Den prisløna islandske journalisten Kristinn Hrafnsson fortel at alle e-postane hans og alt han hadde i google-universet vart sendt til FBI, etter at FBI hadde bede Google om det. Dette skriver Snorre Sandemose på Radikal Portal.
Sandemose skriver videre:
«– Eg fekk melding frå Google om at dei hadde gjeve all informasjonen dei hadde om meg til FBI. Dette inkluderte heile e-postmappa mi i Gmail og i Google-universet mitt, fortel Kristinn Hrafnsson. FBI fekk kort og godt ein kopi av alle metadataa han hadde hjå Google. Hrafnsson fekk vita dette i forfjor.
– Google fekk ordre frå ein hemmeleg domstol om å utlevera dataa, og fortalde meg som kunde om dette etterpå, opplyser Hrafnsson.
Den islandske journalisten har ikkje fått innsyn i kvifor USA sin føderale etat for etterforsking av kriminalitet har ynskt å leggja beslag på ein kopi av all denne informasjonen om han. Sjølv er han overtydd om at det har med etterforskinga av Julian Assange å gjera. Hrafnsson var talsmann for Wikileaks mellom 2010 og 2017, og er framleis aktiv i organisasjonen.»
Kristinn Hrafnsson er en undersøkende journalist som var talsmann for WikiLeaks mellom 2010 og 2017. I 2009 jobbet han med å undersøke og avdekke korrupsjon og økonomiske forbrytelser i forbindelse med den store bankskandalen rundt Kaupthing Bank. Den involverte svært rike og mektige mennesker. Kristinn jobbet for TV-kanalen Stöð 2, men han og teamet hans fikk sparken derfra mens de jobbet med avsløringene og programmet ble strøket fra sendeplanen. Kort etter ble han leid inn av den islandske statskanalen RÚV med en sak om Kaupthings lånetransaksjoner som var blitt offentliggjort via WikiLeaks. Eierne i banken sørget for at politiet ga RUV ordre om å droppe saka. Og RUV sparket Kristinn, det vil si, kontrakten hans ble ikke fornyet.
Kristinn Hrafnsson har fått pris som årets journalist på Island tre ganger.
Les også: