Den planlagte globale finansielle tsunamien har akkurat byrja

0

Av F. William Engdahl.

Omsett av saksyndig.

Sidan den amerikanske sentralbanken (US Federal Reserve) vart skapt for over hundre år sidan, har kvar større kollaps av den finansielle marknaden blitt utløyst med vilje utifrå politiske motiv av sentralbanken. Situasjonen er slett ikkje annleis i dag, sidan sentralbanken tydelegvis handlar med sitt rentesatsvåpen for å krasje det som er den største spekulative finansbobla i menneskehistoria, ei boble den skapte. Globale krasjhendingar byrjar alltid ute i periferien, slik som skjedde med det austerrikske Creditanstalt i 1931, eller Lehman Brothers i september 2008. Avgjerda 15. juni frå sentralbanken om å innføre den største einskilde renteauken på nesten 30 år når finansielle marknader allereie er i kriseberedskap, garanterer no ein global depresjon og verre.

Omfanget av «billegkreditt»-bobla som sentralbanken, ECB og Bank of Japan har konstruert med å kjøpe opp obligasjonar og vedlikehalde ei ikkje tidlegare sett null-rente eller til og med negativ rentesats i 14 år, er utanfor fatteevne. Finansmedia dekkjer det over med dagleg nonsens-rapportering, medan verdsøkonomien blir gjort klar, ikkje for sokalla «stagflasjon» eller resesjon. Det som kjem no i dei komande månadene, med mindre der skjer ei dramatisk politikk-reversering, er den verste økonomiske depresjonen nokosinne i historia. Takk, globalisering og Davos.

Globalisering

Det politiske presset bak globalisering og danninga av Verdas handelsorganisasjon (World Trade Organization/WTO) ut av Bretton Woods GATT handelsreglar med Marrakesh-avtalen i 1994, sikra at den avanserte industrielle produksjonen av Vesten, spesielt USA, kunne flykte offshore, «outsource» for å skape produksjon i ekstreme lågtlønsland. Ingen land tilbaud betre fordel på slutten av 1990-talet enn Kina. Kina vart med i WHO i 2001 og frå der av har kapitalflyten til kinesisk produksjon frå Vesten auka drastisk. Det har òg opphopninga av kinesisk dollargjeld. No byrjar den globale finansstrukturen basert på rekordgjeld å falle saman.

Då Washington med vilje lét finanskollapsen av Lehman Brothers skje i september 2008, responderte den kinesiske leiarskapen med panikk og delte ut hittil usett kreditt til lokale styresmakter for å byggje infrastruktur. Noko av det var delvis brukande, slik som eit nettverk av høghastigheitstogbane. Noko av det var tydeleg sløseri, slik som konstruksjonen av tomme «spøkjelsesbyar». For resten av verda var det hittil usette kinesiske behovet for anleggsstål, kol, olje, kopar og slikt velkome, sidan frukta for global depresjon gjekk tilbake. Men handlingane til den amerikanske sentralbanken og ECB etter 2008, og av deira respektive styresmakter, gjorde ingenting for å adressere det systemiske finansielle misbruket av verdas større privatbankar på Wall Street og i Europa, so vel som i Hong Kong.

Nixon si avgjerd i august 1971 om å ta dollaren, verdas reservevaluta, vekk frå gull, opna flaumlukene for global pengeflyt. Stadig mindre restriktive lover som favoriserte ukontrollert finansiell spekulasjon i USA og i utlandet vart påført i tur og orden, frå Clintons avskaffing av Glass-Steagall etter instruksar frå Wall Street i november 1999. Det tillét danninga av megabankar so store at styresmaktene erklærte dei å vere «for store for å mislykkast». Dette var ein bløff, men folket trudde det og støtta dei med hundrevis av milliardar i skattepengar.

Sidan 2008-krisa har sentralbanken og andre større globale sentralbankar skapt hittil usett kreditt, sokalla «helikopterpengar» for å hjelpe dei større finansielle institusjonane (bailout). Helsa til den reelle økonomien var ikkje eit mål. I tilfellet med sentralbanken, Bank of Japan, ECB og Bank of England, vart ein kombinert sum av 25 billionar dollar injisert i banksystemet via «kvantitativ lette»-kjøp av obligasjonar, so vel som lyssky aktiva slik som bustadlån-støtta tryggleik dei siste 14 åra.

Kvantitativ galskap

Her er det det byrja å gå verkeleg ille. Dei største Wall Street-bankane slik som JP MorganChase, Wells Fargo, Citigroup eller i London HSBC eller Barclays, lånte ut milliardar til sine store konsernklientar. Låntakarane brukte i sin tur likviditeten, ikkje til å investere i ny produksjons- eller mineringsteknologi, men snarare til å blåse opp verdien av sine selskapsaksjeandelar, sokalla stock buy-backs [bokstavleg tala «tilbakekjøping av aksjar»]; «maksimert andelshaldarverdi» [på engelsk maximizing shareholder value].

BlackRock, Fidelity, bankar og andre investorar elska gratisturen. Frå byrjinga av sentralbanken si lette i 2008 til juli 2020, hadde 5 billionar dollar blitt investert i slike stock buy-backs, og skapt det største aksjemarknadsrallyet i historia. Alt vart finansialisert i prosessen. Konsern la ut 3,8 billionar i utbyte i perioden 2010 til 2019. Selskap slik som Tesla som aldri hadde hatt profitt, vart meir verdifulle enn Ford og GM til saman. Kryptovaluta slik som Bitcoin nådde ein marknadsveri av meir enn 1 billion innan utgangen av 2021. Med sentralbankpengar i fri flyt, investerte bankar og investeringsfond i høg-risiko og høg-profitt-område slik som junk bonds og oppdukkande marknadsgjeld i stader som Tyrkia, Indonesia eller, ja, Kina.

Post-2008-æraen til Kvantitativ lette og nullrente i sentralbanken førde til ei absurd utviding av den amerikanske statsgjelda. Sidan januar 2020 har sentralbanken, Bank of England, den europeiske sentralbanken (ECB) og Bank of Japan injisert til saman 9 billionar til ei rente nær null inn i verdsbanksystemet. Sidan ei politikkendring i sentralbanken i september 2019, lét ein Washington auke offentleg gjeld med sjokkerande 10 billionar på mindre enn tre år. Deretter kom sentralbanken igjen hemmeleg til unnsetning på Wall Street ved å bruke 120 milliardar dollar per månad på amerikanske Treasury bonds og bustadlån-støtta aksjar, noko som skapte ei diger obligasjonsboble.

Ein uvarsam Biden-administrasjon byrja å dele ut billionar i sokalla stimuluspengar for å bekjempe unaudsynte nedstengingar av økonomien. Den amerikanske føderale gjelda gjekk frå handterbare 35% av BNP i 1980 til meir enn 129% av BNP i dag. Berre den føderale Kvantitative letta, det å kjøpe billionar av statsgjeld og bustadlångjeld og rente på nær null gjorde det mogleg.

No har sentralbanken byrja å trekkje opp igjen dette og trekkje likviditet ut av økonomien med KL eller innstramming, pluss renteauke. Dette er gjort med vilje. Det handlar ikkje om at ein klønete sentralbank feilkalkulerer inflasjon.

Energi driv kollapsen

Trist nok lyg den amerikanske sentralbanken og andre bankierar. Aukande rentesatsar er ikkje måten å kurere inflasjon på. Det er å tvinge ei global tilbakestilling i kontroll over til verdas aktiva, det er rikdom, om den so kjem frå eigedom, jordbruksland, produksjon av varer, industri, til og med vatn. Sentralbanken veit svært godt at inflasjon berre nettopp har starta å rive gjennom den globale økonomien. Det som er unikt er at Grøn energi-mandat i den industrielle verda driv denne inflasjonskrisa for fyrste gong, noko som med vilje blir ignorert av Washington, Brüssel eller Berlin.

Den globale mangelen på kunstgjødsel, naturgassprisar som går til himmels, og tap av kornforsyning frå global tørke eller eksploderande kostnader av gjødsel og drivstoff eller krigen i Ukraina, garanterer at, no seinast september-oktober-innhaustinga, vi vil gjennomgå ein priseksplosjon på mat og energi. Desse manglane er alle eit resultat av ein styrt politikk.

I tillegg er langt verre inflasjon sikkert, på grunn av den patologiske insisteringa frå verdas leiande industrielle økonomiar leia av Biden-administrasjonens anti-hydrokarbonagenda. Denne agendaen er typiskgjort av den forbløffande nonsensen til den amerikanske energiministeren, som seier «kjøp E-auto-ar i staden» som svaret på eksploderande bensinprisar.

På same vis har EU bestemt seg for å fase ut russisk olje og gass med ingen levedyktige erstatningar som sin førande økonomi; Tyskland går for å stengje ned sin siste kjernereaktor og stengje fleire kolkraftverk. Tyskland og andre EU-økonomiar vil som eit resultat sjå straumbrot denne vinteren, og naturgassprisar vil halde fram med å stige. I den andre veka av juni i Tyskland, steig gassprisar ytterlegare 60% åleine. Både den Grøn-kontrollerte tyske regjeringa og den Grøne Agenda «Fit for 55» av EU-kommisjonen, held fram med å pushe upåliteleg og dyr vind- og solkraft på kostnad av langt billegare og pålitelege hydrokarbonar, noko som sikrar ein hittil usett energistyrt inflasjon.

Sentralbanken har trekt ut kontakten

Med sentralbanken sitt rentehopp på 0,75%, den største på nesten 30 år, og lovnader om at der vil kome meir, har den amerikanske sentralbanken no garantert ein kollaps av ikkje berre den amerikanske gjeldsbobla, men òg mykje av den post-2008 globale gjelda på 303 billionar. Aukande rentesatsar etter nesten 15 år tydar kollapsande obligasjonsverdiar. Obligasjonar, ikkje aksjar, er hjartet til det globale finanssystemet.

Amerikanske bustadlånsatsar har no dobla seg på berre 5 månader til over 6%, og sal av heimar var allereie i fritt fall før det seinaste rentesatshoppet. Amerikanske konsern tok på seg rekordgjeld på grunn av åra med ultra-låge rentesatsar. Rundt 70% av den gjelda ligg like over «junk»-status. Den korporative, ikkje-finansielle gjelda utgjorde totalt 9 billionar i 2006. I dag er den på meir enn 18 billionar. No vil eit stort tal av desse marginale selskapa ikkje vere i stand til å overta den gamle gjelda med ei ny, og konkursar vil kome dei neste månadene. Kosmetikkgiganten Revlon erklærte seg nettopp konkurs.

Den høgspekulative, uregulerte kryptomarknaden, ført av Bitcoin, kollapsar sidan investorar innser at der ikkje vil kome nokon bailout der. Sist november hadde kryptoverda ein verdi på 3 billionar. I dag er den mindre enn halvparten, og med meir kollaps undervegs. Sjølv før det siste rentehoppet til sentralbanken hadde aksjeverdien til dei amerikanske megabankane tapt rundt 300 milliardar. Med meir panikksal i aksjemarknaden no garantert i det ein global økonomisk kollaps veks, er desse bankane preprogrammerte for ei ny alvorleg bankkrise dei neste månadene.

Som den amerikanske økonomen Doug Noland nyleg sa, «I dag er der ein massiv ‘periferi’ lasta med ‘subprime’ junk-obligasjonar, høgrentelån, kjøp-no-betal-seinare, auto, kredittkort, bustader og solar secularizations, franchise-lån, privat kreditt, cryptokreditt, DeFi og so vidare i det uendelege. Ein massiv infrastruktur har utvikla seg over denne lange syklusen for å oppmuntre forbruk for fleire titals millionar, medan ein finansierer tusenvis av uøkonomiske føretak. ‘Periferien’ har blitt systemisk som aldri før. Og ting har byrja å bryte saman.»

Den føderale rejgeringa vil no erfare at rentekostnadene bak det å bere rekordhøge 30 billionar i føderal gjeld er langt dyrare. Ulikt 1930 sin Store Depresjon då føderal gjeld var lik null, er regjeringa, spesielt sidan Biden sine budsjettiltak, heilt på grensa. USA er i ferd med å bli ein tredjeverdsøkonomi. Dersom sentralbanken ikkje lenger kjøper billionar av amerikansk gjeld, kven vil då? Kina? Japan? Ikkje sannsynleg.

Av-belåningsinvestering av bobla

Når sentralbanken no påfører Kvantitativ innstramming, der dei trekk tilbake fleire titals milliardar i obligasjonar og andre aktiva per månad, so vel som å auke nøkkelrentesatsar, har finansmarknadene byrja ei av-belåningsinvestering [deleveraging i originalartikkelen; oms.an. Leveraging er å gjere investeringar ved hjelp av lånte pengar.] Det vil sannsynlegvis bli krøkkete, sidan nøkkelspelarar som BlackRock og Fidelity ønskjer å kontrollere nedsmeltinga for sine eigne føremål. Men retninga er tydeleg.

Innan slutten på fjoråret hadde investorar lånt nesten 1 billion i gjeld for å kjøpe aksjar. Det var i ein stigande marknad. No er det motsette stoda, og låntakarar er tvinga til å tilby meir tryggleik eller selje aksjane sine for å unngå insolvens. Dette matar den komande nedsmeltinga. Med kollaps av både aksjar og obligasjonar dei komande månadene, forsvinn dei private pensjonssparingane til titusenvis millionar av amerikanarar i program som 401-k. Kredittkart-autolån og annan forbruksgjeld i USA har blåse seg opp i det førre tiåret til rekordhøge 4,3 billionar på slutten av 2021. No vil rentesatsar på den gjelda, spesielt på kredittkort, hoppe frå allereie høge 16%. Insolvens på dei kredittkortlåna vil gå til himmels.

Utanfor USA vil vi no sjå den sveitsiske nasjonalbanken, Bank of England og til og med ECB bli tvinga til å følgje den amerikanske sentralbanken sine aukande satsar; det er den globale snøballeffekten av insolvens, konkursar, blant ein rekordhøg inflasjon som sentralbank-rentesatsane ikkje har makt til å kontrollere. Rundt 27% av global ikkje-finansiell konserngjeld er halden av kinesiske selskap, estimert til ein verdi av 23 billionar. I tillegg er 32 billionar i konserngjeld haldne av amerikanske og europeiske selskap. No er Kina midt i si verste økonomiske krise dei siste 30 år, og der er lite teikn på at dei vil kome seg. Med USA, Kina sin største kunde på veg inn i ein økonomisk depresjon, vil Kina si krise berre bli forverra. Det vil ikkje vere bra for verdsøkonomien.

Italia, med ei nasjonalgjeld på 3,2 billionar, har gjeld-til-BNP på 150%. Berre ECB sine negative rentesatsar har stoppa det frå å eksplodere ut i ei ny bankkrise. No er denne eksplosjonen preprogrammert, tras trøystande ord frå Lagarde i ECB. Japan, med eit gjeldsnivå på 260% er den verste av alle industrielle nasjonar, og er i ei felle av nullsatsar med meir enn 7,5 billionar i offentleg gjeld. Yenen fall no alvorleg, og destabiliserer heile Asia.

Hjartet til verdas finansielle system, i motsetnad til kva folk flest trur, er ikkje aksjemarknadene. Det er obligasjonsmarknadene – regjerings-, konsern- og byråobligasjonar. Denne obligasjonsmarknaden har tapt verdi i det inflasjon har gått i vêret og rentesatsar har auka sidan 2021 i USA og EU. Globalt utgjer dette rundt 250 billionar i aktiva-verdi, ein sum som kvar gong sentralbankrenta aukar, taper meir verdi. Sist gong vi hadde slik ei større tilbakevending i obligasjonsverdiar var for førti år sidan i Paul Volcker-æraen med 20% rentesatsar for å «skvise ut inflasjon».

I det obligasjonsprisar fell, fell verdien på bankkapital. Den som er mest eksponert for slik eit tap av verdi er store franske bankar saman med Deutsche Bank i EU, saman med dei største japanske bankane. Amerikanske bankar slik som JP MorganChase trur ein blir berre litt mindre eksponert for slikt eit stort obligasjonskrasj. Mykje av risikoen deira er gøymt i off-balance sheet derivatives og liknande. Ulikt 2008, kan dagens sentralbankar derimot ikkje køyre opp igjen eit tiår til med nullrente og Kvantitativ lette. Denne gongen, som insiderar slik som tidlegare Bank of England-leiar Mark Carney sa for tre år sidan, vil krisa bli brukt for å tvinge verda til å akseptere ein ny sentralbankvaluta, ei verd der alle pengar vil bli utstada og kontrollert frå sentralt hald. Dette er òg kva Davos WEF-folk meiner med deira Store tilbakestilling (Great Reset). Det vil ikkje bli bra. Ein planlagt global finansiell tsunami har akkurat byrja.

Oversatt og publisert av saksyndig.

Originalens tittel: Global Planned Financial Tsunami has Just Begun

Forrige artikkelNord Koreas proxykriger
Neste artikkelVesten plyndrer verden ved hjelp av «trykkpressene»
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.