Vi som elsker Cuba

0
Foto: Albert H. Collett

Cuba er kø. Cuba er korrupsjon. Cuba er forfall. Cuba er fattigdom. Cuba er verdas mest fantastiske land.

Av Albert H. Collett.

«…og det bli like fint å jobbe som å danse,» sang min nydelege gamle nabo, Sverre Kjelsberg, i Ellinors vise.

Første gong eg såg noen danse mens dei jobba, var i gamlebyen i Havanna i 1998. Bygningsarbeidarar som dansa mens dei blanda sement. (Ikkje dei på fotografiet. Dei er vennene mine i Havanna, og profesjonelle dansarar.)

Andre gong var han som fylte bensin på flyet i Johannesburg. Tredje gong var ho som dansa til muzaken på arbeidsplassen: Ikea i Trondheim. Sist vinter vart sirkelen slutta: Tre av servitørane på ein restaurant i Havanna dansa etter ei gamal dame som passerte forbi.

Felles for alle seansane: Dei var spontane. Rein, ufiltrert livsglede. Oppsummert etter 22 år: Like mange på Cuba som på heile resten av kloden. Der har du verdas mest fantastiske land i eit nøtteskal.

Harmlaus

Den USAnske journalisten Marc Frank er ein nestor blant dei utanlandske korrespondentane i Havanna. Med jamne mellomrom reiser han rundt på øya for å lodde stemninga. Så også i 2007, etter at Fidel Castro vart sjuk. Frank plukker alltid opp haikarar. Den første på denne turen var 21 år gamle Cristina.
«Kvifor liker du landet ditt?» spurde Frank.
«Fordi det er så fredeleg. Her finst ikkje vald,» svara ho.

I fjor kom ein korbror av meg heim etter å ha vore på Cuba for første gong.
«Det er den mest harmlause plassen eg har vore,» sa han.

Omtrent samtidig leverte Cuba-kjennar Vegard Bye doktoravhandlinga si om den siste utviklinga på øya. Den påfølgande boka har nettopp kome ut: «Cuba, From Fidel to Raúl and Beyond». Der omtaler han blant anna Den internasjonale juristkommisjonen sin indeks for rettstryggleik rundt omkring i verda. Bye går gjennom dei åtte kriteria. Orden og tryggleik er eitt av dei. Bye fortel frå omtalen av Cuba:
«Tryggleiken er eksepsjonelt god, det er lite vanleg kriminalitet, og gatevald er omtrent ikkje-eksisterande».

Kva er ein revolusjon?

Korleis kan ein kommunistisk eittpartistat skape så fredelege folk? Korleis kan det henge saman at dette undertrykte og utsette folket danser mens dei jobber?

Kanskje kjem vi på sporet av eit svar om vi i staden spør: Korleis heng det saman at den cubanske revolusjonen framleis har støtte frå millionar?

Min personlege teori er at revolusjonen på Cuba var og er eit mye meir gjennomgripande frigjeringsprosjekt enn vi nordiske sosialdemokratar klarer å ta inn over oss. At cubanarane ikkje er heilt som oss, rett og slett fordi dei enno er farga av revolusjonen.

Ein lapp og ein ordre

Da eg kom til Havanna første gong i 1998, hadde spanske venner sendt med meg ein lapp med namnet og adressa til Lucy, og ein ordre om å gå dit med ein gong.

Eg vart straks adoptert som kostyme- og rekvisittberar for danse- og musikkgruppa Pasos Perdidos, og var saman med dei nesten kvar dag i den månaden opphaldet varte. Eg følgde dei til opptredenar på restaurantar, offentlege kontor og andre arbeidsplassar.

Best spikra i minnet sit framsyninga på skjortefabrikken til Lucy. Ho arbeidde der når ho ikkje dansa, administrerte gruppa eller sydde kostyme til heile gjengen. «Vi», he-he, var inviterte til å opptre i lunsjpausen. Arbeidsplassen spanderte lunsj med kylling, ris og rom. Da maten vel var fortært, tok det ikkje lang tid før heile fabrikken dansa. For eit jublande spetakkel! Det vart ikkje sydd fleire skjorter den dagen.

Joruba

Pasos Perdidos kan tyde tapte skritt, eller forsvunne stiar. Alle i Pasos Perdidos hadde afrikansk opphav, og koreograf Jorge brukte mye tid på å leite opp røtene. Dei fleste kjem frå Joruba-kulturen i og omkring Nigeria. Jorge brukte hundrevis av timar på å sette seg inn i språket, gudane, ritene, dansen, mytane, rytmane, musikken.

Dansenumra og musikken til gruppa var sterkt prega av desse kjeldene, som er heilt sentrale på Cuba. Svært mange av dei svarte tilhører religionen santería; ein snedig miks av katolisisme og joruba-religion. Forklaringa er denne: Da slavane kom til Cuba, brakte dei religionen med seg. Det likte slave-eigarane dårleg. Slavane visste råd: For kvar helgen, orisha, i joruba-religionen, fann dei eit søskenbarn i katolisismen. Slik kunne dei gå i kyrkja og tilsynelatande dyrke dei katolske helgenane, og slik held dei fram den dag i dag.

San Lazaro-kyrkja i utkanten av Havanna, dit både katolikkar og dei som dyrker santería valfarter i tusental. For dei sistnemnde er San Lazaro søskenbarnet til orishaen Babalú Ayé, han som helbreder.
San Lazaro-kyrkja i utkanten av Havanna, dit både katolikkar og dei som dyrker santería valfarter i tusental. For dei sistnemnde er San Lazaro søskenbarnet til orishaen Babalú Ayé, han som helbreder.

Tungetale

Mitt første møte med santería var heftig. Etter kvart som kroppane rista, fråden sto om kjeften og tungetalen tok overhand, vart det for mye for meg.

Dette skjedde heime hos Lucy ein kveld etter at Pasos Perdidos hadde opptrådt. Husveret hennar er eit rom i eit gamalt hus i gamlebyen. Inn i dette rommet toga vi, heile Pasos Perdidos. Det tok ikkje lang tid før dansen var i gang. Eg måtte rett og slett gå ut. Jorge såg kva som skjedde, kom etter meg, og vi fikk ein lang, fin prat om røtene til santería og dei sterke, kulturelle ytringane som etterkommarane til slavane enno held i hevd.

Livets paradoks

Yanaisy, dottera til Lucy, var ni år første gong vi møtte kvarandre. No har ho passert tretti, og er mor til to små jenter. Familien på fire bur i Finland. På spørsmål om kva ho sakner mest i sitt nye heimland, svarer ho: «El calor humano.» Den menneskelege varmen.

Likevel valde ho og mannen å flytte til Finland. Dei trur ungane får eit betre liv der. Livets paradoks. Hundretusenvis har gjort det same. Flytta frå den menneskelege varmen til eit kaldare utland. Eit utland med betre materielle utsikter og større «valfridom».

For Cuba slit. Politisk og økonomisk. Mye av boka til Vegard Bye er dyster lesing. Der cubanarar flest opplevde dramatisk betring av helse, utdanning og sosial tryggleik i dei første tretti åra etter revolusjonen, går det motsett veg no. Der skilnaden mellom fattig og rik var liten, auker den no dramatisk.

Da muren fall og Sovjet vart erstatta av kleptokrat-staten Russland, slo Fidel raskt fast at Cuba ikkje hadde tenkt seg same vegen. «Kapitalismen har verken kapasiteten eller moralen eller etikken til å løyse problema med fattigdom,» konstaterte han. Så sant, så sant. Da er det dobbelt trist at cubanarar på sosialhjelp mottar berre 20 prosent av gjennomsnittleg statsløn og at kvar fjerde cubanar er fattig.

Snerk

Ein revolusjon generer store mengder varme. Tårene som rann da Fidels kiste passerte gjennom store delar av landet i 2016, var ekte.

Så veit alle som har varma mjølk, at om du ikkje rører rundt, så danner det seg snerk. Dessverre er det mye snerk på Cuba. Å gi frå seg makt har vist seg å vere ei krevande øving, der, som alle andre stader.

Ikkje at dei ikkje har prøvd. Forsøka på reformar har vore der. Ikkje minst etter at Fidel vart sjuk og broder Raúl tok over som leiar. Mange vart overraska over vitaliseringa som følgde. Kongressen til kommunistpartiet i 2011 var den første på 14 år.

Prosessen i forkant overgikk det meste av kva vi elles definerer som demokratiske samfunn. Først ei enorm spørreundersøking der fleire millionar uttalte seg om kva for sosialisme dei ville ha i framtida. Deretter 168 000 møte over heile landet. Dei endte i tre millionar endringsframlegg. Kongressen vedok 313 reformar.

Eitt av resultata: Cuba har, som det eine av berre tre land i heile verda, kvinnefleirtal i nasjonalforsamlinga.

It’s the economy, stupid

Det er ikkje til å undrast over at Cuba såg andre stader etter modellar da Sovjet kollapsa. Ein ting er at støtta forsvann, langt verre at dei med sine nære band kunne studere betre enn dei fleste korleis digre oljeselskap og annan offentleg eigedom plutseleg hamna i hendene på nyrike oligarkar.

Det fikk cubanarane til å sjå lenger aust, til Kina, og ikkje minst Vietnam. Der Fidel tidlegare hadde slått fast at sjølv den minste frittståande frisør eller pølsebu-eigar var ein kakerlakk, studerte dei no med stor interesse korleis vietnamesarane opna opp nedanfrå, med å tillate først små, så gradvis større verksemder å operere i ein open marknad.

Forsøka på å få til det same har ikkje falle berre heldig ut. Vegard Bye seier det blant anna slik: Marknaden krev ein infrastruktur som ikkje finst i kommandoøkonomien. Han trur på sett og vis at cubanarane er så redde for russiske tilstandar at dei ikkje tør gå Vietnams veg.

Dermed har Cuba hamna i ei smørje der over halvparten av privatøkonomien er uformell eller ulovleg, og der fattige ikkje lenger får endane til å møtast. Dette går svært dårleg i hop med ideen om sosial rettferd, sjølve grunnpilaren i den cubanske revolusjonen, skriv Bye.

Utvalet av frukt og grønnsaker auker jamnt og trutt. Utfordringa er at mange ikkje har råd til å handle.
Utvalet av frukt og grønnsaker auker jamnt og trutt. Utfordringa er at mange ikkje har råd til å handle.

Frå uformell til ulovleg

Bye er ikkje den einaste norsken som har studert Cuba på nært hald i det siste. Nyleg forsvarte sosialantropologen Ståle Wig doktoravhandlinga si om korleis reformane har slått ut i ei handlegate i Havanna. Gata ligg i sentrum, men utanfor turiststraumen, og kan dermed gi ein peikepinn om kva som skjer på resten av Cuba.

I 18 månader gjorde Wig seg til vens med dei handlande. Tittelen «Into the light» viser til forsøket på å få ein uformell handel inn i ordna former. I årevis har cubanarar på ymse vis importert varer frå andre land og omsett dei i ein økonomi som formelt ikkje finst. Dermed blir han heller ikkje skattlagt.

Wig viser korleis forsøket på å innføre «vietnamesiske tilstandar», der denne typen handel er godkjent og offisiell, i stor grad slår feil. Når alle blir pålagt å registrere verksemda si,  dokumentere omsetninga og betale skatt, prøver mange å omgå systemet. Dels fører det til korrupsjon frå kontrollørar som ser gjennom fingrane med det som skjer mot ei lita godtgjersle, dels til ein katt og mus-leik der dei handlande varsler kvarandre så dei får gjømt unna varene når kontrollørane nærmer seg. Intensjonen om å skape ein lovleg, open marknad for små butikkeigarar, fell til dels i fisk.

Blokade når det passer

Trump er ein tulling, men han er langt frå aleine. Dei første USAnske sanksjonane vart innført  av president Eisenhower alt i 1960 fordi Cuba nasjonaliserte mange føretak. I takt med at Fidel nærma seg Sovjet, vart sanksjonane trappa opp. I fjor haust protesterte FNs generalforsamling for 28. gong. 187 land stemte for protesten. To land stemte med USA: Israel og Brasil. Ukraina og Colombia avsto.

Hykleriet er komplett når USAs FN-ambassadør Kelly Craft grunngir blokaden med at USA som alle andre land sjølv vel kven dei handler med.

Konsekvensane av blokaden har vore og er svære. Ein ting er at USAnske selskap ikkje får handle med Cuba. Minst like ille er det at også aktørar frå tredjeland blir straffa med USAnske sanksjonar om dei handler med Cuba. Alt frå mat til medisinar og maskiner er omfatta.

Om imperialismen opptrer konsekvent og straffer alle? Kyss katta! Airbnb har fullstendig overtatt styringa av Cubas velutvikla system med rom til leie. Coca Cola og Nestlé er over alt, og blir aktivt pusha av turistindustrien: Kjem du til ein restaurant, opplever du ofte å få det italienske mineralvannet San Pellegrino på bordet uoppfordra. Enten fordi dei ikkje har den lokale varianten Ciego Montero, eller fordi du berre får det om du ber om det. Men sjølsagt ber du om Ciego Montero, som smaker betre og koster mindre, og fordi du ikkje vil støtte utanlandske føretak som openbert er høgt heva over blokaden.

Dermed skulle alt vere vel. Å nei, du: Eit lite google-søk avslører at Nestlé eig både San Pellegrino og Ciego Montero. I klartekst: Ein av dei absolutte verstingane blant verstingar, Nestlé, har tilnærma monopol på flaskevatn på Cuba, saman med det statlege cubanske selskapet Los Portales.

Det er ikkje godt å seie om dette er mest absurd eller mest trist eller mest begge delar: Nestlé er tungt involvert på Cuba utan å bli ramma av boikotten. Og, kanskje enda verre, cubanske styresmakter har med opne auge inngått avtale med eit av dei verkelege bandittføretaka på jord. Det skulle vere nok å minne om tidlegare Nestlé-topp Peter Brabeck som i denne videoen frå 2005 kalla det ekstremt å meine at tilgang til vatn er ein menneskerett.

Kø, korrupsjon, Angola, Røros

Kva sit vi igjen med, etter å ha gjennomgått sjølvproduserte og USA-påførte miserer? Jau nettopp kø, korrupsjon, forfall og fattigdom.

Samtidig er Cuba så uendeleg mye meir.

Cuba er landet som sendte 36 000 soldatar til Angola og tvang Sør-Afrika til å trekke seg ut; eit avgjerande vendepunkt i kampen mot apartheid. . «Fidel Castro er ein inspirasjon for alle fridomselskande folk,» sa Mandela da han vitja Havanna i 1991 og takka for støtta.

Cuba er landet der berre den partigodkjende fagrørsla er lov. Vel, så har reiselivsnæringa i Trinidad, Cubas Røros, funne ut at dei faktisk kan få gjort ganske mye nettopp gjennom denne fagrørsla. Så mye at reiselivsaktørar frå andre delar av øya kjem for å lære.

Cuba er landet som i skrivande stund har 1 død av covid-19 per 100 000 innbyggarar. Noreg har 5 og USA har 60. Cuba var eit av dei første landa som sendte helsepersonell til Italia da landet knela under coronaen og Tyskland nekta å hjelpe. Slik dei har gjort til 40 andre land. Slik dei gjorde til Haiti etter jordskjelvet i 2010 og til Vest-Afrika under ebola i 2014-16.

Cuba er musikarane som gjer det uråd å sitte stille. Cuba er verdas finaste gravstøtte, den til Compay Segundo i Buena Vista Social Club. Cuba er huset til Hemingway slik han forlet det, og Hotel Nacional med alle bileta av mafiabossane som herska og festa der før revolusjonen.

Cuba er grava til Compay Segundo i Buena Vista Social Club, med gitaren, hatten og ei rose for kvar av dei 95 åra han levde. Vakkert, vakkert! (Grava til Fidel ligg også på Santa Ifigenia-gravplassen i Santiago, men den er ikkje så fin.)
Cuba er grava til Compay Segundo i Buena Vista Social Club, med gitaren, hatten og ei rose for kvar av dei 95 åra han levde. Vakkert, vakkert! (Grava til Fidel ligg også på Santa Ifigenia-gravplassen i Santiago, men den er ikkje så fin.)

Cuba er ungane som har gymtime og danseopptrinn i paradegata Prado i Havanna, og dei som speler sjakk i gågata i Bayamo. Cuba er Cespedes-museet samme stad: Heimen til han som sette slavane fri og starta den første sjølvstendekrigen for 150 år sia. Cuba er dei vakre og revolusjonære skriftene til José Martí, nasjonalhelten over alle. Cuba er fråveret av reklame. Cuba er damene som ikkje tar fem øre for å gå i kroppsnære klede sjølv om dei er overvektige, og som elsker ein flørt. Cuba er frodig. Cuba er bøndene som dyrker jorda med oksar fordi drivstoff ikkje er å få tak i. Cuba er fargar. Fantastiske fargar!

I 2012, da den arabiske våren var på sitt heitaste, presenterte korrespondent Marc Frank ei liste over grunnar til at han ikkje trudde tilsvarande opprør ville komme på Cuba. Først og fremst la han vekt på tilgangen til helsetenester og utdanning, men også mangelen på politibrutalitet, fråveret av iaugefallande rikdom blant makthavarane, høvet til å emigrere, og ikkje minst: Ein ungdomskultur med fri tilgang til musikk, festing, sex og glede.

Nena

På tide å introdusere Nena, mi makelause venninne i Viñales. Da vi møttest for andre gong i 2011, fridde ho. Eg minna ho på at eg alt var gift. Ho hadde sjølv møtt Aud to år tidlegare. «Speler inga rolle,» sa Nena. Løysinga vart at vi skal gifte oss i eit framtidig liv.

Da Aud og eg var i Viñales no i februar, oppsøkte vi Nena på nytt. Det vart eit fantastisk gjensyn med henne, søstera Chichy og mora Juanita, ein særs oppegåande og oppdatert 90-åring med klare meldingar til Trump og anna pakk. Vi vart straks inviterte til middag siste kvelden vi var der. I følge Aud det beste måltidet under heile det månadslange opphaldet. Mens vi spiste, snakka vi om stoda på Cuba. Aud spurde: «Ville du ikkje heller ha levd i eit demokrati der du kunne ha vald mellom fleire parti?» «Nei,» svarte Nena, utan å blunke: «Da kunne vi jo miste alt vi oppnådde i revolusjonen.»

Fidel forklarte kva som var politisk tillate på Cuba slik:
Mot revolusjonen: Ingenting. For revolusjonen: Alt.
Eg trur eg hadde klart meg heilt fint på Cuba. Eg er for revolusjonen. Ikkje at det hadde vorte problemfritt. Eg liker ikkje snerk. Men læll, som vi seier i Trøndelag.

Denne artikkelen ble først publisert på bloggen til Albert H. Collett.

Forrige artikkelAnti Russland-korrespondenten
Neste artikkelStor dansk studie kan ikke bekrefte at munnbind beskytter mot smitte