Av Svein Lund.
Leitar du etter boka «Miljøkamp og klassekamp» eller «Klassekamp og miljøkamp», så leitar du forgjeves. I dag vil dei fleste miljøvernarar ikkje snakke om klasse, mens svært mange sosialistar ikkje engasjerer seg i miljøkampen. Trass i at desse kampane heng nært saman. Vi kan ikkje redde miljøet på jorda utan ei økonomisk utjamning og ikkje få eit godt samfunn for arbeidsfolk utan å ta miljøproblema på alvor.
Enkle fakta om fordeling
Både rikdomen i verda og belastninga på ressursane er ekstremt skeivt fordelt.
– Dei 10 prosent rikaste eig 89 % av verdiane, mens den fattigaste halvparten har under 1 %.
– Den rikaste prosenten står for dobbelt så mye klimagassutslepp som den fattigaste halvdelen.
– I Noreg eig den rikaste godt over 100 milliardar.
– Dei rikaste har i praksis langt lågare skatteprosent enn folk flest.
Desse fakta har ikkje prega miljøkampen i Noreg.
Dei superrike og supergrøne
«Det grøne skiftet» er forlengst omfamna av dei største kapitalistane både i Noreg og i andre land. For dei er det først og fremst ei ny kjelde til forteneste. Mange av dei som har tent ein formue på olje, gass eller kol, ser no etter nye investeringsområde. Samtidig ser dei at «grøne» og «fornybare» investeringar vil gi dei ein monaleg reklame- og propagandafordel. Eit selskap med 90 % olje og 10 % vindkraft blir plutselig grønt. Den som vil sette pengar i «grøne» tiltak har dessutan kort veg til makta, og kan rekne med stor velvilje og gjerne litt subsidier.
Eksempla er mange, men vi skal nøye oss med to av dei mest kjente superrike i verda og to i Noreg.
– Elon Musk: Har formue rundt 1,5 billionar kr, vesentlig tent på elbilen Tesla. Kor mye han bryr seg om miljøet ser vi av at han har to private jetfly og har investert milliardar i bitcoin, som sluker enorme mengder kolkraft.
– Bill Gates: Har i periodar vore verdas rikaste, har investert omlag 15 mrd. i «grøn teknologi» og skrive boka «How to avoid a climate disaster». Han har gitt nokre prosent av sitt gigantiske overskot til helseprogram for fattige, og blir derfor i media omtalt som «filantropist».
– Kjell Inge Røkke: Ein av Noregs rikaste, har under bygging ein luksusyacht til 4 milliardar, som samtidig skal brukast til forsking og «redde havet».[1] Blitt rik på industrifiske og raiding av nordnorsk fiskeindustri. Har no oppretta eige «fornybarkonsern» og investerer i vindkraft på hav og land, hydrogen- og ammoniakk som drivstoff, samt CO2-fangst.
– John Fredriksen: For tida Noregs rikaste, har gjort formue på tankskip, olje og fiskeoppdrett. Erklærer no at han vil vere i front i det grøne skiftet. Metoden er å bruke matolje frå Kina som drivstoff i tankskipa![2]
Ingen av dei nemnde, eller av kollegaane deira i det internasjonale «grøne» investeringsmiljøet har nokon gong tatt på alvor det faktum at det samla forbruket på jorda er langt over jordas bæreevne, for ikkje å snakke om deira eige bidrag til dette.
WEF – Verdas «grøne» kapitaldiktatur
World Economic Forum er ei stifting som held til i Sveits, der dei årlig samlar til møte 2-3000 utvalde; dei rikaste kapitalistane i verda i lag med statsleiarar i rike land, økonomar, journalistar og «celebritetar». Trass i at WEF ikkje har noko formell styringsrett, virkar det sterkt inn på økonomi og politikk i heile verda. Forumet er no leia av Høgrepolitikar og tidligare utanriksminister Børge Brende. Også hit har «det grøne skiftet» nådd, og i følgje eit manifest frå 2020 skal WEF «fungere som forvalter av det miljø- og materielle universet for fremtidige generasjoner. Det beskytter bevisst vår biosfære og kjemper for en sirkulær, delt og regenerativ økonomi.»[3]
Miljøkamp utan klassekamp?
Den organiserte miljørørsla i Noreg blei starta som eit overklassefenomen, og var lenge dominert av folk på den borgarlige sida. Ikkje utan grunn har miljøorganisasjonar vore kopla til den såkalla nikkersadelen. Sjølv om både det sosiale og politiske grunnlaget for miljørørsla har endra seg, har miljøorganisasjonar framleis ofte uvilje mot å ta opp sosiale spørsmål og klassemotsetningar.
Fleire miljøorganisasjonar har vore opptatt av å redusere forbruk, men det har mest vore retta mot folk flest, som kan reparere gamle ting og handle på brukthandel. Dei superrike sitt superforbruk har ein sagt mindre om.
Den delen av miljøkampen som er mest direkte del av klassekampen er kampen for eit betre arbeidsmiljø. Mange bedrifter som gruver, smelteverk og kjemisk industri forureinar lufta både innafor og utafor bedriftsområdet. Ofte har det som skjer på innsida vore fagrørsla si sak og det som skjer på utsida har vore ei sak for miljørørsla. Ingen av dei har i særlig grad engasjert seg på andre sida av fabrikkporten.
Forureining, forsøpling og naturinngrep rammar alle, men på forskjellig vis og i forskjellig grad. Når bustadområde blir ramma av fabrikkrøyk, motorveg eller vindkraftutbygging, rammar det i første rekke dei som ikkje har nokon stad å flytte til. Det er også dei som blir ramma når turområde, beiteområde eller utmarkshaustingsområde blir rasert. Det rammar i mindre grad dei som har råd å flytte, kan dra på helgetur med fly til utlandet, som har landstad i fredelige omgivingar og pengar å kjøpe seg unna dei fleste problema. Nokre tener på naturøydeleggingar, på at dei slepp å ta omsyn til natur og andre næringar ved utbyggingar. Miljøøydeleggingar har derfor ein klassekarakter, men kvifor er det så få som seier det?
Klassekamp utan miljøkamp?
Klassekamp er kamp mellom arbeidarklassen og kapitalistane, men har også vidare betydning som kampen mellom fattige og rike og om politikk for fordeling av ressursar og rikdom. Klassekamp foregår både på arbeidsplassar og på overordna samfunnsnivå. Klassekamp sett nedafrå er kampen for gode levevilkår for arbeidsfolk, og det omfattar opplagt miljøet både på arbeidsplassen og utafor, som retten til reint vatn, rein mat og ein rein nær-natur.
Den industrielle revolusjonen la grunnlaget for den moderne arbeidarklassen og etterkvart fagrørsla, men førte også med seg forureining og miljøproblem i eit omfang som tidligare hadde vore ukjent.
Da klassekampen var på det hardaste i mellomkrigstida oppretta arbeidarrørsla eigne organisasjonar og institusjonar på ei rekke område, frå idrettslag til sangkor, frå båtforening til arkiv og folkehøgskole. Det blei likevel aldri oppretta noko «Arbeidernes naturvernforbund».
I etterkrigstida skulle vi alle «bygge landet», gjennom kraftutbygging og nye industriar, noko som førte til store naturinngrep og forureining. Dette skjedde med Ap i leiinga og knapt utan reaksjonar frå NKP. Først etter opprettinga av SF/SV byrja det å komme miljøprotestar innafor den sosialistiske rørsla. Frå fagrørsla har det knapt vore ein protest mot andre miljøproblem enn dei som har vore innafor fabrikkportane.
Fagrørsla skal arbeide for arbeidarane sine interesser på arbeidsplassen, som høgare løn og betre arbeidsmiljø. Men fagrørsla har har også engasjert seg i ei rekke samfunnsmessige spørsmål, som skatt, pensjon, utdanning og helsepolitikk. Kva så med miljøet? LO har vore nært knytt til Arbeiderpartiet, det fremste partiet for industrialisering og kraftutbygging. Utbygging av arbeidsplassar har vore overordna miljøet. I alle store miljøstrider har LO-leiinga stått på utbyggarane si side, vi kan nemne olje, gruver, vasskraft- og vindkraftutbygging.
Industriarbeidarane har i nokre sosialistiske miljø ofte blitt omtalt som «kjerneproletariatet» og har hatt ein spesiell status som fortropp i kampen for sosialismen, i alle fall i teorien.
Industriarbeidarane har vore stolte av at dei skapte verdiane, og sjølv om dei har lege i strid med industrikapitalistane om lønns- og arbeidsvilkår, har dei i stor grad identifisert seg med industrien og ønska å styrke denne. Dermed kunne dei to partane i industrien samarbeide om å krevje av offentlige styresmakter at industrien fikk betre kår. Om styresmaktene f.eks. ville pålegge industrien dyre renseanlegg, blei det ofte av fagforeiningane oppfatta som eit trugsmål mot industrien og dermed mot arbeidsplassane. To viktige føresetnadar for industriutvikling var kraftutbygging og gruvedrift. Fagrørsla i industrien blei dermed ein pådrivar for slike tiltak, både for industrien sin del og for arbeidsplassane som låg i dette.
Innafor arbeidarrørsla har det vore sterkt delte meiningar om klassekamp eller klassesamarbeid, frå AP som har ivra for samarbeid, til AKP/Raudt som har stått for klassekamp, med SV i ein mellomposisjon. Ofte har venstresida vore dei ivrigaste til å arbeide for å styrke industrien. I dag er det langt mindre snakk om klassekamp enn det var både i mellomkrigstida og på 70-/80-talet. Tanken om samarbeid mellom arbeid og kapital for å sikre industriarbeidsplassar har slått langt inn i dei mest venstreorienterte miljøa i arbeidarrørsla.
På AS Sydvaranger, der venstresida sto sterkt i fagforeninga, kjempa dei i 1985 ein hard kamp for å bevare arbeidsplassane, i strid med både Ap, LO og den statlige bedriftsleiinga, som gikk inn for nedlegging. Denne bedrifta sto for eit av dei største naturinngrepa og det suverent største dumping av gruveavgang i Noregshistoria, men dette var aldri tema i fagforeininga.
Norsk Arbeidsmandsforbund, som organiserer gruvearbeidarar, har ikkje bare engasjert seg for å beholde eksisterande gruver, men også for igangsetting av nye. Forbundet har gått mot auka miljøkrav til gruver, og for at ein fortsatt skal kunne dumpe gruveavfall i sjø. Det er ikkje mogleg å sjå nokon forskjell på gruvepolitikken til fagrørsla og arbeidsgivarane i mineralnæringa. Dette kom sist fram i eit felles utspel mellom LO og NHO for vindkraft- og industriutbygging i mai 2021.
Avisa Klassekampen har vore svært varierande på miljøspørsmål. Under Altakampen var avisa i første rekke, men elles har miljøsaker stort sett vore avhengig av innsendt stoff og eksterne skribentar, men sjeldan prioritert frå redaksjonen. I verste fall har avisa gitt uttrykk for støtte til miljøskadelige tiltak, da gjerne under dekke av kampen for arbeidsplassar, slik vi no ser med avisa si støtte til havvindutbygging. Da eg ringte til avisa og ba om å få snakke med ein journalist med ansvar for miljøspørsmål, var svaret at det hadde dei ikkje. Det seier det meste.
Det grøne skiftet og klassekampen
Så langt ser det ut til at «det grøne skiftet» styrkar klassesamarbeidet, da det gir eit nytt argument for at vi sit i same båt og må samarbeide for å løyse felles problem. Ein kommentator på Facebook sa det nylig slik: «En liten gruppe multimilliardærer blir rikere og mektigere i høyt tempo, samtidig som venstresiden har begravd klassekampen. Det kan synes som om storkapitalistene har overbevist venstresiden om at deres høyeste prioritet ikke lenger er profitt, men bærekraft og bærekraft alene.»[4]
Industriaksjonen – venstrevridd naturrasering
I vår kom det i media eit stort opprop frå Industriaksjonen. Denne består vesentlig av faglig tillitsvalde i industrien, med vekt på tungindustri og ekstraktive næringar som olje og gruver. Det hadde kanskje vore meir dekkande å kalle det for «Havvindaksjonen». Det er i realiteten ikkje ein aksjon for styrking av norsk industri generelt, men for at norske verft skal stå for leveransar til havvindutbygging og for at norske smelteverk fortsatt skal ha nesten gratis kraft. Krava til aksjonen kunne ha vore stilt av eigarane av selskapa som investerer i havvind og smelteverk, men dei er altså stilt av tillitsvalde i fagrørsla, til og med dei mest venstreorienterte. Utfordringane for næringsmiddelindustrien og anna forbruksvareindustri er derimot ikkje nemnd.
Ein stor del av underskrivarane har tilknyting til Raudt. Mens Raudt har sagt nei til vindkraft, går Industriaksjonen inn for fortgang i havvindutbygginga. Motivasjonen er ikkje i første rekke klimaet, men arbeidsplassane i leverandørindustrien. Mens kapitalistane heile tida grunngir investeringane sine med klima og miljø, er dette faktisk fråverande i dette oppropet. Her er det bare snakk om industriutvikling og arbeidsplassar. Ved havvindutbygging skal ein ta omsyn til fiskerinæringa, men ingenting om omsyn til fisken og naturen for øvrig.
Økososialismen
Økososialisme eller grøn sosialisme er ein internasjonal politisk retning utan veldig fast organisering. I Noreg har begrepet vore brukt av nokre politikarar, men ikkje av nokon organisasjon så langt. Ei av dei økososialistiske gruppene i USA seier det slik: «Økososialister starter med forutsetningen om at miljøforringelse og sosial urettferdighet stammer fra samme kilde: et undertrykkende system som gir profitt over mennesker, planet og fred.»[5] Etter mi oppfatning er det i dagens verd meiningslaust å vere sosialist utan å vere økososialist, men dette kjem i liten grad fram frå dei meir eller mindre sosialistiske partia.
Rikdom – eit brotsverk!
Forbruket av naturressursar i verda nærmar seg no det dobbelte av det kloden i lengda kan bære. Ein stor del av overforbruket skuldast overklassa sitt luksusforbruk. Det viktigaste tiltaket vi kan gjøre for klima og miljø er å ta makta og pengane frå dei superrike. Dette både på grunn av det direkte bidraget deira til ressursbruk og utslepp av klimagassar og anna forureining, og fordi dei med sitt eksempel set standardar og forbilde som mange andre forsøker å strekke seg etter og etterlikna. Media skildrar luksusen deira som noko imponerande og verd å trakte etter, ikkje som ein skam og eit trugsmål mot heile kloden sin framtid. Så lenge dei får ture fram, vil det vere vanskelig å få oppslutning frå folk flest i rike land om nødvendige reduksjonar også i deira forbruk.
Erna Solberg seier ho ikkje er opptatt av å bekjempe rikdom. I hennar regjeringstid har klasseforskjellane auka i Noreg. I Kina sa Deng Xiaoping at nokon må bli rike først, og Kina har no ein tidel av milliardærane i verda. Trass forskjellig politisk farge er resultatet det same – ei styrking av grådigheit, sløseri og av øydelegginga av ressursar, klima og natur. Mot dette må vi stille ein politikk der det raude og det grøne er uløyselig knytta saman og der personlig rikdom blir stempla som det det er: Eit brotsverk mot verdas natur og klima.
Svein Lund
Sosialist og miljøaktivist
sveilund@online.no
[1]https://www.nrk.no/mr/rokkes-superyacht-forsinket-1.15540893
[2]https://finansavisen.no/nyheter/shipping/2021/04/28/7663339/fredriksen-vil-vaere-i-front-i-det-gronne-skiftet
[3]https://no.xcv.wiki/wiki/World_Economic_Forum
[4] Kjell Arve Schevig, https://www.facebook.com/Avdektno-101584395154075
[5]https://cooperationjackson.org/