Ein grunnlovsdag med snev av bismak

0

Av Marie Rørvik.

I skrivande stund kan eg sjå tilbake på ein strålande dag i Tvedestrand. Aldri har eg sett byen så vakker. Fargerike bunader frå ulike deler av landet skapte fryd for auga. Særleg inntrykk gjorde eit par sko ei ca. tre år gammal jente hadde på seg. Truleg trippa ho tillitsfullt rundt til livet på dei mest fasinerande skoa eg nokon gong har sett, men stemmer det som russepresidenten sa i talen sin; at vi har styresmakter vi kan stola på?

Vel heime etter den tradisjonelle feiringa bladde eg opp siste nytt frå USA. Joshua Philip frå Epoch Times tok for seg den nyleg frigitte Durham-rapporten om forfalska informasjon som har blitt brukt for å fjerna Trump frå makta. Ein misbrukt rapport frå Christopher Steel inneheldt påstandar at Trump hadde samarbeidd med Russland for å undergrave valet i 2016. FBI etterforska saka på falske premisser og med konstruerte «bevis». Dei mediene som formidla materialet, som var til fordel for Hillary Clinton og Joe Biden, har fått positive utmerkingar, mens journalistar som har kritisert det, har blitt sensurerte og trakasserte. Framleis ligg dette falske narrativet i hjarterota til NRK.

Joshua Philip ser saka som forsøk på statskupp frå innsida. I ein artikkel frå mai 2017 hevda han som første journalist at det ikkje fans bevis på det påståtte Trump-Russland-samarbeidet. Epoch Times har følgt saka og avduka kven som var involvert. For det blei dei stempla som konspirasjonsteoretikarar og sensurert frå fleire nettverk. The New York Times fekk Pulitzer–prisen i 2018 for nasjonal rapportering. 29.3.2019 skreiv Trump på Twitter: «Det er så morosamt at The New York Times & The Washington Post fekk ein Pulitzer-pris for si dekking (100% NEGATIV og FALSK) av Russland–samarbeid. Der var ikkje noko samarbeid, så dei var enten blitt lurt eller dei er korrupte.»

Crossfire Hurricane var namnet på eit oppdrag for å etterforske Trump og hans folk. Det førte til store overskrifter i mediene, og det undergrov Trump si regjering. Falske påstandar blei brukt av FBI til å forvirra folk før 2016-valget og i åra etter, og dei har delteke i å skyva under teppet innhaldet i Hunter Biden sin pc ved å påstå at det var russisk desinformasjon. Dei konstruerte påstandane har gitt demokratane majoritet til å stilla Trump for riksrett to gonger. Ved 2020-valet heldt demokratane fram med å forfalska realitetane. Reell informasjon ville truleg gitt valet 2020 eit heilt anna utfall.

No er den 316 siders Durham-rapporten frigitt, og den viser massiv bruk av løgner. I den siste utgåva av Verdibørsen på NRK undra dei seg over fenomenet Trump og hans «totalt skamlause løgner». Ikkje eitt einaste ord om avsløringane av demokratane sine løgn-kampanjar og Biden-familien sin ekstreme korrupsjon. Det er bevist at dei kanaliserer millionar av dollar gjennom minst 20 firma som  ikkje har synlege tenester å tilby og som ikkje har utgåande fakturaer å visa til. Kva er verdien av Verdibørsen når kursen på fakta-aksjane er så lav?

Grovt maktmisbruk og løgn er ikkje eineståande for USA. I tider med universelt bedrag er det å sei sanninga ei radikal handling, skreiv Orwell i boka «1984». Andrew Bridgen er medlem av det britiske parlamentet. Hans konservative sinn er så revolusjonært at han blei kasta ut av partiet sitt rett etter at han 15. april var blant (dei ekstremt sanningssøkjande?) deltakarane på Spotlight-konferansen i Stavanger. Årsaka til eksklusjonen var haldningane hans til korona-vaksinane og at han hadde sitert ein påstand frå ein israelar om at biverknadene var på linje med Holocaust. Truleg var det eigne erfaringar frå den største rettsskandalen i britisk historie  og bakgrunnen som biolog som gjorde han vaken for fenomen i tida. I Stavanger var eg heldig å få høyra han fortelja følgjande til oss ca. 300 frammøtte faktahungrige:

I 2010 blei Bridgen parlamentsmedlem for dei konservative. Då David Cameron kom inn i rom 14 for å danna ny koalisjonsregjering, hadde han på slep ein mann som ikkje var vald av folket. Bill Gates var kommen for å presentera nokon vaksinerer han skulle levera til verda. Men før Gates sine gigant-leveransar blei aktuelle, skjedde ein gigantisk svindeloperasjon i det engelske postverket:

Etter to veker i sitt nye verv fekk Bridgen besøk av ekteparet Rodkin, som begge hadde vore postsjefar i ein landsby. Posten var et firma der regjeringa hadde alle aksjane. I fleire tiår hadde Rodkin ikkje hatt nokon problem. Han var så høgt respektert at han blei vald til å representera alle under-postsjefane til å forhandla med hovudpostkontoret og andre interessentar. Han  overlèt ansvaret for eige postkontor til kona mens han gjekk inn i sin rolle som nasjonal representant. Fleire år før det hadde alle postkontora fått på plass datasystemet Horizon, levert av it-giganten Fujitsu. I det nye vervet blei han innkalla til hovudkvarteret til dei som dreiv Horizon-systemet. I ettertid trur Rodkin at dei må ha blanda han med ein annan, for dei viste han rundt i bygningen og tok han ned til det det kalla “fyrrommet” der dusinvis av ingeniørar sat og arbeidde på Horizon-maskinane. Han spurte kva dei gjorde, og fekk til svar at dei retta på alt som var feil i systemet. Som postsjef var han blitt fortalt at ingen kunne endra systemet, så eventuell manko måtte i følge kontrakten betalast av eiga lomme.

Då Rodkin erklærte at han representerte alle underpostkontora, og at det han såg ikkje var rett, blei han utvist frå bygningen. Han kjørte heim og fortalde kona om det han hadde sett. Neste morgon vakna dei av at det banka på døra. Det var postkontorinspektørane som kom og sa: «Vi har dårlege nyheiter til deg. Kona di sin  datamaskin viser 44.500 i manko.» Rodkin og frue blei arresterte og anklaga for bedrageri. Ingen i rettssystemet ville lytta til dei. Dei ble dømde, måtte selja det dei eigde og blei stempla som kriminelle.

Bridgen meinte dei to var truverdige, så han fekk med seg fire andre parlamentsmedlemmer på å etterforska saka. Fleire hadde fått brev om liknande erfaringar. Bridgen klarte å få til ei gransking av det eigarane meinte var eit heilt perfekt Roll-Royce-system. Bridgen spelte på den påstanden og fekk avtale om gransking.  Av taktiske grunnar klarte han å få inn eit lite nisjeselskap, der ein venn av han med erfaringar frå etterforsking av banksystem var med. Etterforskarane fant Horizon-systemet fullt av feil. Det som skulle vera eit bombesikkert system viste 1,5 millionar pund i ikkje fullførte transaksjoner fleire år på rad, og dei pengane gjekk til nokon sin profitt.

Etterforskarane gav Bridgen dei originale rapportene, sidan dei offisielle rapportene var redigerte. Postkontoret prøvde å straffeforfølgja etterforskaren for brot på kontrakten, fordi Bridgen hadde fått posten til å betala oppdraget.

Etter tre år hadde Bridgen alle bevisa han trengte og ein frå Fujitsu som vitne. Han gjekk til mediene, men ingen av avisene eller tv–stasjonane ville snakka om det. Bridgen kalla det nyhets-formørkelse, og det gjekk 5–6 år til før saka kom fram i lyset endå regjeringa visste det i 2014, dei involverte parlamentsmedlemmene visste det, og postsystemet visste det. Det blei 250 millionar i saksomkostningar før posten tapte i retten etter å ha anka 4-5 gonger. Først då blei det nyhetsstoff.

Rodkin var ein av 736 som blei dømde for bedrageri. Tusenvis av postmeistrar hadde blitt tvinga til å betala tilbake pengar dei ikkje skulda. Det var den største rettsskandale i britisk historie, og det tok nesten 10 år å avduka den. «Kan dette skje med noko anna?» spurde Bridgen med klart hint til koronasituasjonen. Han tvilar ikkje på at vaksinane fører til omfattande skader, men ingen i tradisjonelle medier tar det opp til debatt. Ikkje i England og ikkje i Norge.

I dag har vi hatt nok ein kollektiv festdag for demokratiet med saluttar, champagne–frukost, soldatar i eggeløp, korpsmusikk, talar, flagg, kongen på balkongen, is og pølser. Men korleis er det med demokratiet

– når fuglar, insekt og vegetasjon blir øydelagt av stadig fleire vindmøller og stadig tettare elektronisk stråling?

– når folk som leverer fakta om Covid-19 og dei tvangspåførte vaksinane kan bli støytte ut av fellesskapet?

– når udemokratiske organ som WEF, FN og WHO med Klaus Schwab, Bill Gates og Tedros arbeider for å få totalitær makt og digital overvaking over medlemsnasjonane uten at politikarane og mediene tar det opp til diskusjon?

– når ytringsfridom og menneskerettar er utsette for grov hets?

– når klimarealistane knapt får visa seg på TV-skjermen medan det «grøne» skiftet held på å kvela økonomien vår?

– når det er tabu å diskutera konsekvensane av islamsk kultur?

– når regjeringa vil gi 3,3 milliardar til norsk landbruk og 75 milliardar til Ukraina?

– når politikarane gi makt over dei felles naturressursane våre til EU-organ?

– når kongehuset er engasjert i WEF?

… for å nemna noko av det som skurrar for meg på vår tohundreogniende grunnlovsdag, ein dag då tusenvis av 17-mai-talarar lovpriste land og kultur, og barn gledde seg over å få visa seg fram i finstasen. Ein del av det talarane formidla er i samsvar med fakta og verdiar vi kan samlast om. Samtidig ser eg at desinformasjon blir styrt av krefter eg er sterkt uroleg for, og som kan ruinera framtida til  jenta i dei unike skoa. Sanning er samfunnets lim. Held vi på å gå opp i liminga? Opplever vi tidenes største politiske svik?

Forrige artikkelBevis: Amerikanske og norske myndigheter sprengte Nord Stream-rørledningene
Neste artikkelFinanskapitalens rolle i den franske pensjonsreformen