Generalåtak på miljørørsla i bokform

0

Ikke i mitt nabolag – Hvorfor NIMBY-saker utfordrer det norske demokratiet. Det er den lange tittelen på ei bok som kom ut våren 2022. Med boka vil forfattaren fortelje framtidige utbyggarar av gruver, vindkraft og andre naturinngrep korleis dei skal behandle den motstanden dei vil bli møtt med, og slik overvinne denne og få planane sine gjennomført. Forfattaren Elisabeth Gammelsæter er tidligare generalsekretær i Norsk Bergindustri, no konsulent i Sweco, eit selskap som har hatt stått for utgreiing av ei rekke store utbyggingssaker, blant dei gruveprosjektet Nussir i Finnmark.

Av Svein Lund.


Mange bøker er skrive om trugsmåla mot natur og miljø og om kampen for å bevare naturen. No har motboka endelig kome: Utbyggarsida sitt svar. Det store generalåtaket på miljørørsla, som egoistar som ikkje bryr seg om heilheita og fellesskapet og som attpåtil trugar det gjeve demokratiet vårt.
Eg helsar boka velkomen og tilrår alle å lese henne. Ikkje at eg er samd i bodskapen, men fordi ein her får samla mellom to permar eit program for gruvespekulantar, vindkraftbaronar og andre som vil tene på rasering av naturen. Her får vi fiendane av miljørørsla og miljøet framført i fri dressur. Og for alle som er engasjerte i å verne naturen kan det vere nyttig lesing.

Boka er gitt ut på Frekk forlag, og lever opp til forlagsnamnet. Vi kan like godt bruke ordet «uforskamma». For bildet som boka gir av motstanden mot gruveplanar, kraftutbygging og «byutvikling» fortener å karakteriserast som uforskamma usaklig.

Utbygging for å redde verda

Allereie forsideillustrasjonen gir klar melding: Ved ei teikning av ein vindturbin, ei bygningskran og forskjellige bygningar står tre demonstrantar med plakaten «Ikke her!». I det såkalla kap. 0, «Forpostfektninger» kjem programerklæringa: «Vi trenger – påstår jeg – å gjennomføre noen krevende prosjekter for å redde verden.» Intet mindre. Forfattaren representerer dei som skal redde verda, mens motparten er dei som står i vegen for dette edle ønsket.
Det held fram i forordet, som snarare er ei programerklæring for boka. «I en opphisset diskusjon om sjødeponi i 2015 tvitret en motstander med største selvfølgelighet at vedkommende syntes det var helt unødvendig å utvinne grunnstoffer. Tweeten kom fra en mobiltelefon eller en PC eller en iPad fullpakket av grunnstoffer.» Denne gåvepakka til dei utvinningskåte blir servert utan kjelde, men eg kjenner igjen historia frå nokre år tilbake. Eg hugsar saka blei undersøkt da, og det synte seg at det var eitt tilfelle av at ein person hadde skrive noko slikt. Eitt einaste tilfelle, skrive av ein noko forvirra enkeltperson utan noko verv eller posisjon i noko aksjon eller miljøorganisasjon. Men sitatet blei dengang brukt for alt det var verdt, og blir no henta fram igjen, for å framstille det som dette er standard opplysningsnivå blant motstandarar av å dumpe gruveavgang i fjordane. 
NIMBY – Not In My Backyard –blir i boka definert slik: «Disse fasilitetene/anleggene tilbyr nyttige tjenester for storsamfunnet og er ofte ansett for å være nødvendig av samfunnet, men nesten alle er enig om at disse bør plasseres utenfor deres nabolag.» I forordet ramsar fortattaren opp det ho meiner er «de første norske NIMBY-sakene av betydning»: Motstanden mot kraftutbygging av Mardøla og Alta og mot dumping frå Titania. Desse sakene var alle tre kombinasjonar av lokal motstand med at det blei prinsippsaker med protestar langt ut over det lokale. Folkeaksjonen mot utbygginga av Alta-Kautokeino-vassdraget hadde over 20.000 medlemmar spreidd over heile landet. Folkeaksjonen sa for øvrig ikkje at ein heller skulle bygge ut ein annan stad, men argumenterte prinsipielt med at det ikkje var behov for meir kraft. NIMBY? 

Har ingen hatt alternativ?

Gammelsæter går til åtak på dei som protesterte mot monstermastene i Hardanger: «Likevel kan jeg ikke huske overskrifter fra da saken «sto på som verst» om at nå må vi redusere strømforbruket, slik at disse mastene blir unødvendige.» Ingen kan sjølvsagt motbevise det at ho ikkje hugsar, og det viktige er heller ikkje om dette fikk overskrifter i den tida. Men det burde vere rimelig allment kjent at miljørørsla lenge nettopp har gått inn for å redusere straumforbruket.  

Det store vi mot egoistane

Boka er delt i tre hovuddelar. 2/3 utgjørast av første delen «Når NIMBY stopper samfunnet». Her er igjen hovudoverskriftene «Vi trenger kraft og energi», «Samfunnet har behov for mineraler» og «Vi trenger plass – om byutvikling». Felles er altså: Forfattaren representerer det store «vi», samfunnsfellesskapet. Motparten er dei egoistiske særinteressene.

Mye kunne vore kommentert, eg skal nøye meg med ei av fire kraftsaker og ei av tre gruvesaker ho brukar som eksempel.

Boka brukar heile 20 sider på Alta-saka, med intervju med både folk som var for og mot utbygginga, og her er ein del interessant historie. Teksten blir likevel skjemma av at forfattaren tydeligvis verken har hatt vidare førehandskunnskap eller brydd seg om å få kontrollert at det ho skriv er rett. F.eks. skriv ho om den første sultestreiken at denne var godkjent av styret i NSR, mens ho om den andre sultestreiken skriv at Samebevegelsen verken samarbeida med verken NSR eller Folkeaksjonen. Dette heng ikkje på greip, og kunne vore unngått med ein kjeldesjekk.

Eit interessant intervju er med tidligare leiar i Finnmark Ap, Gunnar Mathisen, som får seg til å seie at «engasjementet for elva i lokalsamfunnet var ganske lite» og at det bare var engelske lakselordar som fiska der. Han blir også referert på at han meiner demningen er ganske liten (!). Den andre utbyggingstilhengaren som er intervjua, Harald Opgård, hevdar Alta-aksjonen «ble regissert av venstresiden i Oslo, som hadde fått med seg asfaltsamer». Så lite forsto altså utbyggingstilhengarane dengang av motstanden.  
Med å stemple Alta-saka som ei NIMBY-sak, stiller Gammelsæter seg klart på utbyggingstilhengarane si side og oppsummeringa hennar er tankar om kva som i slike saker kan gjørast for å lettare få sakene gjennom og redusere motstanden. Viktigaste rådet her er trulig det med å involvere samiske interessenter, slik at ein får dei med og ikkje mot seg. «Ja, det kan oppleves som byråkratisk og tungvint av utbyggere, men det er ikke et valg ikke å ta hensyn til det.»     

Forsvar for sjødumping

Når Gammelsæter går frå kraftutbygging og over til gruvesaker, er ho langt meir på heimebane, etter mange år som generalsekretær i Norsk Bergindustri. Her viser ho da også til det arbeidet ho sjølv har vore med på, ikkje minst som forkjempar for sjødeponering av gruveavfall. «En mangeårig praksis med deponering i sjø i Norge viser likevel at livet i havet kom tilbake 5-10 år etter avsluttet deponi. Titanias avsluttede deponi på Dyngadjupet viste dette, forsøk fra Repparfjorden etter at Folldal Verk hadde deponert der viste dette, Sydvaranger, som startet opp igjen i Kirkenes i 2009, og som undersøkte sjøbunnen i Bøkfjorden før ny oppstart viste dette.»                          

Denne påstanden er standard for alle deponitilhengere, men heller ikkje her blir det levert noko bevis for han og det skal godt gjørast å finne ein uavhengig forskar som vil gå god for dette.
Norsk Bergindustri har aktivt arbeida for å få EU til å godkjenne sjødeponi som «Best Practice». Det har ikkje lyktest, men det skriv ikkje Gammelsæter rett ut. I staden skriv ho: «Da EUs tekniske komite for mineralavfallsdirektivet laget nye dokumenter for hvilken deponipraksis som kan kalles Best Availale Technology, sa de at Norges sjødeponipraksis er kunnskapsbasert og oppfordret til fortsatt forskning på temaet.» Ei fjær kan lett bli til fem høns om ønsket er sterkt nok.

Blant Gammelsæter sine NIMBY-saker er striden som oppsto da Rio Tinto ville leite gull og diamantar på Finnmarksvidda. Når også denne motstanden her står som ei skadelig NIMBY-sak, kan ein stille spørsmålet om det virkelig er samfunnet sitt behov som er hennar og Norsk Bergindustri sitt motiv for å støtte opp om gruveselskapet. Det minner om ein debatt eg hadde med nettopp Gammelsæter for nokre år sidan, da eg spurte om Norsk Bergindustri meinte det virkelig var et samfunnsmessig behov for gull. Svaret var klart: «Så lenge det er etterspørsel, er det behov.

Nussir – omskriving i ettertid

Da har vi kome fram til den aller mest aktuelle saka: Nussir. Ei sak der søknadsprosessen tok eit tiår og som var mye av grunnlaget for at Norsk Bergindustri omtalte norsk mineralforvaltning som «saksbehandlingshengemyr». Her er sjølvsagt hovudpersonen Øystein Rushfeldt og historia blir samanfatta slik: «Han gikk i gang med å utvikle Nussir i Repparfjord. Planen var å bygge ei stor kobbergruve i et område som også tidligere hadde vært brukt til gruvedrift. Målet var å skape en fullt elektrifisert gruve for å levere råstoffer til det grønne skiftet.»   Med dette er Nussir-gruva plassert perfekt i forteljinga om det grøne skiftet som mineralutvinninga sitt formål og eit av tiltaka som skal bidra til å «redde verden». Spørsmålet er bare om historia held vatn. Rushfeldt overtok i 2009. Det grøne skiftet var enno ikkje oppfunne, langt mindre tatt i bruk som grunngiving for mineralutvinning. Det skjedde først frå omlag 2015 og ideen om elektrifisert gruve kom enno seinare. Med denne tilbakeskrivinga kan gruveplanen ikkje bare grønvaskast i notid, men også i fortid, og ein kan dekke over at motivet ved danninga av Nussir ASA må ha vore eit heilt anna.
For kvar sak oppsummerer forfattaren nokre «erfaringspunkter». Kva meiner ho så kan lærast av Nussir-saka? Først og fremst at folkeretten om urfolk er ein realitet som ein må ta omsyn til og at ein må forsøke å finne løysingar innafor denne. Så må ein forsøke å forstå motparten og ikkje overkjøre dei. Det hørest jo fint ut, men kor står Elisabeth Gammelsæter når motparten likevel etter meir enn eit tiår fortsatt kjenner seg overkjørt og gruva skal settast i gang med politimakt?
For Gammelsæter er einkvar protest NIMBY, anten det gjelder motstand mot oljeboring i Lofoten, ulv eller plassering av rusinstitusjonar og fengsel.  

Er NIMBY ein realitet?

Uttrykket NIMBY oppsto i USA på 1970-tallet, om motstandarar av plassering av anlegg for farlig avfall. Det blei frå starten brukt negativt, gjerne om overklasse som ville ha områda sine i fred. Eit eksempel er denne frå ein amerikansk nettstad: «Why is NIMBY a problem? NIMBY is a problem because it is frequently used by privileged individuals to prevent projects that would benefit other classes. It is also used to prevent developments that might benefit the environment.»[1] Dette er opprinnelsen til uttrykket. I denne forstand finn vi nok reelle NIMBY-saker også i Noreg, som når bebuarane på Oslos aller verste vestkant set seg mot å få eit asylmottak mellom villaane sine (og vinn fram med kravet!). Med bruken av dette begrepet stemplar Gammelsæter all motstand vindkraft, vannkraft, gruver, veger, oppdrett osv som nærsynt og egoistisk. I forhold til realiteten bak motstanden er det ein real skivebom, men det fungerer som skremmebilde. 

Partane kjem til orde

Gammelsæter sin føreskrivne metode for å overvinne motstanden er opplysing og dialog, og derfor lar ho da også forskjellige røyster komme til orde i boka. Dermed kan ein i boka også finne riktige gullkorn som motseier og avslører hennar eige prosjekt. Bl.a. får Christian Steen, generalsekretær i Sabima, slippe til med at Alta-saka er eit av dei dårligast tenkelige eksempel på NIMBY. Ni «ressurspersoner» fra politikk, nærings- og arbeidsliv og miljørørsla har fått svare på det leiande spørsmålet «Utfordrer NIMBY-saker det norske demokratiet?». Svara er svært interessante, både dei som hovudsakelig står på utbyggarane si side, og dei som representerer motstanden. Daverande generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet er vald som representant for miljørørsla og ho er den som går lengst i å avvise heile omgrepet NIMBY. At Ap-politikarar, NVE og Maskinentreprenørenes landsforbund forsvarer utbyggingssaker mot protestar er ikkje meir enn rimelig. Det som derimot skremmer er korleis den som er vald til å representere fagrørsla, Anita Johansen, leiar i Norsk Arbeidsmandsforbund, stiller seg totalt på utbyggarane si side og viser null forståing for miljøvern og motstand:

«Jeg forundres over at hele miljøbevegelsen … i det ene øyeblikket står foran Stortinget for å forsvare og framskynde det grønne skiftet. I det neste flyr de opp til Alta og lenker seg i Repparfjorden for å hindre uttak av kobber som er nødvendig for det samme skiftet. Jeg anerkjenner at for eksempel mineraluttak er store naturinngrep som bør behandles grundig. Jeg er skremt over at folk til tross for at vi har tilgang til et godt utdanningssystem, velger å se bort fra anbefalingene fra fagkompetansen.»    

Lærdomar av boka?

Gammelsæter har skrive boka si nesten etter mal av ei lærebok, der dei enkelte kapitla blir oppsummerte i punkt til slutt, som for å understreke kva vi kan lære av dette. Og det er vel nettopp det ho ønsker med boka: Å fortelje framtidige utbyggarar av gruver, vindkraft og andre naturinngrep korleis dei skal behandle den motstanden dei vil bli møtt med, og slik overvinne denne og få planane sine gjennomførte. Eit stikkord her er tidlig og god dialog. Forfattaren står av både profesjon og overbevisning på utbyggar si side i ei kvar omstridd utbyggingssak. Hennar råd er god dialog for å nøytralisere motstanden. Kva konklusjon bør motstandarane da trekke av det? Neste stikkord er tillit: «Den gode samtalen med respekt innebærer også tillit til prosessene. Jeg hører i etterkant av valget høsten 2021 at flere vil ha omkamper om sjødeponi i Repparfjorden og Engebø. Men hva skjer med investorenes tillit til Norge som land hvis dette skjer? Norge er avhengig av at vi blir oppfattet som et land som gir forutsigbarhet i prosessene, ellers går investorer heller til tilsvarende prosjekter i andre land.»  Tillit til kven? I dei nemnde sakene har det i stor grad dreidd seg om vi kan ha tillit til dei konsulentselskapa som på oppdrag frå utbyggar har gitt sin versjon av forventa konsekvensar. Er det da ufint å nemne at forfattaren av denne boka er tilsett i hovudkonsulentselskapet bak ei av dei sakene ho nemner her?

Eg er ingen nøytral bokmeldar. Eg har skrive kritiske skrifter om både gruver og vindkraft, og eg er medlem av organisasjonane Naturvernforbundet, Motvind og La Naturen Leve. Nokon vil seie eg har lest denne boka som ein viss mann les Bibelen, og det kan det vere noko i. Eg har lest boka som eit kampskrift for dei naturraseringane som no er på gang i Noreg, og som trugar både dyre- og planteliv, landskap, primærnæringar, samisk kultur og eit virkelig grønt skifte. Den som vil kjempe ein kamp må kjenne sine motstandarar. Det er grunnen til at eg tilrår å lese denne boka, men om mogleg utan å betale for å støtte forfattar og forlag.

Svein Lund
forfattar og miljøaktivist
Guovdageaidnu
sveilund@online.no


[1]https://study.com/academy/lesson/nimby-not-in-my-backyard-definition.html

Forrige artikkelHvordan lobbyister kapret EU
Neste artikkelNytale om mat, landbruk og menneskeheten – økomodernismens utopia