Seksuell trakassering og politiske renkespel

0
Craig Murray


Det skitne spelet mot Craig Murray.

Av Hans Olav Brendberg.

For nokre år sidan vart den leiande SNP-politikaren Alex Salmond arrestert, og anklaga for fleire tilfelle av seksuell trakassering. Saka vart høgt prioritert av skotsk påtalemakt. Men i mars i fjor enda heile saka med at Salmond vart frifunne på alle tiltalepunkt. Salmond var sjølv letta, og kommenterte at han hadde vore utsett for eit politisk renkespel.

Hadde han det? Det er sanneleg ikkje godt å seia. Identiteten til anklagarane er skjerma frå offentleggjering  gjennom ei rettsavgjerd frå domaren i saka. Men det er er likevel kjent at anklagarane mot Salmond er høgt plassert i SNP og regjeringsapparatet i Edinburgh.

Og alt tyder på at ein i desse leiande krinsane ikkje er nøgd med utfallet av saka – og nervøs for kva som vil skje om nokon stiller spørsmål ved kva som låg bak prosessen mot Salmond.

Ein av dei som kommenterte saka mot Salmond, og frifinninga, var journalisten Mark Hirst. Etter frifinninga hevda han i ein kommentar at anonymiseringa av dei som hadde sett fram skuldingane ikkje ville bli ståande. For dette vart han arrestert for «trugsmål» i mai i fjor. Då rettssaka gjekk i januar i år, konkluderte retten med at det ikkje fanst noko sak mot Hirst.

Ein annan som følgde rettssaka, Dave Llewellyn, vart i vår arrestert av sju politikonstablar, som ransaka heimen hans på grunn av ein post på Facebook. Llewellyn vart skulda for å delta i «samansverjing for drap», ein anklage som seinare vart trekt tilbake.

Så mykje tyder på at det er ein del nervøsitet i Edinburgh knytta til denne saka. Og truleg er det denne nervøsiteten som ligg bak at tidlegare diplomat Craig Murray no i mai vart dømt til åtte månader fengsel for kommentarane han la ut på sin blogg i samband med rettssaka mot Salmond. For dette vart han tiltalt for «forakt for retten», ein tiltale som blir avgjort av domaren, utan jury. På mandag avgjer domaren om han får høve til å anka saka til britisk høgsterett. Blir dette avvist, vil Murray starta soninga no i sommar.

Craig Murray har spela ei viktig rolle som kompetent kritikar av det britiske systemet i mange år. Han har bakgrunn frå Utanriksdepartementet, og var ambassadør i Uzbekistan då han fann ut at han ville hoppa av den diplomatiske karrieren. Det skitne spelet kring tortur av vitne og liknande som følgde med «krigen mot terror» var ikkje noko han ønskte å delta i. Sidan har han samarbeidd mellom anna med Julian Assange, og han har drive ein blogg som blir lese av mange.

Då høyringane om ei eventuell utlevering av Julian Assange pågjekk i Belmarsh og Old Bailey, var Murrays blogg den beste kjelda til vitnemål og rettsforhandlingar i ein situasjon der mainstreammedia gav mangelfull, og ofte misvisande dekning av det som var på gang.

Dei som har lese Murrays dekning av Salmond-saka – ogso dei postane som har vorte fjerna denne våren – vil også ha lagt merke til at Murray i denne saka har fått fram ting som i mindre grad har kome fram i andre medie. Han har ikkje identifisert dei som anklaga Salmond. Men han har lagt fram indisie på at saka var alt anna enn ryddig – og at det bak dei ni anklagarane har vore organisert ivrig – heilt opp til toppen i skotsk politikk. Det kan rett og slett henda at det som Salmond sa om politisk renkespel hadde grunnlag i røyndomen.

Samstundes er det nok fleir enn Nicola Sturgeon som har interesse i at Murray no blir sperra inne i ein lengre periode. Julian Assange sit framleis fengsla utan lov og dom, medan den amerikanske påtalemakta og den britiske regjeringa vurderer kva dei skal gjera vidare. Og med sopass harde straffer mot dei som stiller kritiske spørsmål, er det nok mange som vil tenkja seg om to gongar før dei byrjar undersøkja kva som skjedde i saka som enda med at Salmond blir frifunne.

Ein ting er uansett sikkert: Pressefridom i Storbritannia er ikkje det det eingong var.

Les: Craig Murray’s Trial: What Happens Next

Artiklar av Craig Murray her.

Forrige artikkelVindkraften holder ikke det som ble lovet i Tyskland
Neste artikkel«Nødvendige» energi-løgner?