlingsposisjonar kom i tide. I staden sat utanriksdepartementa i Paris og London og venta på Godot i 48 timar etter krigsutbrotet, i påvente av eit diplomatisk initiativ som var daudt, men som dei vona skulle vera i live. Først då to døgn hadde gått, byrja dei «the phony war».

EU-parlamentets vedtak er eit forsøk på å leggja eit tjukt lag røyk over denne historia.

Forrige artikkelOPCW forfalska rapporter for å gi påskudd til bombing av Syria
Neste artikkelUSA har begynt sitt ran av Syrias olje