Robert Fico: Slovakia har hatt 21.000 flere døde etter covidvaksinen

0
Til tross for vestlige forsøk på å påvirke valget i Slovakia ble Robert Fico valgt

Slovakias statsminister Robert Fico holdt en tale i Europaparlamentet 23. januar i år der han tok et oppgjør med koronapolitikken, den farmasøytiske industrien og «vaksinene». Han er den mest framstående statsmannen som har tatt et slikt oppgjør. 15. mai ble han skutt og nesten drept. Mirakuløst nok overlevde han og har etter operasjonene sagt at han tilgir attentatmannen, men at det sto andre krefter bak ham. Hvilke krefter det var, er ennå ikke kjent. Fico har gjort seg til fiende både av BigPharma og fascistene i Ukraina, så han har stilt seg i trådkorset til flere.

Dr. William Makis har transkribert Ficos tale, og den er publisert av Derimot.no.

“Mine damer og herrar i Progressive Slovakia og opposisjonspartia, har de sett statistikken for korleis dødstala våre har auka etter ulike kardiovaskulære tilfelle på grunn av vaksinasjon?

Men de avviser det. Sjølvsagt avviser de det, medan de påstår at (COVID-19)-vaksinasjon var det beste i verda.

Kva veit de om kor mange vaksinar vi har liggande som har gått ut på dato, og kor mange pengar som vart kasta bort?  Kva veit de om kjøp av medisinsk utstyr og testar? De veit at vi svært tydeleg demonstrerte sambandet mellom eit selskap frå Trnava (Slovakia) og leiaren for eitt av dei politiske opposisjonspartia.

Kjøp for fleire hundre tusen, millionar, fullstendig ubrukeleg.  Kva veit de om styring? Kva veit de om kva som føregjekk då det vart gjort ulike tiltak som, etter vårt syn, auka morbiditeten betydeleg meir enn det som kanskje var tilfelle i andre land?

Og alle lo de av dei andre statane, andre land. De lo av Russland, der dei stod på prinsippet om legevisitt til individuelle pasientar, og dei hadde betydeleg betre styring på det enn vi hadde her i Slovakia.

Vi har 21.000 døde som vi set i samband med det faktum at dei regjeringane som var her sidan 2020 ikkje greidde å styre (pandemien) og berre brydde seg om økonomisk vinning, og dei bukka og skrapa for farmasøytiske selskap som selde dei gigantiske mengder ubrukeleg utstyr og ofte store kvanta vaksinar.

Eg vil ikkje ein gong snakke om det europeiske nivået; de veit at eg har vore svært open, og eg sa rett ut til Madam President for Den europeiske kommisjonen (Ursula von der Leyen) at mistankane som er knytte til ho og kjøpet, Europa-kommisjonens største kjøp i heile historia, av vaksinar, då ho utveksla SMS-tekstmeldingar med Pfizer-sjefen (Albert Bourla), og då – til latterleggjering av medlemmane av det europeiske parlamentet – det vart gitt ut ein rapport som var fullstendig svartsladda. Vi vil rett og slett aldri greie å finne sanninga om kva slags rolle dei farmasøytiske selskapa spelte og kven som eigentleg organiserte heile dette sirkuset rundt COVID-19.

Under slike tilhøve, mine damer og herrar, har regjeringa til Den slovakiske republikken bestemt at dei vil inkludere i Regjeringas programerklæring ein innsats som vil avgjere denne saka. Det slovakiske folket treng rett og slett eit svar, treng eit svar når det gjeld vaksineringa, kva det eigentleg var for noko. Korfor vart folk vaksinerte med diverse eksperimentelle vaksinar utan forsøk? Korfor vart allslags medisinar tvinga på folk? Korfor dreiv staten med utstrekt testing? Kven kjøpte? Korfor kjøpte dei? Kor mykje vart det kjøpt? Kor mykje kosta det?

Og vi vil ende opp med milliardar, milliardar, de kan le så mykje de vil, for de veit ikkje ein gong noko anna enn å vise respektløyse for andre meiningar. De veit demokrati handlar om å iblant respektere andre synspunkt. Når de er her og for tredje veka snakkar om strafferetten, er det ingen som kjeftar på dykk, vi lyttar til dykk når de snakkar, så ver så snille å respektere det om vi har ei anna meining, sjølv om de er ueinige.

Under slike tilhøve har vi bestemt at vi vil opprette Kontoret til regjeringsfullmektigen som skal handsame desse spørsmåla. I dag har vi ikkje berre utnemnd den fullmektige direktøren, men vi har også gitt han fullmakt til å hente inn informasjon frå ulike institusjonar, særleg vil vi skaffe informasjon frå hygienesjefen, vi vil stille spørsmål til Det nasjonale helseinformasjonssenteret. Vi vil vite kva som eigentleg skjedde.

Eg trur Dr. Kotlar, medlem av nasjonalforsamlinga, er tilstrekkeleg utstyrt når det gjeld informasjon. Eg ser at han og er førebudd på å sette ihop eit team. Eg har bede han om at vi går igjennom alt med regjeringa før vi går ut med offentlege kunngjeringar, og eg er heilt overbevist om at arbeidet hans vil føre til resultat som vi vil offentleggjere, og vi vil fortelle det slovakiske folket kva som i himmelens namn skjedde under COVID.

Ein ting veit vi i dag sikkert: tidlegare regjeringar feila totalt i å styre COVID skikkeleg, og dei har 21 000 døde folk på samvitet, og tydelegvis mottok dei ei svær mengd pengar for dei unødvendige kjøpa av alskens medisinsk utstyr og vaksinar.

Mange takk”.

Min tur… (Dr. William Makis)

For nokre veker sidan skissa Slovakias nyvalde statsminister Robert Fico tydeleg opp standpunktet til si regjering om å avvise WHO sin Pandemitraktat. Eg omsette talen hans  her.

Denne gongen fører Slovakia an igjen og leverer ein «mal» for korleis ein skal gå fram i forhold til brotsverka og svindelen til politikarane som sat med makta under COVID-19-pandemien.

  1. Offentleg ta opp overdødelegheita.
  2. Offentleg avsløre dei kardiovaskulære (og andre) dødsfalla forårsaka av COVID-19-vaksinasjon.
  3. Sette søkelyset på korrupsjonen rundt kontraktane som vart gitt for masker og anna personleg verneutstyr (og dei politikarane som var involverte).
  4. Sette søkelyset på korrupsjonen ved innskaffinga av COVID-19-vaksinar.
  5. Sette søkelyset på COVID-19-vaksinane sin eksperimentelle natur og den upassande bruken av ulike medisinar som vart tvinga på folk under pandemien.
  6. Starte ei regjeringsgransking av korleis heile COVID-19-pandemien vart handsama, inkludert utrullinga av COVID-19-vaksinar og kjøpa av ymse medisinsk utstyr og vaksinar (og kven som tente på det økonomisk).
  7. Love folket å offentleggjere alle funna til den statlege granskinga.

Legg merke til korleis han – sjølv om han er politikar – ikkje dansar rundt grauten eller pyntar på ting. Han berre seier det som det er.

Dette er ei god oppskrift å følge for andre politikarar som no ønsker å gjere det rette.

Til dømes kunne, i Canada, Albertas førsteminister Danielle Smith lansere ei slik gransking av korrupsjon og brotsverk under COVID-19-pandemien (spesielt av Alberta Health Services og kollegiet av legar, sjukepleiarar, apotekarar, tannlegar osb.). Viss ho gjorde det, ville ho fått overveldande støtte frå folket.

Forrige artikkelRusslands etterkrigsdilemmaer i Ukraina
Neste artikkelTadsjikistan forbyr hijab
skribent
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.