Brotsverk i norsk barnevern – historie eller dagsaktuell praksis?

0

Av Svein Lund.

Det har kome fram mange historier om overgrep mot barn og foreldre frå det norske barnevernssystemet med støtte i norsk rettsvesen. Gong på gong har ein «sett svært alvorlig på saka» og lova bot og betring. Likevel held overgrepa fram. Kvifor?

Minst 43 saker er ført inn for den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD) og Noreg er så langt dømt i minst 15 saker. Det er svært strenge krav for å få ei sak behandla der, for ho må først ha gått gjennom heile det norske rettsvesenet, noko som er ei svært stor økonomisk og psykisk tilleggsbyrde for dei som allereie er ramma av overgrep. Vi kan derfor rekne med at dette bare er toppen av isfjellet, og trygt gå ut frå at talet på saker der norske styresmakter tråkkar på rettane til barn og foreldre er mange gongar større. Kor mange gongar veit ingen.

Representantar for norske styresmakter har stadig hevda at vi har det beste barnevernet i verda. I motsetning til det uttalte direktøren for Norsk Institutt for Menneskerettigheter, Adele Matheson Mestad: «Norge er i verstingklassen på barnevernfeltet».

På få år har det kome to bøker om norsk barnevern. Den polske forfattaren Maciej Czarnecki utga i 2016 ei bok med tittelen Dzieci Norwegii – O państwie (nad)opiekuńczym, som på norsk ville blitt omtrent Noregs barn – Om den (over)vernande stat. To år seinare kom boka på norsk, da med den meir neddempa tittelen Norsk barnevern sett utenfra – Stiller det urimelige krav? Utgangspunkt for forfattaren er historiene om polske familiar i Noreg der norsk barnevern har tatt barna frå foreldra og nokre av dei har rømt til Polen. Nokre har òg fått hjelp av den tidligare polske konsulen i Noreg. Eksempla til Czarnecki er skremmande, særlig når han syner at dette ikkje bare er enkelttilfelle, men delar av eit gjennomført «vitskapelig» grunngitt system. 

No våren 2022 kom ei ny bok, med motsett synsvinkel: På innsiden av Barnevernet er skrive av pensjonert barnevernpedagog Solfrid Alstad, som har jobba over 40 år innafor forskjellige sider ved norsk barnevern. Første delen av boka er dominert av historier der Barnevernet gjør som det skal: Hjelper barn som har blitt foreldrelause, familiar som treng støtte og barn av foreldre med store rusproblem, der det kan vere nødvendig at andre overtar den daglige omsorgen for kortare eller lengre tid. Men etter kvart kjem det fleire og fleire eksempel på at Barnevernet grip inn på sviktande grunnlag og at det som skulle vore hjelpetiltak bare gjør vondt verre. Skrikande barn blir tatt frå foreldra med makt, og plassert i institusjonar og meir eller ofte mindre eigna fosterheimar, eller til og med adoptert bort. Foreldre med psykiske problem blir stempla som ueigna, om dei ein sjeldan gong har rusa seg blir dei stempla som narkomane, dyslektikarar blir stempla som evneveike og barn blir pressa til å fortelje eller godta forteljingar som kan brukast til å skulde foreldre for seksuelle overgrep. Barn blir kasteballar i systemet og mellom forskjellige fosterheimar. Barn med små problem blir ungdomar med store problem. Forfattaren erfarte nokre år ut på 2000-talet ei endring i norsk barnevernspraksis. Det blei meir og meir standard at barn skulle takast frå foreldra og nektast kontakt med dei. Dette skjedde på stadig tynnare grunnlag. Til slutt gikk det så langt at ho såg seg nøydd å vitne i retten mot sine tidligare kollegaer.

I begge dei nemnde bøkene er det mange skremmande eksempel om overgrep. Forskjellen er at mens Czarnecki har oppsøkt saker over heile Noreg, skriv Alstad bare ut frå eigne røysler. Denne kombinasjonen av ei overflateundersøking og eit djupdykk seier at dette er eit gigantisk problem, med eit (u)vesen i utakt både med lova sitt føremål og menneskerettane.
Nylig blei spørsmålet tatt opp på Advokatforeninga sitt menneskerettsseminar. Der uttalte Barne-  og familieminister Kirsti Toppe: «Jeg tar det på stort alvor at Norge er dømt i såpass mange barnevernssaker, og utviklingen viser at det har vært helt nødvendig å endre norsk barnevernpraksis. Vi må hele tiden jobbe bredt for å sikre at praksisen er i tråd med menneskerettighetene, og sette som mål at vi ikke skal ha flere slike dommer mot norsk barnevern i fremtiden.»  Noko liknande svarte ho i vinter på spørsmål i Stortinget.

Problema i og med norsk barnevern har blitt tatt opp i forskinga, og ført til både mastergradsoppgåver og forskingsrapportar. Ein rapport hevdar at domane i EMD har ført til at Noreg har endra praksis. Skal tru det?

Ikkje bare innvandra, men også heilt norske familiar har rømt til andre land for å få fred frå norsk barnevern og rettsvesen. Etter sigande skal det vere over 20 norske familiar i Polen på eit slikt grunnlag. Mange av dei hadde på førehand inga tilknyting dit, men hamna i Polen fordi landet er eit av svært få i Europa som ikkje automatisk utleverer barn og foreldre etter krav frå Noreg, men gjør eigne undersøkingar.

Siste året har eg sett på nært hald at slike tilfelle ikkje bare er historie. Barnevernet skulle med hjelp av rettsvesen og politi skilje ein familie og overføre barna frå mora til den valdelige faren. Da dei drog på reise til utlandet, blei dei etter krav frå Noreg fråtatt passa og stranda i Polen utan papir. Norske styresmakter har kravd å få utlevert barna for at dei skal overleverast til faren og mor for å dømme henne til inntil 2 års fengsel for «barnebortføring». I Polen har barna blitt tatt inn i skolen, og dei førebur seg på å bli der lenge. Om dei ikkje blir utleverte og ikkje norske styresmakter snur, vil barna ikkje kunne sjå Noreg igjen før dei fyller 18 år, mens mora kan måtte vente enno 10 år til foreldingsfristen for «brotsverket» hennar går ut. Dette er eit resultat av DAGENS praksis, i ei sak som starta i Barnevernet og heldt fram i rettssalen, der Barnevernet sine folk fikk legge premissa. Det lokale Barnevernet som står bak dette er faktisk blant dei som er omtalt for tidligare overgrep i Alstad si bok.

Eit typisk trekk ved norsk barnevernspraksis er mangel på forståing for barn sin rett til å vakse opp med eige språk og kultur. I samiske miljø har det vore ei rekke saker som viser dette. Nylig uttalte sametingsrepresentant Ann-Elise Finbog: «Norsk bar­ne­vern har liten eller ingen kunn­skap om sam­isk språk og kultur. Samiske for­eldre møter i dag et bar­ne­vern som ikke er i stand til å iva­reta sam­iske barns rett til å vokse opp med sam­isk språk og kultur.»

Mens eg skriv dette, kjem det stadig inn nye meldingar om overgrep frå Barnevernet, 14.05.2022 fortel NRK om ei mor som blei pressa til sterilisering og deretter fråtatt alle barna.

Dagen etter fortel ein tidligare regiondirektør i Bufetat i Aftenposten om korleis systemet nektar å ta kritikken til seg. Ingen ting tyder altså på at det er tatt grep for å stanse overgrepa frå Barnevernet.

Når skal vi byrje å ta dette på alvor?

Svein Lund

pendlar mellom Noreg og Polen

Forrige artikkelLO regner motstandere av rådende kraftpolitikk som «marginale grupper»
Neste artikkelDen norske regjeringa skal kartlegge alle betalingstransaksjoner