Dersom vi ikkje kan halde fram å brenne olje, gass og kol, og ei utskifting til «fornybare» energikjeldene og elektrifisert transport vil gi eit utolelig høgt mineralforbruk, har vi da noko alternativ?
I førre artikkelen viste eg til til denne definisjonen: «Det grøne skiftet viser til omstillinga til eit samfunn der vekst og utvikling skjer innanfor tolegrensa til naturen.» Eg viste også at tolegrensa for lengst er sprengt. Likevel tviheld dei fleste forsvararane av «Det grøne skiftet» på at det framleis må vere plass for økonomisk vekst og auka produksjon. Veksten skal bare bli grønare. Dette har gått igjen frå Brundtlandkommisjonen sine idear om bærekraftig utvikling[1], til MDG sin tidligare stortingsrepresentant Per Even Stoknes si bok «Grønn vekst»[2], som kom ut i fjor.
Les forrige artikkel: Fossilsamfunn, grønt skifte eller det tredje alternativ?
Grenser for vekst
I motsetning til denne tankegangen er det mange som har påpeika grensene for vekst og at desse no er forlengst er overskrida. Allereie i 1972 blei dette vist i boka Limits to Growth (Norsk utgåve Hvor går grensen?) med seinare oppfølgingar The Limits to Growth: The 30-Year Update i 2004 og seinare 2052: A Global Forecast for the Next Forty Years. av Jørgen Randers.[3] I forhold til mineralressursar er overforbruket grundig dokumentert bl.a. av Ugo Bardi i boka Extracted: How the Quest for Mineral Wealth Is Plundering the Planet[4] og av Simon Michaux i hans skrifter om Peak Mining.[5] Likevel opererer leiande politikarar og kapitalistar over heile verda som om det skulle vere både mogleg og forsvarlig å ikkje bare skifte ut all fossil energi med «fornybar» energi, men samtidig auke energiproduksjonen kraftig, ikkje bare skifte ut dagens fossile bilpark med elbilar, men halde fram å auke talet på bilar. Energiforbruket og ressursforbruket skal halde fram å auke i all framtid, og ein skal kjøre på utan å ta til seg at det er grenser for vekst.
Verdas befolkning går raskt mot 8 milliardar, og det er eit ope spørsmål om auken lar seg stanse før vi passerer 10 mrd. Da vil jorda si bærekraft forlengst vere sprengt og det vil vere enno mindre intakt natur og ville dyr igjen enn i dag. Skal det bli levelig for det store fleirtalet av menneske og det som er igjen av ville planter og dyr, må folketalet ned. Det finst bare to alternativ: Organisert regulering med ein bevisst politikk og regulering gjennom krig og katastrofer. Sjølv om alle kan vere enig i at det første er å føretrekke, er det lite som tyder på at dette skjer.
Ekstrem skeivfordeling
Forureining og belastninga på ressursane er ekstremt skjeiv, både mellom og innafor land. Eit lite mindretal er ekstremt rike, har eit vanvittig sløsande forbruk og står for mesteparten av klimautsleppa. Den rikaste prosenten står for dobbelt så mye utslepp som den fattigaste halvdelen av befolkninga på jorda.[6] Dei 25 rikaste i verda har kvar ei formue på over 300 mrd. kroner. Den aller rikaste er oppe i 1,5 billionar kroner.[7] Kva har gjort det mogleg for han å tene så mye? Jo, det grøne skiftet sitt flaggskip, elbilen. Denne har gjort det mogleg for han å bruke milliardar på bitcoin, ha fleire private jetfly og sende satelittar ut i verdsrommet. Bærekraftig grønt skifte? Samtidig har også eit fleirtal i rike land og ein veksande mellomklasse i nyindustrialiserte land eit aukande forbruk som er alt anna enn «bærekraftig», og dei som har mindre drøymer om å komme dit. Alle vil opp, ingen vil ned. Det kan ikkje gå.
Behov = etterspurnad?
Dagens universelle løysing er at ved hjelp av ein kapitalistisk marknad skal alt ordne seg til det beste for alle. Det er det motsette som skjer. Kapitalen trekkast dit det er pengar å tene, ikkje dit det er behov. Kapitalen sine forsvararar seier som Norsk Bergindustri sa da dei forsvarte gullutvinning: Der det er etterspurnad, er det behov. Samtidig blir det jobba iherdig for å skape nye behov, som ein så kan fylle med nye produkt som ein kan tene på. Og motsett: Der det ikkje er kjøpekraftig etterspurnad, der er det heller ingen som vil investere.
To grunnleggande sanningar
Det er nokre elementære sanningar som er så enkle at det ikkje skulle vere nødvendig å seie dei. For eksempel:
1. Samfunnsmessige problem må løysast med samfunnsmessig samarbeid og planlegging.
2. All produksjon og alt forbruk belastar ressursar.
Samfunnsplanlegging må ta sikte på å redusere eller unngå unødig produksjon for å ha plass til nødvendig produksjon og bevare ressursar og natur for framtidige generasjonar.
Så enkelt, men samtidig så stikk i strid med dagens praksis.
Fridom og nødvendigheit
I artikkelen «Om motsigelsen mellom nødvendighet og frihet» skreiv Eystein Kleven i 2014:
«De massive miljøproblemene og virkningene av menneskelig virksomhet på klima, er ikke minst resultat av manglende innsikt i det nødvendige.»[8] Når vi så har skapt desse problema blir rammene for det nødvendige trongare, vi står ikkje like fritt til å velje.
EU og EØS er bygd på dei såkalla fire fridomane, fri rørsle av varer, tenester, personar og kapital. Fridomar som formelt gjeld for alle, men som i første rekke er fridomar for kapitalen og for mange andre slår ut som «frivillig tvang». Ikkje minst er det fridomar som bidrar til å auke produksjonen av unødvendige varer og tenester, auke transporten og med det auke belastninga på ressursane og naturen.
Vi er fora opp med store ord om einskildmennesket sin fridom til å kjøpe og forbruke nesten alt som kan kjøpast for pengar. Ei rekke komplett unødvendige varer og tenester er tillatt i fridomens namn, sjølv om dei ofte er skadelige for helse og natur. Dersom vi innrømmer at verda står midt oppe i ei alvorlig natur-, klima- og ressurskrise, er vi nøydd å sette jordas framtid over retten til å produsere og forbruke ein del unødige varer.
«Sosialismen er spranget frå nødvendighetens til frihetens rike», skreiv Friedrich Engels for godt over hundre år sidan. Dette har sidan vore ein leietråd for mange sosialistar. I draumen om eit betre samfunn blir lett fordelane hausa opp og utfordringane tona ned. «Aldri har vel forutsetningene for å nå frihetens rike vært bedre enn i vår del av verden i vår tid.»[9] skreiv i 2007 Audun Lysbakken, som seinare blei partileiar i SV. Spørsmålet er om ikkje no kapitalismen har ført verda så galt av stad at vi må gå den motsette vegen – til nødvendighetens rike, sjølv om dette vil måtte avgrense nokre fridomar vi har blitt vant til.
Eit kvart samfunn har nokre reguleringar av kva som skal vere lov å produsere og selge og kor og når det kan gjørast. I Noreg har vi forbod mot narkotika og visse tilsettingsstoff i maten. Vi har krav om autorisasjon for utøving av visse yrke, reklameforbod mot tobakk og alkohol osv. I prisippet har vi dermed anerkjent at fridomen må ha visse grenser, og koronapandemien har gjort at dei fleste har akseptert midlertidige forbod som vi under normale forhold aldri ville godtatt.
Natur-, klima- og ressurskrisa er ei mye meir grunnleggande krise enn koronakrisa. Om vi hadde latt koronaen spreie seg fritt utan hinder for reiser og normal omgang mellom folk, hadde ein stor del av verdas befolkning blitt sjuke og nokre prosent fått ein tidligare død. For det store fleirtalet som overlevde ville livet ha gått vidare. Om vi ikkje tar natur-, klima- og ressurskrisa på alvor kan verknadane bli langt større. Likevel har denne ikkje ført til at nødvendige tiltak har blitt gjort.
Den nødvendige prioriteringa
Når menneska no overbelastar jordas ressursar slik at vi tar ut meir enn 150 % av det som er forsvarlig, betyr det at det samla forbruket må ned med minst ein tredel. Skal jorda samtidig kunne fø 8-10 milliardar menneske utan gigantiske katastrofar i form av krig og hungersnaud, vil det vere naudsynt med ei streng prioritering av kva ressursane skal brukast til. Da kan vi ikkje bruke ressursar på tiltak som ikkje har anna formål enn at nokon skal bli rike på det. Da blir det ikkje eit spørsmål om personlig fridom å ha retten til å investere i kryptovaluta, reise på ferie frå Noreg til Thailand eller kjøre motorcross. Ikkje alt skadelig forbruk kan forbyast med eitt slag, men vi kan i første omgang sette forbod mot investeringar for auke produksjon på desse områda, og gjennom lovverk og kampanjer påverke til redusert bruk. Vi kan sjølvsagt ha delte meiningar om kva som er nyttig og unyttig, men det bør vere eit mål å komme fram til:
– Kva område av produksjon og forbruk som skal prioriterast
– Kva område vi med fordel kan redusere, evt. legge ned eller forby
– Korleis vi kan ta vare på bruksgjenstandar lengre og legge til rette for meir reparasjonar og mindre bruk-og-kast.
– Kor vi kan redusere transport og verdshandel ved at importerte og langtransporterte varer blir erstatta av eigenproduserte eller lokalproduserte.
– Korleis vi kan gi noko av det vi har beslaglagt tilbake til naturen ved oppreinsking, revegetering[10], restaurering av elver og våtmarker osv.
Dette vil seie ganske gjennomgripande endringar i samfunnet. Mange av oss vil måtte legge om livsstilen, men i stor grad til det helsemessig betre og ikkje minst vil fotspora våre i naturen og på jorda bli mindre. Kjøpekrafta må for mange bli mindre, men livskvaliteten vil i mange tilfelle bli betre når vi vender oss til nye forhold. Ei slik omlegging på verdsbasis er ikkje mogleg dersom det finst ein elite av superrike på toppen som kan halde fram å sløse og kjøpe seg fri frå dei tiltaka som andre må slite seg gjennom. Det krev ei utjamning både mellom land og innafor land. Det er ikkje gjort over natta, men det må leggast ein plan for ei systematisk utvikling i retning av utjamning.
Sosialisme som alternativ?
Kapitalismen har forlengst vist seg udugelig til å redde naturen og verda, ein kan ikkje løyse eit problem med dei same midla som har skapt det. Det må grunnleggande endringar til, men det er ikkje nok å seie at eit sosialistisk styre vil løyse problema. Land som har kalla seg sosialistiske har ikkje vist så mye betre forståing for natur og ressursar. Dei partia i Noreg som kallar seg sosialistiske er alle for fortsatt økonomisk vekst, bare denne er grøn eller jamnare fordelt. Det er dei som burde gått foran, men dei gjør det ikkje i dag.
Kva manglar miljøorganisasjonane og miljøpartia?
Miljøorganisasjonar har ofte bidratt til å rekke fram overforbruket av ressursar, men synest ikkje å tore å ta konsekvensane av sine eigne analyser. Når såg vi ein miljøorganisasjon angripe overklassa sitt vanvittige luksusforbruk? Når hørte vi miljøpartia Venstre og MDG snakke om fordelinga av rikdom og økologisk fotavtrykk? Så seint som på Naturvernforbundet sitt landsmøte i april avviste fleirtalet eit forslag om redusert forbruk. Er tankane på den nødvendige omstillinga så skremmande at det ikkje er nokon organisasjon som tør å fronte dei?
[1]https://www.fn.no/tema/fattigdom/baerekraftig-utvikling
[2]https://www.homoludens.no/2020/10/07/gronn-vekst-2/comment-page-1/
[3]https://en.wikipedia.org/wiki/The_Limits_to_Growth
[4]http://sveinlund.info/miljo/ugobardi.htm
[5]https://www.resilience.org/stories/2013-08-15/peak-mining-implications-for-natural-resource-management/
[6]https://www.theguardian.com/environment/2020/sep/21/worlds-richest-1-cause-double-co2-emissions-of-poorest-50-says-oxfam?fbclid=IwAR14FsWcGHiX1sKh4V9TyEaJr5doqgcKtYM7uDSWf_J2GfCJ5lAw7geoaQ4
[7]https://e24.no/boers-og-finans/i/X8ROQB/elon-musk-er-verdens-rikeste
[8]https://sosialistiskframtid.wordpress.com/2018/03/03/om-motsigelsen-mellom-nodvendighet-og-frihet/
[9]Førre og dette sitatet: https://arkiv.klassekampen.no/13232/article/item/null/glasosialismen
[10]https://www.nrk.no/urix/ny-rapport_-enorme-skogomrader-er-gjenreist-de-siste-20-arene-1.15493373
Signerte artikler står for forfatterens synspunkter. Red.