– Heller ikkje biodrivstoff er eit alternativ

0
Anlegg for bruk av biomasse til energi i Kaunas i Litauen.

Fra Politikus.

I den siste utgava av Dag og Tid, nr 35 fra 3. september, har Atle Møen et innlegg om biodrivstoff med overskrifta «Handa i klimakvefsebolet». Det gjengis her med hans tillatelse. Politikus har endra overskriften og mellomtitler er satt inn.


Utdrag: «mykje av praten om alternative energikjelder lite innsiktsfull og på grensa til å vera ein gigantisk klimabløff. Dette gjeld for den nokså naive trua på at biodrivstoff skal vera eit klimagunstig alternativ til olje».

Atle Møen
Atle Møen, foto fra UiB

Det er ei brei semje om at bruk av fossilt brensel er den viktigaste årsaka til klimakrisa. Men vegen ut av dette uføret er vanskeleg, og å stogga norsk oljeproduksjon er umogeleg og urealistisk å få til. Det er heller ikkje sikkert at klimagevinsten er særleg stor.

Etterspurnad styrer produksjonen
Eg begynner med eit litt banalt argument: Så lenge vi har ein økonomi som er styrt av grenselaus økonomisk vekst, vil etterspurnaden etter energi vera stor og umetteleg. Om Noreg stoggar oljeutvinninga og produksjonen av gass og olje, vil andre land produsera desto meir olje, og også produksjon av olje frå skifer og sand, vil då bli lønsam. Og denne produksjonen av olje er mykje meir klimaøydeleggjande enn norsk oljeproduksjon.

Debatten om alternative energikilder lite innsiktsfull, naivt om biodrivstoff
For det andre er mykje av praten om alternative energikjelder lite innsiktsfull og på grensa til å vera ein gigantisk klimabløff. Dette gjeld for den nokså naive trua på at biodrivstoff skal vera eit klimagunstig alternativ til olje.

Biodrivstoff er fornuftig i svært avgrensa og spesielle tilfelle, der biodrivstoffet blir laga av bioavfall, slik som matavfall og møkk. Dette utgjer ein heilt ubetydeleg energiressurs, og i ein open kapitalistisk marknadsøkonomi er det umogleg å trekkja ei grense mellom god biodrivstoff som er laga av bioavfall, og alle andre former for biodrivstoff som kanskje er verre for miljøet enn fossilt brensel.

Kva med trevirke?
Å bruka norsk trevirke er greitt i høve til eit klimarekneskap. Det er rett nok både ein gevinst og ei ulempe. Omdanning av trevirke til biodrivstoff reduserer utsleppa av CO2, men i ein energihungrig kapitalisme kan det også føra til rovdrift på skogen.

I denne samanhengen bør vi minna oss på at den første industrialiseringa i England i byrjinga av 1800-talet, før dei hadde oppdaga dei store kolressursane, førte til at mesteparten av skogen vart hoggen ned. Og dette var i ei tid der energibehovet var svært avgrensa i høve til det som er tilfelle i dag.

Avskoging
Med dagens enorme etterspurnad etter energi, både frå industrien og frå alle oss som lever med ein energikrevjande livsstil med masseturisme og stadig nye former for konsum, kan vi gjennom eit enkelt tankeeksperiment resonnera oss fram til at produksjon av bioenergi neppe kan vera nok til å dekka dagens energibruk. Det ville truleg føra til avskoging i heile verda.

Fossilt brensel: Biologisk materiale lagra i millionar av år, ikkje i konflikt med matproduksjon
Dette er heller ikkje det aller verste med biodrivstoffet. Oljeproduksjon har svært mange uheldige verknader for klimaet og for naturen, men bruk av fossilt brensel har også ei skinande framside. Det er bruk av energi som er biologisk materiale som er lagra i millionar av år. Dette er biologisk materiale som inneheld enorme mengder solenergi som berre kan verta fossilt brensel, og ikkje mat verken for dyr eller menneske. (Utheva av politikus.no)

Den svært store gevinsten og den skinande framsida av denne fossile energikjelda er at denne ikkje kjem i konflikt med matproduksjonen.

Det er just dette som er det djevelske med biodrivstoffet. Biodrivstoffet er nemleg innhausting av just den same solenergien som skaper mat. Og det er meir effektivt å produsere biodrivstoff frå mais, sukker og annan mat med høgt energinivå.

Konflikt mellom produksjon av profitt og mat
og I ein ekspansiv industrikapitalisme er det ikkje vanskeleg å tenkja seg at den enorme etterspurnaden etter energi (som utan olja vil bli gigantisk), vil gjera det svært lønnsamt å bruka verdifull matjord til å produsera mais, soya og sukker, noko som kan brukast til å produsera biodrivstoff.

Vi kan stå framføre eit nytt dilemma mellom å skaffa nok mat til verdas befolkning og å produsera energi til industrien og masseturismen. I det minste finst det ikkje den same avveginga mellom fossilt brensel og matproduksjon.

Eg trur at klimadiskusjonen kan bli meir realistisk
og ta eit viktig steg framover
gjennom å ta innover seg at satsinga på biodrivstoff er forfeila.

Denne artikkelen har vært publisert på Politikus.

Forrige artikkelFire feilaktige betingelser driver Biden-strategien mot covid-19
Neste artikkelRussland satser på et forent Eurasia fra hav til hav
Skribent er en betegnelse vi bruker i databasen på alle som ikke er registrert der som forfattere. I de aller fleste tilfelle vil du finne forfatterens navn i artikkelen.