Arveoppgjeret etter Roosevelt

0
Franklin Delano Roosevelt National Memorial, Washington D.C. , USA

Av Hans Olav Brendberg.

Franklin D. Roosevelt er utan tvil ein av dei sluaste politikarane som nokon gong har budd i det Kvite Huset. I tillegg er han den som har budd der lengst. Difor kjem ein ikkje utanom analyse av Roosevelt og hans arbeidsmåtar når ein skal undersøkja opphavet til staten Israel.

Kven var utanriksminister under Roosevelt? Formelt var jo dette Cordell Hull. Problemet med Hull er jo at han var utanriksminister i namnet – ikkje i røynda. Då Churchill kom til toppmøte i Washington etter Pearl Harbour, var Hull mest oppteken av at de Gaulle og dei frie franske hadde gjennomført ein invasjon på St. Pierre og Miquelon. Alle andre var opptekne av dei store, strategiske spørsmåla – Hull var oppteken av at de Gaulle hadde vore frekk nok til å forstyrra politikken hans for å ha eit best mogleg hopehav med Vichy-regjeringa. Difor vel dei andre å oversjå han – slik Roosevelt lenge har oversett han.

Men dette er ikkje utypisk for Roosevelt – det er eit mønster gjennom heile presidentperioden at Roosevelt opprettar byråkrati og byrå med overlappande ansvarsområde. Når dei uunngåelege konfliktane kjem, vil frustrerte byråkratar og ministrar freista få avklart kven som har ansvar og fullmakter. Då må dei til topp – men Roosevelt vil sjeldan gje avklaring, berre avgjerd i einskildsaker. Difor er det få av ministrane med formelt ansvar som har mykje makt under Roosevelt. Tvert om er det heilt vanleg at Roosevelt overkøyrer dei som sit med formelt ansvar – måten han handsamar Hull på er typisk, ikkje noko unntak. 

Thomas Gardiner Corcoran var en av flere rådgivere i president Franklin D. Roosevelts hjernetillit under New Deal, og senere, en nær venn og rådgiver for president Lyndon B. Johnson. Wikipedia

I staden for å la makta liggja i formelle posisjonar, brukar Roosevelt vanlegvis libroar i frie stillingar til å utforma politikk, og losa politikken igjennom Representanthuset og Senatet. Mannen som lenge hadde denne rolla var Thomas Corcoran (som Roosevelt kalla «Tommy the Cork), som frå ei obskur stilling i byråkratiet der han vart tilsett under Hoovers presidentperiode følgde opp alle slags saker på alle slags saksområde – både lovutforming, og curlingkosting gjennom Kongressen. Corcoran var ein av Harvard-professor Felix Frankfurters stjernestudentar og midt i nettverka av unge juristar som dominerte New Deal-perioden.

På det utanrikspolitiske området skjedde Roosevelts kursskifte etter 1938. Dette kan vi seia relativt sikkert – avdi Roosevelts viktigaste ambassadør vart utnemnt dette året. Joseph Kennedy var styrtrik, men skilde seg frå andre mangemillionærar ved å stø New Deal. Roosevelt hadde utnemnt han til sjef for det nyoppretta finanstilsynet. Perioden hans som ambassadør i London, frå 1938 til 1940, har sidan vore emne for allslags polemikk og diskusjon. Men det er ingen tvil om at Roosevelt i 1938 hadde ein tillit til Kennedy som han ikkje hadde i 1940. Det var ikkje Kennedy som hadde forandra seg – det var verda, og Roosevelts politiske kurs.

Roosevelts første middel til å laga uklåre ansvarstilhøve på utanriksfeltet var viseutanriksminister Sumner Welles. Det er ein tråd eg ikkje har fått nøsta opp enno. I New Deal-perioden hadde Welles hatt ansvar for å betra naboskapet med dei latinamerikanske landa. Under «phoney war»-fasen i Europa brukte Roosevelt Welles som spesialutsending for å undersøkja kva som var mogleg å oppnå gjennom diplimati. Welles vart felt på ein sexskandale i 1944, der bitter rivalisering gjennom mange år var drivkraft. Likevel rekna han staten Israel som ein av fire ting han hadde oppnådd. Kvifor veit eg ikkje – det står att å undersøkja.

Roosevelt og Hopkins

Men det var ikkje Welles som vart Roosevelts de facto-utanriksminister under krigen. Den jobben fekk Harry Hopkins. Hopkins kom frå ein sentral jobb i New Deal-byråkratiet, der han hadde hatt ansvar for å oppretta jobbar i krisetida. Han vart sendt som spesialutsending til Storbritannia for å finna ut om landet var i stand til å stå imot det tyske åtaket, og for å sikra godt samarbeid mellom Churchill og Roosevelt. 

Han vart sjef for Låne- og Leigeprogrammet, som spela ei heilt sentral rolle i krigstidas samarbeid. Då Tyskland gjekk til åtak på Sovjetunionen sommaren 1941, reiste Hopkins til Moskva for å bryta isen andsynes Stalin. Under heile krigen hadde han ei heilt sentral rolle når det galdt strategival, og både invasjonen av fransk Nord-Afrika i 1942 og invasjonen i Normandie i 1944 er avgjerder som har hans fingeravtrykk. Likeeins avgjerda om å gje låne- og leigehjelp til Sovjetunionen. George Marshall var ikkje av dei som brukte ausa ut superlativ, men han karakteriserte Hopkins som ein av dei modigaste og mest tenesteviljuge, som hadde sikra ein velfungerande allianse gjennom krigen. Frå 1941 til våren 1945 var Hopkins de facto USAs utanriksminister.

Dette innebar samstundes at det amerikanske utanriksdepartementet var sett på sidelina. Hopkins forheldt seg i liten grad til departementet. Han hadde sjølv ansvar for Låne- og leigeprogrammet. Han brukte David K. Niles som kontaktmann til den svære etteretningsorganisasjonsne – «British Security Coordination» – som britane hadde i USA. Før han første gong vitja Churchill, vart han briefa av Felix Frankfurter, som hadde vore gjesteprofessor i Oxford i 1933-34, og som kjende alle som var noko i den britiske eliten. Hopkins hadde tett og godt samarbeid med sjefen for hæren, general Marshall, og eit greit samarbeid med dei to andre forsvarsgreinene. Men nøkkelen til den rolla han hadde var sjølvagt at han hadde eit personleg og tillitsfullt tilhøve til både Winston Churchill og Josef Stalin. 

Fra Jaltamøtet. Fra venstre Churchill, Roosevelt og Stalin.

Siste gong den store koallisjonen blir tråkla saman av Hopkins, er under Jalta-møtet på nyåret 1945. Då held framleis krigstidas koallisjon. Etter Jalta døyr Roosevelt, og dermed forsvinn grunnlaget for Hopkins rolle som uformell utanriksminister. Truman utnemner James Byrnes som utanriksminister – ein mann som absolutt ikkje vil ha Hopkins innblanda i sine saker, og som ved tidlegare krossvegar har sagt dette i reine ord. 

Kva tyder dette?

So langt eg kan sjå, tyder dette at det oppstår eit svært maktvakuum etter at Roosevelt døyr. I dette maktvakuumet vil utanriksdepartementet, som har vorte dytta ut på gangen heile krigsperioden, ha sterke interesser i å skaffa seg kontroll over sitt eige saksfelt. Staben rundt Hopkins vil ha interesse av å vidareføra den politikken som er ført – men dei vil i svært liten grad ha formelle posisjonar som kan brukast til dette. Stoda er som skapt for avanserte intrigar.

I dette landskapet oppstår i alle fall tre ting av varig interesse: FN, den kalde krigen, og staten Israel. Og det oppstår i eit landskap der det ikkje finst noko institusjonelt minne om krigstidas alliansepolitikk. 

Harry S. Truman var en amerikansk demokratisk politiker. Han var USAs 34. visepresident fra 20. januar 1945. 

Utanriksdepartementet har vore på utsida, Truman har vore på utsida, Roosevelt er daud – og i januar 1946 døyr også Harry Hopkins. Tautrekkinga skjer også under det alle reknar som ein veik overgangsfigur – Truman er langt meir utsett for press og intriger enn den slu maktpolitikaren Roosevelt. 

Eg trur det er gode grunnar til å vera varsam med å stempla ting som «konspirasjonsteoriar» når det gjeld eit så uoversiktleg spelebrett som dette, slik det ofte har vore gjort i etterkrigstida. Maktkamp tek ofte form av konspirasjonar, og maktkamp som spring ut av at politikken har mista feste i institusjonane meir enn anna maktkamp. Samstundes er dette komplisert. Sjølv om USAs politikk andsynes Israel blir avgjort i ein maktkamp mellom det Kvite Huset og Utanriksdepartement/Forsvarsdepartement, er ikkje dette det einaste spørsmålet som ligg i potten i desse taudragingane. Maktkampane under Truman handlar om svære spørsmål.

Denne artikkelen ble først publisert på Derimot.no.

Forrige artikkelDet tyske strømnettet i akutt fare
Neste artikkelNorge tjener på Trumps Vest-Sahara-deal