En russisk kommunist er fanebærer for anti-lockdown

0
Valerij Rasjkin

Høgprofilert russisk kommunist og parlamentsmedlem er anti-lockdown-opprørar.

Har eigenhendig gjenoppretta moskovittane sin rett til å samlast fredeleg

Av Marko Marjanović Anti-Empire.

Under Russland sitt COVID-reglement er nesten alle folkedemonstrasjonar forbodne. Det er ikkje nødvendigvis eit allment forbod, men i praksis blir det nesten aldri gitt løyve (unntatt iblant til hendingar som er venleg innstilte til regjeringspartiet Sameint Russland). I praksis har russarane mista retten til fredeleg samling.

Eller dei ville ha mista den, om det ikkje var for éin mann. Moskovitten Valery Rasjkin, parlamentsmedlem for Kommunistpartiet. Gong etter gong har han hjelpt moskovittane å halde massemøte ved å gå på møta og kalle dei «møte med ein parlamentsmedlem», noko som er verna ved lov.

På denne måten har han ikkje berre skjerma og mogleggjort hendingar for Kommunistpartiet, men også allslags andre sosiale protestar. Til dømes opptog som leigetakarar har halde mot Sobyanin sin politikk med riving av Krutssjov-æraens låghus-leilegheiter og omplassering av leigetakarane til blokkleilegheiter, noko som blir gjort med eller utan samtykke frå leigebuarane. (Moskovittane ser ofte politikken med rasering av sine kjære nabolag som ein måte for Sobyanin å tene seg rik på muter frå «konstruksjonsmafiaen» på). 

Han har angripe Sobyanin for å avskaffe rabattar på offentlege transportmiddel for uvaksinerte pensjonistar, og han har skrive avisinnlegg mot munnbind og tvungen vaksinering.

Sidan februar 2015 har han stått på EU si sanksjonsliste for støtta si til rebellane i Donbas. Sidan april 2016 er han også sanksjonert av USA.

I eit innlegg på Telegram frå juni blir det formulert slik: I 2021 har berre tre typar gateaktivisme vore mogleg i Moskva: «Navalningar» (som i januar og april), «Putingar» (som i mars) og «Rasjkingar», ærbødig oppkalt etter kommunistparlamentarikaren Valery Rasjkin,

 som ikkje blir lei av å trasse (det eigentlege) forbodet mot folkesamlingar ved å halde «møte med ein parlamentarikar» (altså med han sjølv), sidan slike møte etter lova ikkje treng førehandsautorisering.

Berre denne våren har Volja skrive mange gongar om progressive «Rasjkingar» (mot «in-fill»-konstruksjonar i Kuntsevo; mot den planlagde rivinga av Unge Pionerars Palass; og ikkje mindre enn fire gongar mot den nye utdanningslova; særleg publiserte eg ein rapport og ein separat merknad om provokatørar).

Det er tydeleg at Kommunistpartiet generelt ikkje vekker mykje interesse blant politiske observatørar, men det verkar som Rasjkin er noko for seg sjølv.

Og ein rapport frå februar, for å sette ting i perspektiv:

Bykomiteen til Den russiske føderasjonens kommunistiske parti i Moskva vil samle sine støttespelarar i demonstrasjonen og folkemøtet den 23. februar, trass i at samlinga ikkje er autorisert av autoritetane, fortalde førstesekretæren av bykomiteen, statsduma-representant Valery Rasjkin, til Kommersant.

Moscow will lift most COVID-19 restrictions by July 1, mayor says - Society  & Culture - TASS
Ordføreren i Moskva Sergey Sobyanin

Ifølge han, har ikkje borgarmeisteren sitt kontor tilbydd noko alternativ, slik lova krev, så hendinga kan takast som godkjend. Men i regionane er ikkje kommunistane klare for uautoriserte aksjonar. Mottiltaka vil avhenge av korleis demonstrantane ter seg, åtvara ei Kommersant-kjelde i Moskva-borgarmeiserens kontor.

«Den 23. februar er det høgtidsdag. Kommunistpartiet har sendt inn søknadar om å halde prosesjonar og folkemøte over heile landet, og styresmaktene gir avslag nesten overalt.

Korfor skal vi kunstig provosere fram samanstøytar? Vi bryt aldri lova.

Lat oss tillate folkesamlingar, inkludert i Moskva, frå Pusjkin-torget til Teatralnaja. Vi inviterer alle fraksjonar.»

Hugs at den 8. februar så søkte bykomiteen til Kommunistpartiet i Moskva om løyve til ein demonstrasjon med 5000 deltakarar på Strastnoj Boulevard, følgd av ei folkesamling på Teatralnaja-torget. Men hovudstaden sitt regionale sikkerheitsdepartement autoriserte det ikkje på grunn av framleis høgt alarmnivå på grunn av korona-epidemien. Borgarmeisterens kontor minna om at organisatorar og deltakarar av aksjonen vil kunne haldast til ansvar.

Men Valery Rasjkin er sikker på at departementet sin respons kan tolkast som samtykke til å halde demonstrasjon og folkesamling, sidan den ikkje inneheld spesifike forslag til endring av lokasjon, tidspunkt, form og andre forhold kring hendinga, noko som er påkravd ifølge den føderale lova om folkesamlingar.«Derfor kan vi halde fram som planlagt. Det kan jo ikkje ende med at det under pandemiar berre er presidenttru ‘flash mobs’ som får aksjonere,» sa herr Rasjkin til Kommersant. Som Kommersant tidlegare har meldt om, har Valery Rasjkin, dersom det blir avslag, planlagt å halde eit møte med veljarar, og i ei rekke regionar annonserte kommunistane at dei var klare til å delta i uautoriserte aksjonar.

Men no er det berre  Lipetsk-regionen som held fast ved ein liknande posisjon i hovudstadsbykomiteen: borgarmeisterens kontor der tilbaud heller ikkje alternative vilkår for samlinga, så kommunistane vel å tolke det som at dei har lov..Sverdlovsk sin regionale komite forklarte til Kommersant at dei «mottok Sentralkomiteen sine instruksjonar» for å gjennomføre ein uautorisert aksjon, men det er framleis til vurdering.I  Primorsky-territoriet fekk kommunistane heller ikkje løyve til samling i bysenteret, og dei planlegg å møtast i utkanten av Hyde Park i staden (der kan ein halde folkemøte utan løyve frå styresmaktene).

I Saratov-regionen har styresmaktene bede kommunistane redusere talet på deltakarar frå 300 til 49, og dei søkte på ny.Perm-territoriet, har Republikken Tsjuvasjia og Samara-regionen, der Den russiske føderasjons kommunistparti heller ikkje utelukka ein uautorisert aksjon, bestemde partimedlemmane seg for å «uttrykke protestane sine med små, lokale aksjonar.»Irkutsk-kommunistane, som hadde lova å gå til opptoga «uansett ver og reaksjon frå styresmaktene», snakkar no om å «halde møte med representantar».I St. Petersburg, tenker Kommunistpartiet på «eit nytt format», men held det hemmeleg for at aksjonen skal kunne lykkast.Krasnojarsk-kommunistane røper heller ingen detaljar for ein eventuell aksjon.Krasnodars regionale komite for Kommunistpartiet til Den russiske føderasjonen fortalde Kommersant at «dei som gjerne vil forby dei, kjem ikkje til å stoppe kjeften på dei,» men protesten kan kome til å føregå i formatet ‘møte med ein representant’.I Stavropol-territoriet, tenker kommunistane å feire den 23. februar med blomenedlegging, runde bord og distribuering av matpakkar til veteranar.I Nizhny Novgorod og Orenburg-regionane, anka kommunistane avslaget i retten. Utfallet er opp til domstolsavgjerdene. Og i Sakhalin-regionen vart folkesamlinga utsett i tre veker – til 13.-14. mars.

Rasjkin har blitt vald inn i Dumaen fem gongar, og han er ein leiarfigur for kommunistane i Moskva by. Om enn høgt rangert og lenge aktiv medlem, så blir han sett på som radikal i partiet, som vil at gruppa skal vere ein ekte motstandar av Sameint Russland og ein verkeleg rival om makta, heller enn berre tilsynelatande, på leik. Han har stangast med leiinga i Partiet over dette, og vart tidlegare i år reinsa ut av sentralkomiteen for det. (offisielt var det fordi han forsvarte ein partikollega som vart strengt disiplinert av Partiet etter å ha deltatt i ein pro-Navalny-protest).

No før parlamentsvalet 2021, som ikkje ser så bra ut for Sameint Russland som hadde ansvaret for nedstengingane i fjor og tvungen vaksinering i år, har styresmaktene hindra ein del kommunistkandidatar i å stille, ml.a. Pavel Grudinin som var partiet sin presidentkandidat ved valet i 2018. Regjeringa stoppa han fordi han eig utlandske aksjar i utlandet (i Beliz) sjølv om han seier han har kvitta seg med dei for fleire år sidan.

Rasjkin prøvde faktisk sjølv å bli kommunistane sin nominerte til 2018 presidentvalet, og han dreiv kampanje langt til venstre for Grudinin. Sistnemnde er ein forretningsmann som partiet køyrde fram i eit forsøk på å nå lengre ut enn til sin tradisjonelle velgarmasse.

Sameint Russland har prøvd å få til semje blant alle partia om at dei vil drive valkamp utan massemønstringar på grunn av COVID. Sjirinovskys nasjonalistar og ein del mindre parti gjekk med på avtalen om «trygt val»; Kommunistane og det vesle partiet Rettferdig Russland gjorde ikkje det.

Omsett av Monica Sortland for Derimot.no.

Se også:

Forrige artikkelFDA-ekspert i USA: Hjerteinfarkt skjer 71 ganger så ofte med denne vaksinen som med tidligere vaksiner
Neste artikkelLoven som gir USAs president rett til å drepe