Korfor er Labour Party så entusiastiske over Covid-19 lockdowns når tiltaka er så destruktive mot våre fattigaste?

0
Foto: Shutterstock

Dr Lisa McKenzie

Dr Lisa McKenzie

Dr Lisa McKenzie er ein arbeidarklasse-akademikar. Ho vekste opp i ein kolgruveby i Nottinghamshire og vart politisert under gruvearbeidarstreiken i 1984. Som 31-åring byrja ho på utdanninga i sosiologi ved universitetet i Nottingham. Ho underviser no i sosiologi ved universitetet i Durham og er forfattar av boka ‘Getting By: Estates, Class and Culture in Austerity Britain.’ Ho er politisk aktivist, skribent og tenkar. Følg ho på Twitter @redrumlisa.

Heller enn å stille spørsmål ved Tory sine nedstengingar, har sir Keir Starmer sitt parti, og breie lag på venstresida, berre ropt på strengare, raskare og meir langvarige tiltak – trass i øydeleggingane dei påfører dei dei seier dei representerer.

Keir Starmer er en britisk politiker og advokat som fra 4. april 2020 er leder i Labour Party. Han har vært medlem av Underhuset siden 2015. Starmer hadde ansvar for brexitporteføljen i Jeremy Corbyns skyggeregjering. Wikipedia

Når innanriksminister Priti Patel blir rulla ut for å leie regjeringa si daglege orientering, veit vi vi har gjort noko gale og at noko rote er i emning. Så frå denne veka av vil det – takka vere vår kollektivt dårlege åtferd – bli gitt bøter på 800 pund (over 9000 kroner, mrk.) til dei som deltar på heimefestar der 15 eller fleire er til stades. Dette er det siste straffetiltaket som regjeringa har lagt til i sin pisk-og-pisk-politikk for å tvinge igjennom nedstengingar (lockdowns).

Og alt dette på eit tidspunkt når arbeidarklassen har det verre enn vi nokon gong har hatt det. Det finst inga ‘god nedstenging’ for arbeidarklassefolk som meir sannsynleg vil bli overflødige eller permitterte, som bur i trange, overfylte bustadar, og som har barn som slit og hamnar i bakleksa på skulebenken. Nye truslar å skremme folk med er ikkje løysinga.

I mi andre rolle, som akademisk forskar og sosiolog, har eg vore interessert i den historiske konteksten rundt krenking av borgar- og menneskerettar i krisetider. Eg kom over ein akademisk artikkel frå 2013 i tidsskriftet ‘Emerging Infectious disease’. Forfattaren, Eugenia Tognotti, ser tilbake på pesten på 1300-talet og kartlegg bruken av karantene og andre tiltak for kontroll med epidemiske sjukdommar. Ho seier dei alltid har vore kontroversielle, fordi at slike strategiar reiser politiske, etiske og sosioøkonomiske spørsmål som krev varsam balansegang mellom allmenninteressene og individuelle rettar.

Karantene (frå italiensk «quaranta», som betyr 40) vart innført som ein obligatorisk metode for å separere personar, dyr og ting som kan ha blitt eksponert for ein smittsam sjukdom. ‘Karantene’-lover sidan 1300-talet er vel dokumenterte, og dei har i nokre land blitt brukt til å suspendere personleg fridom og til og med gi [styresmaktene] sjansen til å stoppe politisk opposisjon. Til dømes kom den aukande bruken av karantene og isolasjon i konflikt med borgarrettane, og bidrog til aukande frustrasjonskjensler, avla opp av den franske revolusjonen i 1789.

I England utfordra liberale reformistar både karantene og obligatorisk vaksinering mot koppar. Sosiale og politiske spenningar skapte ein eksplosiv mikstur som kulminerte i folkeopprør og oppstandar, eit fenomen som påverka mange europeiske land. Eg fryktar at det på 2020-talet vil bli brukt ‘quarantina’ av politikarar verda over for å skape eit autoritært konsensus mellom tidlegare politiske motstandarar, så dei kan herske saman og dele makta mellom seg på ubestemt tid.

Problema våre no er ikkje nye, men det eg finn uvanleg og bekymringsverdig er mangelen på opponerande røyster. Det siste året har Covid-19-pandemien og dei påfølgande tiltaka for å kontrollere den kraftig innskrenka menneske- og borgarrettane våre, særleg i dei delane av samfunnet som allereie var under staten søkelys på grunn av farge, lokalsamfunn og klassetilhøyrsle.

Det siste året har vi høyrd vitnemål frå desse gruppene, og vi har også solide bevis frå innsamla data på arbeidsløysetal, helseresultat og også kva som skjer med arbeidarklassebarna si utdanning, innsamla av organisasjonar som t.d. Institute for Fiscal Studies, Joseph Rowntree Foundation og Resolution Foundation. Sjølv regjeringa erkjenner dei skarpe ulikskapane som Covid har eksponert. Vi veit at arbeidarklassestrøk er tungt avhengige av offentlege tenester. Sjølv før pandemien hadde desse blitt svekka av nedskjeringar, men etter Covid har dei heilt forsvunne.

For arbeidarklasse-familiar har dei lokale skulane alltid vore mykje meir enn plassar for læring. Dei er knutepunkt i samfunnet der sladder blir utveksla ved skuleportane, der nye venskap oppstår, der folk regelmessig treffast og får vite korleis det går. Skular tilbyr eit varmt måltid for dagen, og barnepass som arbeidarklasse foreldre desperat treng.

Nedstengingane har slått ned i desse samfunna som ein tsunami – og det blir ikkje før bølga er borte at vi vil kunne sjå det fulle omgfanget av skaden dei har forårsaka. Det forvirrar meg derfor at visse folk på den politiske venstresida og sentrumsvenstre-evangelistar støttar å halde folk nedstengde. Dei står på sidelinja og nærast ropar hurra når borgarrettane blir brende rett for ansikta på dei. Labour Party, og Labour-kommunestyre over heile landet, har tvinga fram nedstengingar nesten religiøst nidkjært. Ikkje ei veke går utan at Labour-leiaren, sir Keir Starmer, ropar på strengare nedstengingstiltak. Sjølvsagt må vi halde folk trygge, og vi treng å sikre at det offentlege helsevesenet (National Health Service, NHS) ikkje blir overbelasta, men eg har sett ein fullstendig mangel på forståing for korleis dei fattigaste delane av samfunnet har kjempa for å halde det gåande under nedstengingane.

Forvirringa mi strekk seg til det breiare venstre, som igjen heile tida ropar på meir og meir autoritære nedstengingstiltak og taumar på folk sine rettar. Politiet har fått utvida fullmakter til å stoppe, spørre ut, bøtelegge og arrestere britar, og likevel held Labour Party og den britiske venstresida fullstendig stille om det. Politiet har blitt så mykje synlegare i bygdene og byane våre, og sjølvsagt er dei som mest sannsynleg blir stoppa, utspurde og ransaka yngre arbeidarklasse-folk, særleg svarte og andre minoritetsgrupper. Eg ville ha trudd at dette faktum aleine skulle ha fått nokre delar av venstresida til å løfte eit augnebryn, men det verkar som om dei ikkje bekymrar seg om den veksande autoritarismen som blir påført oss under pandemien. Vi kjem til å måtte kjempe hardt for å kreve tilbake desse rettane når denne sjukdommen har ebba ut.

Så korfor viser ikkje Labour og dei breiare lag av venstresida verken bekymring for eller empati med dei som lir under konsekvensane av nedstengingstiltaka eller restriksjonane på borgarrettar, særleg i dei fattigaste laga av samfunnet? Det har vore mykje støy om universal credit og gratis skulemåltid frå Labour-benkane – men ingen handling, ingen solidaritet og absolutt inga forståing for korfor Storbritannias arbeidarklassefolk ofte slit med nedstengingane.

Slutninga mi er at Labour Party og dei breiare lag av venstresida over dei siste 40 åra har skrota sin omtanke for arbeidarklassen, og faktisk blitt eit parti for middelklassen og av middelklassen. I november 2020 åtvara Gloria De Piero, tidlegare parlamentsrepresentant for Ashfield – valkrinsen der eg vaks opp, partiet sitt om at dei nesten hadde mista arbeidarklassen sine stemmer. Fleirtalet hennar på 8820 ved valet i 2015 fall til berre 441 i 2017. I 2019 hoppa så Lee Anderson, hennar tidlegare kontorsjef, over til dei konservative og tok setet med eit fleirtal på 5733 stemmer.

Ei spørreundersøking frå 2017 fann at 77 prosent av Labours medlemmar tilhøyrde dei to-tre øvste sosiale klassane, ABC1. [Storbritannias statistiske sentralbyrå, ONS, har utarbeidd eit sosioøkonomisk klassifiseringssystem der AB står for toppsjefar og mellomleiarar innan styre, administrasjon og akademia. C1 omfattar overoppsyn, geistleg arbeid og lågare sjefsroller innan styre, administrasjon og akademia. C2 dei med yrkesutdanning. DE dei halvskulerte og uskulerte som er i manuelt arbeid, arbeidslause og dei i dei lågast rangerte jobbane. I følge ei undersøking i 2011 tilhøyrde 53 prosent av 16-64-åringar laga AB og C1 i Storbritannia. Det betyr at overklassen er grovt overrepresentert i det såkalla arbeidarpartiet Labour i forhold til i befolkninga generelt, mrk.] Kor er venstresida, kor er arbeidarpartiet? Kven talar for og forstår den reelle smerta som finst i våre arbeidarklassesamfunn? Pina og kampane til arbeidarklassefamiliar som prøver å halde seg trygge og i live har blitt gløymd.

Det er ikkje med lett sinn eg seier dette, men eg trur at klassesystemet vårt er så rotfesta og giftig at middelklassen – politikarane og media som rapporterer frå Westminster – tenker på den britiske arbeidarklassen som barn som må smigrast, rundsnakkast, lurast og straffast til å ta medisinen sin. Labour og den britiske venstresida kan aldri skaffe seg makt eller ei konsekvent rørsle utan arbeidarklassen – og dei kan aldri gjere det så lenge dei behandlar arbeidarklassen med slik openberr forakt.

Fritt omsett av Monica Sortland for Derimot.no

Forrige artikkelForeign Affairs: – USAs strategi for Syria har slått fullstendig feil
Neste artikkelVil Joe Biden ta knekken på USAs oljeproduksjon?