Avlysingstida

0
Tre kvinner henrettet som hekser i Derneburg Tyskland i oktober 1555 europeerne begynte å straffeforfølge mistenkte hekser i det 14. århundre. / Shutterstock

Av Hans Olav Brendberg.

Ein av uvanane i moderne samfunnsdebatt er å overta omgrep frå amerikansk debatt som berre halvvegs passar på norske tilhøve, utan å omsetja, og utan å tenkja gjennom korleis desse høver i vår kontekst. Døme på slike ord er «woke» og «cancel culture», som skildrar «progressive» sensurønskje.

Begge orda er språkleg upresise, og dårleg norsk. Og vi har betre alternativ.

I andre halvdel av 1700-talet utfordra den nye borgarskapen tidlegare informasjonsmonopol – ikkje minst kyrkja. Våpenet i denne informasjonskrigen var det same som på Luthers tid: Trykkepressa. Diderots leksikon, ei mengd med pamflettar, skarpt tenkte drøftingar av viktige samfunnsspørsmål, som Beccarias drøfting av straff, og Clausewitz drøfting av krigen gav eit nytt fundament å byggja samfunn på. Epoken fekk namnet «opplysingstida». Ved å fjerna hinder for informasjonsflyten, systematiser og analysera alt opplyste menneske visste, og formidla desse tinga gjennom kanalane utdanningssystem og fri presse opna opp kunne menneskeslekta gå mot ei lysare framtid.

Dette mønsteret: Å bryta tabu og informasjonsmonopol, forstå meir av samfunnet gjennom systematisk og metodebasert tenkjing, og nytta trykkefridom til å bryta makta til tradisjonelle elitar er eit paradigme som varar heilt fram til tida etter andre verdskrig. Men no har trenden heilt synleg snudd.

Tida vi lever i er ikkje opplysingstida, men avlysingstida. Tilgangen til informasjon er no tilnærma uavgrensa, og langt mindre kapitalkrevjande enn i opplysingas glansperiode. Trykketeknologien kunne massedistribuera informasjon. Men sjølve trykkinga, eller tilgangen til sendetid på radio og TV, var framleis ein flaskehals. Dei elitane som kontrollerte denne flaskehalsen – redaktørar, forlag og liknande – kunne framleis styra trendane på eit metanivå. Inngangsbilletten for å setja eigen dagsorden, var å eiga eit offsettrykkeri. Informasjon på tvers av landegrensene var framleis vanskeleg – dei nasjonale tryggleiksestablishmenta hadde kontroll over dagsorden i etablert presse. Då vi rydda på elevrådskontoret på Moheia på åttitalet, kom vi over ei stor samling av bilete frå Vietnam. Desse bileta – mange av dei svært gode – hadde aldri vore på trykk i noko norsk avis eller tidsskrift. Dei vart distribuert i ein undergrunnsstraum som opplyste om dei skuggesonene der den vanlege pressa klarte seg med halvsanningingar.

Internett har endra denne tilstanden for godt. Dei elitane som bygde makta si på den flaskehalsen som trykkepressa utgjorde, har no vorte «gammelmedia». I prinsippet (men ikkje i praksis) har tilgangen til massedistribusjon no vorte open for alle.

Det tyder også at heile «opplysings»-paradigmet no har vorte avleggs. Dei avgjerande maktmidla i informasjonskrigen har endra karakter. Dette er grunnlaget for vår epoke – avlysingstida.

Skal du forstå korleis avlysingstida verkar, bør du kjenna til eit kjent, historisk døme på bruk av statistikk. Under andre verdskrig arbeidde Abraham Wald med skader på fly som hadde vendt heim etter oppdrag over fiendtleg territorium. Kollegaene ønskte å gje ekstra panser til dei flydelane som vart oftast treft. Men Wald forsto at dette var eit blindspor: Dei flya som hadde vorte treft her, kom heim. Dei flya som hadde vorte treft på dei stadene der dei aldri såg skader, hadde aldri vendt tilbake. Det var desse stadene som trong panser.

Denne mekanismen bør vi som lever i avlysingssamfunnet vera medvitne: Den informasjonen som når oss, er den informasjonen som har passert fiendtleg sperreeld. Den viktigaste informasjonen, er den vi aldri får. Den er grunnlaget for makta til rådande elitar.

Forsøket på å avlysa J. K. Rowling har – med rette – fått ein del merksemd, og er eit lærestykke i korleis avlysing som taktikk i informasjonskrigen fungerer. Men det er feil at dette fenomenet er noko nytt. Informasjonen om korleis Rowling blir forsøkt avlyst når jo til og med fram. Og dei som kjenner historia, vil lett kunne peika ut kven som freistar avlysa og mørkleggja Rowling.

Tony Judt var akademisk elite, meir enn dei aller fleste. Medlem i American Academy of Arts and Sciences og British Academy. Anerkjent historikar. Flittig bidragsytar til «New York Review of Books».

Etter år 2000 vart Judt kritisk til utviklinga i Palestina etter at Oslo-prosessen stoppa opp. Han skreiv nokre viktige essay om temaet. Bidraga hans vekte interesse – og så vart det tillyst møte om dette i New York.

Arrangørane oppdaga at det var nesten komplett umogleg å få tak i møtelokale til eit slikt møte. Dei tok kontakt med dei som hadde relevante lokale. Desse var interessert – men så gjekk det ein dag eller to, og så passa det likevel ikkje. Til slutt greidde dei få avtale om møte og tidspunkt med det polske konsulatet. Eit enormt press vart sett inn mot konsulatet – og mot den polske regjeringa! – for å få avlyst møte. Ein var i ferd med å enda i ein situasjon der ein av dei mest anerkjente historieprofessorane i USA måtte slå seg til tols med å halda utandørsmøte på ei banankasse i Central Park.

Avlysinga av Tony Judt er vel so viktig som avlysinga av Rowling. Ikkje minst avdi folk vil vera langt meir reserverte når det gjeld å peika ut kven som freista avlysa og mørkleggja Judt.

Skal vi forstå avlysingstida, og hevda eigne interesser, må vi forstå korleis den sperreelden som hindrar vital informasjon i å fram til oss fungerer. Vi må forstå organisasjonsprinsippa til ein fiende som har makt til å hindra informasjon og analyse som kunne opplyst viktige problem, men som ikkje ønskjer å bli opplyst. Vi må forstå ei rekke saksområde som har ulike namn, men som røyde pressefolk umiddelbart vil vita tyder «trøbbel». Og vi må forstå aktørane, dagsordenane, organisasjonane, ideologiane og kjenslene som er involvert.

Skal eit slikt prosjekt føra fram, har alle som av ulike grunnar blir avlyst ein felles interesse. Det tyder ikkje at vi er «samde». Men det tyder at vi ikkje må bøyga oss for ymse «guilt by assosciation»-teknikkar. Og vi må vera samde om at alle synspunkt – også dei vi er svært usamde med – har ein rett til å fremja si sak, med eigne ord, før denne saka blir tilbakevist med argument og fakta.

Avlysinga har mange våpen: Stempling, karaktermord og mykje anna. Men avlysinga er maktlaus om motkreftene greier å samla seg om eit felles prosjekt: Opplysing!

Forrige artikkelUSA og Israel truer med krig mot Iran
Neste artikkelRussland tredobler gassforsyningene til Kina via Power of Siberia ledningen