Perspektiv på pandemien

0
Peter McCullough avlegger vitnemål om tidlig behandling av covid-19 for Senatet i Texas.

Av dr.Joseph Mercola og dr. Peter McCullough.

Dr. Peter McCullough er ein indremedisinar, kardiolog og epidemiolog som åtvarar at COVID-19-vaksinar ikkje berre er i ferd med å feile, men set liv i fare. 

McCullough trur at dersom skikkelege tryggleikskomitear hadde funnest, ville COVID-19-vaksineprogrammet ha blitt avslutta i februar 2021 basert på tryggleik og dødsrisiko. 

Innan 22.januar 2021 hadde 186 dødsfall blitt rapportert etter COVID-19-vaksinering – meir enn nok til å nå bekymringssignalet om dødelegheit. 

I sin praksis ser McCullough ei rekkje nevrologiske syndrom blant personar som har blitt vaksinerte, symptom som inkluderer blindheit, lamming, svelgjevanskar, hovudverk, øyresus, myokarditt (hjartebetennelse) og meir. 

McCullough nemner også antigenisk, eller immun flukt, noko han trur driv danninga av COVID-19-variantar og gjer pandemien verre i staden for betre. 

Dr.Peter McCullough har ein imponerande CV – han er indremedisinar, kardiolog og epidemiolog, har ei full professorstilling i medisin ved Texas A&M College of Medicine i Dallas, er redaktøren for to medisinske tidsskrift, og har publisert hundrevis av studiar innan felta sine. Han er også blant dei modige og tapre personane som snakkar ut om faren med COVID-19-vaksinar, og set sin legeautorisasjon og framtidige levebrød i fare ved å gjere det. 

“Det er ei jakt som går føre seg der som er svært urovekkjande,” sa McCullough i ein episode av Perspectives on the Pandemic. Han viste til statlege kontor for autorisasjonar som jakta legar og truga med tilbaketrekking av autorisasjonane deira basert på spreiing av uidentifisert “feilinformasjon”. 

“Det er absolutt forbausande at dette skjer på grunn av legitim utveksling av idear,” seier han. Kva er det dr.McCullough deler som den rådande makta ikkje vil at du skal høyre? Det er om COVID-19-injeksjonar, og for å oppsummere det i éi setning, “Dei verkar ikkje og dei forårsakar enorme skadar”. 

COVID-vaksineeffektivitet og tryggleik er overdrive frå starten

I USA er Operation Warp Speed (direkte omsett: ‘operasjon overlyshastigheit’) den føderale innsatsen som fekk fortgang i å få COVID-19-vaksinekandidatar ut på marknaden. Genoverføringsteknologi-plattformer dukka opp som fortropp, inkludert adenovirale DNA-plattformer og messenger-RNA (mRNA)-plattformer designa for å levere genetisk materiale til menneskekroppen.

Når mRNA er injisert, tek kroppen opp det genetiske materialet og endrar seg på ein måte. Denne teknologien har blitt studert i årevis, og er i dei fleste tilfelle designa for å erstatte eit defekt gen, som potensielt kunne bli brukt for kreftbehandling, til dømes. Bortsett frå at historisk sett “har alle feila”, sa McCullough. 

I november 2020, derimot, annonserte Pfizer, i samarbeid med Tyskland-baserte BioNTech, at deira mRNA-baserte injeksjon var “meir enn 90% effektiv” i eit fase 3-forsøk. Dette tydar ikkje at 90% av personar som blir injiserte vil vere beskytta mot COVID-19, derimot, ettersom det er basert på relativ risikoreduksjon (RRR). 

Den absolutte risikoreduksjonen (ARR) for vaksinen er mindre enn 1%. “Sjølv om RRR berre gjeld deltakarar som kunne ha hatt nytte av vaksinen, gjeld ARR, som er skilnaden mellom åtaksfrekvens med og utan vaksine, heile befolkninga. ARR har ein tendens til å bli ignorert fordi han gjev ein mykje mindre imponerande effektstorleik enn RRR”, skreiv forskarar i The Lancet Microbe i april 2021. 

Trass dette, fekk vaksinane naudgodkjenning. Ved å gje naudgodkjenning, ikkje godkjenning, utgjorde vaksinesetjinga ein forskningsstudie der sponsorane var U.S. Centers for Disease Control and Prevention (CDC) og The Food and Drug Administration (FDA) (dei to tilsvarer høvesvis Folkehelseinstituttet og Legemiddelverket i Noreg; anm.oms.). Ifølgje McCullough: 

“Vi har aldri hatt to statlege organ som saman er sponsorar for eit større forskningsprogram. Sjokkerande hadde dei ikkje, og har til den dag ikkje sett saman ein ekstern komité for kritiske hendingar, ein ekstern komité for å overvake datatryggleik eller ein menneskeetikk-komité. Dei hadde desse komiteane i registreringsforsøka … og desse er standard. 

Kvar einaste store kliniske undersøking har desse tre komiteane… Eg leiar mange av desse komiteane for farmasøytiske selskap og dei nasjonale helseinstitutta. Amerikanarane burde ha hatt vekentlege, om ikkje månadlege, gjennomgangar av tryggleik for å forsikre amerikanarane om at vaksinane er trygge.”

Innan mars 2021 var McCullough bekymra

Fyrst, sa McCullough, verka det som om dei eksperimentelle vaksinane kunne vere trygge, og rundt 70% av pasientane hans hadde motteke ein i desember 2020. Men då vi skreiv mars 2021 var han ukomfortabel med kva han såg. Frå 14.desember 2020 til 8.mars 2021 hadde meir enn 92 millionar dosar av COVID-19-vaksinar blitt gjevne i USA. 

Han gjengav data frå Vaccine Adverse Event Reporting System (VAERS)-databasen (ein amerikansk database der ein kan rapportere inn uheldige biverknader og dødsfall frå vaksinar; anm.oms.), som viste at i løpet av den tida var der 1637 rapportar om dødsfall blant folk som hadde motteke ein COVID-19-vaksine. CDC og FDA sa at ingen av dei var relaterte til vaksinen, men, ifølgje McCullough, hadde det 22. januar 2021 blitt rapportert 186 dødsfall – meir enn nok til å nå bekymringssignalet om dødelegheit til å stoppe programmet. 

“Med eit program av den storleiken, ville alt over 150 dødsfall vere eit alarmsignal,” sa han. USA “nådde 186 dødsfall med berre 27 millionar vaksinerte amerikanarar”. McCullough trur at dersom skikkelege tryggleikskomitear hadde funnest, hadde COVID-19-vaksineprogrammet blitt stengt ned i februar basert på tryggleik og dødsrisiko. 

Det var tilfellet i 1976, når eit hastegjennomført injeksjonsprogram mot svineinfluensa vart stoppa etter anslagsvis 25 til 32 dødsfall. Likevel, trass eit mykje større dødstal, held COVID-19-vaksineringa fram. 6.august 2021 viste VAERS COVID-19-data 12791 dødsfall relatert til  vaksinane, ifølgje McCullough, og titusenvis av besøk til sjukehus og klinikkar. 

I ein analyse av dødsfallrapportar av COVID-19-vaksinar frå VAERS, har forskarar funne ut at 86% av tida, kunne ingenting anna ha forårsaka død, og det ser ut som at vaksinen var årsaken. 

Forskarane nemnte spesielt, “analysematerialet inneheld berre personar som vart vaksinerte tidleg i programmet, og består difor primært av dei som er eldre eller har betydelege underliggjande tilstandar. Trass dette, var der berre 14% av sakene der ein COVID-injeksjonsreaksjon kunne bli utelukka som ein medverkande faktor til deira død.”

Vidare forskning viser, seier McCullough, og dette er eit svært viktig punkt som eg vil at du skal forstå og hugse: at 50% av dødsfalla skjedde innan 48 timar etter at dei fekk sprøyta, medan 80% skjedde innan ei veke etterpå. Ei uformell spørjeundersøking på Twitter, som 10 000 svarte på, spurde også om deltakarane kjende nokon som døydde etter ein COVID-19-vaksine.

Tolv prosent sa at dei gjorde det. “Når folk ser andre i sin omgangskrets døy, kan du ikkje stoppe den typen fundamental COVID-vaksinenøling,” sa McCullough. Andre bekrefta uheldige biverknader av COVID-vaksinen inkluderer myokarditt (hjartebetennelse) og blodproppar. 

Eit utruleg brot på menneskeetikk

Kroppen din gjenkjenner piggproteinet i COVID-19-vaksinar som framandt, so han byrjar å produserte antistoff for å beskytte deg mot COVID-19, seier iallfall teorien. Men der er eit problem. Piggproteinet er i seg sjølv farleg og kjent for å vandre rundt i kroppen i minst nokre veker og meir truleg månader – kanskje mykje lenger – etter COVID-vaksineringa. 

I cellene dine skadar piggproteinet blodkar og kan føre til utvikling av blodproppar. Det kan gå inn i hjernen din, binyrene, hjartet, skjelett, musklar og nervar, noko som forårsakar betennelse, arrdanning og skade på organa over tid. 

I praksisen sin ser McCullough ei rekkje nevrologiske symptom hos folk som har blitt injisert, med symptom som blindheit, lamming, svelgjevanskar, hovudverk, øyresus, myokarditt og meir. Anna forskning antydar at hjartet, hjernen, det immunologiske og det hematologiske systemet kan vere mest i fare frå vaksinane.

Barn, som har ekstremt låg risiko for COVID-19, får ingen nytte av vaksinen, ei heller dei som allereie har hatt COVID og har immunitet, sa McCullough, som kallar situasjonen “ein katastrofe i sanntid” som bryt menneskeetikk: 

“Vi har sett eit utruleg brot på menneskeetikk. Ingen burde, for eit forskingsprodukt, under nokon omstende bli utsett for press, tvang eller trugsmål om gjengjelding for å ikkje ta del i forskinga.”

Pfizer-BioNTech COVID-19-vaksinen fekk FDA-godkjenning 23.august 2021, men før dette vart millionlotteri, fritak frå studieavgift, bonusar og andre bestikkelsar som gratis øl og smultringar tilbydde for å lokke folk til å bli injisert. Når det ikkje verka, auka obligatorisk vaksinering, inkludert for mange helsearbeidarar, og hundrevis av amerikanske colleges krev også at studentar tek vaksine for å få gå der. 

Vaksinerte menneske får COVID likevel

Media-reportasjar held fram med å referere til pandemien som dei uvaksinertes krise, noko som rett og slett er unøyaktig, sidan COVID-19 held fram med å råke og spreie seg blant dei som har blitt vaksinert. 30.juli 2021 posta CDC sin Morbidity and Mortality Weekly Report (MMWR; fritt omsett: ‘vekentleg sjukdoms- og dødelegheitsrapport’) detaljar på nettet om eit utbrot av COVID-19 som fann stad i Barnstable County, Massachusetts – 74% av tilfella var blant fullvaksinerte. 

Sokalla “gjennombrotssmitte” (“breakthrough infections”), som brukte å vere kjent som vaksinefeiling, vart derimot rapportert av CDC mykje tidlegare, inkludert i deira MMWR av 28.mai 2021, som dokumenterte 10262 tilfelle av gjennombrotssmitte frå 1. januar til 23.april 2021, i 46 statar. 

Dette, trudde dei, var “truleg ei betydeleg underteljing”, men heller enn å halde fram med å vurdere situasjonen, stoppa dei å overvake dei fleste COVID-19-smittetilfelle blant vaksinerte: 

“Frå og med 1.mai 2021, gjekk CDC frå å overvake alle rapporterte tilfelle av gjennombrotssmitte av COVID-19-vaksine, til å undersøkje berre dei som skjedde blant pasientar som var sjukehusinnlagt eller døde, for på den måten å fokusere på tilfella med høgst klinisk og folkehelserelatert tyding.”

McCullough nemner også antigenisk, eller immun, flukt (“antigenic/immune escape” på engelsk). Dersom du set ein levande organisme som bakteriar eller virus under press, via antibiotika, antistoff eller cellegift, til dømes, men ikkje drep dei fullstendig, kan du uforvarande oppmuntre til at dei muterer til meir virulente stammar. Dei som slepp unna immunforsvaret ditt endar opp med å overleve og velje mutasjonar for å sikre si vidare overleving. 

COVID-19 har høg kapasitet for mutasjon, men om viruset ikkje er under press, vil det ikkje nødvendigvis sjå ei trong til å velje mutasjonar for, til dømes, å bli meir smittsamt. Men viss du set det under press, noko som skjer under massevaksinasjonskampanjen, kan dette endre seg. McCullough sa: 

“Dersom vi held fram med injeksjonane, kjem det til å bli den eine varianten etter den andre… Vi leikar med elden her med denne massevaksineringa… Mi tolking som indremedisinar og kardiolog – eg er ein erfaren epidemiolog, eg har bokstavleg tala utført eit år med intens COVID-forsking og trening – eg kjem til å fortelje deg at eg trur dette Delta-utbrotet som vi har akkurat no er produktet av massevaksinering. 

Viss vi ikkje hadde vaksinen, ville vi ha vore betre stilt. Vi hadde allereie behandla dette ned til eit svært akseptabelt nivå.”

Korleis bryte gjennom trancen

McCullough trur at mange helseføretak og det amerikanske folket er i ein vaksinasjonstrance. Det strir i mot logikk og sunn fornuft korleis offentleg tilsette og sjukehusleiing kan sjå at vaksinane feilar å fungere, kan sjå dei stigande tilfella av uheldige biverknader og dødsfall, og likevel meir og meir innføre obligatorisk vaksinering eller tilråde vaksinen til grupper dei klart ikkje burde vere for, som gravide kvinner. McCullough samanliknar det med ei form for psykose eller gruppenevrose. 

Den amerikanske folket, derimot, har sett so mykje frykt, sjukehusinnlegging og død gjennom pandemien at dei kan ha vore førebudd på å akseptere tap av liv assosiert med vaksinane. Likevel, eit stort tal amerikanarar lèt seg ikkje narre. 

“Vi er på dette trykkpunktet, og eg trur akkurat no, med å snakke med amerikanarar i mine omgangskretsar, at dei er klare til å ta ein time-out,” sa McCullough. Dersom det tydar å ta eit friår frå arbeid eller utsetje skule i eit år, er mange amerikanarar viljuge til å gjere dette for å unngå å bli vaksinert. “Den einaste måten å forbli friske akkurat no er å halde seg unna denne vaksinen. Dersom du får COVID-19, far til eit av desse behandlingsnettverka og få immunitet på den andre sida.”

McCullough er ein tilhengjar av tidleg behandling av COVID-19 og trur behandlingsalternativ har blitt undertrykt for å leggje til rette for massevaksinering: 

“Eg trur vi har fullstendig undertrykt ei kvar form for behandling eller hjelp for menneske for å promotere vaksinen. No verkar ikkje vaksinen fullstendig og det er, ærleg tala, farleg. Vi er nede i nesten berre éin beskjed: Ta vaksinen, ellers… Det er den mest skremmande tida å vere amerikanar, og takk og lov at halvparten av amerikanarar ikkje tok den. 

Vi blir nødt til å sjå kva dette kjem til å sjå ut som. Eg trur den nesten månaden eller noko sånt kjem til å bli utruleg interessant og det kjem til å bli illevarslande.”

McCullough trur at folk til slutt vil bryte ut av vaksinetrancen og innsjå at svaret ikkje er desse injeksjonane, medan handteringa av pandemien, inkludert massevaksinering, vil bli eit kurs i brot på menneskeetikk og Nürnberg-kodeksen. Sidan frykt, isolasjon, sjukehusinnlegging og dødsfall framleis skjer, kan det derimot ta år før tåka lettar. 

Oversatt av HFANoreg for Derimot.no. Originalen med video finnes her.

Forrige artikkelFagforening: Ansatte opplever at sjefer krever koronainformasjon
Neste artikkelUSAs forsvarssjef tok hemmelig initiativ bak president Trumps rygg