Flytande gass

0
Tankskip med LNG / hurtigforum.de Jobo

Kvifor treng Melkøya so mykje straum? Avdi gassen frå Snøkvit skal kjølast ned til minus 167 grader celsius – slik at han blir flytande og kan transporterast på skip. Dette er ein energikrevjande prosess, og grunnen til at ein gjer dette er at det ikkje er rekningssvarande å byggja normal gassrøyrleidning frå Finnmark og sørover.

Hans Olav Brendberg.

Utanom flytande naturgass, blir det for tida kasta inn store pengar i forsking/utvikling av teknologi kring hydrogen. Hydrogengass kan ikkje pumpast opp frå gassførande sediment i berggrunnen – men må lagast gjennom energikrevjande, kjemiske prosessar. Anten av hydrokarbonar – eller av vatn. Desse kjemiske prosessane inneber eit stort energitap, 20–30% av energien går tapt om ein produserer hydrogen med elektrolyse.

Skal ein etterpå komprimera hydrogenet, må det store energimengder til. Grunnen til at naturgassen frå Snøhvit blir kjølt ned til 167 grader, er at dette er ein temperatur nokre grader lågare enn kokepunktet til metan, den lettaste komponenten i naturgass.

Kokepunktet til hydrogen er –253 grader celsius. Å kjøla ned hydrogen til denne temperaturen er langt meir energikrevjande enn det dei held på med på Melkøya.

Regjeringa har som mål å utvikla ein marknad for hydrogen i Europa. Skal ein få til dette, må ein ha tilgang på gratis straum – straumproduksjon som ikkje kan regulerast (vindkraft!), som det ikkje finst marknad for, og der ein difor kan laga hydrogen av energi som elles ikkje blir brukt. Om selskap som produserer hydrogengass skal betala straumrekning, vil dei raskt gå konkurs på grunn av energitapet.

Samstundes skal havvind og anna vera lønsamt – så når ein byggjer ut er forutsetninga at elproduksjonen skal ut på ein betalingsdyktig marknad.

Korleis går desse motstridande rekneskapa i hop?

Den mekanismen som skal gjera dette mogleg, kjenner vi frå transportsektoren. Det er ein sterk tendens til at tungtransport på veg konkurrerer ut tungtransport på bane. Kvifor?

Ein av grunnane er at tungtransporten på veg får sterkt subsidiert infrastruktur. Når ein byggjer veg i Noreg, dimensjonerer ein for 10 tonn aksellast, slik at tungtransporten skal kunna bruka vegen. Den vanlege bilist treng ikkje denne vegstandarden – og det å byggja veg for 2-3 tonn aksellast er langt, langt billigare enn å byggja for 10 tonn. Men den vanlege bilist er betalingsdyktig, og har ingen sterke interesser ut over det at det finst ein veg – og betalar difor gjerne for at det skal vera veg. Også når det inneber å subsidiera infrastruktur for tungtransport med store summar.

Jernbanen blir berre brukt av tog, og ein kan ikkje henta inn pengar til infrastruktur frå den vanlege bileigar.

Korleis få både ustabil vindkraft og hydrogen som energiberar til å løna seg? Ved å endra organiseringa av marknaden, slik at dei som byggjer ut vindkraft får betalt, dei som produserer hydrogen får gratis straum – og slik at alle andre må betala meir, slik privatbilistane subsidierer infrastrukturen for tungtransport.

Slik kjem næringsliv og privatkundar i Finnmark og Troms no til å få lov til å betala for at Equinor skal få pussa den grøne fasaden. Og merk: Her handlar det framleis om naturgass, som kan pumpast opp frå berggrunnen og kjølast ned til 167 grader.

Dette er småtteri samanlikna med framtidig hydrogensatsing.

Forrige artikkelVestlige tjenestemenn: «Ekstremt usannsynlig» at Ukrainas motoffensiv vil lykkes
Neste artikkelStor seier i Italia i kampen mot trådløsbransjen – for sjette gang!