14 Syria-svar til Eva Thomassen

2
Erling Folkvord

Av Erling Folkvord.

I juni og juli stilte Eva Thomassen fleire gonger spørsmål til meg her på steigan.no. Eg ber om orsaking for at eg svarar så seint.

I juni skreiv eg for min del tre innlegg:

  1. juni: https://steigan.no/2018/06/nokre-ord-om-krigane-i-syria/
  2. juni: https://steigan.no/2018/06/saka-har-ikkje-to-sider-det-er-to-sider-som-ser-pa-saka/
  3. juni: https://steigan.no/2018/06/ja-nokre-gonger-er-det-rett-a-stotte-oppror-ogsa-i-midtausten/

Thomassen sine innlegg og dei tre frå meg kan gi eit oversyn over dei politiske synspunkta ho og eg har. Vi ser ut til å vere samde om fleire viktige spørsmål: At Syria ikkje bør delast, at USA er i Syria i strid med folkeretten, at Russland er invitert av den lovlege regjeringa og derfor har folkeretten på si side.

Samtidig er vi usamde om viktige spørsmål. Det går fram av innlegga Thomassen og eg har skrivi. Eg har tidlegare ikkje skrivi om Thomassen sin debatteknikk og forhold til fakta. Fordi eg meiner også slike ting er viktige, går eg inn på dette i dei neste punkta. Eg siterer Thomassen og kommenterer kvart sitat.

  1. Thomassen: «Men, ble Raqqa befridd? Nei, den ble teppebombet med SDF som bakkestyrke med amerikansk flystøtte.» (3. juni.)

Kommentar: Øydeleggingane eg har sett i Raqqa, er forferdelege. Teppebombing er eit tøyeleg uttrykk som eg, ut frå det eg har sett, likevel er skeptisk til å bruke. Frå eitt punkt nær sentrum såg eg sju minaretar der i alle fall tårna såg uskadde ut.

Nestleiaren i Gjenoppbyggingsetaten i Raqqa fortalde oss i mai at USA bomba bygningar og område der IS ikkje var. USA bomba altså meir enn det som var nødvendig for å nedkjempe IS. Det er vel enda eit bevis på at USA har heilt andre mål enn PYD (Det demokratiske einskapspartiet) og SDF (Dei demokratiske styrkane i Syria.)

Nestleiar Leyla Mustafa i Raqqa sivile råd oppga i mai 2018 at meir enn 150 000 av innbyggarane var tilbake i Raqqa. Dei var i gang med gjenoppbygging. Nestsjefen i Gjenoppbyggingsetaten sa at USA hadde bomba bygningar og område der IS ikkje var.

  1. Thomassen: «Når Folkvord nå snakker om at han har vært i Raqqa må det ha vært i områder som USA ikke teppebombet. Hvorfor? Fordi Folkvord er sammen med kurdere fra den USA støttede kurdermilitsen og i de delene som ikke ligger i ruiner med råtnede lik under.» (31. mai).

Kommentar: Eg har vori i Raqqa to gonger: Da Raqqa sivile råd markerte frigjeringa i oktober 2017. Det er naturleg nok flest arabarar i dette rådet. Så var eg der igjen i mai 2018.

70 prosent av Raqqa var da rydda for miner. Raqqa sivile råd let oss ferdast der vi ville i det minerydda området. Til fots og med bil. Og utan vegvisar eller vakt. Vi var i nokre av dei mest øydelagte områda og møtte dei som sleit med gjenoppbygginga der. Det låg truleg mange døde under øydelagde bygningar. Både soldatar og sivile. Til slutt var vi og innom ein bydel som ikkje var bomba og var lite øydelagd av IS.

  1. 3. Thomassen: «Dessuten er det ingen områder som er IS- kontrollerte.» (31. )

Kommentar: Dette var usant 31. mai og er dessverre usant i dag. Eit krigskart som verkar seriøst, oppga denne situasjon 31. mai: https://syria.liveuamap.com/en/time/31.05.2018 IS kontrollerte da dei tre grå områda. I dag (9. august) viser det same kartet at IS-området på sørsida av Eufrat har vorti større. Både austover og sørover. Dei er omringa av regjeringsstyrkar, men har dessverre rykka fram. På nordsida av Eufrat ser det ut som SDF har nedkjempa IS i det største IS-området langs grensa mot Irak. Men det finst framleis IS-grupper i dette området og. Dessutan kontrollerer IS framleis eit lite område aust forEufrat, nær grensa mot Irak. (Markert med pil på kartet.) https://syria.liveuamap.com/en/time/09.08.2018

 

Frontlinjene i Syria 8. august 2018 ifølge https://syria.liveuamap.com/

  1. 4. Thomassen: «Norges politikk i Syria er faktisk identisk med Folkvords støtte til SDF. De jobber for å styrte president Bashar Al-Assad, rasere staten Syria.» (3. juni.)

Kommentar: Usant. Regjeringane i Norge har aldri støtta SDF. Regjering har vedtatt at norsk politikk er, i alle fall sia desember 2012, å styrte Assad-regimet. Verken Rødt eller eg har nokon gong har støtta denne politikken.

  1. Thomassen: «Men, har noen tenkt på at vi aldri ser bilder av terrorister i Syria? (3. juni.)

Eg har sett mange foto av IS-terroristar på norsk TV og i andre norske media. Sjølv om norske media sjeldan nemner det, veit vi at jihadistkrigarar – eller opprørarar som media seier – flyt nokså fritt mellom IS, Al-Nusra, Den frie syriske hæren (FSA) og liknande terroristgrupper. Mange har vestleg støtte og slåst for ein eller annan variant av islamsk stat eller kalifat. Norske media – utanom Klassekampen – omtalar vanlegvis ikkje desse som terroristar.

Både A/SV/SP-regjeringa og H/FrP/V-regjeringane støttar det dei har kalla «moderate opprørarar» i Syria

  1. Thomassen: «Det er ikke staten Irak som hjelper Folkvord inn i Syria. Ikke staten Syria heller. Det er grupper som har overtatt kontrollen med grenseoverganger.» (6. juni.)

Kommentar: Tja. Da eg mot slutten av 1990-talet var i dei kurdiske områda i Nord-Syria, reiste eg gjennom Damaskus og med reisefølgje frå PKK (Det kurdiske arbeidarpartiet). Da kryssa eg grensa mellom Syria og Irak formelt sett ulovleg, men i tråd med ein stilltiande avtale mellom statlege tenester i Damaskus og dei to store kurdiske partia i nordlege Irak.

Dei siste åra har eg brukt den nordlegaste av grenseovergangane mellom Syria og Irak. Dette krev samtykke frå styresmaktene i Den kurdiske regionen i Irak (KRG). I 13 år har KRG hatt grunnlovfesta status i Irak. Regjeringa i KRG er sterkt PKK-fiendtleg, men er juridisk og politisk ein del av staten Irak. Å omtale denne regjeringa som «grupper som har overtatt kontrollen med grenseoverganger» er i strid med juridisk og politisk faktum.

  1. Thomassen oppgir 18. juni at det alt i alt er 28 millionar kurdarar og at to millionar bur i Syria. Begge tala er omstridde. Offisielle – eller sikre – tal finst ikkje. Thomassen bruker tal du kan finne i CIA World Factbook.

Kommentar: CIA World Factbook er i mange samanhengar eit nyttig oppslagsverk, men sjølv har eg ikkje stor tillit til fakta som CIA presenterer.

  1. Thomassen: «Det er viktig å skille syriske kurdere fra kurdere iSyria. De første er syriske statsborgere. De andre er kurdere fra andre land som oppholder seg i Syria. Det er bare mennesker som er født i Syria med aner og ‘blodsbånd’ til Syria som gis rett til syrisk statsborgerskap, uavhengig av hvor lenge du har bodd i Syria.» (18. juni.)

Kommentar: Eg syns statsborgarskap på grunnlag av ‘blodsbånd» er litt snodig. Store Norske Leksikon definerer ‘blodsbånd’ slik: «Blodsbånd, kjødelig slektskap, til forskjell fra åndelig slektskap eller slektskap ved inngifte.»

Befolkninga i Syria var syriske statsborgarar fram til 5. oktober 1962, uavhengig av om dei var arabarar, tsjerkessarar, turkmenarar, kurdarar eller høyrde til andre folkegrupper. Dei som 5. oktober 1962 ikkje kunne legge bevis på bordet for at dei hadde budd i Syria frå før 1945, vart statslause over natta. Human Rights Watch laga i 1996 ein rapport om dei statslause kurdarane i Nord-Syria: https://www.hrw.org/reports/1996/Syria.htm

Dette var del av ein arabiseringspolitikk som starta lenge før Hafez al-Assad kom til makta i 1970. Politikken var retta mot kurdarar i Nord-Syria, men ramma og arabarar som vart tvangsflytta nordover frå områda der Assad-sjøen er i dag.

Ei gruppe syriske advokatar skreiv i eit prosesskriv til syrisk høgsterett: «Tusenvis av mennesker gikk til sengs som syriske statsborgere, bare for å våkne neste dag og finne ut at de ikke lenger hadde noe statsborgerskap.» Advokatane skreiv dette på vegne av åtte politiske fangar.

Forøvrig melde media 8. april 2018 at regjeringa (eller parlamentet) i Damaskus hadde vedtatt å gi statslause kurdarar i Syria rett til å søke statsborgarskap.  «Blodsbånd» vart ikkje nemnd som eit vilkår. http://edition.cnn.com/2011/WORLD/meast/04/07/syria.kurdish.citizenship/index.html På dette punktet kan det hende at Thomassen og Assad ikkje er på linje.

  1. Thomassen: «De som promoterer en ‘føderasjon’ er en liten minoritet av kurdere uten syrisk opphav, hverken i Hasaka eller i resten av Syria.» (18. juni.)

Kommentar: Eg har møtt arabarar, assyrarar, jezidiar, og turkmenarar som deltar i oppbygginga av Den demokratiske nord-syriske føderasjonen. Klanleiarar og andre. Både kurdiske og arabiske klanar har lange tradisjonar. Og det finst sjølvsagt både klanleiarar og mange andre som sympatiserer med Assad eller av andre grunnar er i opposisjon til Føderasjonen. Nokre klanleiarar har skifta side i løpet av krigsåra.

Arabiske sjukepleiarar arbeidde i mai 2018 på den nyåpna helsestasjonen i Shaddadi. Denne arabiske byen er med i Føderasjonen. Vi møtte personar frå dei kurdiske og assyriske minoritetane som er med i Shadadi sivile råd, eller bystyret som vi ville sagt på norsk.

Påstanden til Thomassen må bety at Føderasjonen berre har støtte frå kurdarar som i seinare år har komi tilreisande frå andre land. Kanskje reknar ho og med etterkomarane etter kurdarar som flykta frå Tyrkia på 1920-talet? Mange av desse flyktningane fekk forøvrig raskt syrisk statsborgarskap.

  1. Thomassen skriv om SDF: «Denne militsen er sammenrasket av kurdiske og islamistiske terrorister.» (18. juni.)

Kommentar: Wikipedia har ein annan omtale av SDF: https://en.wikipedia.org/wiki/Syrian_Democratic_Forces Eg er ikkje den einaste som har funni faktafeil hos Wikipedia. Men når dei namngir 42 ulike grupperingar som er med i SDF, tyder det på at karakteristikken «sammenrasket av kurdiske og islamistiske terrorister» ikkje er svært treffande.

I Manbij møtte eg i mai 2018 troppsleiaren i den første avdelinga av arabiske kvinner som er ein del av SDF. I 2017 deltok dei i kampen for å frigjere Raqqa. Ingen av dei ga inntrykk av å vere «sammenrasket.»

  1. Thomassen: «Det er udemokratisk å påtvinge en føderasjon på majoriteten av det syriske folket. PYD konsulterte ikke andre deler av det syriske samfunnet før de ensidig erklærte opprettelsen av en føderasjon.» (19. juni.)

Kommentar: PYD er ikkje og har aldri vori for «å påtvinge en føderasjon på majoriteten av det syriske folket.» Ein kongress i desember 2016 erklærte opprettinga av Føderasjonen. Før dette var det – så vidt eg veit etter initiativ frå PYD – fleire enn 100 samtalar/møte med ulike grupper, klanleiarar og andre både i dei områda i Nord-Syria som slutta seg til Føderasjonen og i nokre område som ikkje slutta seg til.

Tal Abyad som har arabisk fleirtal, er med i føderasjonen. Shaddadi med enda sterkare arabiske fleirtal er og med i Føderasjonen.

Den fleirkulturelle byen Manbij har klart arabisk fleirtal. SDF og Manbij militære råd frigjorde byen frå IS i 2016. Manbij er ikkje med i Føderasjonen. Raqqa er heller ikkje med i Føderasjonen. Dette kan vel tyde på at PYD ikkje «påtvinge(r) en føderasjon på majoriteten av det syriske folket.»

Shervan Derwihs (til høgre) var leiar for den arabiske gruppa Burkan al Firat. Dei deltok i forsvaret av Kobanê mot IS hausten 2014. Han er i dag talsperson for Manbij militære råd som har den tyrkiske okkupasjonsstyrken om lag 12 kilometer utafor byen. Manbij er ikkje med i Den demokratiske nord-syriske føderasjonen.

Men det er eit faktum at PYD er eit revolusjonært parti som er for eit samla og demokratisk Syria. Dei arbeider med politiske midlar for dette langsiktige målet.

  1. Thomassen: «Det er en gåte at Folkvord gjentar og gjentar at det er kurderne mot staten Syria.» (19. juni.)

Kommentar: For meg er det ei enda større gåte at Thomassen skriv dette. Heilt enkelt fordi eg aldri har hevda dette standpunktet. Ein slik debatteknikk fører lett til avsporing.

  1. Thomassen siterer frå ein kronikk eg skreiv i VG i 2003: «Klansamfunnets normer og menneskesyn er stadig virksomt i store deler av Kurdistan. Både de fire okkupantstatene og utenforstående makter utnytter dette».

Så skriv ho at «Folkvords tese har basert seg på at Syria er en okkupasjonsmakt. Altså at Syria har okkupert ‘Kurdistan’.» (4. juli 2018).

Kommentar: England og Frankrike delte opp Midtausten og laga kunstige grenser og nye statar etter første verdskrigen. Det fanst for eksempel ikkje historisk, kulturelt eller økonomisk grunnlag for grensa dei laga mellom Syria og det nye Irak. Imperialistisk splitt og hersk.

Det kurdiske fleirtalsområdet i Midtausten (Kurdistan) vart da delt mellom fire statar. Dette er bakgrunnen for at mange kurdarar har brukt uttrykket okkupantstat, oftast og i sterkast grad om Tyrkia og Irak. Eg skreiv VG-kronikken i 2003 utan å kjenne til PYD sin politikk.

PYD, som vart oppretta i 2003, har aldri omtalt Syria som okkupantstat. PYD er eit revolusjonært parti som vil ha eit samla Syria der alle folkegrupper har same rettar, uavhengig av religon. Og i praksis, ikkje berre i ord.

  1. Thomassen: Under mellomtitelen ‘Oppløser Syria som stat’ skriv Thomassen: «Er det derfor Folkvord snakker om «Assad-landsdelen»? (4. juli.)

Kommentar: Thomassen veit at eg ikkje bruker det uttrykket. Eit søk på steigan.no viser at dette uttrykket er brukt ein gong: I Thomassen sitt innlegg 4. juli.

Eg syns sitatfusk er ein dårleg diskusjonsteknikk. Kan lett føre til avsporing. I innlegget mitt 28. juni skreiv eg: «For å spare ord skriv eg stort sett PYD i resten av dette innlegget, sjølv om det vil vere meir presist å namngi fleire politiske og militære organisasjonar og instansar. Tilsvarande skriv eg stort sett Assad der eg meiner president Assad og den lovlege syriske regjeringa.» Thomassen har full rett til å mislike forenklinga.

Men å tillegge meg uttrykk eg ikkje har brukt, er neppe bidrag til viktig ordskifte om kompliserte spørsmål

Til slutt: PYD og Assad (begge i den betydninga eg nemnte) har i alle fall sia 2014 nedkjempa IS i kvar sin del av Syria. PYD har heilt andre politiske mål enn USA og har heller ikkje gått til åtak på Assad sine styrker. Etter mange år med underhandskontakt er det no opne samtalar i Damaskus mellom PYD og Assad. Dette kan gi Syria ei framtid utan krig. Eg trur sjansen for det er størst viss syrarar på begge sider får lov å sjølv styre desse forhandlingane – utan innblanding frå andre statar som har eigne militære styrkar på syrisk jord.

KampanjeStøtt oss

Kommentarer

  1. Johnny says:

    Erling Folkvord skriver at Regjeringa i Norge har aldri støtta SDF. Regjering har vedtatt at norsk politikk er, i alle fall sia desember 2012, å styrte Assad-regimet. Verken Rødt eller eg har nokon gong har støtta denne politikken.

    Rødt skriver om Syria: “Rødt er tydelige på at Assad-regimet er et diktatur som vi ikke støtter, og at protestene for demokrati i kjølvannet av den arabiske våren var rettferdige.”

    Rødt mener her omtrent det samme som regjeringa, rødt er imidlertid mere diffus, og bruker andre ord. Assad ble faktisk valgt med stort flertall, og har i dag størstedelen av befolkningen med seg. Rødt og Erling Folkvord støtter altså ikke det syriske folkets rett til å velge den lederen de ønsker. Hva kalles denne formen for demokrati?

    https://rødt.no/rodts-syn-pa-krigen-i-syria

    Protestene, etter den arabiske våren, var “for det meste” planlagte bevæpnede provokasjoner samt psykologisk krigføring i beste CIA-stil. Den psykologiske krigføringen var rettet både mot vestlig media og Syrias innbyggere. Mener Rødt og Erling Folkvord at slike aksjoner er “rettferdige protester”?

    Kan jo nevne at SDF flere ganger har vært i væpnet konflikt med syriske styrker, og SDF har hatt flystøtte fra USA under noen av disse trefningene! SFD skriver også at rapportene om forhandlinger med Damaskus er falske nyheter, så det er ingen tvil om at det er flere fraksjoner også innen SDF, de er rett og slett ikke enige med seg selv.

    Erling Folkvord henter sine opplysninger kun fra en side i denne konflikten, han lar seg forføre av propaganda, og hans oppfatning av krigen i Syria blir derfor veldig forvrengt og ensidig. Dette er trist, men slik blir det ofte når man velger side.

Fortsett diskusjonen på forum.steigan.no

Deltakere

Historisk kommentararkiv

2 KOMMENTARER

LEGG IGJEN EN KOMMENTAR

Please enter your comment!
Please enter your name here

Dette nettstedet bruker Akismet for å redusere spam. Lær om hvordan dine kommentar-data prosesseres.