Tilstanden i verdsøkonomien før covid-19 – og etter

0

Av Terje Valen.

Før coronapandemien tok av, i oktober 2019 laga magasinet Monthly Review ein gjennomgang av tilstanden i verdsøkonomien. Her er eit samandrag av dette. Eg omsett og kommenterer.

«Det er ingen tvil om at verdsøkonomien er på randen av ein nedgang etter at han tok seg langsamt opp att etter den store finanskrisen i 2007-2009. I seg sjølv er dette ikkje noka overrasking. Dei sykliske rørslene i som ligg i den kapitalistiske akkumulasjonsprosessen fører til at oppgangstider blir følgt av nedgang og lågkonjunktur. Men denne gongen lurer det ei større frykt, at det er mogleg at det kjem eit finansielt Armageddon i same storleik som finanskrisen i 2008 – eller verre.»

Den 14. august 2019 vart det registrerte at fortenestekurvene på tiårs obligasjonar fall under den på to års obligasjonar. Dette har vore eit fast teikn som har komme før alle nedgangskonjunkturar i USA sidan midten av 1950-talet. Men denne gonger finnast det enno ein komplikasjon fordi mest 17 billionar (trillionar på amerikansk) dollar i gjeld frå regjeringar og føretak, for det meste i Europa, gir negative forteneste. Mange ser på dette som svært trugande.

I heile økonomien flyt det rundt mykje frie middel. Det vil seie profitt i reide pengar etter skatt og nedskriving som resultat av heile strukturen til monopolfinans kapitalen, pluss ei lang tid då sentralbanken har kjøpt obligasjonar og andre finansprodukt av staten slik at staten kan sleppe meir pengar ut i økonomien for auke den økonomiske aktiviteten, billige pengar og fallande skattar. Sidan 1990 har føretaka sine skatteratar falle med 16 prosent. Roten til dette er mindre investeringar og tilsvarande vekst i finansspekulasjon, klassiske vilkår for det blir akkumulert for mykje kapital.

Så har vi ein febrilsk aktivitet på børsen i Wall Street som har sendt kursane opp på føretak som Tesla, Uber, WeWork og andre føretak som ikkje her tent nokon profitt og ikkje vil gjere det i den framtida vi kan sjå for oss. Amazon, som er ein slags modell for dette, tok inn mindre enn 8 milliardar i profitt mellom 1998 og 2018, medan Apple i same tidsrom registrerte 328 milliardar dollar i profitt.

Dette fenomenet, der anslag for forteneste stort sett er kopla frå profitt har skapt eit korthus. I USA auka talet på firma som ikkje dreiv med finans og som hadde ein aksjekapital på mellom 300 millionar og 2 milliardar dollar og som er utsett for aukande risiko for finansielle vanskar – fordi dei har negativ forteneste før renter, skatt, avskriving og amortisering, eller netto gjeld på tre gonger denne negative fortenesta – frå 32 prosent i juni 2007 til 53 prosent i juni 2019.

Det er ikkje berre eit spørsmål om forteneste på obligasjonar som blir omsnudd, men det er også eit parallelt problem for å snu om på aksjeinvesteringar. Sidan firma som skapar profitt ikkje søkjer nye netto investeringar blir resultatet at overskottet i staden flyt til firma som ikkje har noko rimeleg sjanse til å skape profitt, men som lover spekulative forteneste frå auke i aksjeprisane. Dette leier til bobleøkonomi der boblene sprekk slik dei gjorde i 1987, 1991, 2001 og i 2008.

I mellomtida har handelskrigen til Donald Trump destabilisert verdsøkonomien enno meir. Kina har den lågaste veksten på tre tiår sjølv om veksten er mykje høgare enn i alle dei andre viktigaste økonomiane. Nokre utanlandske føretak flyttar produksjonslinene sine ut av Kina for å sleppe 25 % skatt på varene sine. Men dei flyttar dei ikkje til USA.

Sentralbankane driv ned rentene for å svekke sin eigen valuta slik at dei kan eksportere meir. Det er eit kapplaup mot botnen når det gjeld rentesatsar. Under desse omstende ser verdsøkonomien eit veksande tal på det om blir kalle «zombiefirma», føretak som ville ha gått under om gjeldskostnadane var meir normale.

Det som Monthly Review kallar stagnasjon, pluss at kapasiteten i økonomien på langt nær blir fullt utnytta og aukande arbeidsløyse har leidd til at finanstransaksjonar har blitt ein stadig større del av økonomien som kvilar på bygging av aktiva som kvilar på gjeld for å absorbere overskottet som ikkje finn profitable produktive investeringsmoglegheiter. Men dette  leier til enno alvorlegare finanskrisar som berre tener til å gjere stagnasjonen enno djupare og der dei einaste svaret blir gitt av eit system med vidare overgang til finanstransaksjoner. Min kommentar er at Marx her vel meir presist ville ha sagt at jakta på profitt innan systemet fører til stadig meir spekulasjon i fiktiv kapital.

Når det gjeld produksjonen fortsett veksttakten i dei utvikla økonomiane å falle. I USA ser det ut til at investeringar utanom bustader har falle som ein stein. Ulikskapar veks raskare fordi kapitalen prøver å ta til seg ein større del av ei kake som veks sakte. I dei siste førti åra har inntektene til administrerande direktørar gått opp med 940 % samanlikna med 12 % for vanlege lønsmottakarar. Ifølgje magasinet Forbes eig dei 400 rikaste i USA så mykje rikdom som dei to tredjedelane av folkesetnaden med lågaste inntekter og dei 3 rikast eig like mykje som den halvdelen som eig minst. Arbeidarane sin del av inntekta i USA har falle rundt 13 % sidan 2001. Hushaldningane si gjeld er så høg som aldri før. Stadig fleire slår seg konkurs. Rundt 40 millionar personar i USA slit med svolt. Lønene står relativt stille, mens dei som er i arbeid i høve til heile arbeidsstyrken er relativt låg ut frå at vi er på toppen en ein økonomisk syklus. Gjennomsnittleg  levealder i landet har gått ned i tre år  no.

Ut frå desse omstenda skulle det ikkje ta mykje tankeverksemd eller fantasi for å konkludere at den neste økonomiske nedgangen sannsynlegvis vil få enorme konsekvensar. Vi hugsar også korleis dei rikaste sørga for å eksportere krisen i 2008 til alle oss andre. På dette punktet veit ingen kva som vil skje og det kan opne seg rom for grunnleggande samfunnsmessig endring. Ei slik endring er også naudsynt ut frå andre omsyn en økonomiske også, og ikkje minst fordi kapitalen er i ferd med å øydelegge heile planeten som en plass der menneska kan eksistere.

Så langt Monthly Review i oktober 2019. Det vi ser er at alle med god kunnskap om verdsøkonomien då visste at vi kunne stå føre det som her er kalla eit Armageddon, og at det gå kunne opne seg for rørsler som ville avskaffe kapitalismen. Dette visste sjølvsagt også dei leiande finansoligarkane i verda. Dei var i ei skikkeleg knipe.

I same månad køyrde desse rikaste i verda ei datasimulering av eit stor virusutbrot i verda og laga det scenarioet som blei følgt då coronaviruset blei oppdaga. No sørgjer den nedstenginga som har blitt sett verk til at store delar av mindre og mellomstore føretak blir lagt ned. Ut frå Marx sine omgrep skjer det ei stor øydelegging og brakklegging av konstant kapital. Noko som er naudsynt for å få opp att profittraten. Og det skjer på ein måte som får folk flest til å tru at årsaka er pandemien og ikkje eit økonomisk system i krise. Det avverjer moglege opprør som er retta mot kapitalen. Samstundes fører det til at dei største finanskapitalane kjem på offensiven for sin nye «reset», dvs. deira plan for redde utbyttingssystemet sitt, med påskott om at dei vil redde verda. Og er det noko vi kan stole på, så er det at vi skal få betale, og betale og betale og betale. Og så lenge vi er stengd inne av lock-down politikken er vi hindra frå vår demokratiske rett til lage store folkemøte eller å gå i gatene og demonstrere mot dei tiltaka som kjem og slik bortetter.

Terje Valen, måndag 19. oktober 2020.

Forrige artikkelHøyresidens hule argumenter
Neste artikkelHvem snakker tilsynelatende sant uten å gjøre det?