Vi bør diskutera prinsipp

0
Francisco de Goya: Fusilamentos il 2 de mayo (utsnitt)

Av Hans Olav Brendberg.

Kva prinsipp er vi viljug til å stå og falla på? Kven har vi sterkare plikter mot enn andre? Korleis leida sterke krefter inn i politiske, kulturelle og sosiale rammer slik at vi får kontroll over dei? Ein kontroll som gjer det mogleg å skapa vår eiga framtid – i staden for å bli offer for eigen dumskap?

I dag byrja ei uroleg tid, med krig i Ukraina etter eit russisk åtak. Men denne krigen handlar ikkje primært om Ukraina. Det handlar om at den tryggleiksordninga vi har hatt i verda etter den kalde krigen no har rakna. Verda har plutseleg vorte meir utrygg.

I 2003 skreiv Libyas leiar Moammar al-Ghadaffi under ein avtale der landet avvikla sine program for å laga masseøydeleggjingsvåpen, i bytte mot normalisering av tilhøvet til den vestlege verda. Leiaren for IAEA, Mohamed el-Baradei, uttala då at landet var kring sju år unna å utvikla ei eiga atombombe.

I 2004 sa Paula de Sutter, amerikansk statssekretær med ansvar for nedrusting, at USA ville gjera nedrustninga i Libya til eit eksempel for andre nasjonar.

Det gjorde dei – i 2011 vart Ghadaffi myrda på bestialsk vis. Land som ikkje gjorde som Libya – som Nord-Korea – vart ikkje utsett for liknande åtak. Alle som vil forstå, forstår kva konklusjonen er.

Mennesket er menneskets største fiende. Det viktigaste vi har å frykta, er andre menneske. Hoggorm og tiger tek ikkje livet av mange.

Alternativet til frykt, er tryggleik. Tryggleik er mogleg, men krev dialog, gjensidig forståing og ei viss innsikt i det tragiske ved menneskets kår. Og tryggleik er berre mogleg om han er delt. Ein tryggleik som baserer seg på overmakt, på idear om at vi fortener, men dei andre ikkje, er ikkje trygg i lengda. Slike idear er kvikksand, som plutseleg kan bli ustabil.

Vestens overmakt – økonomisk, politisk og militært – har gjeve oss tryggleik i tida etter murens fall. Vi kunne gjera slike ting som sviket mot Libya, utan at det kosta. Vi var trygge lell. Og dei som vart råka av vestens overmakt var uansett ikkje noko å samla på. Primitive diktatorar, heile bunten.

Det som no skjer i Ukraina, kan råka oss alle. Tryggleiken vi hadde, og ikkje ville dela med nokon, er borte. Alt vi seier, og alt vi gjer kan brukast mot oss. Vladimir Putin har åtvara om dette i 15 år, sidan tryggleikskonferansen i München i 2007. Men han har ikkje hatt nokon å diskutera med. Den tida dei diplomatiske løysingane var mogleg, vart brukt til andre ting.

No er den tida slutt. Det nyttar ikkje å protestera og fordøma. For Russland og Putin har snudd det døve øyra denne vegen. Vi snakkar til oss sjølv.

Det blir ein lang veg tilbake til den tryggleiken vi hadde, men som blåste bort i overmot. Skal vi byggja tryggleik på nytt, treng vi prinsipp. Som vi står og fell med.

For min del er eg viljug til å gjera kva som helst for å forsvara den kyststripa som min vesle stamme har rekna som si i hundrevis av år. Men eg er ikkje viljug til å ofra ein drope blod for den vestlege politikarkastens draumar og prosjekt.

Forrige artikkelHøringsuttalelse i anledning utkastet til nye regler om koronasertifikat
Neste artikkelHistorisk høring med kort svarfrist: ja eller nei til totalitært styre