Soga om møtet mellom Fykse-Olav og Nicolas den kaute

0
Foto: Argument Agder

Under Arendalsveka i år blei det 17. august arrangert eit møte i regi av Den norske kyrkja. Det var sjefen for Oljefondet Nicolai Tangen og preses i Den norske kirke Olav Fykse Tveit som skulle samtala om kva slags verdiar vi treng. Samtala kan du sjå her. «Soga om møtet mellom Fykse-Olav og Nicolas den kaute» er ein kommentar til denne samtala.

Av Øyvind Andresen.

Det skjedde i dei dagane, under tinget i Arendal, at to vise menn kom saman i den ærverdige Trefoldighetskyrkja for å ljose fred over landet. Det var dei to fremste menn for andeleg og verdsleg makt i Noreg som skulle einast om sams sak.

Det var ein herleg morgonstund, og ein kunne høyra orgelmusikk i bakgrunnen medan kyrkjelyden benka seg på plass. Alle som kjenner soga, veit at det ofte har vore strid mellom biskopar og hovdingar. Stundom har det til og med kome til blodsutgytingar og mannedrap. Men difor var det no så velsigna å sjå at dei to var på fornamn.

Den eine vismannen var Nicolas den kaute. Han hadde i sin ungdom samla ofseleg mange pengar ved å gjøyme skattar i røvarholer over heile verda, men no var det gløymt. Han hadde gjort avbikt, sagt frå seg skattane sine og gått i teneste hjå Kongen. No ville han bruke røynslene sine frå røvarferdene til å skaffa meir gull inn i staten si skattkiste som allereie var i ferd med å sprekke.

Den andre vismannen var Fykse-Olav. Han er biskopen over alle biskopar og hadde pynta seg i den lilla biskopkappa si under jakka med ein kross dinglande rundt halsen. Dei to vismennene sat foran alteret, under eit stort måleri av Frelsaren som stod der med utstrekte hender og kasta velsigninga si over dei to.

Ordstyraren var skrivaren Kruse-Elise frå eit blad som heiter «Landet Okkar». Ho gav ordet til Fykse-Olav. Han tala høgt og lenge med høgstemde ord om tillit, ansvar og kjærleik, og fortalte at Noreg også var ein del av skaparverket. «Noreg er ein nasjon som ikkje har nokon eigeninteresser ute i verda og er samstundes ein fredsnasjon», fekk vi vite. Men då Fykse-Olav var ute i verda, spurte folk berre om korleis det gjekk med Oljefondet vårt!

Medan Frelsaren såg ned på han med milde auge, fortalde han om at Gud rett nok ikkje likte Mammon. Og det er nok av rike folk som berre tenkte på seg sjølv. «Dei har mista seg sjølv», sa biskopen, og da forstod vi at slike folk vart dømd til fortaping i all æve.

Men slikt gjaldt ikkje Nicolas og fondet hans, og nei og nei. Dei er ansvarlege og langsiktige og arbeider for å få til ei grønare verd, nesten slik det heidenske Voluspå fortel om korleis ei ny verd stig opp frå havet etter Ragnarok.

Fykse-Olav kvad så dette kvadet:

Bøn og børs

salmesong og setlar

skal gå saman

om å redda skaparverket!

Nicolas var brend av sol og vind og såg svært så kaut ut, og på den måten levde han opp til namnet sitt. Han sa at han hadde tatt på seg å leie Oljefondet «for å gje noko tilbake til samfunnet». «I Noreg er det bra folk som steller med pengar» sa han. Han vart vonbroten over alle lygesogene som blei fortald om pengefolket, til dømes den lygesoga som heiter Exit. «Oljefondet er det motsette av Exit», sa han. Og alle i kyrkjelyden var samde om det. Ingen kunne sjå for seg Nicolas den kaute sniffa kokain medan han dengde laus på kona si.

Nicolas den kaute kvad då dette kvadet:

Kvar morgon

etter å ha parkera elsparkefjøla mi

kallar eg flokken min saman

Same ord eg kved kvar gong:

Gakk då ut og make some money!

Eg var og der. Det var høgtidsamt. Alle i kyrkjelyden fekk no oppleve korleis kyrkje og oljefond gjekk opp i ein høgare einskap medan ljoden frå orgeltonar fylte kyrkjerommet. Eg sakna berre englesong.

Eg såg opp mot måleriet av Kristus. Gneistra det ikkje i auga hans? Kanskje han hugsa på den gongen han velta borda til pengevekslarane på Tempelplassen? Hugsa han den gongen han refsa alle farisearane? Eg veit ikkje. Kanskje er det med pengevekslarane og farisearane berre noko som vi i dag kallar «trulause tiende».

Dette er tredje soga om Nicolas. Dei to fyrste kan du lese her:

Soga om den heilage Nicolas og den store gåva

Soga om den heilage Nicolas og det store blotet i Vinland

Denne artikkelen er publisert på bloggen til Øyvind Andresen.

Forrige artikkelÅpent brev til alle stortingsrepresentanter vedrørende vaksinering av barn
Neste artikkelMøkkagraverne & den kritiske tradisjonen